2 Omtale av den samla utbygginga og første utbyggingsetappe
2.1 E6 Gardermoen – Kolomoen
Prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen har ei samla veglengde på om lag 66 km og går frå Hovinmoen ved Gardermoen i Ullensaker kommune i Akershus, gjennom Eidsvoll kommune til fylkesgrensa mellom Akershus og Hedmark og vidare til Kolomoen i Stange kommune i Hedmark. Prosjektet er vist i vedlagte kartskisse.
Eksisterande veg oppfyller standardkrava for tofelts motorveg i tidlegare vegnormalar, med unntak av ein 4 km lang strekning nord for Minnesund som manglar parallellveg. Det har vore stor trafikkauke på strekninga, både som følgje av etableringa av hovudflyplassen på Gardermoen og som følgje av aukande turisttrafikk til/frå Hedmark og Oppland. Årsdøgntrafikken (ÅDT) på E6 varierte i 2005 frå 22 400 køyretøy ved Hovinmoen til om lag 12 200 køyretøy langs Mjøsa og nordover til Kolomoen. Helge- og sommardøgntrafikken er vesentleg høgare på heile strekninga.
Det har vore mange og alvorlege trafikkulykker på strekninga. I perioden 1994 – 2006 var det 41 dødsulykker med 49 drepne personar. Om lag 80 pst. av ulykkene var møteulykker. Trafikkavviklingsproblema på strekninga er aukande. Problema med kø og forseinkingar er størst i samband med helgeutfart og der E6 går over frå fire til to felt nord for Gardermoen. Også i krysset mellom E6 og rv 3 ved Kolomoen er det tidvis trafikkavviklingsproblem.
Fylkesdelplan for transportkorridoren Gardermoen – Mjøsbyane blei godkjent av Miljøverndepartementet 19. mai 2004. Planen dekkjer både veg- og jernbane i korridoren. I fylkesdelplanen blir det tilrådd å utvide E6 mellom Gardermoen og Lillehammer til fire felt langs dagens trasé, med vekt på gode miljømessige løysingar ved passering av eksisterande busetnad og i høve til strandsona ved Mjøsa.
I St.meld. nr. 24 (2003 – 2004) er det lagt til grunn anleggsstart på prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen i siste del av perioden 2006 – 2009 under føresetnad av lokal tilslutning til delvis bompengefinansiering. Det er lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 2 800 mill. 2004-kr for utbygging til firefelts veg langs eksisterande trasé. Vidare er det lagt til grunn at 50 pst. skal finansierast med bompengar. Det er derfor føresett ei statleg løyving på 1 400 mill. 2004-kr.
Prosjektet omfattar seks delstrekningar som har ulik plansituasjon:
Hovinmoen – Dal 11 km
Dal – Boksrud 8 km
Boksrud – Minnesund 11 km
Minnesund – Hedmark grense 13 km
Akershus grense – Skaberud 11 km
Skaberud – Kolomoen 12 km
For strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoenligg det føre godkjente reguleringsplanar. Reguleringsplan for strekninga Hovinmoen – Dal blei godkjent av Ullensaker og Eidsvoll kommunar 8. mai 2006. Reguleringsplan for strekninga Skaberud – Kolomoen blei godkjent av Stange kommune 19. april 2006.
Det pågår arbeid med reguleringsplanar for strekninga Dal – Boksrud – Minnesund.Godkjente reguleringsplanar er venta å liggje føre i løpet av 2007.
For strekninga Minnesund – Hedmark/Akershus grense – Skaberudvart planprogrammet for kommunedelplanarbeidet fastsett av Samferdselsdepartementet i mai 2006. Statens vegvesen og Jernbaneverket samarbeider om felles kommunedelplanar for ny firefeltsveg E6 og ny jernbane med dobbeltspor på austsida av Mjøsa i Eidsvoll og Stange kommunar. Formålet med samarbeidet er å oppnå ei løysing der traséføringar og avbøtande tiltak knytt til arealbruk er samordna. Det er lagt opp til kommunestyrebehandling av kommunedelplanane i Eidsvoll og Stange kommunar i juni 2007.
Dersom det blir lokal semje om trasévalet, slik at reguleringsarbeidet kan starte i løpet av 2007, vil forslag til reguleringsplanar kunne liggje føre i løpet av 2008. Det er lagt opp til å utarbeide felles reguleringsplanar for E6 og jernbanen på strekninga Minnesund – Skaberud.
Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer eit alternativ med større omfang av tunnelar enn i det alternativet for ny E6 som Statens vegvesen går inn for, og det ligg føre motsegner til alle alternativa på to delstrekningar i Eidsvoll kommune. Det er derfor knytt stor uvisse til både traséval, kostnader og framdrift på planarbeidet.
Det er førebels lagt til grunn eit kostnadsoverslag på 4 700 mill. 2007-kr ved utbygging av E6 til firefelts veg på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Dette er basert på godkjente reguleringsplanar for strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen, forslag til reguleringsplanar for strekninga Dal – Boksrud – Minnesund og Statens vegvesen sitt forslag til val av trasé på strekninga Minnesund – Hedmark/Akershus grense – Skaberud. Kostnadsoverslaget er inkl. om lag 50 mill. kr til etablering av bomstasjonar og om lag 50 mill. kr til avbøtande tiltak på sidevegnettet i Ullensaker og Eidsvoll kommunar. Vidare inngår om lag 120 mill. kr til prosjektering og byggjeplanlegging av prosjektet. Meirkostnadene ved det alternativet som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer langs Mjøsa, er førebels rekna til om lag 1 500 mill. kr.
Netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag 1,9 mrd. kr med 4,5 pst. kalkulasjonsrente og eit kostnadsoverslag på 4 700 mill. kr. Netto nytte pr. investert krone (NNK) er rekna til om lag 0,4.
2.2 E6 Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen (første utbyggingsetappe)
Strekninga Hovinmoen – Dal er 11 km lang og ligg i Ullensaker og Eidsvoll kommunar i Akershus. Frå Hovinmoen og fram til Mogreina blir vegen utvida med to nye felt på vestsida av eksisterande veg. Vidare nordover skjer utvidinga på austsida av eksisterande veg. Samla vegbreidde på ny firefelts veg med midtrekkverk blir 26,5 m.
Strekninga Skaberud – Kolomoen er 12 km lang og ligg i Stange kommune i Hedmark. Utviding til firefelts veg vil skje parallelt med og i hovudsak på austsida av eksisterande veg. Frå Skaberud og fram til Skavabakken blir samla vegbreidde 20 m. Vidare nordover blir samla vegbreidde noko større som følgje av at avstanden mellom køyrebanene blir tilpassa terrenget.
Det er gjennomført utvida ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Den eksterne konsulenten peikar på at mellom anna marknadsmessige forhold gir auka risiko for kostnadsauke. Dette er lagt til grunn ved fastsetjinga av styrings- og kostnadsramma. Konsulenten peiker òg på utfordringar i anleggsfasen ved at det vil bli avvikla trafikk på E6 parallelt med utbygginga.
Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 1 200 mill. 2006-kr og ei kostnadsramme på 1 260 mill. 2006-kr . Omrekna til 2007-kr blir styringsramma 1 230 mill. kr og kostnadsramma 1 290 mill. kr. Styrings- og kostnadsramme er i tråd med konsulentens tilråding. I kostnadene inngår 16 mill. kr til etablering av to automatiske bomstasjonar og 26 mill. kr til avbøtande tiltak på sidevegnettet i Ullensaker og Eidsvoll kommunar. Vidare inngår om lag 30 mill. kr til prosjektering og byggjeplanlegging av dei to strekningane.
Netto nytte (NN) for første utbyggingsetappe er rekna til om lag 1,9 mrd. kr med 4,5 pst. kalkulasjonsrente. Netto nytte pr. investert krone (NNK) er rekna til om lag 1,6.