2 Bakgrunn
Avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar er 1. juli.
Ved oppgjera per 1. juli 2005 blei det gjort korreksjonar som innebar at det ikkje blei gjeve tillegg i honorartakstane for dei tre gruppene. Oppgjera bygde på ei økonomisk ramme før korreksjon svarande til 1,2 prosent for legane, 1,0 prosent for fysioterapeutane og 2,0 prosent for psykologane.
Dei respektive organisasjonane og staten, KS og dei regionale helseforetaka har no ført forhandlingar om avtalar for tidsrommet 1. juli 2006 – 30. juni 2007. Avtaleframlegga har noko ulik utforming. For legane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og basistilskot/driftstilskot med 4,6 prosent, for fysioterapeutane ein auke med 4,9 prosent og for psykologane ein auke med 4,0 prosent. Rammejusteringane er rekna per 1. juli 2006. Skilnaden i rammeauke for dei einskilde gruppene har samanheng med ulike overheng i takstar og driftstilskot inn i 2006, ulik utvikling i kostnader og ulike inntektsnivå.
Eigendelane blir ikkje endra ved dette oppgjeret. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.
Da ordninga med driftstilskot for legar, fysioterapeutar og psykologar blei innførd i 1984, var føresetnaden at driftstilskotet skulle utgjere om lag 40 prosent av gjennomsnittleg omsetnad for dei ulike gruppene. Over tid blei denne prosentdelen mindre. Ved handsaminga av St.meld. nr. 5 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 82 (2003-2004), slutta Stortinget seg til eit framlegg om at driftstilskotsdelen skal aukast til opp mot 40 prosent for legespesialistar og psykologar. Ved oppgjera i 2003 og 2004 blei det avtala ei omfordeling frå takstar til driftstilskot for desse gruppene. For legespesialistane er det avtala ei ny omfordeling ved dette oppgjeret. Som følgje av dette blir det gjort framlegg om å auke overføringane til dei regionale helseføretaka med 18,0 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon i refusjonsløyvingane. Refusjonsløyvingane blir samla auka med 171,0 mill. kroner.