1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 112/2004 av 9. juli 2004 vart det vedteke å endre vedlegg XVIII til EØS-avtala om helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik handsaming av kvinner og menn, til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/73 EF om endring av rådsdirektiv 76/207/EØF om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner når det gjeld tilgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremjing, og når det gjeld arbeidsvilkår (direktivet om lik handsaming).
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.
Uoffisiell norsk omsetjing av avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/73/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.