2 Samandrag og tilrådingar
Forslaget til regulering er basert på forhandlingsresultatet mellom staten og LO Stat, Akademikernes Fellesorganisasjon, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund-Stat, Akademikerne og Norsk Lærerlag frå lønsoppgjeret, med verknad frå 1. august 1999. Dei vernepliktige mannskapa sine primærgodtgjersler blir tilrådd auka med 5,1% for tenestetillegget og 2,7% for dei andre godtgjerslene frå 1. juli 1999. Meirutgiftene for 1999 er utrekna til 10,6 millionar kroner. Vidare tilrår Forsvarsdepartementet at det blir innført ei ekstra gratis permisjonsreise frå 1. juli 1999. Fleire gratis permisjonsreiser er ei oppfølging av Haaker-utvalet si innstilling for å gi dei vernepliktige høgare status.