3 Avgjerda i EØS-komiteen
EØS-komiteen vedtok 9. juli 2004 avgjerd nr. 104/2004 om å endre vedlegg IX (Finansielle tenester) til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet).
I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at det vert gjort følgjande endringar i vedlegg IX til avtala:
Etter nr. 30d (europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF) skal nytt nr. 30e lyde:
«30e. 32002 L 0087: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvidet tilsyn med kredittinstitusjoner, forsikringsforetak og investeringsforetak i et finansielt konglomerat, og om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF, 79/267/EØF, 92/49/EØF, 92/96/EØF, 93/6/EØF og 93/22/EØF samt europaparlaments- og rådsdirektiv 98/78/EF og 2000/12/EF (EUT L 35 av 11.2.2003, s. 1).»
I nr. 2 (første rådsdirektiv 73/239/EØF), nr. 7a (rådsdirektiv 92/49/EØF), nr. 30a (rådsdirektiv 93/6/EØF) nr. 30b (rådsdirektiv 93/22/EØF) og nr. 14 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/12/EF) skal nytt strekpunkt lyde:
32002 L 0087: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 (EUT L 35 av 11.2.2003, s. 1).»
I nr. 11 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/83/EF) og nr. 12c (europaparlaments- og rådsdirektiv 98/78/EF) vert følgjande lagt til:
«, endret ved:
32002 L 0087: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 6. desember 2002 (EUT L 35 av 11.2.2003, s. 1).»
Artikkel 2 fastset at teksta til direktiv 2002/87/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen,skal vere gyldig.
Artikkel 3 slår fast at denne avgjerda tek til å gjelde 10. juli 2004, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Fristen etter artikkel 103 i EØS-avtala for melding om at dei forfatningsrettslege krava er stetta, er dermed 9. januar 2005.