4 Avtale om driftstilskot og takstar for psykologar
I forhandlingsmøte 3. juni 1997 blei Norsk Psykologforening, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for perioden 1. juli 1997-30. juni 1998.
Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med i alt 4,4 pst. pr. 1. juli 1997. Eigenbetalinga frå pasientane blir auka med 12 pst. Fondsavsetninga er auka i takt med auken i ramma.
Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir regulert med 3,0 mill. kroner.