Legg fram budsjett med kjønnsperspektiv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgiver: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 11.10.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 01065G
Dato: 11.10.01
Likestillingsvurdering:
Legg fram budsjett med kjønnsperspektiv
Regjeringen vil integrere kjønnsperspektivet i budsjettarbeidet. Føremålet er å få fram kva konsekvensar ulike tiltak har for kvinner og menn.
- Å målrette og planleggje tiltak ut frå eit kjønnsperspektiv gir betre høve til å oppnå gode resultat, seier barne- og familieminister Karita Bekkemellem Orheim. - Regjeringa meiner likestilling skal vere eit prioritert, felles mål for alle sektorar. Ved å innarbeide likestillingsomsyn kan vi setje oss meir presise mål og sikre betre kvalitet når det gjeld reformarbeid, tiltak og tenester. Slik kan vi òg lettare nå målet om effektiv og brukarvennleg offentleg forvaltning og tenesteyting.
Fire departement har starta prosessen med likestillingsvurdering av budsjettet. Det er Barne- og familiedepartementet, Landbruksdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Arbeidet er omtalt under budsjettet til kvart enkelt departement. Fleire land bruker no likestillingsvurdering i budsjettarbeidet.
Barne- og familiedepartementet har blant anna likestillingsvurdert område som barnehagar, den nye barnebidragsordninga, ordninga med fødsels- og adopsjonspengar, tilskot til krisetiltak, forbrukarundervisning og satsinga på ungdom.
Andre pressemeldinger om statsbudsjett 2002:
Hovedpressemelding
En milliard kroner til
barnehager
Styrkt innsats for betre
levekår for lesbiske og homofile
Tilskot til nytt
mannssenter
Satsing på ungdom i
større bysamfunn
Endret tilskuddsordning
til familie- og likestillingspolitiske organisasjoner
Aktuelle lenker:
Tallfakta - BFDs
hovedtall, overføringer til barnefamilier og eksempler
St.prp. nr. 1 - Barne- og familiedepartementet