3 Avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar
I forhandlingsmøte 2. juni 1997 blei Norske Fysioterapeuters Forbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 1997-30. juni 1998.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 5,3 pst. pr. 1. juli 1997. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Eigenbetalinga frå pasientane blir auka med 9 pst. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 pst av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning.
Meirutgiftene for trygda til refusjonar og fondsavsetningar i 1997 er rekna til 21,5 mill. kroner.
Fastlønstilskotet var 105 000 kroner i 1996. Departementet tilrår at fastlønnstilskotet aukar til 108 000 kroner for 1997 og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir regulert med 3,0 mill. kroner.