St.prp. nr. 77 (1999-2000)

Om trygdeoppgjeret 2000

Til innhaldsliste

Tilråing

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2000, og om auke av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 under kap. 660, kap. 664, kap. 666, kap. 2543, kap. 2660, kap. 2662, kap. 2663, kap. 2670, kap. 2680 og kap. 2683.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2000, og om auke av løyvinga på statsbudsjettet for 2000 i samsvar med eit framlagt forslag.

Tilråding frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet ligg ved.