St.prp. nr. 94 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd nr. 53/99 av 30. april 1999 om endring av vedlegg IX til EØS-avtalen om finansielle tenester

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF av 19. mai 1998 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 100 A,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske monetære instituttet 2,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 3,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten 4, og

ut frå desse synsmåtane:

1) Lamfalussy-rapporten av 1990 til sentralbanksjefane i G10-statane viste kor stor systemrisiko som følgjer med betalingssystem som verkar på grunnlag av fleire rettslege framgangsmåtar for betalingavrekning, særleg multilateral betalingsavrekning. Med tanke på den aukande utviklinga av slike system, er det særleg viktig å minske den rettslege risikoen i samband med sanntidssystem for bruttooppgjer.

2) Det er òg særs viktig å minske risikoen i samband med deltaking i oppgjerssystem for verdipapir, særleg der det er ein nær samanheng mellom slike system og betalingssystem.

3) Dette direktivet skal medverke til at betalingssystema og oppgjerssystema for verdipapir over landegrensene i Fellesskapet verkar på ein fullgod og kostnadseffektiv måte, noko som styrkjer den frie rørsla for kapital i den indre marknaden. Dette direktivet byggjer såleis vidare på dei framstega som er gjorde for å gjennomføre den indre marknaden med tanke på verkeleggjeringa av Den økonomiske og monetære unionen, særleg når det gjeld retten til å yte tenester og liberaliseringa av kapitalrørsler.

4) Det er ønskjeleg at lovgjevinga til medlemsstatane tek sikte på å avgrense mest mogleg den uroa som ei insolvenshandsaming mot ein deltakar i eit system, kan føre til i dette systemet.

5) Eit framlegg til direktiv om sanering og avvikling av kredittinstitusjonar, som vart lagt fram i 1985 og endra 8. februar 1988, er framleis ikkje vedteke av Rådet. I konvensjonen om insolvenshandsaming, som vart utarbeidd 23. november 1995 av medlemsstatane samla i Rådet, vert forsikringsføretak, kredittinstitusjonar og investeringsføretak uttrykkjeleg haldne utanfor.

6) Dette direktivet skal omfatte betalingssystem og oppgjerssystem for verdipapir, både innanlands og over grensene. Det skal gjelde for system i Fellesskapet og for trygd som vert stilt av deltakarane i samband med deltakinga deira i desse systema, anten dei er frå Fellesskapet eller frå tredjestatar.

7) Medlemsstatane kan nytte føresegnene i dette direktivet på sine eigne institusjonar som tek direkte del i tredjestatssystem, og på trygd som vert stilt i samband med deltaking i slike system.

8) Medlemsstatane bør få løyve til å peike ut eit system med oppgjer for omsetning av verdipapir som hovudoppgåve, som eit system som dette direktivet skal omfatte, sjølv om systemet i avgrensa omfang òg omfattar råvarederivat.

9) For å minske systemrisikoen må oppgjeret vere endeleg og trygd kunne fullførast. Trygd tyder alle middel som ein deltakar stiller til rådvelde for andre deltakarar i betalingssystema og/eller i oppgjerssystema for verdipapir for å sikre rettar og skyldnader som følgjer av dette systemet, særleg attkjøpsavtaler, lovfesta tilbakehaldsrettar og overføringar utan trygd. Definisjonen av trygd i dette direktivet bør ikkje røre ved føresegner i den nasjonale lovgjevinga om kva slags former for trygd som kan nyttast.

10) Dette direktivet omfattar òg trygd som vert stilt i samband med transaksjonar, medrekna pengepolitiske transaksjonar, som sentralbankane i medlemsstatane utfører i eigenskap av å vere sentralbankar; difor støttar dette direktivet òg den innsatsen som Det europeiske monetære instituttet gjer for å effektivisere betalingane over landegrensene med tanke på førebuing av den tredje fasen i Den økonomiske og monetære unionen, og medverkar såleis til å skape den naudsynte rettslege ramma for å utvikle politikken til den framtidige europeiske sentralbanken.

11) Overføringsordrane og avrekninga av dei bør ha rettsverknad under jurisdiksjonen til alle medlemstatane, og vere bindande for tredjemenn.

12) Føresegnene om endeleg avrekning bør ikkje vere til hinder for at systemet, før avrekninga finn stad, kontrollerer at dei ordrane som er lagde inn i systemet, er i samsvar med reglane for systemet og gjer det mogleg for systemet å gjennomføre oppgjeret.

13) Ingen føresegner i dette direktivet bør vere til hinder for at ein deltakar eller ein tredjemann i samband med ein overføringsordre som er lagd inn i systemet, kan fremje ein lovheimla rett til eller eit lovheimla krav om omstøyting eller tilbakebetaling som følgje av den underliggjande transaksjonen, t.d. i tilfelle svik eller teknisk feil, så lenge dette ikkje fører til annullering av avrekninga eller tilbakekalling av overføringsordren i systemet.

14) Det må sikrast at overføringsordrar ikkje kan kallast tilbake etter eit visst tidspunkt som er fastsett ved reglane for systemet.

15) Ein medlemsstat må straks melde frå til dei andre medlemsstatane dersom det vert innleidd insolvenshandsaming mot ein deltakar i systemet.

16) Ei insolvenshandsaming bør ikkje ha tilbakeverkande kraft på rettane og skyldnaden til deltakarane i eit system.

17) Dersom det vert innleidd insolvenshandsaming mot ein deltakar i eit system, tek dette direktivet òg sikte på å avgjere kva for ei insolvenslovgjeving som skal nyttast på rettane og skyldnadene til ein deltakar i samband med deltaking i eit system.

18) Trygd som er stilt, bør vernast mot verknadene av den insolvenslovgjevinga som skal nyttast på den insolvente deltakaren.

19) Føresegnene i artikkel 9 nr. 2 skal berre nyttast på eit register, ein konto eller ein verdipapirsentral som provar at det finst eigedomsrett til dei aktuelle verdipapira, eller rett til utlevering eller overføring av dei.

20) Føremålet med føresegnene i artikkel 9 nr. 2 er å sikre at dersom deltakaren, sentralbanken i ein medlemsstat eller den framtidige europeiske sentralbanken har stilt gyldig og reell trygd i samsvar med lovgjevinga i medlemsstaten der registeret, kontoen eller verdipapirsentralen finst, er det berre lovgjevinga i denne medlemsstaten som bør avgjere om trygda er gyldig og kan gjerast gjeldande overfor systemet (og den systemansvarlege) og eventuelle andre personar som direkte eller indirekte gjer krava sine gjeldande gjennom systemet.

21) Føresegnene i artikkel 9 nr. 2 skal ikkje røre ved bruken eller verknadene av lovgjevinga i medlemsstaten der verdipapira er utferda, eller av lovgjevinga i medlemsstaten der verdipapira elles er i forvaring (medrekna, utan avgrensing, lovgjevinga om utferding av, eigedomsrett til eller overføring av slike verdipapir, eller av rettar i samband med desse verdipapira), og dei bør ikkje tolkast på ein slik måte at all slik trygd vil kunne gjerast gjeldande direkte eller verte godkjend i alle medlemsstatar dersom ho ikkje er i samsvar med lovgjevinga i denne medlemsstaten.

22) For å fremje klarleiken og rettstryggleiken best mogleg i samband med verdipapirtransaksjonar, bør medlemsstatane leggje vinn på å skipe tilstrekkelege bindeledd mellom alle dei oppgjerssystema for verdipapir som er omfatta av dette direktivet.

23) Dei førnemnde måla kan best verkeleggjerast ved å vedta dette direktivet, som ikkje går lenger enn det som er naudsynt for å oppnå dei -

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Avdeling I

Verkeområde og definisjonar

Artikkel 1

Føresegnene i dette direktivet skal nyttast på

  1. alle system slik det er definert i artikkel 2 bokstav a), som er underlagde lovgjevinga i ein medlemsstat, og som handsamar alle valutaer, ECU eller ulike valutaer som systemet reknar om i høve til kvarandre,

  2. alle deltakarar i eit slikt system,

  3. trygd som vert stilt i samband med

    • deltaking i eit system, eller

    • transaksjonar som sentralbankane i medlemsstatane utfører i eigenskap av å vere sentralbankar.

Artikkel 2

I dette direktivet tyder

  1. «system» ei formell ordning

    • mellom tre eller fleire deltakarar, ikkje medrekna eit eventuelt oppgjersføretak, ein eventuell sentral motpart, ein eventuell avrekningssentral eller ein eventuell indirekte deltakar, som har felles reglar og standardiserte framgangsmåtar for utføring av overføringsordrar mellom deltakarane,

    • som er underlagd lovgjevinga i ein medlemsstat som er vald av deltakarane; deltakarane kan likevel berre velje lovgjevinga i ein medlemsstat der minst éin av dei har hovudkontoret sitt, og

    • som med atterhald for andre, strengare vilkår for allmenn bruk som er fastsette i den nasjonale lovgjevinga, vert kalla eit system, og som Kommisjonen har fått melding om frå den medlemsstaten som har den lovgjevinga som skal gjelde, etter at denne medlemsstaten har gjort seg viss på at reglane for systemet er føremålstenlege.

    Med atterhald for dei vilkåra som er fastsette i første leddet, kan medlemsstatane, når dei meiner at systemrisikoen rettferdiggjer det, kalle ei formell ordning for eit system når oppgåva hennar er å utføre overføringsordrar slik det er definert i bokstav i) andre strekpunktet, og når ho i avgrensa omfang utfører ordrar i samband med andre finansielle instrument.

    Medlemsstatane kan likeins i einskildsaker kalle ei formell ordning mellom to deltakarar, ikkje medrekna eit eventuelt oppgjersføretak, ein eventuell sentral motpart, ein eventuell avrekningssentral eller ein eventuell indirekte deltakar, for eit system når medlemsstatane meiner at systemrisikoen rettferdiggjer det,

  2. «institusjon»

    • ein kredittinstitusjon slik det er definert i artikkel 1 første strekpunktet i direktiv 77/780/EØF 5, medrekna dei institusjonane som er oppførde i artikkel 2 nr. 2 i det nemnde direktivet, eller

    • eit investeringsføretak slik det er definert i artikkel 1 nr. 2 i direktiv 93/22/EØF 6, bortsett frå dei institusjonane som er oppførde i artikkel 2 nr. 2 bokstav a)-k) i det nemnde direktivet, eller

    • eit offentleg organ eller eit føretak med statsgaranti, eller

    • alle føretak som har hovudkontoret sitt utanfor Fellesskapet, og som har dei same oppgåvene som kredittinstitusjonane eller investeringsføretaka i Fellesskapet, slik det er definert i første og andre strekpunktet,

    som tek del i eit system, og som er ansvarlege for å utføre dei finansielle skyldnadene som følgjer av overføringsordrar innanfor dette systemet.

    Dersom det vert ført tilsyn med eit system i samsvar med nasjonal lovgjeving, og systemet berre utfører overføringsordrar slik det er definert i bokstav i) andre strekpunktet, og betalingar som følgjer av slike ordrar, kan ein medlemsstat avgjere at føretak som tek del i eit slikt system, og som er ansvarlege for å utføre dei finansielle skyldnadene som følgjer av overføringsordrane innanfor dette systemet, kan reknast som institusjonar dersom minst tre av deltakarane i systemet høyrer inn under dei kategoriane som er nemnde i første leddet, og systemrisikoen rettferdiggjer ei slik avgjerd,

  3. «sentral motpart» ei eining som er eit mellomledd mellom institusjonane i eit system, og som fungerer som den einaste motparten til desse institusjonane når det gjeld overføringsordrane deira,

  4. «oppgjersføretak» ei eining som skaffar institusjonane og/eller ein sentral motpart som tek del i systema, oppgjerskontoar som skal nyttast ved oppgjer av overføringsordrar innanfor desse systema, og som eventuelt kan gje desse institusjonane og/eller sentrale motpartane kreditt i samband med oppgjer,

  5. «avrekningssentral» ei eining som er ansvarleg for utrekning av nettoposisjonen til institusjonar, til ein eventuell sentral motpart og/eller til eit eventuelt oppgjerføretak,

  6. «deltakar» ein institusjon, ein sentral motpart, eit oppgjersføretak eller ein avrekningssentral.

    I samsvar med reglane for systemet kan den same deltakaren fungere som sentral motpart, som oppgjersføretak eller som avrekningssentral, eller utføre ein del av eller alle desse oppgåvane.

    For føremåla med dette direktivet kan ein medlemsstat avgjere at ein indirekte deltakar kan reknast som deltakar dersom systemrisikoen rettferdiggjer det, og dersom systemet kjenner den indirekte deltakaren,

  7. «indirekte deltakar» ein kredittinstitusjon slik det er definert i bokstav b) første strekpunktet, som har gjort ei avtale med ein institusjon som tek del i eit system som utfører overføringsordrar slik det er definert i bokstav i) første strekpunktet, som gjer det mogleg for den førnemnde kredittinstitusjonen å sende overføringsordrar gjennom systemet,

  8. «verdipapir» alle dei instrumenta som er nemnde i del B i vedlegget til direktiv 93/22/EØF,

  9. «overføringsordre»

    • ein instruks frå ein deltakar om å stille ein pengesum til rådvelde for ein mottakar ved å gjere ei postering på kontoen til ein kredittinstitusjon, ein sentralbank eller eit oppgjersføretak, eller ein instruks som inneber overtaking eller oppfylling av ein betalingsskyldnad slik det er definert i reglane for systemet, eller

    • ein instruks frå ein deltakar om å overføre eigedomsretten eller andre rettar til eitt eller fleire verdipapir ved å gjere ei ei postering i eit register, eller på annan måte,

  10. «insolvenshandsaming» alle kollektive tiltak som har heimel i lovgjevinga til ein medlemsstat eller til ein tredjestat med tanke på avvikling eller sanering av deltakaren når desse tiltaka inneber at overføringar eller betalingar vert stansa eller avgrensa,

  11. «avrekning» omrekning til éi samla nettofordring eller éin nettoskyldnad av dei fordringane og skyldnadene som følgjer av overføringsordrar som ein eller fleire deltakarar anten utferdar eller mottek frå ein eller fleire andre deltakarar, slik at det berre er éi nettofordring eller éin nettoskyldnad som kan gjerast gjeldande,

  12. «oppgjerskonto» ein konto hjå ein sentralbank, eit oppgjersføretak eller ein sentral motpart som vert nytta til plassering av midlar og verdipapir, og til oppgjer av transaksjonar mellom deltakarane i eit system,

  13. «trygd» alle omsetjelege aktiva som vert stilte til rådvelde som pant (medrekna pengar som vert stilte til rådvelde som pant), som attkjøpsavtale eller som ein liknande avtale eller på annan måte, for å tryggje rettane og skyldnadene som kan følgje i samband med eit system, eller som vert stilte til rådvelde for sentralbankane i medlemsstatane eller for den framtidige europeiske sentralbanken.

Avdeling II

Avrekning og overføringsordrar

Artikkel 3

1. Overføringsordrar og avrekning skal ha rettsverknad og vere bindande for tredjemenn, òg i tilfelle der det er innleidd insolvenshandsaming mot ein deltakar, på det vilkåret at overføringsordrane vart lagde inn i systemet før ei insolvenshandsaming slik det er definert i artikkel 6 nr. 1, vart innleidd.

Dersom overføringsordrane i unntakshøve vert lagde inn i systemet etter at det vart innleidd insolvenshandsaming, og dei vert utførte den same dagen som denne handsaminga vert innleidd, skal dei berre ha rettsverknad eller vere bindande dersom oppgjersføretaket, den sentrale motparten eller avrekningssentralen kan prove at dei på oppgjerstidspunktet verken hadde kjennskap til eller burde ha hatt kjennskap til at det var innleidd insolvenshandsaming.

2. Ingen lover, forskrifter, føresegner eller praksis med omsyn til oppheving av avtaler og transaksjonar som vart inngådde før insolvenshandsaminga slik det er definert i artikkel 6 nr. 1, vart innleidd, skal føre til at ei avrekning vert annulert.

3. Tidspunktet for når ein overføringsordre er gått inn i eit system, skal fastsetjast ved reglane for dette systemet. Dersom det er fastsett vilkår for dette tidspunktet i den nasjonale lovgjevinga som gjeld for systemet, må reglane for dette systemet vere i samsvar med desse vilkåra.

Artikkel 4

Medlemsstatane kan fastsetje at innleiing av insolvenshandsaming mot ein deltakar ikkje skal vere til hinder for at midlar eller verdipapir som er disponible på oppgjerskontoen til deltakaren, kan nyttast til å innfri skyldnadene hans i systemet same dagen som insolvenshandsaminga vert innleidd. Medlemsstatane kan òg fastsetje at ein kredittfasilitet som ein slik deltakar har fått tildelt innanfor systemet, mot ei disponibel og reell trygd vert nytta til å innfri dei skyldnadene som deltakaren har i systemet.

Artikkel 5

Ein overføringsordre kan ikkje kallast tilbake av ein deltakar i eit system eller av ein tredjemann etter det tidspunktet som er fastsett i reglane for systemet.

Avdeling III

Føresegner om insolvenshandsaming

Artikkel 6

1. For føremåla med dette direktivet skal tidspunktet for innleiing av insolvenshandsaming vere lik tidspunktet då den rette retts- eller forvaltingsstyresmakta tek avgjerda si.

2. Når ei avgjerd er vorte teken i samsvar med nr. 1, skal den rette retts- eller forvaltingsstyresmakta straks melde frå om avgjerda si til den ansvarlege styresmakta som medlemsstaten har oppnemnt.

3. Den medlemsstaten som er nemnd i nr. 2, skal straks melde frå til dei andre medlemsstatane om avgjerda si.

Artikkel 7

Ei insolvenshandsaming skal ikkje ha tilbakeverkande kraft på dei rettane og skyldnadene som ein deltakar har som følgje av eller i samband med deltaking i eit system før tidspunktet for innleiing av insolvenshandsaminga slik det er definert i artikkel 6 nr. 1.

Artikkel 8

Når det er vorte innleidd ei insolvenshandsaming mot ein deltakar i eit system, skal dei rettane og skyldnadene som følgjer av eller har samband med denne deltakinga hans, avgjerast etter den lovgjevinga som gjeld for systemet.

Avdeling IV

Vern av rettane til trygdinnehavaren mot verknadene av at trygdstillaren er insolvent

Artikkel 9

1. Dei rettane til trygd

  • som ein deltakar har fått tildelt innan ramma av eit system, og

  • som sentralbankane i medlemsstatane eller den framtidige europeiske sentralbanken har fått tildelt,

skal ikkje påverkast av insolvenshandsaming mot den trygdstillande deltakaren eller mot den trygdstillande motparten til sentralbankane i medlemsstatane eller til den framtidige europeiske sentralbanken. Slik trygd kan verte realisert for å stette desse rettane.

2. Dersom verdipapir (medrekna rettar til verdipapir) vert stilte som trygd for deltakarar og/eller sentralbankar i medlemsstatane eller for den framtidige europeiske sentralbanken slik det er nemnt i nr. 1, og retten deira til desse verdipapira (eller den retten som ein eventuell fullmektig, agent eller tredjemann har som handlar på deira vegner), er oppført i samsvar med lovgjevinga i eit register, på ein konto eller i ein verdipapirsentral i ein medlemsstat, skal dei rettane som desse einingane har som trygdinnehavararar med omsyn til desse verdipapira, vere underlagde lovgjevinga i denne medlemsstaten.

Avdeling V

Sluttføresegner

Artikkel 10

Medlemsstatane skal avgjere kva system som skal omfattast i verkeområdet til dette direktivet, og melde frå til Kommisjonen om dette og om kva styresmakter som dei har oppnemnt i samsvar med artikkel 6 nr. 2.

Systemet skal opplyse den medlemsstaten som har lovgjevinga som det er underlagt, om kven som er deltakarar i systemet, medrekna eventuelle indirekte deltakarar, og om eventuelle endringar med omsyn til desse.

I tillegg til dei opplysningane som er nemnde i andre leddet, kan medlemsstatane krevje at system som høyrer inn under deira jurisdiksjon, skal underleggjast krav om tilsyn eller godkjenning.

Alle som har ei rettkomen interesse, kan krevje opplysningar av ein institusjon om kva system han tek del i, og om kva hovudreglar som gjeld for verkemåten til desse systema.

Artikkel 11

1. Medlemsstatane skal setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan 11. desember 1999. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.

Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

2. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei viktigaste internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar. Dei skal leggje ved ein jamføringstabell som syner korleis dei nasjonale føresegnene som alt er i kraft eller vert innførde, svarar til kvar einskild artikkel i dette direktivet.

Artikkel 12

Innan tre år etter den datoen som er nemnd i artikkel 11 nr. 1, skal Kommisjonen

leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein rapport om korleis dette direktivet vert nytta, eventuelt med framlegg til revisjon av det.

Artikkel 13

Dette direktivet tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Artikkel 14

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 19. mai 1998.

For Europaparlamentet

J.M. GIL-ROBLES

President

For Rådet

G. BROWN

Formann

Fotnotar

1.

TEF C 207 av 18.7.1996, s. 13, og TEF C 259 av 26.8.1997, s. 6.

2.

Fråsegn gjeven 21. november 1996.

3.

TEF C 56 av 24.2.1997, s. 1.

4.

Europaparlamentsfråsegn av 9. april 1997 (TEF C 132 av 28.4.1997), felles haldning frå Rådet av 13. oktober 1997 (TEF C 375 av 10.12.1997, s. 34) og europaparlamentsavgjerd av 29. januar 1998 (TEF C 56 av 23.2.1998). Rådsavgjerd av 27. april 1998.

5.

Første rådsdirektiv 77/780/EØF av 12. desember 1977 om samordning av lover og forskrifter om adgang til å starte og utøve virksomhet som kredittinstitusjon (TEF L 322 av 17.12.1977, s. 30). Direktivet sist endra ved direktiv 96/13/EF (TEF L 66 av 16.3.1996, s. 15).

6.

Rådsdirektiv 93/22/EØF av 10. mai 1993 om investeringstjenester i forbindelse med verdipapirer (TEF L 141 av 11.6.1993, s. 27). Direktivet sist endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 97/9/EF (TEF L 84 av 26.3.1997, s. 22).