1 Bakgrunn
Det fleirårige EU-handlingsprogrammet på energiområdet «Intelligent energi for Europa» (2003-2006) vart formelt vedteke 26. juni 2003 ved europaparlaments- og rådsvedtak 1230/2003/EF. Programmet er ei vidareføring og ein revisjon av rammeprogrammet for energi, som vart avslutta 31. desember 2002, der Noreg tok del i tre av seks delprogram; ALTENER (stimulering til bruk av fornybare energikjelder), SAVE (energieffektivisering) og ETAP (statistikk og analysar av energisektoren).
I «Intelligent energi for Europa» vil ALTENER og SAVE bli vidareførde; i tillegg vert det skipa eit program for bruk av fornybar energi i transportsektoren (STEER) og eit program for å fremje bruk av fornybar energi i utviklingsland (COOPENER). Dei andre programma under rammeprogrammet for energi går ut. For perioden 2003-2006 har «Intelligent energi for Europa» ei budsjettramme på 200 mill. euro.
Handlingsprogrammet opnar for deltaking for EØS/EFTA-statane. Ei slik deltaking krev endring av protokoll 31 artikkel 14 i EØS-avtala. Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som råd, vert stortingsproposisjonen fremja før avgjerda i EØS-komiteen, som er venta 7. november.
Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsvedtaket følger i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til proposisjonen.