3 Bakgrunn
Gjennom ei rekkje år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Som hovudregel er det tatt omsyn til låglønsprofilen i oppgjera. Departementet har dei seinare år, i tråd med Forsvarskomiteens syn, lagt til grunn den regulering som blir gitt i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.
Lønsoppgjeret i staten i år gav eit resultat som på dette lønsnivået svarar til 2,7% med verknad frå 1. juli 1999.