8 Samferdselsdepartementet si vurdering
E6 mellom Gardermoen og Kolomoen er prega av mange og alvorlege ulykker. Samferdselsdepartementet ser det derfor som viktig å komme i gang med utbygginga til firefelts veg så snart som mogleg. I første omgang er det derfor lagt opp til å byggje ut E6 på strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen, der plansituasjonen er avklart.
Det er lokalpolitisk tilslutning til opplegget med delvis bompengefinansiert utbygging av strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen som første etappe av utbygginga av prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen innafor dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2006 – 2015. Samstundes blir det føresett at den statlege ramma til prosjektet blir vurdert på nytt i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2010 – 2019. Samferdselsdepartementet legg til grunn at prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen skal finansierast innafor den statlege ramma som vart fastsett gjennom Stortinget si behandling av St.meld. nr. 24 (2003 – 2004) Nasjonal transportplan 2006 – 2015. Resten av utbyggingskostnadene er føresett finansierte med bompengar.
Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget med endeleg opplegg for utbygging og finansiering av dei attståande strekningane på E6 mellom Gardermoen og Kolomoen så snart det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.
Innkrevjinga av bompengar er basert på eit opplegg med fleire automatiske bomstasjonar over ei lengre strekning og utan bomstasjonar på parallellvegnettet. Eit slikt opplegg vil gi betre samanheng mellom nytte og betaling enn det som har vore vanleg ved bompengefinansiering av lengre utbyggingsstrekningar. Opplegget vil føre til at lokale trafikantar som berre køyrer delar av strekninga, vil betale lågare takstar enn trafikantar som køyrer heile strekninga. Men innkrevjingsopplegget er ikkje utprøvd tidlegare. Samferdselsdepartementet er derfor samd i at opplegget må vurderast undervegs, med sikte på å innføre justeringar/tiltak dersom dette skulle vise seg nødvendig.
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet har ein renteavtale som minimum sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen for første utbyggingsetappe. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivået blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.
Samferdselsdepartementet har merka seg at Akershus fylkeskommune føreset at det blir etablert eit opplegg med «park-and-ride» samordna med kollektivtransport. Departementet stiller seg positiv til tiltak for samordning av kollektivtransport på veg og bane, og føreset at Statens vegvesen samarbeider med lokale planstyresmakter om slike tiltak i den vidare planlegginga.
Stange kommune legg til grunn at heilautomatiske bomstasjonar ikkje skal vere til hinder for eit prissystem som tek omsyn til behov for pendlarfrådrag/rabattar på lik linje med andre bompengeprosjekt. Samferdselsdepartementet viser til at Akershus og Hedmark fylkeskommunar og Ullensaker og Eidsvoll kommunar har slutta seg til eit rabattsystem som er avgrensa til 10 pst. takstreduksjon ved bruk av brikke. Samferdselsdepartementet føreset derfor at dette blir lagt til grunn i det vidare arbeidet med innkrevjingsopplegget.
På grunn av usikre kostnader for strekninga Minnesund – Skaberud går Akershus fylkeskommune og Eidsvoll kommune inn for at det blir gitt rom for noko lengre bompengeperiode enn 15 år, anslagsvis 20 år. Samferdselsdepartementet viser til at bakgrunnen for å avgrense lengda på innkrevjingsperioden er omsynet til trafikantane og at uvissa knytt til ulike føresetnader for finansieringsvurderingane aukar framover i tid. I basisalternativet bør det derfor som hovudregel leggjast til grunn ein innkrevjingsperiode på maksimum 15 år i kvar bomstasjon. Departementet vil komme tilbake til dette i samband med det endelege opplegget for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen.