Historisk arkiv

Tilskot til nytt mannssenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 01065D
Dato: 11.10.01

Tilskot til nytt mannssenter

Regjeringa løyver to millionar kroner til drift av eit nasjonalt mannssenter for å utvikle mannsrolla. Tilskotsordninga til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir endra frå neste år.

Regjeringa vil stø tiltak som kan vere med på å vidareutvikle mannsrolla. I år er det gitt tilskot til å opprette eit nasjonalt rådgivings- og ressurssenter for menn. Senteret skal vidare få to millionar kroner til driftsstøtte neste år og regjeringa ønskjer å vidareføre denne støtta i ein forsøksperiode på tre år. Mannssenteret skal tilby rådgiving til menn i krise og konflikt, vere ein arena for erfaringsutveksling, dokumentasjon og informasjonsformidling. Regjeringa ser tiltaket i samanheng med innsatsen for å førebyggje vald mot kvinner.

Andre pressemeldinger om statsbudsjett 2002:
Hovedpressemelding
En milliard kroner til barnehager
Styrkt innsats for betre levekår for lesbiske og homofile
Satsing på ungdom i større bysamfunn
Endret tilskuddsordning til familie- og likestillingspolitiske organisasjoner
Budsjett med kjønnsperspektiv lagt fram

Aktuelle lenker:

Tallfakta - BFDs hovedtall, overføringer til barnefamilier og eksempler
St.prp. nr. 1 - Barne- og familiedepartementet