9 Ytingar til yrkesretta attføring
Løyvinga for 2000 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring er på 4 667 mill. kroner delt med 3 632 mill. kroner til attføringspengar og 1 035 mill. kroner til attføringsstønader. I tillegg er løyvinga tilrådd auka med 583 mill. kroner i St.prp. nr. 61 (1999-2000) Omprioteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2000, delt med 418 mill. kroner på post 70 og 165 mill. kroner på post 71.
Attføringspengar
Med utgangspunkt i eksisterande informasjon om utbetalingane hittil i år og anslag på utbetalingane ut året vert det rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 128 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det vert derfor foreslått at løyvinga for 2000 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 70 attføringspengar aukast med 128 mill. kroner.
Attføringsstønader
Det er i første rekkje stønad til hushaldsutgifter som vert berørt av endringa i grunnbeløpet. Den sentrale faktoren i ordninga med stønad til hushaldsutgifter er ein sjablonberekna levekostnadsfaktor som skal dekke andre utgifter enn buutgifter. Dersom ein attføringssøkjar og eventuell ektefelle har samla nettoinntekter som er lågare enn levekostnadsfaktoren og buutgiftene til saman, skal det gjevast månadlege tilskott for å dekke differansen.
Levekostnadsfaktoren vert sjablonberekna. Per 1.09.00 vert satsane i levekostnadsfaktoren auka til:
kr 4 810 per månad for trygda, ein auke på kr 130
kr 2 890 per månad for ektefelle, ein auke på kr 80
kr 1 720 per månad for kvart barn, ein auke på kr 50
Tilskottet kan maksimalt utgjere kr 5 360 per månad, ein auke på kr 140. Stønadsbeløp på under kr 100 per månad vert ikkje utbetalt.
Ein reknar med at endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren isolert sett vil føre til eit meirbehov på om lag 9 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2000.
På bakgrunn av dette vert løyvinga for 2000 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad tilrådd auka med 9 mill. kroner.