4 Sakar til informasjon
4.1 Modernisering av Hæren
Regjeringa informerte Stortinget i St.prp. nr. 1 (2007-2008) og St.prp. nr. 1 (2008-2009) om fire prosjekt for moderniseringa av Hæren. Eitt av disse prosjekta, Landbasert, indirekte eldstøtte, er omtala mellom dei nye prosjekta som er til godkjenning.
Det neste prosjektet, Oppgradering av Leopard 2 stridsvogn, er redusert i omfang til ei forlenging av levetida, og vert ikkje omtala her.
I dei to siste prosjekta, Middelstungt einskapleg panserkøyrety, som omfattar ombygging av eksisterande CV-90 stormpanservogner og ei avgrensa nyskaffing av same type køyrety, og Pansra stridsoppklaringssystem, som omfattar nyskaffing av oppklaringskøyrety med ulike sensorar til manøverbataljonane i Hæren, står Forsvaret overfor ein tilnærma eineleverandørsituasjon. Ut frå omsynet til Staten sine kommersielle interesser, vil regjeringa difor fyrst gjennomføre kontraktsforhandlingar, for deretter å leggje fram eit forslag til Stortinget om godkjenning av omfang og kostnadsramme etter at forhandlingane er avslutta.
4.2 LOS-programmet i Forsvaret
LOS-programmet i Forsvaret (tidlegare kalla Program Golf) inneheld fleire prosjekt for å etablere eit felles integrert forvaltningssystem (FIF) i Forsvaret. Det første større leveranseprosjektet blei innført i 2003, og det gav Forsvaret eit nytt system for eksternrekneskap, også kalla FIF 1.0. Det andre større prosjektet er Økonomiprosjektet, som vart godkjent ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 87 (2006-2007), jf. St.prp. nr. 20 (2006-2007). Logistikkprosjektet, som er det tredje og siste store prosjektet i programmet, vart godkjent ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 317 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 55 (2007-2008).
Økonomiprosjektet si løysing skal gi Forsvaret eit felles system for økonomisk internrekneskap, materiellrekneskap og styring og leiing. Slik det vart informert om i St.prp. nr. 1 (2008-2009), blei prosjektet si løysing (FIF 2.0) satt i drift i juni 2008. Løysinga mangla då enkelte komponentar, som var planlagd leverte hausten 2008. Grunna utfordringar i skifte frå gamalt til nytt system, har Forsvaret mellom anna av omsyn til avlegging av statsrekneskapen for 2008 prioritert stabilisering av systemet framfor å bruke personellressursane på dei manglande løysingskomponentane. Der det er naudsynt, blir det på desse områda nytta alternative løysingar fram til endeleg løysing er på plass, no planlagd til fyrste halvår 2009. Prosjektet vil bli avslutta i 2009.
Logistikkprosjektet skal gi Forsvaret ei fullstendig logistikkløysing for prosessar innanfor materiellinvestering, konfigurasjonsstyring, vedlikehald og avansert forsyning. I tillegg vil det, dersom desse nye områda gjer det naudsynt, bli gjort justeringar i tidlegare leveransar. Forvaltningssystemet vil, med denne logistikkløysinga, bli kalla FIF 3.0. Regjeringa informerte i St.prp. nr. 1 (2008-2009) om at kontrakt med leverandør var planlagt inngått våren 2009, og at prosjektet var forventa avslutta i 2011.
Ein av dei store utfordringane ved gjennomføring av desse prosjekta er å sikre at Forsvaret kan bidra med dei mange medarbeidarane som trengst både under sjølve prosjektgjennomføringa, samt i overgangen frå gamalt til nytt informasjonssystem og fram til ein ny normalsituasjon er etablert. Regjeringa har difor lagt til grunn at kontrakt om Logistikkprosjektet ikkje skal bli inngått før Forsvaret kan dokumentere at dei har tilgjengelege ressursar før å understøtte prosjektgjennomføringa. Regjeringa har òg lagt til grunn at erfaringar frå gjennomføring av Økonomiprosjektet skal vektleggast i samband med Logistikkprosjektet.
Grunna naudsynt prioritering av innføring av FIF 2.0, og dei erfaringane som er gjorde i samband med denne, er enno ikkje vilkåra som er stilte for å inngå kontrakt oppfylte. Det står att å gjennomføre analysar av dei erfaringane som er gjorde, samt å få levert alle delane av Økonomiprosjektet, før Forsvaret kan gå vidare med Logistikkprosjektet. Analysane skal etter planen vere ferdigstilte før hausten 2009. Før resultatet av analysane er klare, er det ikkje mogleg å seie noko sikkert om når kontrakt for Logistikkprosjektet kan bli inngått.
Regjeringa vil informere Stortinget om status og framdrift i prosjekta i budsjettproposisjonen for 2010.
4.3 Kjøp av innleigde kystvaktfarty
Forsvarsdepartementet har vurdert å kjøpe fleire av dei kystvaktfartya som Forsvaret leiger i dag. Basert på dei tilboda som har kome frå reiaren, vart det bestemt å berre kjøpe KV Harstad. Kjøp av Nornen-klassen indre kystvaktfarty er førebels ikkje aktuelt.