5 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet ser positivt på realiseringa av Imarsundprosjektet og vil tilrå at prosjektet blir godkjent.
For å få ei raskare realisering enn det som elles ville vore mogleg, har bompengeselskapet og lokale styresmakter arbeidd fram ei finansieringsløysing utan ordinære statlege løyvingar. Dei har også vore pådrivarar for å få fram prinsipielle retningslinjer for alternativ bruk av ferjetilskot. Imarsundprosjektet er det første ferjeavløysingsprosjektet der slik finansiering er føresett nytta.
Samferdselsdepartementet verdset den dugnadsviljen som lokale styresmakter har vist gjennom finansieringsløysinga i bompengesøknaden. Departementet vil likevel peike på at innkrevjing av bompengar i sambandet Seivika - Tømmervåg bryt med retningslinjene for finansiering av bompengeprosjekt, jf. St.meld. nr 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015. Sidan prosjektet er følsamt for endringar i føresetnadene for finansieringsplanen, er inntekta frå dette sambandet viktig for å kunne tilrå realisering av prosjektet no. Samferdselsdepartementet går derfor inn for bompenginnkrevjing i sambandet Seivika - Tømmervåg. I denne vurderinga har departementet også lagt stor vekt på at det er lokal semje om ei slik løysing. Departementet er samd i Vegdirektoratet sitt forslag om å avslutte innkrevjinga i sambandet på eit tidlegare tidspunkt dersom dette viser seg mogleg. Samferdselsdepartementet føreset at det blir avklart om det er lokal tilslutning til eit slikt opplegg før bompengeavtalen blir underteikna.
Innsparte statlege ferjetilskot ved at ferjesambandet mellom Smøla/Tustna og Hitra blir lagt ned er ein viktig føresetnad i finansieringsplanen. Sidan det er lokalpolitisk semje om å leggje ned ferjesambandet til Hitra utan at dette blir erstatta av eit nytt samband mellom Hitra og Aure, finn Samferdselsdepartementet å kunne gå inn for at innsparte ferjetilskot i dette sambandet blir stilt til disposisjon for bygging av Imarsundprosjektet.
Det er oppnådd ein garanti for ei toppfinansiering på totalt 13 mill. kr. Bidraga er føresette å komme til utbetaling berre dersom kostnadsoverslaget i denne proposisjonen overstig det som er mogleg å finansiere innafor det opphavelege opplegget i bompengesøknaden, og ikkje ved ein eventuell kostnadsauke etter at Stortinget har behandla saka. I tillegg har Kommunal- og regionaldepartementet opna for at departementet kan bidra med eit ytterlegare bidrag på inntil 2 mill. kr utover tilskotet på 15 mill. kr. Føresetnaden er at det ligge føre ei fagleg vurdering og godkjenning frå Samferdselsdepartementet av det endelege kostnadsoverslaget. Dei eventuelle ekstramidla til prosjektet vil kun bli utbetalt etter at all anna finansiering er på plass, og at alle eventuelle garantiar er utløst. Departementet tar også atterhald om Stortinget sitt budsjettvedtak i det året som dette eventuelt blir aktuelt. Statens vegvesen har komme fram til at det ikkje er nødvendig å auke kostnadsoverslaget og meiner derfor at det ikkje vil vere bruk for denne toppfinansieringa. Samferdselsdepartementet vil likevel ta atterhald. Ved ein eventuell kostnadsauke i gjennomføringsfasen, kan det likevel bli behov for å vurdere desse ekstra bidraga.
Ved handsaminga av St.prp. nr. 60 (2001-2002) uttalte samferdselskomiteen at når storleiken på innsparte ferjetilskot skal utreknast, bør ein unngå overkompensasjon som kan føre til dårlegare tilbod på andre ferjestrekningar eller auka statlege utgifter, jf. Innst. S. nr. 227 (2001-2002). På denne bakgrunn vil Samferdselsdepartementet i tråd med Vegdirektoratet sitt forslag leggje opp til ei ny vurdering av storleiken av det innsparte ferjetilskotet basert på tilskotsrekneskapen for det innkorta ferjesambandet Sandvika - Edøya etter to til tre års drift.