3 Bakgrunn
Gjennom ei rekkje år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønnsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn den reguleringa som blir gitt i lågaste lønnstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.
Lønnsoppgjeret for statstilsette i lønnsramme 1, alternativ 1, gav som resultat eit kronetillegg på 16 000 på A-tabellen. Dette utgjer til saman ei regulering på 7,3%.