3 Programkategori 21.60 Samferdselsberedskap
3.1 Utvikling av samferdselsberedskapen
Samferdselskomitéen bad i Budsjett-innst. S. nr. 13 (2004-2005) departementet kome tilbake til Stortinget med ei sak om korleis det vil prioritere utviklinga av samferdselsberedskapen, medrekna ei vurdering av kva utgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar som skal leggjast til grunn for ei slik modernisering og kva for omfang av øvingar for m.a. hamne- og flyplasspersonell, Posten Norge AS, Jernbaneverket og Statens vegvesen som skal leggjast til grunn.
Samferdselsdepartementet vil gjennom ulike forskingsprosjekt, utgreiingar, risiko- og sårbarheitsanalysar, krisehandteringsøvingar mv. vidareutvikle ein heilskapleg strategi for samfunnstryggleik og beredskap innan samferdselssektoren. Det vil i det vidare arbeidet bli teke særskilt omsyn til sårbarheita i samferdselssektoren, med omsyn til terrorisme, organisert kriminalitet og naturkatastrofar.
Departementet vil medverke til langsiktig oppbygging av nasjonal forskingskompetanse på samfunnstryggleik innan samferdselsområdet. Det er m.a. ønskeleg å utvikle felles læringsarenaer for beredskap og tryggleik, på tvers av transportgreiner og sektorar.
I 2005 har Samferdselsdepartementet starta opp eit prosjekt for overordna risiko- og sårbarheitsanalyse innan samferdselssektoren. Dette er planlagd ferdig i 2006. Departementet ønsker med analysen å få innsikt i det nasjonale risiko- og sårbarheitsbiletet og å etablere eit betre grunnlag for det strategiske arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i departementet, etatane, verksemdene og operatørane, medrekna oppfølging av samfunnskritisk infrastruktur, funksjonar og objekt.
Vidare har departementet sett i gang eit arbeid med utvikling av risiko- og sårbarheitsanalyser for transportberedskapen i fylkeskommunane. Ny transportberedskapsstruktur blir etablert 1. juli 2005. Denne vil sikre tilgjengeleg transportkapasitet ved kriser i fred, beredskap og krig.
Departementet vil ta initiativ til samøvingar innan samferdselssektoren, der m.a. samanbrot i transportsystem, bortfall av styringsfunksjonar og sentrale transportfunksjonar kan bli øvde samstundes. Departementet, med underliggjande etatar og verksemder etter behov, vil i tillegg delta i nasjonale øvingar i regi av m.a. Justis- og politidepartementet. Det er lagt opp til årlege øvingar i etatane og verksemdene.