Forslag til vedtak om nokre saker på Samferdselsdepartementets område
I
Stortinget samtykkjer i at:
riksveg med tilhøyrande gang- og sykkelveg som går fram av vedlegg 1, blir med heimel i veglova § 62 tredje ledd omklassifisert til fylkesveg, i Oslo kommunal veg, med verknad frå 1. januar 2010
veg med tilhøyrande gang- og sykkelveg som går fram av vedlegg 2, blir med heimel i veglova § 62 tredje ledd teken opp som riksveg frå 1. januar 2010
Samferdselsdepartementet fastset med endeleg verknad kvar riksveg tek slutt
prosjektet E18 Krosby - Knapstad i Østfold blir gjennomført basert på revidert kostnadsramme.