3 Avgjerda i EØS-komiteen
Som eit ledd i samarbeidet i EØS, vedtok EØS-komiteen 30. april 1999 å endre vedlegg IX, slik at avtalen også omfattar EUs direktiv om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir. Avgjerda inneheld ei innleiing og 4 artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtalen og spesielt til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtalen gjennom avgjerd i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir skal gjelde som nytt nr. 16 b i vedlegg IX til EØS-avtalen.
Artikkel 2 slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk på lik line med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal gjelde frå 1. mai 1999, under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke alle fråsegner fra partane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtalen.
Artikkel 4 slår fast at EØS-komiteens avgjerd skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Etter artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan seks månader frå tidspunktet for avgjerda (som var 30. april 1999) stadfeste at forfatningskrava er oppfylte, dvs. for Noreg sitt vedkommande at det er innhenta godkjenning frå Stortinget. Fristen for gjennomføring av direktivet i lovgjevinga til medlemsstatane i EU er 11. desember 1999. Fristen for gjennomføring av dei tilsvarande EØS-reglane er den same.
Finansdepartementet fremjer ein eigen odelstingsproposisjon om naudsynte endringar i norsk lovverk som følgje av EØS-komiteens avgjerd samtidig med denne proposisjonen.