6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Ryaforbindelsen vil betre kommunikasjonen internt i Tromsø kommune og mellom Tromsøområdet og delar av Balsfjord kommune. Sambandet vil derfor redusere tidsbruken for arbeids- og fritidsreiser mellom Tromsøområdet og Malangshalvøya. Vidare vil det bli mogleg å ferdast etter kl. 23, utan å måtte kjøre ein lang omveg via E6/E8. Sambandet vil leggje betre til rette for busetnad og meir arbeidspendling, utvikling av reiselivtenester og fritidsaktivitet.
Bompengeselskapet og lokale styresmakter har i samarbeid med Statens vegvesen arbeidd fram ei finansieringsløysing som gjer det mogleg å få til raskare realisering av prosjektet enn det som elles ville vore tilfelle.
Med dei føresetnadene som er lagt til grunn for finansieringsplanen, er perioden med bompengeinnkrevjing rekna til om lag 19 år, som går ut over det som er normal innkrevjingsperiode (15 år). For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet å betale ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. I tråd med det som har vore lagt til grunn for fleire andre ferjeavløysingsprosjekt, sluttar Samferdselsdepartementet seg til Statens vegvesen si tilråding om å akseptere om lag 19 års bompengeinnkrevjing.
Økonomien i prosjektet er følsam for endringar i føresetnadene. Det er derfor ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om ei lågare lånerente enn 6,5 pst. for ein periode på 10-15 år. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtala blir underskriven.
Samferdselsdepartementet sluttar seg til det skisserte opplegget for handtering av kostnadsauke/-reduksjonar og auka/redusert inntening.
I St.meld. nr. 12 (2006-2007), Regionale fortrinn – regional framtid, har Regjeringa foreslått at det framtidige offentlege vegnettet vil bestå av stamvegar, regionale vegar (øvrige riksvegar og fylkesvegar) og kommunale vegar. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det statlege ansvaret for investeringar i øvrig riksvegnett blir overført til regionane (fylka) når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at regionen (fylket) er ansvarleg for å løyve føresette statlege midlar til prosjektet etter 2009, inkl. føresett del av ein evt. kostnadsauke. Vidare er regionen (fylket) ansvarleg for å utbetale det føresette innsparte ferjetilskotet til bompengeselskapet over ein 15-årsperiode etter at prosjektet er opna for trafikk.