1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning av oppstart av seks nye investeringsprosjekt, og å orientere Stortinget om nokre andre planlagde prosjekt og saker.
Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.
1.1 Innehald
Proposisjonen har følgjande innhald:
Godkjenning av kostnadsramme for fire nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kapittel 1710, post 47): Oppbygging av «High Readiness Force» (HRF) i Rena leir, Oppgradering av bygning 39 på Akershus festning, Kommandoplass for Forsvaret sitt operative hovudkvarter på Reitan og Fleirbrukshall Skjold fase 2.
Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45 ): Nytt logistikk- og støttefarty og Landbasert, indirekte eldstøtte (artilleri).
Informasjonssaker: Modernisering av Hæren, LOS-programmet i Forsvaret og Kjøp av innleigde kystvaktfarty.