4 Avgjerda i EØS-komiteen
Med sikte på deltaking frå EØS/EFTA-statane i EU-programmet Daphne II vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1slår fast at protokoll 31 får ei tilføying om at samarbeidet vert utvida til å omfatte europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 803/2004 av 21. april 2004.
Artikkel 2føreset at europaparlaments- og rådsavgjerda tek til å gjelde frå 1. januar 2004 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 3slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.