4 Vurderingar
Dei årlege reguleringane med basis i lønnsoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarlønn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering har Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 7,3% med verknad frå 1. juli 2008.