St.prp. nr. 69 (2003-2004)

Om utbygging og finansiering av Imarsundprosjektet (Rv 680 Imarsundsambandet og Rv 669 Sandvika ferjekai med veg) i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

3 Bompengesøknad og lokalpolitisk behandling

3.1 Bompengesøknad

Imarfinans AS fremja ein første søknad om bompengefinansiering av Imarsundprosjektet i 1996. I denne søknaden var det føresett ordinære statlege midlar til prosjektet. Søknaden blei ikkje lagt fram for Samferdselsdepartementet fordi Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje prioriterte statlege midlar til prosjektet i handlingsprogrammet for perioden 1998-2007.

Ein ny søknad blei lagt fram 15. februar 2002. I denne søknaden er det lagt til grunn ein prosjektkostnad på 240 mill. 2002-kr, og prosjektet er føresett gjennomført utan ordinære statlege investeringsmidlar. Finansieringsplanen byggjer på følgjande element:

  • Alternativ bruk av ferjetilskot

  • Bompengar

  • Forskotering gjennom lokal aksjekapital

  • Tilskot frå kommunane

  • Tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet

I bompengesøknaden er det lagt til grunn innsparte statlege ferjetilskot ved at ferjesambandet til Hitra blir lagt ned i tillegg til ferjesambandet over Imarsundet. Vidare er det lagt til grunn forskots- og parallellinnkrevjing av bompengar i ferjesambanda Aukan - Vinsternes, Aukan - Edøya og Seivika - Tømmervåg. I tillegg er det lagt opp til etterskotsinnkrevjing i vegsambandet over Imarsundet og i ferjesambanda Sandvika - Edøya og Seivika - Tømmervåg. Føresette bidrag til finansieringa frå dei ulike elementa går fram av dei lokalpolitiske vedtaka.

3.2 Lokalpolitisk behandling

Kommunane i området slutta seg til bompengesøknaden i møte i kommunestyret i Aure 18. april 2002, Tustna 4. april 2002, Smøla 25. april 2002 og Kristiansund 24. september 2002.

Aure og Tustna kommunar har teke initiativ til samanslåing av dei to kommunane og arrangerte folkeavrøysting om dette i samband med kommunestyrevalet hausten 2003. Avrøystinga viste eit fleirtal for kommunesamanslåing på 64,8 pst. i Aure og 52,7 pst. i Tustna. Det var lagt til grunn at byggjestart for sambandet vil finne stad før 1. januar 2005 med ei eventuell kommunesamanslåing frå 1. januar 2006, eventuelt i samband med opninga av Imarsundprosjektet.

Boks 3.1 Vedtak fatta i Møre og Romsdal fylkesting

Møre og Romsdal fylkeskommune fatta følgjande vedtak i møte i fylkestinget 26. juni 2002:

«1.Møre og Romsdal fylkeskommune viser til søknaden frå Imarfinans A/S av 15. februar 2002. Møre og Romsdal fylkeskommune rår til at søknaden blir imøtekomen. Prosjektet omfattar ferjefritt samband over Imarsundet, innkorting av ferjesambandet til Smøla samt kabelferje til Solskjeløya med utbetring av vegnett på Solskjeløya.
2.Møre og Romsdal fylkeskommune legg til grunn følgjande finansieringsplan:
Investeringskostnad:240,0 mill. 2002-kr
Inntekter:
a)Underskott i ferjedrifta/endra drifts- og vedlikehaldskostnader for det offentlege vegnettet. Årleg innsparing over statsbudsjettet i 15 år:pr. år 15,0 mill. 2002-kr
b)Årleg tilskott frå Aure og Tustna kommunar over 5 år:pr. år 3,6 mill. 2002-kr
c)Forskottsbompengar på ferjene Aukan-Vinsternes, Seivika-Tømmervågen og til Smøla i 2 år:pr. år 3,0 mill. 2002-kr
d)Bompengar på fastlandssambandet over Imarsundet og på ferjene Seivika-Tømmervåg og til Smøla i 15 år:pr. år 7,7 mill. 2002-kr
e)Aksjekapital:10,0 mill. 2002-kr
f)Eingongstilskott frå Kommunal- og regional-departementet:15,0 mill. 2002-kr
3.Det er mogleg å endre postane i finansieringspakka. Dette kan skje etter nærare avtalar mellom Statens vegvesen, kommunane det gjeld og Imarfinans A/S.
4.Til kabelferjesambandet til Solskjeløya skal det ytast eit eingongstilskott på 4 mill. 2002-kroner frå Imarsundfinans A/S. Korkje Staten eller Imarfinans A/S skal yte drifts- eller vedlikehaldstilskott til kabelferjesambandet.
5.Takstnivået på før- og etterskottsinnkrevjing av bompengar på ferjesambanda skal setjast som eit tillegg i noverande takst på respektive 3- og 2 soner i riksregulativet for gjeldande strekning. På det faste sambandet skal takstnivået setjast om lag 3 soner over gjeldande nivå for dei respektive kjøretøygruppene.
6.Alle trafikantane skal betale bompengar etter dei til ei kvar gjeldande reglane for takst- og rabattsystem. Takstane skal vidare aukast og/eller bompengeperioden forlengjast i samsvar med regelverket om økonomien i prosjektet skulle svikte.
7.Ferjesambandet Aukan-Forsnes (Hitra) blir lagt ned frå same tidspunkt som Imarsundsambandet blir sett under trafikk.
8.Møre og Romsdal fylkeskommune seier seg i prinsippet viljug til å stille simpel garanti for dei lån som Imarfinans A/S tek opp. Møre og Romsdal fylkeskommune føresett at ein vil kome attende til garantispørsmålet i eiga sak.»

Hitra kommune i Sør-Trøndelag fatta i møte i kommunestyret 29. mai 2002 samrøystes vedtak om flytting av ferjesambandet mellom Nordmøre og Hitra og refererte mellom anna til ein felles fråsegn om dette frå kommunane i området. I vedtaket heiter det mellom anna:

«Aure, Hemne, Hitra, Frøya og Snillfjord kommuner mener en fergeforbindelse mellom Laksåvika i Hitra kommune og Kjørsvikbugen i Aure kommune er et meget viktig virkemiddel for å skape vekst i næringslivet i regionen, og legge til rette for en større og mer attraktiv bo- og arbeidsmarkedsregion.

Hitra kommunestyre henstiller til Sør-Trøndelag fylkeskommune om å bidra til den nødvendige oppfølging av saken i forhold til nabofylket og sentrale myndigheter, slik at planer om flytting av dagens fergesamband til nytt samband mellom Laksåvika og Kjersvikbugen blir tatt inn i planer og budsjetter snarest mulig, og være en realitet når det planlagte Imarsund-prosjektet blir ferdigstilt.»

Sør-Trøndelag fylkekommune har i møte i fylkestinget 18. juni 2002, i samband med behandlinga av fylkesvise strategiske analyser som grunnlag for det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan 2006-2015, fatta følgjande vedtak om føresetnadene for finansiering av Imarsundprosjektet:

«Fergeforbindelsen Laksåvik (Hitra) - Kjørsvikbugen (Aure) bør stå ferdig når Imarsund-forbindelsen er ferdig».

Usemje om denne føresetnaden, som er svært viktig for finansieringa av prosjektet, førte til at Samferdselsdepartementet tok initiativ til ny behandling i Sør-Trøndelag fylkeskommune om nedlegging av ferjesambandet til Hitra. Fylkesutvalet har i møte 18. mars 2004 slutta seg til uttale i brev av 14. januar 2004 frå fylkesordføraren i Sør-Trøndelag fylkeskommune. Fylkeskommunen er følgjeleg innforstått med at det statlege tilskotet til ferjesambandet til Hitra skal nyttast til finansiering av Imarsundprosjektet og at dette inneber at ferjesambandet vil bli lagt ned etter fullføring av prosjektet. Fylkeskommunen er også innforstått med at det i denne samanhengen ikkje er aktuelt å etablere eit alternativt ferjesamband mellom Aure og Hitra.