St.prp. nr. 89 (2000-2001)

Om trygdeoppgjeret 2001

Til innhaldsliste

9 Ytingar til yrkesretta attføring

Løyvinga for 2001 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring er på 5 977 mill. kroner fordelt med 4 637 mill. kroner til attføringspengar og 1 340 mill. kroner til attføringsstønader. I tillegg er løyvinga foreslått auka med 270 mill. kroner i St.prp. nr. 84 (2000-2001) Omprioteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 2001, fordelt med 135 mill. kroner på post 70 og 135 mill. kroner på post 71.

Attføringspengar

Med utgangspunkt i eksisterande informasjon om utbetalingane hittil i år og anslag på utbetalingane ut året vert det rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 147 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det vert derfor foreslått at løyvinga for 2001 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 70 attføringspengar aukast med 147 mill. kroner.

Attføringsstønader

Det er i første rekke stønad til hushaldsutgifter som vert berørt av endringa i G. Den sentrale faktoren i ordninga med stønad til hushaldsutgifter er ein sjablonberekna levekostnadsfaktor som skal dekke andre utgifter enn buutgifter. Dersom ein attføringssøkjar og eventuell ektefelle har samla nettoinntekter som er lågare enn levekostnadsfaktoren og buutgiftene til saman, skal det gjevast månadlege tilskott for å dekke differansen.

Levekostnadsfaktoren sjablonbereknast. Per 1.9.01 vert satsane i levekostnadsfaktoren auka til:

kr 5 000 per månad for trygda, ein auke på kr 190

kr 3 000 per månad for ektefelle, ein auke på kr 110

kr 1 790 per månad for kvart barn, ein auke på kr 70

Tilskottet kan maksimalt utgjere kr 5 570 pr. månad, ein auke på kr 210. Stønadsbeløp på under kr 100 per månad vert ikkje utbetalt.

Ein reknar med at endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren isolert sett vil føre til eit meirbehov på om lag 11 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2001.

På bakgrunn av dette vert løyvinga for 2001 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring, post 71 attføringsstønad foreslått auka med 11 mill. kroner.