4 Avgjerda i EØS-komiteen
Avgjerda i EØS-komiteen inneheld tre artiklar.
Artikkel 1 slår fast at artikkel 14 i protokoll 31 til EØS-avtalen vert endra til å omfatte EFTA-statane si deltaking i «Intelligent energi for Europa» og i programverksemda.
Artikkel 2 slår fast at avgjerda gjeld frå ... på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.