4 Økonomiske og administrative konsekvensar
EØS-komiteen sitt vedtak vil medføre ei plikt for EFTA-landa til å delta i finansieringa av programmet. Av den finansielle ramma på 8,55 millionar euro for perioden 1998-2000 vil EFTA-landa sin del utgjere 167 580 euro. For Noreg vil deltaking i verksemda innebere ein total kostnad på om lag 1,4 millionar NOK, av dette om lag 80 000 NOK for 1999. Det vert teke atterhald om at kostnadene kan variere frå år til år ut frå den ramma som EU-parlamentet årleg stiller til disposisjon, og i høve til den aktiviteten som vert sett i gang. Dette kan medføre utbetalingar utover programperioden. Kostnadene for Noregs deltaking er innarbeidd i budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet, kap 1591, arbeidsmarknadstiltak, post 21, eventuelt kap. 1592, spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma, post 21.
Deltakinga i verksemda vil innebere halvårleg møtedeltaking i programkomiteen. Ein vil oppmode norske forskingsmiljø til å delta i anbod om utlyste forskings- og utreiingsoppdrag.
Deltakinga i verksemda får ikkje nemnande administrative konsekvensar.