Meld. St. 27 (2023–2024)

Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred

Til innhaldsliste

15 Økonomiske og administrative konsekvensar

Flaum og skred utfordrar heile samfunnet – både grunneigarar, kommunar, næringsliv og stat. Hendingar fører til store kostnader i form av skade på helse og tap av liv, materielle skadar, svekt næringsverksemd og svekt evne til å levere offentlege tenester. Utfordringane aukar med klimaendringar. Menon Economics har i samarbeid med NGI berekna at den forventa samfunnsøkonomiske kostnaden av vêr- og naturfarerelaterte hendingar i Noreg vil auke frå omkring 5,5 mrd. kroner per år i dag til 19 mrd. kroner per år i 2100, dersom arbeidet med førebygging er på same nivå som i dag (Menon, 2024). Anslaget er svært usikkert.

Regjeringa varslar i denne meldinga ei styrking innanfor alle områda for flaum- og skredforvaltninga, slik som kartlegging, arealplanlegging, fysisk sikring, overvaking og varsling, beredskap og krisehandtering. Dette er eit langsiktig arbeid. Styrkingstiltaka vil bli gjennomførte innanfor dei til ein kvar tid gjeldande budsjettrammene.

Tiltaka skal vere samfunnsøkonomisk lønnsame og gjere oss betre rusta til å møte utfordringane framover. Førebygging er som regel meir lønnsamt for samfunnet enn utbetring av skader i etterkant. NVE har berekna at kvar krone dei har investert i sikringstiltak dei siste åra, i gjennomsnitt vil spare samfunnet for tre kroner i skadekostnader ved framtidige hendingar. Nytten blir fordelt på ei stor mengde aktørar.

Regjeringa varslar arbeid for å betre oversikta over risikobiletet og skaffe oppdatert kunnskap om effekten og kostnaden av ulike typar førebyggande tiltak. Det vil legge til rette for ei betre prioritering av ressursane i samfunnet.

Det er ikkje foreslått organisatoriske endringar eller endringar i grunnleggande ansvarsforhold i meldinga, men samordninga mellom statlege aktørar vil bli styrkt. Dette vil bidra til betre og meir effektiv forvaltning på sikt.

Det er sett i gang utgreiingar som kan leie til forslag om endringar i regelverk, mellom anna når det gjeld tryggleikskrava i byggteknisk forskrift. Desse krava er avgjerande for all ny utbygging. Konsekvensar av eventuelle regelverksendringar må ein komme tilbake til når utgreiingane ligg føre.

Å vurdere risiko og sårbarheit (ROS-analysar) er ein viktig del av beredskapsarbeidet i kommunane. Både kunnskapsgrunnlaget og oppfølginga av funn frå analysane vil bli styrkt framover. Dette vil gi kommunane eit betre grunnlag for å redusere skadar frå flaum og skred både i arealplanlegging og i beredskapsarbeid.

Med mange aktørar og eit omfattande regelverk innanfor naturfare er det viktig at forvaltninga er samordna og samarbeider effektivt. Regjeringa vil arbeide for betre og meir samordna statleg rettleiing innanfor kartlegging og arealplanlegging, særleg retta mot kommunane. Dette kan på sikt redusere administrative kostnadar.

Regjeringa varslar òg ei vidareutvikling av den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon og heving av kvaliteten på databasar knytte til flaum og skred, inkludert nødvendige grunnlagsdata. Dette vil betre fleire sider av det førebyggande arbeidet og gjere det enklare for ei lang rekke brukarar å nytte flaum- og skredinformasjon i oppgåveløysinga si. Betre kart vil redusere behovet for utgreiing og dokumentasjon av flaum- og skredfare ved planlegging av ny utbygging.

Regjeringa vil innføre ei pliktig innmeldingsordning for fareutgreiingar og grunnundersøkingar, jf. Prop. 90 L (2023–2024). Dette vil vere effektivt og spare samfunnet for kostnader til utgreiing ved å nyttiggjere seg av tidlegare arbeid.

Dei statlege bistandsordningane for flaum- og skredsikring gjennom NVE er baserte på lokal medfinansiering (distriktsdel). Regjeringa vil setje distriktsdelen ned frå normalt 20 til 10 prosent for ordinære sikringstiltak, med ei øvre grense for distriktsdelen på 40 mill. kroner for kvart tiltak. Regjeringa vil komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2025. Ein lågare distriktsdel vil redusere den økonomiske belastninga for kommunar som får støtte frå NVE, og vil gjere det lettare for kommunane å gjennomføre meir sikring. Ein redusert distriktsdel vil innebere at NVE får gjennomført noko mindre sikring innanfor sine årlege budsjettrammer og at inntekter til staten frå distriktsdelen blir redusert.

Statleg innsats skal i større grad rettast mot større prosjekt gjennom at den nedre grensa for tilskot og bistand frå NVE blir heva. Med ei høgare nedre grense for å få støtte frå NVE til sikringstiltak, kan NVE fokusere på dei større tiltaka som er meir utfordrande for kommunane å handtere åleine. Dette vil føre til meir effektiv ressursbruk på statleg nivå i den førebyggande innsatsen. I lys av dette er det naturleg at kommunen tar eit ansvar for at andre samfunnsøkonomisk lønnsame sikringstiltak i eksisterande busetnad blir gjennomførte, så langt det ikkje er urimeleg kostnadskrevjande for kommunen. Den økonomiske konsekvensen av dette vil variere mykje mellom dei ulike kommunane, og må sjåast i samanheng med effekten av redusert distriktsdel.

Regjeringa vil styrke rettleiinga, forskinga og formidlinga innanfor flaum og skred. Betre brukartilpassing og færre rettleiarar skal gjere det enklare for kommunane og andre aktørar å følge opp regelverket.

Det er varsla fleire utgreiingar av tiltak for å styrke handteringa av flaum og skred. Dette vil krevje noko ressursar i forvaltninga i ein periode, men vil gi betre oversikt og betre kunnskapsgrunnlag på sikt. Det vil bidra til meir effektiv forvaltning og dermed sparte kostnader for samfunnet.

Regjeringa legg i meldinga opp til fleire tiltak som inneber ein styrkt og betre prioritert statleg innsats. Dette vil bidra til å redusere skadane frå flaum og skred og dermed kunne spare samfunnet for store kostnader. Det vil òg setje kommunane i betre stand til å følge opp sine oppgåver innanfor førebygging og handtering av flaum og skred.

Til forsida