6 Krigspensjonering
Utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25), vert dekka av staten.
Under Kap 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2001 løyvd respektive 293 mill. kroner og 710 mill. kroner.
Pensjonane skal etter tilleggslova av 29. juni 1951 nr. 34, regulerast som for statspensjonane, dvs i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 2001 vert det rekna med meirutgifter på 9 mill. kroner for krigspensjoneringen for militærpersonar og på 22 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.
Krigspensjon vert samordna med pensjonar frå folketrygda. Det vert gjort framlegg om at løyvinga under Kap 660 Krigspensjonering aukar med 31 mill. kroner.