Noreg var godt rusta for koronakrisa

Då koronakrisa trefte Noreg blei normalen plutseleg heimekontor, heimeskule og minst mogleg fysisk kontakt. Datoen for når dei mest inngripande tiltaka blei innført, kan lesast rett ut av trafikkdata frå telenetta våre for mars 2020: Den nasjonale taletrafikken blei dobla over natta – det var tydeleg at nordmenn trong å prate saman for å områ seg i den dramatiske situasjonen.

Røyr på ein offshoreinstallasjon med nullar og eittal lagt oppå for å symbolisere digitalisering.

Foto: © Kongsberg group. Brukt etter avtale

Datatrafikken flytta seg frå kontoret til heimekontoret. Heimen skulle nå vere digitalt dimensjonert for langt større oppgåver enn normalt: For nødvendige oppgåver som heimekontor, heimeundervisning, legekonsultasjonar over nett og kontakt med NAV for krisestøtte. Men òg for digital underhaldning, kulturelle påfyll og sosial kontakt med venner, familie og kollegaer.

Heldigvis var vi som land godt førebudd på fjernarbeid og kontaktlaus samhandling. Noreg har ein god digital grunnmur. Vi har ei digitalt kompetent befolkning. Det offentlege har gjennom år investert i digitale fellesløysingar som gir svært effektive offentlege digitale tenester. Dette gjer at vi som styresmakter og samfunn kan handle raskt når noko skjer.

Noreg er digitalt

Noreg er eit av dei mest digitaliserte landa i verda. EU undersøker kvart år status for digitalisering i Europa gjennom Digital Economy and Society Index, DESI. DESI 2020 viser klar framgang for Noreg på områda digital infrastruktur (utbreiing av breiband og mobilnett), offentlege digitale tenester og digital kompetanse. Noreg ligg heilt i toppen av kåringa, saman med dei andre skandinaviske landa. Undersøkinga viser at Noreg har den høgste internettbruken i befolkninga, og at meir enn 90 prosent bruker offentlege digitale tenester eller har kontakt med det offentlege gjennom digitale kanalar. Noreg skårar særleg høgt på bruk av eforvaltningsløysingar og digitale tenester for næringslivet. Saman med Danmark har Noreg den aller beste mobil- og breibandstilgangen.

Norske kommunar gjer det òg godt i internasjonale samanlikningar. Nordic Digital Municipality Index samanliknar 60 kommunar frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Kommunane dekker eit mangfald når det gjeld størrelse, befolkning og geografisk spreiing. Undersøkinga bestilt av Telenor viser at norske kommunar er gode på å levere digitale tenester til innbyggarane sine. Store byar og kommunar er meir digitaliserte enn dei små kommunane, men små og mellomstore norske kommunar skårar òg svært godt i undersøkinga.

Ein solid digital grunnmur

Våren og sommaren 2020 har verkeleg sett den norske digitale grunnmuren på prøve. Og den prøva har den bestått. Dei norske telenetta og datasentera er bygde for å tole stor trafikk, og dei er godt drifta. Både lokale, regionale og nasjonale selskap er med i dette viktige arbeidet. Sidan 2012 har det blitt investert over 70 milliardar kroner i den digitale infrastrukturen, og det er sett inn mykje ressursar for å sikre at han er trygg og godt førebudd på påkjenningar frå vêr og vind, så vel som på dataangrep.

Ved utgangen av 2020 hadde Noreg nådd målet om at 90 prosent av befolkninga skulle ha tilbod om breiband på 100 megabit per sekund. I mars 2021 sette regjeringa eit nytt mål: 100 prosent skal ha tilbod om slikt høghastigheits breiband innan utgangen av 2025. Hovudtyngda av utbygging av nettverk er det dei private marknadsaktørane som står for. Dei investerte over 12 milliardar kroner i mobil- og breibandsnett i 2019. Staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet bidrar med tilskot til utbygging av breiband i område der det ikkje er lønsamt for dei kommersielle utbyggarane. Sidan 2014 er det løyvd over 1,5 milliardar kroner. I 2020 var tilskotet over 400 millionar kroner som blei fordelt slik at dei som har størst uløyste behov får mest. Det er fylkeskommunane som forvaltar desse pengane. I tillegg gir regjeringa tilskot til teletryggleik og beredskap.

Det skal bli endå enklare å bygge ut breiband i Noreg. Breibandsutbyggingslova tredde i kraft 1. juli 2020. Dette er ei lov som skal gjere det enklare for utbyggarane å få tilgang til eksisterande infrastruktur som master og røyr som allereie finst, slik at bygging av breiband blir enklare og rimelegare. Regjeringa forventar at dette vil gje auka utbygging av nett med høg kapasitet. På den måten kan vi få meir breiband til lågare kostnad. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) skal òg utvikle ein nettstad med informasjon om slik eksisterande infrastruktur og planlagde byggearbeid. Portalen er kartbasert og blir lansert i 2021.

Telia sin basestasjon i Trollstigen. I forgrunnen ser ein sjølve basestasjonen med solcellepanel og vindmøller. I bakgrunnen er det fjellandskap.
RAUMA: Mobildekning i Trollstigen

Fram til sommaren 2020 var det ein 11 kilometer lang strekning mellom Trollstigplatået og Langdalen som ikkje hadde mobildekning. Med stor trafikk i turistsesongen, kan det vere livskritisk at ein i ein naudsituasjon ikkje kan ringe etter hjelp.

Telia Noreg vann anbodet på eit pilotprosjekt for å etablere mobildekning i dette området, der det er utfordrande å få tilgang til straum. Løysinga som er etablert baserer seg utelukkande på grøn energi. Stasjonen får straum frå solcellepanel og vindturbinar, og vil ha hydrogengass til reservestraum, slik at dei einaste utsleppa frå stasjonen vil vere vassdamp.

Prosjektet viser at samarbeid mellom statlege og lokale styresmakter og selskap som eig kritisk infrastruktur er viktig på vegen mot eit tryggare samfunn - òg utanfor dei befolkningstette områda av landet.

Foto: Telia Norge. Brukt etter avtale


5G og Tingas internett (IoT)

Noreg har godt utbygde fjerdegenerasjons mobilnett (4G) med svært god dekning. Regjeringa har òg vore tidleg ute med å legge til rette for neste generasjons mobilnett (5G), gjennom å kjøpe fri frekvensar og tildele dei i auksjon. Dette, og planlagde frekvensauksjonar framover, bidrar til at Noreg tidleg kan utnytte dei store moglegheitene for innovasjon og verdiskaping som følger av 5G.

5G-nett vil kunne byggast slik at tilbydarane enkelt kan sette opp spesialtilpassa tenester (virtuelle nett) for ulike føremål. Dette blir kalla skivedelte nett. Denne skivedelte oppbygginga gjer at ein kan tilby "skreddersydde" tenester for blant anna kommunikasjon, styring og prosessovervaking. 5G-infrastruktur blir viktig for å gjennomføre ein fullskala realisering av IoT med kapasitet som ein ikkje kan få til med dagens teknologi. Dette vil opne for heilt nye bruksområde, for eksempel for naud- og beredskapsbrukarar og verksemder i blant anna transportsektoren, produksjonsindustrien, jordbruk, helse og omsorg og smarte byar.

Ikkje alle IoT-applikasjonar har bruk for å sende store datamengder. Ofte skal sensoren berre sende enkle målingar eller ei endring i status . Då kan ein bruke teknologien NB (Narrow Band) IoT i staden for 5G. NB-IoT baserer seg på det eksisterande 4G-nettet, og er ein såkalla lågeffekts nettverksteknologi (LPWAN). Slike teknologiar har lang rekkevidde, lågt straumforbruk og låg datahastigheit. Det låge straumforbruket gjer at batteria i sensorane kan ha ei levetid på fleire år.

Montør som sjekkar kuler med sensorar på kraftliner.
SANDNES: IoT i kraftnettet: Heimdall Power

Heimdall Power har utvikla ein sensor som kan overvake straumnettet og varsle om feil før dei skjer. Sensorane, som måler temperatur, vibrasjonar og sig i linene, er bygde inn i ei kule som blir festa på kraftlinene. Sanntidsdata frå sensorane blir sendt til nettselskapet via NB-IoT, slik at ein for eksempel kan sende ut mannskap for å gjere vedlikehald. Sendarane fortel òg kor mykje ledig kapasitet det er i nettet, slik at selskapa kan planlegge for betre utnytting av kapasiteten. Det kan for eksempel redusere behovet for å investere i nye kraftliner.

Kulene med sensorane er utvikla og produserte i Noreg. Fleire norske nettselskap er gått inn på eigarsida i selskapet. Marknaden til Heimdall er global og dei har installasjonar i fleire europeiske land.
www.heimdallpower.com

Foto: Heimdall Power. Brukt etter avtale


Digital deltaking og kompetanse

Noreg har ei av dei mest digitale befolkningane i verda. Når stadig fleire tenester blir digitale og sjølvbetente, er det viktig at det ikkje er folk som fell utanfor fordi dei ikkje beherskar teknologien.

Sidan 2014 har Kommunal- og moderninseringsdepartementet løyvd over 30 millionar kroner til ulike tiltak for å auke den digitale deltakinga i befolkninga. Regjeringa har eit klart mål om at alle som ønsker det skal få et tilbod om grunnleggande digital opplæring.

KS, Kompetanse Norge og Kommunal- og moderniseringsdepartementet samarbeider om Digihjelpen, eit tilbod i kommunane for innbyggarar som har liten eller ingen grunnleggande digital kompetanse. Det finst òg ei tilskotsordning retta mot kommunar og frivillige som ønsker å tilby lokale kurs- og rettleiingstilbod innan digital kompetanse. Over 100 kommunar har til nå fått slik støtte. I tillegg får Seniornett tilskot for å drive opplæring retta mot eldre databrukarar.

Noreg har òg regelverk som skal sikre at nettstader, mobilapplikasjonar og automatar retta mot allmenta er universelt utforma, slik at menneske med funksjonsnedsettingar kan bruke dei.

Spesialisert kompetanse

Noreg er blant dei leiande landa i verda når det gjeld grunnleggande digital kompetanse i befolkninga, mens vi heng litt etter når det gjeld tilgang på IT-spesialistar. Dei siste åra har vi likevel sett ein positiv trend: Sidan 2015 har regjeringa særleg prioritert IKT-relaterte utdanningar. Dette har gjort at nesten 1600 fleire studentar kan starte på IKT-studium kvart år, og dei fyrste av desse studentane begynner nå å bli ferdige med studia sine. Dei siste åra har vi òg sett at utdanningsinstitusjonane har etablert stadig fleire studieplassar retta mot område det er særleg stor etterspørsel etter, som datatryggleik, kunstig intelligens og datavitskap.

Likevel er det framleis stor etterspørsel etter IT-spesialistar. Gjennom Utdanningsløftet 2020 er det derfor etablert om lag 5000 nye studieplassar, mange av dei innan IKT og teknologiske fag. Utdanningsløftet er eit svar på det auka behovet for studieplassar som følge av koronapandemien.

Todelt bilde. På den eine sida ein mann med verneutstyr med hav i bakgrunnen. På den andre sida den same mannen som sit og studerar ved eit bord.
OSLO: Industrial Digital Academy (IDA)

The Industrial Digital Academy (IDA) er eit samarbeid mellom Cognite, Aker ASA og Digital Norway. IDA tilbyr kurs i industriell data og digitalisering – viktige tema både for etablerte ingeniørar og andre som jobbar i industrien. Kursa tek blant anna opp datavitskap, industrielle dataplattformer, kunstig intelligens og blokkjeder. Tilbodet er gratis
www.cognite.com/ida

Dei meir praktiske kursa bruker offentleg tilgjengelege industridata frå Open Industrial Data (OID). OID er eit samarbeid mellom Aker BP og Cognite, og inneheld sanntidsdata frå ein kompressor på Valhall-feltet i Nordsjøen. Tanken er at ein gjennom å dele industridata på denne måten vil stimulere til auka innovasjon på område som tilstandsovervaking og avanserte visualiseringsteknikkar.
www.openindustrialdata.com

Foto: Cognite. Brukt etter avtale


Kurs og vidareutdanning

Den teknologiske utviklinga fører til endringar i mange jobbar: Nokre arbeidsoppgåver fell bort, og oppgåver som krev annan type kompetanse kjem til.

Ei undersøking om digitalisering i næringslivet frå KPMG viser at verksemdene meiner mangel på nødvendig kompetanse for å ta i bruk digitale løysingar internt i verksemda er den største hindringa for digitalisering. Ein tredjedel av respondentane meiner mangel på kunnskap om kva for digitale løyningar som vil passe for deira bedrift er ei utfordring.

Ifølge OECD er norske arbeidstakarar – både med og utan høgare utdanning – blant dei i verda som får mest opplæring på arbeidsplassen. I underkant av halvparten av sysselsette deltar årleg på kurs eller anna opplæring, som regel finansiert av arbeidsgivar.

Mange bedrifter deltar i samarbeid i klynger og i andre næringsmiljø, der dei deler ekspertisen og spisskompetansen sin med andre bedrifter. Nokre samarbeider òg med kvarandre og med utdanningsinstitusjonar om utvikling av kurs i tema som er viktige for eiga verksemd eller næring.

Regjeringa vil likevel ikkje slå seg til ro med dagens situasjon: I 2020 la ho fram ei ny kompetansereform, «Lære hele livet». Målet med reforma er at ingen skal gå ut på dato som følge av manglande kompetanse, og at arbeidslivet skal få tilgang til den kompetansen det har bruk for. Det er derfor etablert ei søknadsbasert ordning for fleksibel utdanning ved universitet og høgskular.

Ordninga skal gjere det enklare for fleire å få kompetansepåfyll uavhengig av arbeidssituasjon og bustad.

Regjeringa har òg gitt ressursar til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod spissa mot behova i arbeidslivet, og då særleg kompetanse som er nødvendig for å digitalisere verksemder. I 2021 vil ein prioritere utdanningstilbod for å styrke digital kompetanse, IKT-tryggleik og kompetanse for det grøne skiftet/berekraft.

Vidareutdanning under koronakrisa

Då koronapandemien trefte Noreg blei det raskt klart at mange kom til å bli permitterte. Under normale omstende er det ikkje lov å både ta i mot dagpengar og samtidig ta vidareutdanning. På grunn av covid-19 er dette endra. Frå 20. april 2020 og fram til 1. juli 2021 skal alle som tar utdanning eller opplæring og ikkje får støtte frå Lånekassa kunne ta imot dagpengar.

Slik kan dei som på grunn av Covid-19 ufrivillig står utanfor arbeidslivet bruke tida på å skaffe seg relevant og tidsriktig kunnskap. Dette er bra både for den enkelte arbeidstakar, for arbeidsgjevarar og samfunnet i stort. Ordninga gjeld alle typar kurs og opplæring.

I forbindelse med koronakrisa oppskalerte regjeringa ordningane for fleksible studietilbod. For eksempel blei det lyst ut 100 millionar kroner utdanningsinstitusjonane kunne søke om for å oppskalere utdanningstilbod som kan tilbydast raskt og nettbasert for å gi digitale tilbod til arbeidsledige og permitterte.

I 2021 har regjeringa totalt sett av 132 millionar kroner i tilskot til fleksible utdanningstilbod. Pengane blir lyst ut gjennom Kompetanse Noreg og Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).