2 Nærmare om dei einskilde føresegnene i konvensjonen
I fortalatil UNESCO-konvensjonen kjem det fram at kulturgjenstandar er eit av dei grunnleggjande elementa i dei nasjonale kulturane og at statane pliktar å verne om sine kulturgjenstandar mot farar som tjuveri, illegal utgraving og ulovleg eksport. Det er heilt naudsynt at kvar einskild stat er klar over sine moralske plikter og respekterer sin eigen og andre nasjonars kulturarv.
Etter artikkel 1 skal kvar stat sjølv oppgje kva kulturgjenstandar som er av nasjonal stor verd, og dei må inngå i dei kategoriane som er nemnde.
Etter artikkel 2 skal partane erkjenne at ulovleg import, eksport og overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar er ei av hovudårsakene til at kulturarven i opphavslanda blir utarma, og pliktar å kjempe mot dette.
Etter artikkel 3 er import, eksport eller overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar ulovleg når reglar som er vedtekne i tråd med konvensjonen, ikkje blir overhalde.
Artikkel 4 seier kva slags opprinning eller tilknyting gjenstanden må ha til staten for å reknast som ein del av den einskilde statens kulturarv.
Etter artikkel 5 skal det etablerast styresmakter med særskilde oppgåver når det gjeld vern av kulturgjenstandar, blant anna medverknad til utarbeiding av lovføresegner, etablering og ajourføring aveit nasjonalt register over verneverdige kulturgjenstandar, utvikling og oppretting av museum, bibliotek, arkiv og forskningsinstitutt o.l., overvaking av arkeologiske utgravingar samt opplysnings- og informasjonsarbeid.
I artikkel 6 blir det peika på tiltak som må setjast i verk for å hindre ulovleg eksport. Det må innførast eit sertifikat for løyve til å eksportere verneverdige kulturgjenstandar og forbod mot utførsel av kulturgjenstandar utan slikt sertifikat, og det må spreiast informasjon om dette utførselsforbodet.
Etter artikkel 7 pliktar partane seg til å treffe tiltak for å hindre ulovleg import av kulturgjenstandar, medrekna å hindre at museum og liknande skaffar seg kulturgjenstandar som er ulovleg utførte etter at konvensjonen blei sett i verk, og om mogleg informere opphavslandet om tilbod om slike gjenstandar. Det skal bli forbode å importere stolne kulturgjenstandar, og slike gjenstandar skal finnast og returnerast til opphavslandet på det vilkåret at opphavslandet betaler ei rimeleg erstatning til den som har kjøpt gjenstanden i god tru eller som er lovleg eigar. Det er også formulert retningslinjer for framgangsmåten for slik tilbakelevering.
Artikkel 8 pliktar statane til å setje i verk naudsynte straffereaksjonar eller administrative sanksjonar for overtreding av eksport- og importforboda.
Etter artikkel 9 skal partane delta i internasjonalt arbeid for å etablere naudsynte verkemiddel som kan hindre at kulturgjenstandane i eit land som blir utsett for plyndring, hamnar i internasjonal handel. Om naudsynt skal det treffast mellombelse tiltak for å unngå at statens kulturarv blir påført uoppretteleg skade.
Partane skal etter artikkel 10, gjennom informasjon, opplysning og kontroll avgrense omsetninga av ulovleg utførte kulturgjenstandar. Vidare skal statane på ein god måte sørgje for at antikvitetshandlarar fører register over opphavet til kvar einskild kulturgjenstand, namnet og adressa til leverandøren, samt ei omtale av og prisen på kulturgjenstanden som blir seld. Seljaren skal opplyse kjøperen om at gjenstanden kan vere underlagd eksportforbod. Straffereaksjonar eller administrative sanksjonar skal setjast i verk ved manglande oppfylling.
Eksport av og overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar er etter artikkel 11 ulovleg dersom han finn stad under tvang eller som direkte eller indirekte følgje av at eit land er okkupert av ei framand makt.
Etter artikkel 12 skal statane treffe alle naudsynte tiltak for å forby og hindre ulovleg import, eksport og overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar innanfor dei territoria som dei har ansvaret for.
I samsvar med eiga lovgjeving pliktar statane å treffe tiltak for å hindre overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar dersom overføringa kan føre til ulovleg import eller eksport. Vidare pliktar statane å garantere at relevante etatar medverkar til å levere tilbake ulovleg eksporterte gjenstandar til deira rettmessige eigarar så snart som mogeleg, å gi rettmessige eigarar eller deira representantar rett til å ta naudsynte rettslege steg for å få tilbake tapte eller stolne kulturgjenstandar, og å erkjenne at alle statlege partar skal ha rett til å klassifisere bestemte kulturgjenstandar og erklære at dei ikkje kan avhendast og såleis ikkje bør eksporterast, samt å lette arbeidet med å levere tilbake slike gjenstandar som er blitt eksporterte, jf. artikkel 13.
Etter artikkel 14 skal statane så langt det er mogleg sørgje for at dei etatane som har ansvaret for å gjennomføre arbeid for vern av kulturarven, har eit tilstrekkeleg budsjett. Om naudsynt bør det opprettast eit fond for dette føremålet.
Det følgjer av artikkel 15 at føresegnene i konvensjonen ikkje er til hinder for at partane kan inngå spesielle avtaler seg imellom eller følgje opp avtaler om tilbakelevering av kulturgjenstandar som alt er inngått før konvensjonen tok til å gjelde for dei aktuelle partane.
Partane skal etter artikkel 16 rapportere til UNESCOs generalkonferanse om tiltak som er sette i verk i samband med gjennomføringa av konvensjonen.
Etter artikkel 17 kan partane be UNESCO om fageleg bistand når det gjeld informasjon, rådgjeving frå ekspertar, koordinering og kontakt. Vidare kan UNESCO på eige initiativ drive forsking og publisere undersøkingar om spørsmål som gjeld ulovleg omsetning av kulturgjenstandar og gjere framlegg om iverksetjinga av konvensjonen. Når minst to partar er usamde om iverksetjinga av konvensjonen, kan UNESCO på oppmodning hjelpe til med å kome fram til eit forlik.
Konvensjonen skal ratifiserast i tråd med den konstitusjonelle framgangsmåten i kvar einskild medlemsstat. Etter artikkel 21 tek konvensjonen til å gjelde tre månader etter at staten har deponert sitt ratifikasjons-, godtakings - eller tiltredingsdokument. Slike dokument skal deponerast hos generaldirektøren for FNs organisasjon for undervisning, vitskap og kultur i Paris.
Partane skal etter artikkel 22 klargjere kva territorium konvensjonen skal gjelde for.
Det blir gjort framlegg om at Noreg erklærer at konvensjonen skal gjelde for Fastlands-Noreg, Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.