1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av prosjektet Hauge – Lonevåg på rv 567 i Osterøy kommune i Hordaland. Finansieringa er basert på delfinansiering med bompengar gjennom utviding av eksisterande bompengeordning i Osterøy. I tillegg til bompengar omfattar finansieringsplanen statlege midlar og lokalt tilskot.
Stortinget behandla i 1990 eit opplegg for finansiering av Osterøybrua (Kvisti bru) med tilstøytande vegar, medrekna Hannisdalslinja (strekninga Rolland – Hauge) og Tiråstunnelen, jf. St.prp. nr. 5 (1989-90) og Innst. S. nr. 78 (1989-90). Grunna auka kostnader og reduserte trafikkprognosar blei det i 1992 lagt fram ein proposisjon basert på trinnvis utbygging, jf. St.prp. nr. 37 (1992-93) og Innst. S. nr. 110 (1992-93). Stortinget slutta seg til at første byggetrinn skulle omfatte Osterøybrua, kryss på Herland og kryss på Kvisti.
Økonomien i bompengeselskapet utvikla seg vesentleg betre enn venta som følgje av redusert rentenivå. Andre byggetrinn i prosjektet, Tiråstunnelen, blei vedtatt ved behandlinga av St.prp. nr. 1 (1996-97), jf. Budsjett-innst. S. nr. 14 (1996-97). Tredje byggetrinn, Hannisdalslinja, blei vedtatt ved behandlinga av St.prp. nr. 60 (1999-2000), jf. Innst. S. nr. 246 (1999-2000). Bomstasjonen har stått ved Osterøybrua sidan starten av innkrevjinga i 1997. I St.prp. nr. 1 (1996-97) var bompengeperioden for første byggetrinn rekna til vel 14 år, og det var venta at den ville bli forlenga til vel 15 år ved bygginga av Tiråstunnelen. Etter utvidinga med Hannisdalslinja var bompengeperioden rekna til 17 år, jf. St.prp. nr. 60 (1999-2000).
Osterøybrua ga Osterøy kommune landfast tilknyting til E16 over Sørfjorden. Ved opninga av brua i 1997 blei ferjesambandet Haus – Garnes lagt ned, medan ferjesambandet Valestrandfossen – Breistein blei vidareført. Tiråstunnelen sto ferdig i 1998 og Hannisdalslinja i 2002.
Osterøy Bruselskap AS har søkt om å få delfinansiere utbygginga av rv 567 Hauge – Lonevåg ved ei utviding av dagens bompengeordning utan at føresett bompengeperiode på 17 år blir forlenga. Bakgrunnen er i hovudsak større trafikkvekst og lågare rentenivå enn det som er lagt til grunn tidlegare. Dersom bompengeordninga ikkje blir utvida, er det rekna med at bompengeperioden kan avsluttast etter om lag 14 1/2 år.
Osterøy kommune, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har slutta seg til å forlenge bompengeinnkrevjinga på rv 566 ved Osterøybrua for å delfinansiere utbygginga av rv 567 mellom Hauge og Lonevåg. Prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 129, og i St.prp. nr. 1 (2006-2007), side 80.