3 Bakgrunn
Gjennom ei rekkje år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i løneoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn den reguleringa som blir gitt i lågaste lønetrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.
Løneoppgjeret for statstilsette i løneramme 1, alternativ 1 gav som resultat eit kronetillegg på 4 300 på A-tabellen og vidare ei auke med eit lønetrinn for alle i løneramma. Dette utgjer til saman ei regulering på 3,4 %.