7 Konklusjon og tilråding
Finansdepartementet meiner at ei innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat(konglomeratdirektivet) vil medverke til å styrkje tilsynssamarbeidet, både nasjonalt og internasjonalt, og tilrår derfor at avgjerd nr. 104/2004 i EØS-komiteen vert godkjend.
Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.