3 Avgjerda i EØS-komiteen
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 112/2004 av 9. juli 2004 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 98, som gjennom avgjerd i EØS-komiteen gjer det mogleg å endre vedlegga til EØS-avtala.
Artikkel 1 i avgjerda i EØS-komiteen slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/73/EF om endring av rådsdirektiv 76/207/EØF om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner når det gjeld tilgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremjing, og når det gjeld arbeidsvilkår (direktivet om lik handsaming), skal innlemmast i vedlegg XVII til EØS-avtala.
I EØS-avtala skal føresegnene i direktivet gjelde med følgjande tilpassing: Føresegna om positiv særleg handsaming i artikkel 2 nr. 8 i direktivet, med tilvising til artikkel 141 nr. 4 i Amsterdam-traktaten, skal bytast ut med ordlyden i artikkel 141 nr. 4 i Amsterdam-traktaten. Tilpassinga er av teknisk karakter. Bakgrunnen for tilpassinga er at det er naudsynt å unngå ein juridisk uklar situasjon ved å gjennomføre eit direktiv som viser til ei traktatføresegn som ikkje er ein del av EØS-avtala.
Artikkel 2 slår fast at teksta til direktiv 2002/73/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.
Artikkel 3 slår fast at denne avgjerda skal ta til å gjelde 10. juli 2004 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.