2 Nærare om programmet
Verksemda til EU med omsyn til analyse, forsking og samarbeid på sysselsetjings- og arbeidsmarknadsområdet skal medverke til å byggje opp under sysselsetjingsstrategien til EU. I rådsvedtaket om verksemda heiter det i art. 5 at ho er open for deltaking for EFTA/EØS-landa og dei nye søkjarlanda. Informasjonen som vert generert gjennom verksemda, skal mellom anna evaluere sysselsetjings- og arbeidsmarknadspolitikken for å gje innspel til diskusjonen om sysselsetjingspolitikken blant deltakarlanda og Kommisjonen.
Programmet omfattar tre hovudaktivitetar:
Fremjing av samarbeidet med omsyn til overvaking og analyse av arbeidsmarknaden og sysselsetjingspolitikken
Identifikasjon og overføring av beste praksis
Spreiing av kunnskap
Under den første aktiviteten, overvaking og analyse av arbeidsmarknaden og sysselsetjingspolitikken, vil ein utvikle samanliknbar statistikk og indikatorar for arbeidsmarknaden. Vidare vil ein gjennomføre studiar på område som har tilknyting til arbeidsmarknadspolitikken for å få kunnskap om kva for faktorar som verkar inn på tilbod og etterspørsel av arbeidskraft, studiar relatert til sysselsetjingspolitikken, og dessutan effektstudiar for å få betre kunnskap om verknader av politikken innan sysselsetjingsområdet.
Under identifikasjon og overføring av beste praksis skal ein styrkje arbeidet for å synleggjere gode døme på arbeidsmarknadspolitikkområdet og korleis desse kan gjennomførast for å nå måla for arbeidsmarknadspolitikken. Innanfor denne aktiviteten vil ein sjå spesielt på røynsler med arbeidsmarknadstiltak innanfor miljøvernsektoren og kultursektoren, og korleis røynslene kan overførast til andre land. Det skal skipast til samarbeid med ILO og OECD for å styrkje feltet og unngå dobbeltarbeid.
Den siste aktiviteten, spreiing av kunnskap, omfattar finansiering av nasjonale og internasjonale seminarar, og av publikasjonar for å spreie resultata av dei aktivitetane som vert finansierte under programmet.
Det er skipa ein rådgjevande programkomité under leiing av Kommisjonen, som handsamar dei årlege aktivitetane under programmet.