2 Samandrag og tilrådingar
Forslaget til regulering er basert på resultatet av løneoppgjeret mellom staten og LO-Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat, Akademikerne og Unio. Med grunnlag i løneoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 3,4 % frå 1. juli 2007. Forsvarsdepartementet har vedteke å omgjere utdanningsbonus frå eingongssum til dagsats. Tidlegare elevtillegg er gjort om og går inn i ny dagsats for utdanningsbonus.
Meirutgiftene for 2007 er utrekna til 10,573 millioner kroner.