Styrkt innsats for betre levekår for lesbiske og homofile
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 11.10.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr: 01065C
Dato: 11.10.01
Budsjett 2002:
Styrkt innsats for betre levekår for lesbiske og homofile
Regjeringaforeslår å bruke 10 millionar kroner for å følgje opp stortingsmeldinga Levekår for lesbiske og homofile i Noreg. Av desse er 7,5 millionar øyremerkt konkrete tiltak. – Likestilling mellom heterofile og homofile har klare parallellar til likestilling mellom kjønna. Regjeringa ser på homopolitikk som ein integrert del av likestillings-, familie- og ungdomspolitikken, seier barne- og familieminister Karita Bekkemellem Orheim.
Oppfølging av tiltak i meldinga er forankra i Barne- og familiedepartementet. Innsatsen skal gjerast i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet, Justisdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, dessutan i dialog med organisasjonane.
Til neste år vil Barne- og familiedepartementet prioritere desse forslaga frå meldinga:
- Styrkje driftsstøtta til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LHH) til to millionar kroner. Det er i tilegg sett av midlar til eit toårig anti-diskrimineringsprosjekt i regi av LLH, med særleg sikte på organisasjons- og arbeidslivet.
- Løyve midlar til informasjonsmateriell, kurs, kompetanseheving og nettverksarbeid.
- Løyve midlar til å lage informasjonsmateriell til foreldre om ungdom og homofili.
- Barne- og ungdomstiltak til informasjon, rettleiing og anti-diskrimineringsarbeid.
- Medverke til forsking ved å gi midlar til Noregs forskingsråd sitt program for kjønnsforsking: Kunnskap, grenser, endring.
Andre pressemeldinger om statsbudsjett 2002:
Hovedpressemelding
En milliard kroner til
barnehager
Tilskot til nytt
mannssenter
Satsing på ungdom i
større bysamfunn
Endret tilskuddsordning
til familie- og likestillingspolitiske organisasjoner
Budsjett med
kjønnsperspektiv lagt fram
Aktuelle lenker:
Tallfakta - BFDs
hovedtall, overføringer til barnefamilier og eksempler
St.prp. nr. 1 - Barne- og familiedepartementet