Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla og omtale av særlege tema

6 Dei ulike landbruks- og matpolitiske måla

Regjeringa har følgjande mål for ein berekraftig landbruks- og matsektor:

Figur 6.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 6.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla. Ein berekraftig landbruks- og matsektor er eit gjennomgåande omsyn for alle dei landbruks- og matpolitiske måla.

7 Mål: Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er sentralt for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit, sikrar avsetnad av varer, legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Infeksjon grunna næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff er til stades i norsk husdyrpopulasjon.

For å halde ved lag den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna auka internasjonal handel med mat, auka reiseverksemd, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god. Svært få blir sjuke av drikkevatnet. Likevel er det mange stader eit gammalt og dårleg leidningsnett som kan gi forureina vatn.

Tilstanden er god for framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og for restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er ei utfordring med kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar, eller som er tilsette legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er utfordringar knytte til produkt som blir omsette over internett og per postordre.

Auka matvareberedskap

Regjeringa vil ha eit aktivt og berekraftig jordbruk over heile landet. I regjeringa si politiske plattform heiter det at regjeringa sitt mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, er 50 pst. I mars la regjeringa fram Meld. St. 11 (2023– 2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Hovudstrategien som blir lagd til grunn for arbeidet med auka sjølvforsyning, er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og til fôr, på ein måte som styrkjer jordbruket si konkurransekraft mot import. Styrkt konkurransekraft i matsektoren er avgjerande for å oppretthalde og auke norskandelen i heimemarknaden i tråd med etterspørselen.

For å sikre berekraftig landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk, er det avgjerande å auke lønsemda for produksjon av mat. Gode inntektsmoglegheiter er eit viktig verkemiddel for å nå både målet om auka sjølvforsyning og dei andre måla i jordbrukspolitikken. I planen for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket legg regjeringa, med utgangspunkt i tala for 2021 i ei modifisert totalkalkyle, opp til at «inntektsgapet» kan tettast innan 2027. Det inneber at regjeringa vil leggje til rette for auka inntektsmoglegheiter i jordbruket med sikte på å lukke den gjennomsnittlege inntektsforskjellen til eit justert gjennomsnitt av løn for arbeidstakarar. I meldinga blei det lagt fram ein berekningsmodell med samanlikningsgruppe, kapitalkostnader, normeringsfaktor og timetal i eit årsverk i jordbruket. I Stortingets handsaming av meldinga blei det berre regjeringa sitt endra forslag om timetal i jordbruket som fekk fleirtal. I årets jordbruksoppgjer er Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024) og Budsjettnemnda sitt materiale lagt til grunn, saman med opptrappingsplanen for inntektsmoglegheitene. For regjeringa er dette ein sentral del av arbeidet med å styrkje matvareberedskapen.

Forbetra og auka produksjon av planteprodukt, både til mat og til fôr, må skje i samarbeid mellom alle ledda i verdikjeda for mat. Aktørane må gå saman om forsking, agronomi, produktutvikling og rammevilkår.

I fleire animalske produksjonar er det nær full marknadsdekning av norske varer, til dømes gjeld dette kjøtt frå storfe, svin, sau og lam, egg, fjørfe og mjølk. Frukt, bær, korn, grønsaker og potet er produksjonar med stort marknadspotensial. Å styrkje lønsemda i kornproduksjonen er viktig for å oppretthalde den geografiske arbeidsdelinga i jordbruket, slik at areala som er best eigna til produksjon av korn og grønsaker blir oppretthalde, mens den grasbaserte husdyrproduksjonen i hovudsak blir verande i distrikta. Dette er avgjerande for å utnytte det totale produksjonspotensialet i norsk jordbruk, og dermed auke sjølvforsyningsgraden. Sjølvforsyningsgraden viser kor stor del av matvareforbruket vårt som er produsert i Noreg, målt i energi. Denne kan per definisjon ikkje overstige 100 pst. Sjølvforsyningsgraden for varer produserte i jordbruket blir påverka av dei naturgitte produksjonsforholda, vêret, ulike krav til kvalitet, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og av internasjonale handelsavtalar. Tørken sommaren 2018 og ekstremvêret sommaren 2023 illustrerer godt desse mekanismane, som gjorde at sjølvforsyningsgraden blei redusert i dei påfølgjande åra.

Sjølvforsyningsgraden inkludert sjømat har variert rundt 50 pst. i fleire tiår. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har innarbeidd estimat for grensehandel/privatimport. Endringa i metode førte til at sjølvforsyningsgraden blei justert ned om lag to prosentpoeng samanlikna med tidlegare. I 2020 var sjølvforsyningsgraden 45 pst., i 2021 46 pst., 47 pst. i 2022 og sjølvforsyningsgraden var 45 pst. i 2023. Sjølvforsyningsgraden med grunnlag i norsk fôr var 38 pst. i 2020, 40 pst. i 2021 og 2022 og 39 pst. i 2023. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt, som har eit høgt proteininnhald, er gjennomgåande høg, mens den er klart lågare for planteprodukt.

Tal frå NIBIO viser at sjølvforsyningsgraden for kjøtt var 92 pst. i 2022. For mjølk, fløyte og rømme var sjølvforsyningsgraden 100 pst., mens den for ost var 81 pst. Dette er matvarer vi produserer og som det er naturgitte grunnlag for å produsere i Noreg. Sjølvforsyningsgraden for frukt og bær var 5 pst. i 2023 og for grønsaker 49 pst. Den låge sjølvforsyningsgraden på frukt, bær og grønsaker kjem mellom anna av ein kortare vekstsesong og avgrensa moglegheiter for konkurransedyktig produksjon i Noreg, men viser òg at det er marknadsmoglegheiter for auka norsk produksjon. I Meld. St. 11 (2023–2024) la regjeringa fram fleire tiltak for å auke sjølvforsyningsgraden på planteprodukt til mat. Mange av tiltaka er følgde opp i jordbruksoppgjeret, mellom anna auka midlar til sortsutvikling, auka tilskott for å betre lønsemda, auka FoU og investering for å forlenge lagringsperioden og støtte til bransjeinitiativ om auka bruk av Nyt Norge-merking på korn og bakevarer. Dei siste åra har innovasjon gjort det mogleg å forlengje vekstsesongen på mellom anna jordbær, gjennom utvikling av sortar og dyrkingsmetodar, og satsing på auka haldbarheit av eple.

I 2023 var 84 pst. av fôret til norske husdyr produsert i Noreg. Den største delen av fôrseddelen til norske husdyr er grovfôr, og alt grovfôr som blir nytta er produsert innanlands. Prosjekt gjennomført av næringa sjølv viser at det er stort potensial for å forbetre dyrkinga av grovfôr. Betre kvalitet på grovfôret gjer at det kan brukast kraftfôr med høgare del av karbohydrat, og dermed høgare del norsk korn. I jordbruksoppgjeret blei det løyvd midlar til eit prosjekt for å forbetre kvaliteten på grovfôret, og dermed redusere fôrkostnadene til den enkelte bonde. Delen norske råvarer i kraftfôret var i 2023 på 60 pst. Delen av norskprodusert kveite i kraftfôret er aukande, noko som er ein nøkkel for å auke den samla norskandelen i kraftfôret. Norskprodusert del av karbohydrat i kraftfôret var 70 pst. i 2023. Den norskproduserte delen av feitt og protein i kraftfôret har gått mykje ned som følgje av forbodet mot bruk av animalsk protein i dyrefôr. Delen av norskproduserte feittråvarer var i 2023 på 51 pst. I kraftfôret blir feitt frå råvarer som erter og oljefrø nytta. Norskproduserte varer held god kvalitet, men bruken er likevel avgrensa fordi eigenskapane til feittet i desse råvarene ikkje fullt ut kan erstatte importert vare. Regjeringa har lansert eit målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr. Her er det mellom anna eit mål å auke delen norskproduserte råvarer i kraftfôr til husdyr til 70 pst. innan 2034. I tillegg er det eit mål å produsere meir grovfôr av god kvalitet.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God dyre- og plantehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir i dag ikkje utnytta på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auken i ferdsel over landegrensene er òg risikofaktorar for både dyre- og plantehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i sentrale kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er lite smitte med zoonoser (smitte mellom dyr og menneske) frå vatn, mat og dyr til menneske i Noreg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. God generell dyrehelsestatus, dyktige og ansvarsmedvitne bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg. Salet av antibiotika til matproduserande landdyr held seg stabilt, og er lågt også i 2023.

Den nasjonale tverrsektorielle strategien mot antimikrobiell resistens frå 2015–2020 blir erstatta av ein ny nasjonal én-helse-strategi mot antimikrobiell resistens september 2024. Strategien byggjer på den førre antibiotikaresistensstrategien og er oppdatert på bakgrunn av ny kunnskap. Den vil bli følgd opp av ein ny Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar.

I Landbruks- og matdepartementet sin gjeldande handlingsplan mot antibiotikaresistens er det mellom anna ei målsetjing om at den antibiotika-resistente LA-MRSA-bakterien ikkje skal få etablere seg i norsk svinehald. Noreg er hittil det einaste landet som har lukkast med å kjempe ned denne multiresistente LA-MRSA-bakterien i svinebesetningar, og 2023 er nå det fjerde året på rad der det ikkje er registrert LA-MRSA i norske svinebesetningar.

Generelt er helsa god òg hos viltlevande dyr. Unntaket er påvising av sjukdommen Chronic wasting disease (skrantesjuke) hos villrein og elg i 2016, og hos villrein på Hardangervidda i høvesvis 2020 og i 2022. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny reinsdyrflokk i Nordfjella, følgje opp vedteken handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd.

Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr.

Tilstrekkeleg tilgang på veterinærtenester er vesentleg av omsyn til dyrehelse, dyrevelferd, mattryggleik og landbruk i heile landet. På oppdrag frå departementet har ei arbeidsgruppe gjort ei utgreiing. Departementet arbeider med fleire av råda i utgreiinga. Regjeringa har tildelt midlar til eit omfattande pilotprosjekt som skal bidra til å få nyutdanna til å etablere seg i praksis innan produksjonsdyr i distrikta. Ein viktig del av prosjektet er mellom anna å etablere ei mentorordning for veterinærar.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

Systematisk avls- og foredlingsarbeid bidreg til ein meir effektiv og berekraftig matproduksjon, med auka sjølvforsyningsgrad basert på norske ressursar og lågare klimagassproduksjon. Forsking og teknologiutvikling legg til rette for at vi har eit plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold og eit endra klima. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking har over fleire år bidrege med finansiering av forskingsprosjekt innan husdyravl, der avlsorganisasjonane Geno og Norsvin er sentrale aktørar.

Norsk avlsarbeid, med Geno og Norsvin i spissen, har gjennom mange tiår lagt stor vekt på fleire eigenskapar enn berre auka produksjon av mjølk og kjøtt i avlsmåla sine. Vektlegginga av eigenskapar som til dømes helse, fruktbarheit, haldbarheit, beinkvalitet, gemytt og morseigenskapar har bidrege til at norsk avlsmateriale er særs ettertrakta i mange land.

Dei seinare åra har GENO og samarbeidspartnarar, med mellom anna midlar over jordbruksavtalen, greidd ut moglegheitene for å inkludere lågare metangassutslepp i avlsarbeidet på NRF mjølkekyr. GENO har ambisjonar om at første generasjonen med NRF-kyr i produksjon, valt ut på grunnlag av metanutslepp, kan bli ein realitet i 2026–2027.

Bioteknologi og forsking står sentralt i bioøkonomien. Regjeringa fremjar bioøkonomien ved å leggje vekt på tiltak som aukar verdiskaping og sysselsetjing, reduserer klimagassutslepp, og meir effektiv og berekraftig utnytting av dei fornybare biologiske ressursane. Samfunnsoppdraget om berekraftig fôr, med mål om auka bruk av norske råvarer i fôr til oppdrettsfisk og husdyr, vil stå sentralt i dette. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking gir sentrale bidrag til vidareutvikling av bioøkonomien, og departementet er oppteke av å auke rekrutteringa til relevant utdanning på alle nivå, jf. omtale under måla Landbruk over heile landet.

8 Mål: Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane

I Noreg er berre 3 pst. av arealet dyrka mark, og klimatiske forhold avgrensar avlingsmoglegheitene og kva for vekstar som kan dyrkast. Regjeringa har som mål å leggje til rette for bruk av jord- og beiteressursane i heile landet. Det gjeld både jordbruk og reindrift, og der reindrift er særskild omtalt i slutten av kapittelet. Verkemiddel for eit mangfaldig landbruk med variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling, bidreg til sjølvforsyninga gjennom å utnytte dei samla produksjonsmoglegheitene i landet.

Frå 2005 til 2013 blei eit nytt digitalt kartgrunnlag teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Innføringa gav ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Årsakene er både meir nøyaktige målingar og at endringar som har skjedd over tid, først blei fanga opp når nytt kartgrunnlag blei teke i bruk.

Det samla registrerte jordbruksarealet har vore stabilt sidan 2020, jf. tabell 8.1, men ligg på eit lågare nivå enn det som var registrert i 1999. Arealet til oljevekstar og belgvekstar har auka jamt dei seinare åra, men desse vekstane framleis blir produserte på mindre enn 100 000 dekar årleg.

Tabell 8.1 Jordbruksareal i drift, 1999–2023 (1000 dekar)

1999

2020

2021

2022

2023

Endring i pst. 2020–2023

Kveite

515,9

676,7

635,9

753,5

644,0

-5

Rug+rugkveite

26,8

65,3

83,1

106,4

87,7

34

Bygg

1 825,8

1 392,2

1 427,4

1 313,2

1 418,1

2

Havre

913,1

665,5

685,2

632,0

683,9

3

Oljev. – belgvekstar

63,7

74,6

59,8

93,5

86,3

16

Sum korn og oljevekstar

3 345,3

2 874,3

2 891,5

2 898,7

2 920,1

2

Poteter

148,7

115,1

116,2

119,0

115,0

0

Andre grovfôrvekstar

317,1

95,1

94,3

90,1

82,0

-14

Grønsaker

45,9

70,6

71,5

70,7

69,7

-1

Andre vekstar åker-hage

138,1

115,8

121,5

122,7

111,3

-4

Sum åker og hage

3 995,1

3 270,9

3 295,0

3 301,2

3 298,0

1

Eng og beite på dyrka jord

4 876,0

4 805,7

4 776,8

4 774,7

4 774,6

-1

Natureng og overfl.dyrka jord til slått og beite

1 511,4

1 783,0

1 773,5

1 770,6

1 766,4

-1

Jordbruksareal i drift i alt

10 382,5

9 859,6

9 845,2

9 846,5

9 839,1

0

Dekar pr. innbyggjar

2,34

2,03

1,83

1,81

1,79

Som følgje av vekst i folketalet og stabilt jordbruksareal, har det blitt færre dekar jordbruksareal per innbyggjar i landet over tid.

Systemet for registrering av dyr som gir grunnlag for produksjonstilskott blei lagt om i 2017/2018, og tala for dyr på beite frå og med 2018 er difor ikkje direkte samanliknbare med tal frå tidlegare år. 69 pst. av alle mjølkekyr og anna storfe gjekk på beite (innmark og/eller utmark) i minst 12/16 veker i 2023, og 30 pst. på utmarksbeite, ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet. For vaksen sau på beite har dyretalet vore stabilt høgt, og i 2023 var 94 pst. på beite (innmark og/eller utmark) i minst 12/16 veker og 84 pst. på utmarksbeite. For sau er delen dyr på utmarksbeite høgare i større enn i mindre buskapar, mens for storfe er det motsett.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Sysselsette i landbruket stod for 3,7 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2023. Om lag 1,3 pst. var sysselsette i jordbruk og reindrift, 0,2 pst. i skogbruk og 1,6 pst. i matindustrien.

I alt var om lag 104 200 personar sysselsette i landbrukssektoren. Av desse var rundt 37 200 personar sysselsette i jordbruk og reindrift, 6 100 i skogbruk, 45 900 i matindustrien og 15 000 i skogbruksbasert industri, jf. tabell 8.2.

Ressursane knytte til landbrukseigedommane bidreg til sysselsetjing og busetjing i store delar av landet. Tal frå SSB viser at det var registrert 5 488 984 innbyggjarar i Noreg første kvartal 2023. Av dei var 346 999 fast busette på ein landbrukseigedom. Det var aktiv jordbruksdrift på 35 800 landbrukseigedommar.

Tabell 8.2 Førebelse tal for sysselsette etter arbeidsstad, fordelt på næringar, 2023

Totalt tal sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbrukets sysselsetjing av total sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

pst.

Viken

567 739

5 563

15,0

1 531

26,0

6 308

13,7

2 942

19,9

16 344

15,8

2,9

Oslo

534 397

344

0,9

:

:

4 465

9,7

185

1,3

4 994

4,8

0,9

Innlandet

174 627

6 652

17,9

1 648

27,9

3 818

8,3

3 263

22,1

15 381

14,8

8,8

Vestfold og Telemark

191 328

2 565

6,9

689

11,7

3 092

6,7

987

6,7

7 333

7,1

3,8

Agder

147 244

1 593

4,3

626

10,6

1 494

3,3

1 828

12,4

5 541

5,3

3,8

Rogaland

263 512

5 192

14,0

124

2,1

4 992

10,9

1 184

8,0

11 492

11,1

4,4

Vestland

331 631

4 105

11,0

292

4,9

4 872

10,6

1 181

8,0

10 450

10,1

3,2

Møre og Romsdal

132 754

1 940

5,2

133

2,3

3 849

8,4

447

3,0

6 369

6,1

4,8

Trøndelag

247 969

5 626

15,1

609

10,3

6 201

13,5

2 202

14,9

14 638

14,1

5,9

Nordland

118 989

1 997

5,4

171

2,9

3 146

6,9

534

3,6

5 848

5,6

4,9

Troms og Finnmark

126 571

1 597

4,3

76

1,3

3 658

8,0

0

0,0

5 331

5,1

4,2

Svalbard

1 156

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0,0

Sum fylke

2 837 917

37 174

100,0

5 899

100,0

45 895

100,0

14 753

100,0

103 721

100,0

3,7

Sum landet

2 845 306

37 174

1,3

6 105

0,2

45 895

1,6

15 046

0,5

104 223

3,7

3,7

Kjelde: Statistisk sentralbyrå tabell 09315

Eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Den geografiske fordelinga av produksjon i landbruket heng saman med målet om landbruk over heile landet. Figur 8.1 viser endringa i produsert mengde for nokre grasbaserte produksjonar fordelt på fylke for perioden 2020 til 2023.

Produksjonen av kumjølk blir styrt av kvoter innanfor regionar, og den geografiske fordelinga er difor stabil. Statlege oppkjøp av kvoter som følgje av Stortingets vedtak om å fjerne eksportsubsidiane frå 1. juli 2020 har i nokon grad endra den regionale balansen. Forholdstalet for kumjølkkvoter blei auka fleire gongar frå april 2020 grunna auka etterspørsel under pandemien. Etterspørselen gjekk ned igjen etter pandemien, før den auka att i 2023. Produksjonen er venta å auke i 2024.

Produksjon av storfekjøtt auka mellom 2020 og 2023 i Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland, Vestland og Trøndelag. Produksjonen har gått noko ned i Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark. Produksjon av sauekjøtt har auka i Agder, mens den har gått noko ned i dei andre fylka. Reduksjonen har vore størst i Trøndelag og Nord-Noreg.

Figur 8.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2020 til 2023 (i prosent)

Figur 8.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2020 til 2023 (i prosent)

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket, Resultatkontrollen

Svinekjøttproduksjonen auka noko i Nord-Noreg, Agder og Innlandet frå 2020 til 2023. Produksjonen av fjørfekjøtt aukar vidare, og den auka mest i Trøndelag og Rogaland. Produksjonen av egg blei redusert i Nordland og Troms og Finnmark. 2023 var eit dårleg avlingsår for korn og potet i store delar av landet. Om lag 85 pst. av kornet blir produsert på Austlandet, mens rundt 10 pst. blir produsert i Trøndelag. Potetproduksjonen er i stor grad konsentrert til Innlandet, og i 2022 blei 50 pst. av potetene i Noreg produsert der. I Vestfold og Telemark, der i overkant av 6 pst. av jordbruksarealet i Noreg ligg, går 14 pst. av potetproduksjonen føre seg.

For å nå målet om eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur, må produksjonsgrunnlaget i form av areal og struktur, vere innretta på ein tenleg måte.

Statistikk frå SSB viser at det var 182 526 registrerte landbrukseigedommar i 2023. Dette er eigedommar som har minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. I 2021 var det om lag 180 000 registrerte landbrukseigedommar i Noreg. SSB opplyser at auken i talet på landbrukseigedommar kjem av at det har blitt fleire små skogeigedommar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på eigd jordbruksareal, viser at mange eigedommar har lite jordbruksareal. Hovudtyngda (69 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal. Om lag 18 pst. hadde mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Under 1 pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar eller meir. Utviklinga frå 2021 til 2022 i talet på landbrukseigedommar som har mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal, er stabilt. Utviklinga viser òg ein auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden.

Av dei 182 526 registrerte landbrukseigedommane i 2023, har 160 456 eigedommar (88 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av dei har om lag 54 pst. jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 21 pst. av eigedommane blir drivne utan bortleigd jordbruksareal, jf. figur 8.2, som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2022. Tala for 2022 viser ein nedgang i eigedommar utan registrert jordbruksaktivitet og ein auke i areal som blir drive ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet om lag 69 dekar.

Figur 8.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2022 (i prosent)

Figur 8.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2022 (i prosent)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tal frå SSB viser at over halvparten (55 pst.) av dei 37 672 jordbruksverksemdene hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2022. Dette er ein svak nedgang frå 2021, då prosentdelen for desse jordbruksverksemdene var på 56. I 2022 hadde i overkant av 5 100 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift, mot om lag 5 000 året før. Tala viser framleis ein auke i jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift – frå 2,5 pst. i 2000 til 13,6 pst. i 2022.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord, og 60 pst. av jordbruksverksemdene driv landbruksproduksjon med både leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 30 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjon berre på eigd jordbruksareal. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med leigd jordbruksareal, jf. figur 8.3, som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksareal i drift. Tala er stabile.

Eigd jordbruksareal i drift på jordbrukseigedommane var på litt over 5,1 mill. dekar. Det leigde jordbruksarealet var på litt under 4,7 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2021 viser dette ein nedgang på 56 000 dekar i eigd jordbruksareal i drift, og samstundes ein auke på 53 500 dekar i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene.

Figur 8.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2022 (i prosent)

Figur 8.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2022 (i prosent)

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tal frå KOSTRA (kommune–stat-rapportering) i 2023 viser at 2 098 fekk samtykke til å dele ein landbrukseigedom. Av dei skulle om lag 22 pst. (459) selje jorda som tilleggsjord til ein eller fleire landbrukseigedommar. I perioden 2011–2020 var den tilsvarande fordelinga på om lag 17 pst., mens den i 2021 og 2022 var forholdsvis 19 pst. og 20 pst.

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen inneheld sentrale rammevilkår og gir grunnlag for auka lønsemd i landbruket. Avtalen er difor det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmiddel målretta for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2023 gjekk 26 pst. av midlane til tilskott til personlege mottakarar under 35 år. Talet har vore relativt stabilt dei siste åra.

Norsk landbruk er ei kunnskapsintensiv og kompetansekrevjande næring. Det er naudsynt å leggje til rette for eit godt utdanningssystem i landbruket. Nær alle fylka i landet tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring under utdanningsprogrammet Naturbruk, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stader i landet – ved Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).

Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling i talet på elevar som vel utdanningsprogrammet Naturbruk. Vi har òg sett vekst i tal på søkjarar til landbruksfaga under utdanningsprogrammet. Samstundes er det stor interesse for agronomi- og gartnaropplæringa for vaksne knytt til den nasjonale modellen for vaksenagronomen. Ordninga er etablert ved 20 av landets naturbruksskular fordelt på ni av landets fylkeskommunar. Gartnaropplæringa under ordninga gir ikkje lenger formell kompetanse fordi opplæringa i vidaregåande skule er endra frå tre år på skule til to år på skule og to år lære, som gir sluttkompetanse fagbrev. Opplæringa er den same som tidlegare, men ein får eit kursbevis i staden for eksamen med sluttkompetanse med yrkestittel gartnar.

Innan høgare utdanning har interessa for landbruksfag variert frå fag til fag, og det er relativt små tal ein samanliknar frå år til år. Etter ein svak nedgang i talet på førstegangssøkjarar over fleire år, snudde det i 2024 med ein auka på over fem pst. for landbruksfaga under eitt. Skogfag utmerka seg med rekordhøge søkjartal, mens nedgangen i søkjartala for andre grøne fag som er særleg relevante for landbruket, held fram. For fagskulane har rekrutteringa til landbruksfag gått vesentleg opp i 2024, etter fleire år med nedgang i talet på søkjarar. For matfaga er tala små og meir varierte. Rekruttering av rett og god kompetanse er sentralt i heile verdikjeda for mat. Matindustrien står overfor eit utfordrande generasjonsskifte, og det er mange stader stor etterspørsel etter kokkar. Etter mange år med nedgang i interessa for matfaga i vidaregåande skule, er det no stabile søkjartal.

Ei økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig reindrift

Ei berekraftig reindrift gir dagens reindriftsutøvarar moglegheit til å utøve reindrift samstundes som den ikkje øydelegg framtidige generasjonar sine moglegheiter til å utøve reindrift. I Prop. 98 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2024/2025) er det fastsett kriterium og indikatorar for berekraftig reindrift. Desse er nærare omtalt i Prop. 98 S (2023–2024). Den første rapporteringa blir gjort for 2023, og vi har difor ikkje grunnlag for samanlikning med tidlegare år. Over tid vil ein kunne sjå utvikling på indikatorane.

Kriterium 1: Reindrifta si driftsform blir halden oppe med naturleg flytting og bruk av årstidsbeita

Den tradisjonelle driftsforma, med flytting mellom årstidsbeite, er eit sentralt grunnlag for berekraftig reindrift. I 2023 har ikkje Landbruks- og matdepartementet godkjent omleggingar av flyttlei, jf. reindriftsloven § 22. Det er ikkje fatta vedtak om permanente endringar i beitetider i nokon av reinbeiteområda, men det er fatta eit vedtak om dispensasjon frå beitetider i Troms. Sal av kraftfôr blir ikkje rapportert per reinbeiteområde, men totalt er det selt 3 709,8 tonn kraftfôr til rein i 2023 frå Felleskjøpet og Fiskå mølle.

Kriterium 2: Reindrifta blir halden oppe som familiebasert næring

Reindrifta som ei familiebasert næring er eit viktig element i den samiske kulturen. Rekruttering er ein sentral del av dette. I 2023 var det totalt 15 lærlingar i reindrift som starta opp. Av desse var 3 i Aust-Finnmark, 10 i Vest-Finnmark, 1 i Troms, og 1 i Nordland.

Det var totalt 539 siidaandelar i 2023. Det varierer kor mange siidaandelar det er i dei ulike reinbeiteområda, og kor mange personer det er i kvar av siidaandelane, jf. figur 8.4.

Figur 8.4 Tal på siidaandelar og tal på personar med rein i ein siidaandel, 2023

Figur 8.4 Tal på siidaandelar og tal på personar med rein i ein siidaandel, 2023

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Figur 8.5 Leiar av siidaandel, aldersfordeling per reinbeiteområde

Figur 8.5 Leiar av siidaandel, aldersfordeling per reinbeiteområde

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Figur 8.6 Leiar av siidaandel, prosent kvinner, menn og felles siidaandel, per reinbeiteområde

Figur 8.6 Leiar av siidaandel, prosent kvinner, menn og felles siidaandel, per reinbeiteområde

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kriterium 3: Dyrevelferda er god

God dyrevelferd er grunnleggjande for ei berekraftig reindrift. Delen kalv av totalt slakt indikerer korleis beitesituasjonen har vore gjennom vinteren og våren, og korleis tapssituasjonen har vore etter kalving. I 2023 var 70 pst. av totalt slakt i alle reinbeiteområde kalv, med unntak av i Nordland der den var på 53 pst. I Aust-Finnmark var kalveandelen på 80 pst., i Vest-Finnmark 79 pst., i Troms 75 pst., i Nord-Trøndelag 72 pst., og i Sør-Trøndelag/Hedmark på 78 pst. I reinlaga var delen på 72 pst. i 2023.

Slaktevekt for kalv er ein indikator på utviklinga i tilgang på mat, og kondisjonen til reinen. Slaktevekt for kalv var i gjennomsnitt på 20,5 kg. I Aust-Finnmark var gjennomsnittleg vekt på 19,6 kg, i Vest-Finnmark på 18,9 kg, i Troms 23,3 kg, i Nordland 21,7 kg, i Nord-Trøndelag 19,8 kg, i Sør-Trøndelag/Hedmark 21,5 kg og i reinlaga 25,6 kg.

Kalvetilgang etter tap er ein indikator på kor utsett næringa er for tap av kalv. Kalvetilgang er antall kalv i forhold til antall simle. I Aust-Finnmark var kalvetilgangen etter tap på 49 pst., i Vest-Finnmark 40 pst., i Troms 42 pst., i Nordland 38 pst., i Nord-Trøndelag 52 pst., i Sør-Trøndelag 77 pst. og i reinlaga 56 pst.

Kriterium 4: Tap av rein er redusert

Tap av rein påverkar produksjon og lønsemd i reindrifta negativt, og er i mange reinbeitedistrikt ei stor utfordring. I 2022/2023 blei det utbetalt erstatning for 28 pst. av det rovvilttapet som var omsøkt av reindrifta. Figur 8.7 viser forholdet mellom det som er omsøkt og det som er erstatta, for reinbeiteområda og reinlaga.

Figur 8.7 Omsøkt og erstatta tap av rein til rovvilt 2022/2023

Figur 8.7 Omsøkt og erstatta tap av rein til rovvilt 2022/2023

Kjelde: Rovbase.no

Figur 8.8 Tap av rein av andre årsaker enn rovvilt

Figur 8.8 Tap av rein av andre årsaker enn rovvilt

Kjelde: Landbruksdirektoratet

I område der det er overlapp mellom prioriterte rovviltområde og kalvingsområde, vil det vere ein større risiko for tap av rein til rovvilt. Totalt er 57,6 pst. av kalvingsområda innanfor eit prioritert rovviltområde. I Aust-Finnmark er delen 23,8 pst., i Vest-Finnmark 47,8 pst., i Troms 11,1 pst., i Nordland 99,8 pst., i Nord-Trøndelag 93,5 pst., i Sør-Trøndelag/Hedmark 92,4 pst.

Kriterium 5: Det interne sjølvstyret fungerer godt

Reindriftslova legg til rette for sjølvstyre i reindrifta, både internt i distrikta og mellom distrikt. Det er avgjerande for ei berekraftig reindrift at dette sjølvstyret fungerer godt.

Bruksreglane er eit viktig verktøy for det interne sjølvstyret. I 2023 var det berre eitt distrikt i Nord-Trøndelag som ikkje hadde oppdaterte bruksreglar. I 2023 blei det gitt to pålegg for brott på bruksreglar, begge i Aust-Finnmark reinbeiteområde.

Av totalt 80 distrikt var det 68 distrikt som fekk innvilga distriktstilskott i 2023. Av desse var 10 i Aust-Finnmark, 23 i Vest-Finnmark, 12 i Troms, 10 i Nordland, 5 i Nord-Trøndelag og 4 i Sør-Trøndelag/Hedmark. Alle dei 4 reinlaga fekk tilskott i 2023.

Kriterium 6: Reindrifta har tilgang på beiteressursar av god kvalitet

Beiteressursar av god kvalitet er avgjerande for reindrifta. Tilveksten av beiteplanter blir påverka av naturgrunnlaget, beitedyr, klima og anna aktivitet i området.

Overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda blir gjennomført kvart femte år, og blei sist gjennomført i 2023. Rapporten viser at delen lavrik mark av totalt areal i Aust-Finnmark har auka med 1,9 pst. på vinterbeita, og med 2,7 pst. på vår-haustbeita. For Vest-Finnmark har delen lavrik mark auka med 7,6 pst. på vinterbeita, og med 0,2 pst. på vår-haustbeita. Samtidig viser rapporten at delen slitt lavhei av totalt areal har auka med 1,1 pst. på vinterbeita i Aust-Finnmark og 4,9 pst. på vår-haustbeita. For Vest-Finnmark har delen slitt lavhei auka med 5,2 pst. på vinterbeita, og 6,0 pst. på vår- og haustbeita.

Figur 8.9 viser reintalet per reinbeiteområde, i tillegg til det øvre reintalet for kvar av områda. Reinlaga har ikkje eit øvre reintal.

Figur 8.9 Reintal per 31. mars 2023 og øvre reintal per reinbeiteområde

Figur 8.9 Reintal per 31. mars 2023 og øvre reintal per reinbeiteområde

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kriterium 7: Reindrifta sine arealressursar blir vareteke

Tilgang på naudsynte areal er avgjerande for ei berekraftig reindrift. Delen av reinbeitedistriktets areal som er tilgjengeleg for reinbeite vil over tid vise utvikling og synleggjere kva for del av reinbeitedistriktet som ikkje lenger kan brukast som reinbeite på grunn av utbygging og anna bruk av arealet. I 2023 er denne delen for Aust-Finnmark reinbeiteområde på 99,3 pst., for Vest-Finnmark 99,4 pst., for Troms 97,4 pst., for Nordland 97,5 pst., for Nord-Trøndelag 95,9 pst., for Sør-Trøndelag/Hedmark 98 pst., ifølgje Statistikk for arealbruk i reinbeitedistrikter (NIBIO 2024).

Statsforvaltaren er sentral i arbeidet med å vareta reindrifta sine arealressursar gjennom dialogen med kommunar og fylkeskommunar. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland og Trøndelag har ansvaret for reindrift. Alle statsforvalterane rapporterer at dei har dialog med kommunane, gjennom saker etter plan- og bygningsloven og gjennom arbeidet med verktøyet kommunebilde.

Statsforvaltaren har mynde til å gi motsegn av omsyn til reindrift. I 2023 blei det fremja 15 motsegner til kommunedelplan og 3 motsegner til reguleringsplan. 7 av desse blei fremja frå statsforvaltaren og 11 frå Sametinget.

Distriktsplan og arealbrukskart er viktige verktøy for å synleggjere reindrifta sin arealbruk overfor offentlege styresmakter. Ein føresetnad for dette er at distriktsplanane og arealbrukskarta er oppdaterte. Figur 8.10 viser kor mange som har oppdatert distriktsplanar siste fire år, og kor mange som har oppdatert arealbrukskarta i 2023.

Figur 8.10 Oppdateringar av distriktsplan og arealbrukskart

Figur 8.10 Oppdateringar av distriktsplan og arealbrukskart

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kriterium 8: Reindriftsnæringa utviklar produkt som marknaden etterspør

I 2023 var prisen til reineigar per kilo kjøtt i gjennomsnitt på 104,7 kroner. Total produksjon var på 1 540 tonn. Figur 8.11 viser at både produksjon og pris varierer mellom reinbeiteområde. Per 1. september 2023 var det 291 420 kilo reinkjøtt på lager.

Figur 8.11 Produksjon av reinkjøtt og pris til reineigar, 2023

Figur 8.11 Produksjon av reinkjøtt og pris til reineigar, 2023

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kriterium 9: Det blir utvikla tilleggsnæringar til reindrift

Tilleggsnæringar til reindrift kan vere eit viktig grunnlag for å styrkje økonomien i reindrifta. I 2023 var det 8 vidareforedlings- og reiselivsbedrifter som fekk støtte til reindriftsrelatert verksemd frå Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping. I tillegg til Utviklingsprogrammet er Ut på Vidda – lærings- og omsorgsbaserte tenester ein moglegheit for tilleggsnæring. I 2023 var det 21 reindriftsfamiliar som var godkjent som Ut på Vidda-leverandørar.

Kriterium 10: Reindriftsnæringa har balanse mellom inntekter og kostnader over tid

Resultatmåla i Totalregnskapet for reindriftsnæringa er vederlag for arbeid og eigenkapital. Dette blir berekna på grunnlag av inntekter, erstatningar og kostnader. Tabell 8.3 viser vederlag for arbeid og eigenkapital per siidaandel. Dei direkte tilskotta til reindrift er retta mot dei som har reindrift som hovudverksemd, og har difor ei nedre grense for inntekt frå reindrift på 50 000 kroner. Til saman gir disse indikatorane eit bilete på kor mange som har reindrift som hovudinntekt.

Tabell 8.3 Indikatorane for kriterium 10, 2022

Aust- Finnmark

Vest- Finnmark

Troms

Nordland

Nord-Trøndelag

Sør-Trøndelag/Hedmark

Reinlag

Vederlag for arbeid og eigenkapital per siidaandel (kroner)

267 034

215 154

181 092

544 264

420 816

760 128

647 224

Leiar av siidaandel/reinlag som har næringsinntekt over 50 000 kroner (tal)

135

157

30

28

32

30

4

Leiar av siidaandel som får fullt reindriftsfrådrag (pst.)

32

7

24

57

53

86

-

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Tabell 8.4 Leiar av siidaandel som har løns- og eller næringsinntekt frå anna enn reindrift, 2022 (prosent)

Aust- Finnmark

Vest- Finnmark

Troms

Nordland

Nord- Trøndelag

Sør-Trøndelag/Hedmark

Kvinner

92

90

82

75

89

100

Menn

71

81

72

65

73

71

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kriterium 11: Reindrifta har god produktivitet

Produktivitet viser forholdet mellom det som blir produsert og produksjonsgrunnlaget, og om produksjonsgrunnlaget blir utnytta godt. Det totale slakteuttaket i 2023 var 64 797 rein. Tabell 8.5 viser korleis dette er fordelt på reinbeiteområde. Totalproduksjon per livrein blir målt som slakt per livdyr korrigert for endringar i reintal. Dette talet viser kor effektiv ein reinflokk er til å produsere reinkjøtt. Tal på årsverk vil over tid vise utvikling i arbeidsforbruk.

Tabell 8.5 Indikatorane for kriterium 11

Aust- Finnmark

Vest- Finnmark

Troms

Nordland

Nord-Trøndelag

Sør- Trøndelag

Reinlag

Slakteuttak (antall rein)

21 292

19 359

2 378

1 917

4 639

7 777

7 425

Totalproduksjon per livrein

6,3

5,6

6,1

4,4

7,9

14,0

18,6

Antall årsverk

258

443

77

63

54

45

22

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kriterium 12: Erfaringsbasert kunnskap inngår som en del av kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga

Erfaringsbasert, eller tradisjonell, kunnskap er ein sentral del av reindriftskulturen. Det følgjer av naturmangfaldlova § 8 at erfaringsbasert kunnskap skal vere ein del av kunnskapsgrunnlaget for offentlege avgjerder som har verknad for naturmangfald. Det er vanskeleg å måle dette kriteriet, og det er ikkje laga kvantitative indikatorar. Erfaringsbasert kunnskap må innhentast i alle prosesser der det offentlege skal fatte vedtak som vil påverke reindrifta. Det blir no arbeidd med å utforme ein ny metodikk for konsekvensutgreiingar. Bruk av erfaringsbasert kunnskap er eit viktig element i dette arbeidet.

Kriterium 13: Det tradisjonelle reinmerket blir halde oppe og blir brukt

Det tradisjonelle reinmerket med øyresnitt er ein viktig del av samisk reindrift. Vidareføring av reinmerket er difor eit sentralt kriterium for kulturell berekraft. Kriteriet kan målast ved indikatoren talet på registrerte og aktive merke.

Tabell 8.6 Tal på registrerte og aktive reinmerke, 2024

Aust- Finnmark

Vest- Finnmark

Troms

Nordland

Nord- Trøndelag

Sør-Trøndelag/ Hedmark

Totalt

1088

1757

226

233

193

157

3658

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Kriterium 14: Samisk språk er ein viktig del av reindriftskulturen

Samisk språk er sentralt i reindrifta, og er viktig for formidling og overføring av erfaringsbasert kunnskap. Forvaltninga skal gjere visse reglar, kunngjeringar og skjema tilgjengeleg på samisk. Per juni 2024 har Landbruksdirektoratet 4 av 31 skjema som er oversett til samisk. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har eit skjema som er tilgjengeleg på samisk. Statsforvaltaren i Nordland og Statsforvaltaren i Trøndelag har ingen tilgjengelege skjema på samisk. Den nye digitale løysinga for innlevering av melding om reindrift og søknad om tilskott til siidaandelar og reinlag, er tilgjengeleg på bokmål, nordsamisk og sørsamisk.

9 Mål: Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Naturgitte forhold gjer at den norske sjølvforsyningsgraden for animalske produkt er gjennomgåande høg, mens den er lågare for planteprodukt, jf. nærare omtale under kap. 1150 i del II og kapittel 8 i del III. Verdikjeda for jordbruksvarer må vere budd på stadig sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket må vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tilpassar seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og eit godt utgangspunkt for produksjon av kvalitetsprodukt over heile landet, mellom anna gjennom ein variert bruksstruktur og geografisk produksjonsfordeling, god dyrevelferd, låg medisinbruk, høg innovasjonsgrad og ein berekraftig produksjon.

Konkurransekraft er avgjerande for å utnytte produksjonsmoglegheitene i jordbruket, for å oppretthalde og auke norskandelen i heimemarknaden. Ei styrking av konkurransekrafta mot import er difor viktig for å auke sjølvforsyningsgraden. Konkurransekraft er avhengig av fleire faktorar, mellom anna pris, kvalitet og evna til å respondere på kort- og langsiktige endringar i forbrukartrendar gjennom produktutvikling både i primærproduksjonen og i næringsmiddelindustrien.

Samla sett er det framleis marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg i grøntsektoren. Det er eit mål i Nasjonal handlingsplan for betre kosthald at folk sitt inntak av frukt, bær og grønsaker skal auke, men trenden dei siste åra har heller vore redusert forbruk per innbyggjar. I dag er ein stor del av forbruket dekt av import. Regjeringa la i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntekstmoglegheiter i jordbruket fram fleire tiltak for å leggje til rette for auka produksjon og forbruk av innanlandsproduserte planteprodukt, mellom anna å styrkje FoU og investering for å forlenge lagringsperioden på frukt og grønt, styrkje økonomien i produksjonen og auke bruken av Nyt Norge-merket på korn- og bakevarer.

For kjøtt har det ei tid vore om lag balanse mellom tilbod og etterspørsel, men det siste året har vore prega av overproduksjon av storfe og gris og oppbygging av lager. Koronapandemien førte til større forbruk av norsk kjøtt i 2020 og 2021 enn det som tidlegare var prognosert, mellom anna grunna ein stor reduksjon i grensehandelen. Både produksjon og prisar på kjøtt auka i 2021. For mjølk har etterspørselen vore prega av svingingar dei siste åra. Frå ein situasjon med gradvis redusert forbruk kvart år, gjorde koronapandemien at etterspørselen auka kraftig. Produsentane fekk dermed høve til å levere 7 pst. meir mjølk enn kvota. Då samfunnet blei opna, minka etterspørselen noko. Gjennom 2023 auka etterspørselen igjen, og marknadsregulator måtte i januar og februar 2024 redusere leveransane av mjølkepulver til industri noko. Frå mai 2024 fjerna Landbruks- og matdepartementet avgifta på mjølk levert over kvote, og produsentane kan dermed levere så mykje mjølk dei ønskjer ut 2024.

I 2023 blei det importert jordbruksvarer for 113,6 mrd. kroner til Noreg, ein auke på 10 pst. frå 2022, ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet. Målt i mengde var det ein nedgang i importen på 2,7 pst. Det blir importert store kvanta av enkelte jordbruksvarer med låg einingsverdi, til dømes kveite, mens andre jordbruksvarer som det blir importert lågare kvanta av, slik som tobakksvarer, har høg einingsverdi. Utviklinga i importen målt i verdi og mengd heng ikkje nødvendigvis saman, fordi samansetjinga av varene varierer frå år til år. Utviklinga i valutakursar kan òg påverke forholdet mellom verdi og kvanta. Den norske krona var svak mot både dollar og euro gjennom heile 2023.

Den største delen av importen av jordbruksvarer kjem frå EU-land, og i 2023 var importen frå desse landa om lag 58 pst. av den samla importverdien. Dei siste ti åra har denne delen variert mellom 57 og 65 pst. I volum var delen av import frå EU-land 58 pst. Importen er stort sett varer som ikkje blir produserte i Noreg, eller varer som blir importerte utanom norsk sesong. Eksporten av jordbruksvarer frå Noreg var på 19,5 mrd. kroner i 2023. Det er ein auke på om lag 15 pst. frå 2022. Dei største norske eksportvarene, målt i verdi, var fiskefôr, fiskemjøl, fiskeolje og soyamjøl og soyaolje produsert av importerte soyabønner.

Import av råvarer til fiskefôr stod for 35 pst. av importverdien av jordbruksvarer i 2023, mens importen av frukt og grønsaker stod for 12 pst. av importverdien. Slike varer blir i hovudsak importerte utan toll. Importen av brød og bakverk utgjorde 7 pst. av importverdien, ein auke på 1 pst. frå 2022. Dette er varegruppa med mest import av varer som ikkje er tollfrie, i hovudsak til tilverka produkt, såkalla RÅK-varer.

Marknaden for lokalmat og drikke har hatt ei positiv utvikling over dei siste to tiåra. Lokalmatnæringa er kjenneteikna av innovative og kvalitetsmedvitne produsentar, og fleire norske produsentar har dei siste åra gjort det bra i internasjonale tevlingar som oste- og sider-VM. Tal for omsetnad av lokalmat og drikke for perioden 2022−2023, viste at samla salsverdi har gått opp, noko som i stor grad kjem av prisaukar. I daglegvarehandelen blei det handla litt mindre målt i volum, men summen det brukast er den same, og difor har salsverdien gått opp. Dette er same utvikling som for andre varer. Til saman blei det i 2023 omsett for 11,8 mrd. kroner, med 5,4 mrd. kroner i daglegvarehandelen og 6,4 mrd. kroner i marknaden for storhushald og direkte sal, som til dømes REKO-ring og andre salskanalar. Det var ein auke i salsverdien av lokalmat og drikke frå daglegvaremarknaden på om lag 4,1 pst., men det har vore ein nedgang i salsvolum på 2,3 pst. Samstundes har salsverdien frå storhushald og direkte sal auka med om lag 28,8 pst. i 2023. Veksten kjem av prisauke og at måleperioden delvis omfattar ein periode med koronarestriksjonar og deretter gjenopning.

Økologisk mat representerer eit mangfald som forbrukarane etterspør. Landbruksdirektoratet publiserte fram til 2018 tal for omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen, og har etter dette arbeidd med å få på plass eit nytt datagrunnlag. For dei siste åra har Landbruksdirektoratet innhenta tal for omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen direkte frå dei tre største daglegvarekjedene. Omsetnaden er målt i verdi og ikkje mengde. Omsetnaden av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen var på 2,5 mrd. kroner i 2023. Dette var ein auke på 12 mill. kroner, tilsvarande 0,5 pst. auke frå året før. Samstundes auka prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer med 10 pst. i gjennomsnitt i 2023. Tala tyder difor på at omsetnaden av økologiske daglegvarer blei redusert, målt i kvantum. Den reduserte omsetnaden skuldast i stor grad den historisk høge prisveksten på matvarer, som har vridd forbruket i daglegvarekjedene i retning lågprisprodukt. Dei største varekategoriane av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer. Blant varegruppene med høgast omsetnad, er det berre fersk frukt og grønt som hadde lågare omsetnad i 2023 enn i 2022.

Det har vore ein flat eller svak auke i omsetnaden i andre salskanalar enn daglegvarehandelen frå 2022 til 2023. Grunna den generelle prisstigninga på matvarer går Landbruksdirektoratet ut frå at det ikkje har vore nokon vekst målt i volum, men heller ein svak nedgang.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Samfunnsoppdraget til jordbruket er å forsyne befolkninga med nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og gjennom dette bidra til sysselsetjing i heile landet, god ernæring og helse. Verdikjeda for jordbruksvarer må tilpasse seg konkurransen frå import og substitutt. Det betyr at jordbruket må vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør. Regjeringa arbeider for å sikre eit aktivt landbruk med gode rammevilkår gjennom til dømes inntektsmoglegheiter og velferdsordningar. Det er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet. Økonomiske rammevilkår i form av overføringar og målprisar blir det forhandla i jordbruksoppgjeret mellom staten og jordbruket sine organisasjonar.

Ein konkurransekraftig matsektor er avgjerande for å oppretthalde ein høg heimemarknadsdel. Tilstrekkeleg konkurransekraft er fundamentet for eit aktivt og variert norsk jordbruk og for å nå dei landbrukspolitiske måla. Norsk jordbruk har fleire konkurransefortrinn og eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt, mellom anna gjennom god dyrevelferd, låg medisinbruk, høg innovasjonsgrad og ein berekraftig produksjon.

Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda er avgjerande for konkurransekrafta. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som han i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er sentralt å halde oppe norsk matproduksjon og sikre tilgangen på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

I perioden frå 2015 til 2024 har det samla produksjonsvolumet av planteprodukt auka med om lag 5 pst. (prognosert volum for 2024), ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket sine normaliserte rekneskap, jf. figur 9.1. Planteproduksjonar er særs avhengige av vêret. Vêrforholda i 2016 og 2017 gav gode avlingar, mens tørken somrane 2018 og 2023 gjekk hardt ut over kornproduksjonen og nokre grønsakskulturar. Produksjon av korn, erter og oljefrø har auka relativt jamt i perioden frå 2015 til 2024, med til saman 11 pst. Med unntak av 2023, har dei siste vekstsesongane vore svært gode for korn. For poteter har auken vore 12 pst., mens han for grønsaker har vore 14 pst. Produksjonen av frukt har hatt ein auke på 46 pst. dei siste ti åra, og fruktavlingane i 2021 og 2022 var dei største på ti år. Produksjonen av bær har gått ned med 36 pst. sidan 2015. Utfordringar og uvisse knytt til tilgang på arbeidskraft frå utlandet forklarer sannsynlegvis noko av nedgangen dei siste åra. Mangel på arbeidskraft under pandemien førte mellom anna til at jordbærplanter aldri kom i jorda, noko blei pløgd ned, mens andre produsentar ikkje hausta avlinga. Det blei teke ut høge prisar på bær i denne perioden.

Marknaden for frukt og grønsaker er prega av sterk konkurranse frå import. I jordbruksoppgjeret 2022 blei målprisane for frukt og grønt auka med 15 pst. Dette var den høgaste auken i målpris på mange år. Målpris blei oppnådd for åtte av tolv produkt i grøntsektoren dette avtaleåret. I jordbruksoppgjeret 2023 blei målprisane auka med 8,8 pst., og per 31. desember 2023 var målpris oppnådd for ni av tolv produkt. I jordbruksoppgjeret 2024 blei målprisane for frukt og grønt auka med 3 pst. Samla sett er det framleis marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, både korn og oljevekstar, grønsaker, frukt og bær.

Figur 9.1 Endring i produksjonsvolum fra 2015 til 2024, ifølgje normalisert rekneskap. 2014=100

Figur 9.1 Endring i produksjonsvolum fra 2015 til 2024, ifølgje normalisert rekneskap. 2014=100

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Produksjonen av husdyrprodukt var 4 pst. høgare i 2021 enn i 2015, men har sidan blitt redusert til om lag nivået i 2015. Årsaka til produksjonsauken i 2021 er den auka etterspørselen som kom som følgje av restriksjonane under koronapandemien, med kraftig reduksjon i grensehandelen, redusert reising utanlands som følgje av stengde grenser, og auka etterspørsel i hushaldningsmarknaden. Auken i kjøttsalet blei vurdert til å vere mellombels, og delar av etterspørselsauken på kjøtt blei teken ut gjennom ein auke i importen, særleg av svinekjøtt og storfekjøtt. Denne vurderinga viste seg å vere rett. Produksjonen i 2023 og prognosen for 2024 viser at den samla produksjonen av kjøtt no er tilbake på 2015-nivå, ein reduksjon på i underkant av 4 pst. samanlikna med 2021. Det er stor variasjon mellom kjøttslaga. Frå 2015 til 2024 har produksjonen av storfekjøtt auka med 6 pst., mens produksjonen av sau og svin har blitt redusert med høvesvis 13 pst. og 4 pst. Produksjonen av fjørfekjøtt har auka med 29 pst. i same periode.

Frå 2015 til 2024 har kumjølkproduksjonen blitt redusert med 6,3 pst. Som følgje av mangel på mjølk mot slutten av 2023 og starten av 2024, blei først forholdstalet auka til 1,04, før avgifta på mjølk levert over kvote blei fjerna. Produsentane kan difor levere så mykje mjølk dei ønskjer ut 2024. I 2024 er forholdstalet for geitemjølkkvotar 0,95.

Den krevjande marknadssituasjonen for særleg storfe og svin har medført vesentleg auka omsetningsavgifter, og det har saman med redusert avrekningspris svekt økonomien i desse produksjonane.

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket skal ha føreseielege rammevilkår som kan bidra til at den samla lønsemda i næringa aukar. Det er avgjerande at næringsutøvarane i landbruket skal ha dei same inntektsmoglegheitene som andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Ei berekraftig kostnadsutvikling, god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsutviklinga. Målet er at inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta i marknaden. Regjeringa vil arbeide for at næringsutøvarar i alle produksjonar og på alle typar bruk skal ha reell moglegheit for inntektsutvikling på line med andre i samfunnet.

Den normaliserte rekneskapen for 2024 frå Budsjettnemnda for jordbruket viste ein auke i bruttoinntektene i jordbruket med 6,6 mrd. kroner frå 2022 til 2024, før jordbruksoppgjeret, med budsjetterte tal for 2023. Kostnadene (inkludert rentekostnaden) var berekna til å auke med 5,1 mrd. kroner. Dette innebar at årsresultatet for jordbrukssektoren frå 2022 til 2024 var berekna til å auke med 1,3 mrd. kroner, eller 11 pst. før jordbruksoppgjeret i 2024. Dette blir utdjupa i avsnittet om inntektsutviklinga i jordbruket.

Ei effektiv og lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei samla ressursane på garden blir nytta på ein lønsam måte, og at dei ulike verkemidla bidreg til andre landbruksbaserte næringar. Det er sett av midlar til dette over jordbruksavtalen, mellom anna til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping og til Investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU), forvalta av Innovasjon Norge (IN). Innsatsen har medverka til auka profesjonalisering og vekst særleg innan lokalmatområdet, men òg innanfor område som reiseliv og Inn på tunet.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle samanhengen mellom tildeling av middel og utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad. Dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, og rekneskapstala deira er ikkje tilgjengelege på same måten som for aksjeselskap. Mangelen på rekneskapsdata gjer at det ikkje er mogleg å måle verknaden av midla til tradisjonelt landbruk med same metode som for middel til andre tenester til næringslivet hos IN. For tenester innan INs landbruksoppdrag som ikkje er tradisjonelt landbruk, har SSB gjort berekningar av verknaden.

I INs rapport til oppdragsgivarane for 2023 viser effektindikatorar for finansiering gitt til aksjeselskap under landbruksoppdraget at bedrifter som har fått tilsegn frå INs tenester, har høgare årleg gjennomsnittleg meirvekst i salsinntekter (9,0 prosentpoeng), verdiskaping (8,4 prosentpoeng) og produktivitet (1,5 prosentpoeng) enn dei som ikkje har fått tilsegn frå IN. Addisjonaliteten, det vil seie i kva grad bedriftene oppfattar at INs bidrag har vore avgjerande for gjennomføringa av prosjektet, har vore vedvarande høg for landbruksoppdraget. I 2023 var denne på 93 pst., som er ein auke på 10 prosentpoeng frå føregåande år.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og til framtidig vekst og utvikling i landbruksbaserte næringar. Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-middel) er det mest sentrale verkemiddelet for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det har over fleire år vore stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel. Dei siste åra har tilskottsramma auka vesentleg. I 2023 var pågangen etter tilskott god, men med geografiske variasjonar, der særleg Finnmark og Troms og Trøndelag hadde lågare utnytting av fylkesrammene enn fylka elles. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er knytte til delmålet om fleire gründerar. Rapporten frå IN om bruk av IBU-midlar for 2023 legg til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 167 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til i tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar.

Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter, forpliktande produsentsamanslutningar og omdømmetiltak. Målet med programmet er å få til auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske, jaktturisme og viltkjøtt, og anna ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket og reindrifta. I 2023 blei det innvilga i overkant av 85,6 mill. kroner frå Utviklingsprogrammet. Halvparten av løyvingane gjekk til støtte til vekstbedrifter. Finansieringsprosjekta er i hovudsak mat- og reiselivsrelaterte, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Bedriftsnettverk skal bidra til etablering av kommersielt og strategisk samarbeid mellom bedrifter for å utvikle marknadsmoglegheiter, verdiskaping og lønnsemd. I 2023 blei det løyvd 2,6 mill. kroner til seks bedriftsnettverk, og dette er ei halvering samanlikna med 2022. Ein krevjande økonomisk situasjon der bedriftene i større grad legg vekt på utvikling av eiga bedrift, kan vere ei forklaring på redusert etterspørsel. Det er også etablert ei rekkje bedriftsnettverk over fleire år, noko som kan bety at behovet og prioriteringane er annleis enn tidigare.

Gjennomsnittleg omsetnadsauke for dei vekstbedriftene som er organisert som AS (95 av 142) i vekstordninga, var 34 pst. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet har hatt høg addisjonalitet over fleire år. I førundersøkinga i 2023 var addisjonaliteten på 88 pst. Det er vesentleg høgare enn snittet for IN sine tenester, som ligg på 69 pst.

Kunnskap om utviklinga og lønsemd innanfor landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, baserer seg på ulike kjelder. Tal frå SSBs Landbruksteljing viste at det i 2020 var 21 773 jordbruksbedrifter som dreiv ei eller anna form for tilleggsnæring. Leigekøyring, i eller utanfor landbruket og utleige av jakt- og fiskerettar utgjorde dei største næringskategoriane. Ein annan indikator på mat- og reiselivsverksemder av eit visst omfang og profesjonalitet, kan vere talet på medlemmer hos HANEN, som er ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Ved utgangen av 2023 hadde HANEN 586 bedriftsmedlemmer, som er ein auke frå 2022 på 31 medlemmar.

Driftsgranskingane frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gir kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Bruka som inngår i driftsgranskingane er valde ut på grunn av jordbruksproduksjonen på bruket. Det blir ikkje teke omsyn til om bruket har tilleggsnæring eller kva tilleggsnæring som blir driven. Resultata for tilleggsnæringane i driftsgranskingane kan difor variere noko meir enn det ein ser for resultata for jordbruket.

Av dei 908 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2022, hadde 85 pst. (775 bruk) omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er ein auke på eitt prosentpoeng frå 2021. På mange bruk blir det drive med fleire typar tilleggsnæring. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar har over tid vore størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg, det gjeld óg for delen bruk med tilleggsnæring som har omsetning større enn 20 000 kroner. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 73 pst. av bruka (664 bruk) hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner frå andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 301 500 kroner, og det er om lag det same som i 2021.

Figur 9.2 Gjennomsnittleg driftsoverskott for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2020–2022 (i kroner per bruk)

Figur 9.2 Gjennomsnittleg driftsoverskott for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2020–2022 (i kroner per bruk)

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Driftsoverskottet for alle bruk med andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 126 700 kroner per bruk. Det er ein auke på 14 600 kroner frå 2021. Driftsoverskottet varierer mykje mellom dei ulike formene for anna landbruksbasert næring, jf. figur 9.2. Anna tenesteyting, som omfattar mellom anna Inn på tunet, klauvskjering og saueklipping, har hatt størst driftsoverskott per bruk av gruppene, 110 700 kroner per bruk i 2022. Stiftinga Norsk Mat rapporterer at talet godkjente Inn på tunet-tilbydarar ved utgangen av 2023 var til saman 386, ein nedgang på 18 tilbydarar frå året før. I 2023 har det komme til 35 nye tilbydarar.

Vareproduksjon, som omfattar mellom anna omsetnad av ved og vidareforedling av kjøtt, mjølk og frukt, hadde i snitt eit driftsoverskott for 2021 på 45 600 kroner. Utmarksnæring inkluderer til dømes utleige av jakt og fiske, sal av grus, sand og stein, utvikling og sal av tomter og småkraftverk. I 2022 blei driftsoverskottet for denne driftsforma i gjennomsnitt 32 800 kroner. Figur 9.2 viser ein nedgang frå åra før, noko som kjem av overskott frå sal av tomter i 2020 som bidrog til godt resultat for denne driftsforma. Det er få bruk som driv med «turisme» og «annan biologisk produksjon», som til dømes hunde- eller hesteoppdrett, så det blir ikkje presentert resultat for desse driftsformene i figur 9.2. Bruka som driv med turisme som tilleggsnæring blei råka av koronapandemien, men fekk eit godt resultat i 2022.

Driftsgranskingane viser at overskottet frå tilleggsnæring utgjorde i gjennomsnitt 8 pst. av samla nettoinntekt på alle (908) i 2022. Bidraget varierer med ulike regionar og ulike tilleggsnæringar. Stor variasjon i bidraget frå tilleggsnæring mellom år i ein region, kjem elles i stor grad av utskifting av bruk i driftsgranskingane. NIBIO viser til at ei av årsakene til at tilleggsnæringane ikkje betyr meir, kan vere at utvalet av bruk som er med i driftsgranskingane har relativt stor jordbruksaktivitet. På desse bruka kan det vere lita tid til, og mindre behov for, å byggje opp andre næringar. God tilgang på inntektsgivande arbeid utanfor landbruket kan vere ei anna forklaring. Tilleggsnæringane hadde i 2022 størst økonomisk innverknad på Austlandet, andre bygder i Agder og Rogaland enn Jæren, og i flatbygdene i Trøndelag.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Arbeidet med å vidareutvikle Noreg som matnasjon held fram. Visjonen for Matnasjonen Noreg famnar breitt, både mellom sektorar og langs heile verdikjeda for mat:

«I 2030 er mat ei kjelde til matglede, stoltheit, god helse og fellesskap i heile befolkninga, og eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spanande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar i verdsklasse.».

Matnasjonen Noreg er ein måte å tenkje heilskap på. Sterke mat- og reiselivsregionar saman med innsatsen på andre område, byggjer opp under dei fire prioriterte innsatsområda i Matnasjonen Noreg-strategien:

  1. Produksjon av og tilbod om, berekraftig, trygg og sunn mat av høg kvalitet.

  2. Skape grunnlag for vekst og verdiskaping i heile landet.

  3. Innovasjon og mangfald.

  4. Kompetanse, rekruttering og omdømebygging.

Arbeidet med Noreg som matnasjon går føre seg i regi av manga aktørar, mellom anna i samarbeid med dei andre matdepartementa, i koplinga mellom blå og grøn sektor, gjennom å utvikle det tradisjonelle jordbruket og auke sjølvforsyninga. Auka verdiskaping i jordbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske produkt og matspesialitetar er vektlagt i arbeidet med Matnasjonen Noreg og mat og reiseliv. Det er eit mål å auke omsetjinga av lokalmat vesentleg i åra framover. Arbeidet på lokalmatområdet er difor ein viktig del av å utvikle matnasjonen. Dette arbeidet blir følgt opp både gjennom tiltak innanfor Utviklingsprogrammet og gjennom nasjonale og regionale samarbeidsarenaer og verkemiddel.

Dei regionale Matgledekorpsa har vore i funksjon i nokre år i kvar landsdel. I 2024 er det eit eige Arktisk matgledekorps i Troms, Finnmark og Nordland. Korpsa er òg eit tiltak for å byggje Noreg som ein matnasjon. Dette arbeidet har vore i gang over fleire år og viser gode resultat. Arbeidet har bidrege til auka matglede blant bebuarar på institusjonar og auka kompetanse blant dei som lagar maten på desse institusjonane. Reduksjon av matsvinn og bruk av lokale råvarer og oppskrifter, er òg ein del av arbeidet til Matgledekorpsa. Dette, saman med arbeidet for å byggje sterke mat- og reiselivsregionar, vil stå sentralt i det vidare arbeidet.

Regjeringa la i 2024 fram eit Veikart for Reiseliv, ei løypemelding for arbeidet til regjeringa med reiselivspolitikken. Regjeringa vil bidra til at Noreg blir blant dei fremste berekraftige reisemåla i verda.

Stiftinga Norsk Mat har ei sentral rolle i utviklinga av Noreg som matnasjon. Stiftinga administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Spesialitet, og har ansvar for faktabasert informasjon om økologisk mat. Utviklinga i merkeordningane kan gi nyttig informasjon om korleis Matnasjonen Noreg utviklar seg. Auka verdiskaping i landbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske produkt og matspesialitetar, er vektlagt i arbeidet med Matnasjonen Noreg og mat og reiseliv.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Stiftinga Norsk Mat forvaltar. Norsk Mat har i 2023 vidareført utviklingsarbeidet med nytt KSL. I 2023 blei det gjennomført 5 509 KSL-revisjonar, og til saman 147 bedriftsrevisjonar fordelte på 33 for Nyt Norge, 75 for lokalmat.no, 30 for Spesialitet og 9 på frukt- og grøntpakkeri.

Ved utgangen av 2023 var 5 430 produkt frå til saman 132 ulike bedrifter godkjende for Nyt Norge-merket. Det er 610 fleire produkt enn i 2022. Norsk Mat har registrert tre feilmerkingar med Nyt-Norge-merket i 2023, og det blei innvilga ein dispensasjon. I 2023 blei det to nye kategoriar som kan nytte Nyt Norge-merket, joletre og viltkjøtt.

Kjennskapen til Nyt Norge-merket hos forbrukarane er framleis høg, med ein merkekjennskap på 94 pst., noko som gjer merkeordninga til den mest kjende i Noreg. Det var 32 produkt godkjende i Beskytta nemningar i 2023. Vidare er 581 produkt godkjende som Spesialitet. Forbrukarkjennskapen til Spesialitet har auka frå 33 pst. til 37 pst. i målgruppa matinteressert, og Norsk mat lanserte i 2023 nye nettsider for Spesialitet.

Bransjeportalen lokalmat.no koplar saman produsentar av lokalmat og innkjøparar i daglegvare- og restaurantmarknaden. Ved utgangen av 2023 var det 537 bedrifter med til saman 2 810 produkt registrerte i databasen og 578 innkjøparar.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Inntekts- og kostnadsutviklinga

Normaliserte rekneskap og budsjett for aktive jordbruksbedrifter frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at frå 2022 til 2024 er bruttoinntektene i jordbruket berekna å auke med om lag 7,3 mrd. kroner til 64,4 mrd. kroner, mens kostnadene (inkl. nominelle renter) er estimert å auke med 5,3 mrd. kroner til 49,6 mrd. kroner. Det inneber at årsresultatet for jordbrukssektoren frå 2022 til 2024 er berekna til å auke med 2,0 mrd. kroner til 14,8 mrd. kroner, eller 15 pst. 2023 var derimot eit krevjande år med eit årsresultat som var 1,3 mrd. kroner eller 10 pst. lågare enn i 2022. Desse tala er oppdaterte etter jordbruksoppgjeret 2024, og anslag for ekstra auke i inntekt i 2024 som følgje av auka i målprisar og tilskott i jordbruksoppgjeret 2024, er rekna inn.

Prisvekst internasjonalt og i Noreg gav vesentlege utslag gjennom auka kostnader i jordbruket i 2022 og 2023. Budsjettnemnda budsjetterer med at kostnadene til ikkje-varige produksjonsmiddel går noko ned i 2024, mens leige-, kapital- og rentekostnadene aukar. Kostnadene vil i 2024 kunne bli noko høgare enn i 2023.

Jordbruksoppgjera 2022 og 2023 bidrog til den sterke auken i bruttoinntekter gjennom direkte tilskott. Frå 2022 til 2024 aukar dei direkte tilskotta til jordbruket med 5 mrd. kroner, som tilsvarar 34 pst.

Det har òg vore inntektsvekst gjennom auka prisar og pristilskott. Målprisane blei auka i jordbruksoppgjera i 2022, 2023 og 2024. Det har også vore vekst i prisane som ikkje blir avtalt i oppgjeret, i hovudsak for kjøtt og egg, og særleg då i 2022. Det har det siste året vore ubalansar i marknadene for fleire produkt, mellom anna overskott av storfekjøtt og underskott av egg.

Den inngåtte jordbruksavtalen for 2024–2025 har ei økonomisk ramme på 3 015 mill. kroner. Med dette kan inntektsgapet til andre grupper bli redusert med 60 000 kroner per årsverk, på toppen av ei kronemessig lik utvikling som andre grupper.

Utvikling i produktivitet

Veksten i arbeidsproduktiviteten i jordbruket har vore høg i mange år. Dei siste ti åra var veksten i arbeidsproduktiviteten i gjennomsnitt 1,28 pst. årleg, ifølgje Budsjettnemnda, jf. tabell 9.1. Veksten i arbeidsproduktiviteten har vore klart fallande dei siste tiåra, mellom anna som følgje av at den lange trenden med reduksjon i tal bruk og at arbeidsforbruk har blitt svakare. Noko av veksten i arbeidsproduktivitet skuldast at arbeidskraft over tid blir bytta ut med kapital i produksjonen. Veksten i den samanvegne arbeids- og kapitalproduktiviteten, som gir uttrykk for kor mykje meir produktiv arbeidskrafta og kapitalen samla blir over tid, er rekna til i underkant av éin prosent i årleg gjennomsnitt i perioden 2013–2023.

Tabell 9.1 Produktivitetsutvikling 2013–2023 i jordbruket rekna på indeksar for bruttoprodukt

År

Arbeidsproduktivitet

Kapitalproduktivitet

Samanvegd arbeids- og kapitalproduktivitet

2013

100,0

100,0

100,0

2023

113,5

103,8

109,7

Årleg endring, pst.

1,28

0,37

0,93

Over lang tid har veksten i arbeidsproduktiviteten vore høgare i jordbruket enn for resten av økonomien. Gjennomsnittleg vekst i arbeidsproduktiviteten i Fastlands-Noreg dei siste ti åra var 0,8 pst., ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU). Det er ein del metodiske utfordringar ved å rekne på produktivitet, og det fører til at berekningane ofte er svært usikre.

Investeringar i jordbruket

Førebelse rekneskapstal frå totalkalkylen for jordbruket 2023 viser at dei samla bruttoinvesteringane i jordbruket var på nær 8,6 mrd. kroner. Av dette var 5,3 mrd. kroner investeringar i driftsbygningar. Målt i faste kroner utgjer dette 13 pst. nedgang i samla bruttoinvesteringar frå 2022.

Driftsgranskingane omfatta 908 bruk i 2022. Når ein ser på gjennomsnittlege bruttoinvesteringar per bruk regionvis, finn ein at dei største bruttoinvesteringane per bruk for 2022 var på Jæren, etterfølgt av andre bygder på Austlandet og i Trøndelag. Det er ikkje mange nok observasjonar per region i driftsgranskingane til å generalisere desse tala til heile jordbruket. Det er òg noko tilfeldig kva for år det blir investert på det enkelte bruk.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ei viktig verdikjede i Noreg. Denne næringa sysselset om lag 22 000 personar, og av desse er rundt 6 000 personar i skogbruket. Det blei i alt avverka rundt 11 mill. kubikkmeter tømmer for sal til industrien i 2023, ein nedgang på om lag 5 pst. frå året før. Det blei eksportert rundt 4 mill. kubikkmeter tømmer, ein nedgang på om lag 7 pst. frå året før. Den årlege tilveksten i skogen er på om lag 24,5 mill. kubikkmeter.

I 2023 blei det sett ut rundt 47,5 mill. skogplanter og utført ungskogpleie på litt over 271 000 dekar, om lag på nivå med året før. Markrivinga var på 88 400 dekar i 2023, ein oppgang frå året før. Det blei bygd om lag 103 km nye skogsbilvegar og ombygd 188 km eldre skogsbilvegar i 2023, ein nedgang frå året før.

Det er utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 4,5 mill. dekar skog i 2023. Skogeigarane har frivillig sett til side om lag 75 000 nøkkelbiotopar frå ordinært skogbruk – i hovudsak som ikkje-hogstområde. Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN) som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur, og dette systemet er teke i bruk og innarbeidd i MiS-kartlegginga. Departementet, Landbruksdirektoratet og MiS-prosjektet ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal framleis samarbeide om å følgje opp rapporten Den eldste skogen og nøkkelbiotopene og andre resultat og erfaringar frå forskinga og arbeidet med miljøregistreringane for å vidareutvikle og betre opplegget for registreringane.

10 Mål: Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og anna aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlag. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, leggje til rette for auka opptak av klimagassar og naudsynt tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga frå jordbruket. Nasjonalt miljøprogram samlar verkemiddel til støtte for miljøomsyn i jordbruksdrifta. Noverande nasjonalt miljøprogram og regionale miljøprogram har sine programperiodar frå 2023–2026. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremdriftsrettet jordbruksproduksjon er klima og miljø i større grad vektlagt i jordbruksoppgjera. Intensjonsavtalen med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket, med til saman 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Det er etablert ei rekneskapsgruppe som skal halde rekneskap over progresjonen i arbeidet. Første hovudrapport for klimaavtalen blei lagt fram våren 2024. I jordbruksoppgjeret 2024 blei klima-, natur- og miljø- innsatsen ytterlegare styrkt. Regjeringa legg vekt på arbeidet med grøn omstilling og å vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til sirkulær bioøkonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Satsinga i år skal bidra til å følgje opp intensjonsavtalen om klima med organisasjonane i jordbruket med styrking av kunnskapsgrunnlaget om klimatiltak og tilskottsordningar som bidreg til reduserte utslepp. Avtalen styrkjer ordningar som vil bidra til ein vesentleg auke i klima-, natur- og miljøinnsatsen i norsk jordbruk, både i form av målretta tiltak og forbetring av kunnskapsgrunnlaget, under dette vesentleg auke på ordningane Regionalt miljøprogram, SMIL-ordninga, tilskott til drenering, forsking og utvikling, Klimasmart landbruk og Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket. Vidare blei tiltak for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden og beitetilskotta òg prioriterte. Totalt blei avsetjinga til ordningar med klima- natur- og miljøverknad auka med 1 164 mill. kroner frå 2024 til 2025. Den totale avsetjinga til ordningar med klima-, natur- og miljøverknad for 2025 er 10 547 mill. kroner, jf. Prop. 105 S (2023–2024). Regjeringa har etablert Bionova som ein del av Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring, jf. omtale av Bionova under kap. 1152, post 70.

Regjeringa sin klimastatus og -plan, vedlegg til Prop. 1 S (2024–2025), ligg til grunn for regjeringa si satsing på auka opptak og reduserte utslepp frå skog- og arealsektoren. Regjeringa vil vidareføre tiltaka i skog med tilskott til tettare planting etter hogst, gjødsling og skogplanteforedling, og styrkje aktiviteten når det gjeld ungskogpleie i den grad det er rom for det innanfor budsjettet for 2025.

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar, og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde.

Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – Sammen for et klimarobust samfunn peikar på utfordringar og moglege løysingar som samfunnet, under dette landbruket, står overfor i møte med klimaendringane.

Regjeringa arbeider no med ei ny stortingsmelding om klima som er venta ferdig våren 2025. For nærare omtale av regjeringa sitt samla klima- og miljørelevante arbeid, sjå Prop. 1 S (2024–2025) frå Klima- og miljødepartementet.

Redusert forureining frå landbruket

Tiltak for å avgrense forureininga

Reduksjon av vassforureininga frå avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel, er sentralt for at vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år på grunn av variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrift. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt ein dårleg tilstand. Det har gjennom fleire år vore lagt vekt på å rette innsatsen mot dei areala der det er mest naudsynt å gjennomføre målretta tiltak. Dette kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Samla gjennomføring av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal med meir i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dyrka areal, men ikkje tilsvarande det som har vore forventa effekt av tiltaka. Resultata frå analyse av 25 år med overvakingsdata i JOVA-programmet til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), viser at nedbør og temperatur er av dei avgjerande faktorane som avgjer jord- og fosfortap, og at det er effekt av jordarbeiding på fosfortap og fosforkonsentrasjonar. Effekten er størst når det er mykje nedbør, stor avrenning og store jordtap. NIBIO viser til at jord- og fosfortap i eit nedbørfelt blir påverka av mange faktorar som bidreg til å tilsløre effekten av jordarbeiding.

Jordbruksoppgjera i 2022 og 2023 innebar begge ei ytterlegare kraftfull satsing på vassmiljøtiltak i område som drenerer til Oslofjorden, «Oslofjordfylkene» (Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold, Innlandet og Vestfold og Telemark). I tillegg er det frå 2023 innført forskrift om regionale miljøkrav for jordbruket i store delar av Akershus og Østfold. Tiltaket «Ingen jordarbeiding om høsten» blei gjennomført på om lag 1,8 mill. dekar hausten 2023. Dette var ein auke på 426 000 dekar frå 2022.

Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Det blei innvilga om lag 90 mill. kroner til gjennomføring av dreneringstiltak i 2022. Auka tilskottssatsar frå 1. juli 2023 førte til ein vesentleg auka aktivitet frå midten av 2023. Basert på tilskottsdata blei om lag 56 000 dekar drenert i 2023, noko som er 17 000 dekar meir enn året før. Utbetring og oppgradering av hydrotekniske anlegg har vore ei prioritering over fleire år. Det bidreg til redusert avrenning og tilpassing av areala til eit klima med meir vatn og meir ekstrem nedbør. Sidan ordninga blei innført i 2013/2014, er det innvilga tilskott til drenering av meir enn 520 000 dekar jordbruksareal.

Nitrogengjødsel frå mineral- og husdyrgjødsel er avgjerande for plantevekst, men samstundes ei kjelde til skadelege utslepp av ammoniakk (NH3), lystgass og nitrat. Rett spreiemengd, spreietidspunkt og spreiemetode er difor sentralt for å få ned utsleppa. I 2023 blei det gjennomført tiltak på miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel på om lag 2,6 mill. dekar.

Salet av plantevernmiddel varierer frå år til år mellom anna på grunn av klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. Dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnaden av plantevernmiddel er berekna helserisiko for 2023 redusert til 92 pst. av 1996/1997-nivået, mens berekna miljørisiko er redusert til 83 pst. av 1996/1997-nivået.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

Reduserte utslepp av klimagassar

I juni 2019 inngjekk regjeringa Solberg, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ein intensjonsavtale om klimamål for jordbruket. Avtalen handlar om utsleppskutt og auka opptak, som samla skal utgjere 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen mellom jordbruket og staten seier at partane òg skal følgje utsleppa av dei ulike klimagassane separat. Den viktigaste oppgåva for jordbruket i klimasamanheng er å redusere utsleppa frå jordbruket utan at klimaomstillinga fører til karbonlekkasje, det vil seie å redusere utsleppa per produserte eining. Klimaavtalen ligg til grunn for omtalen av jordbruk i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, og vil også liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Regjeringa arbeider nå med ei ny stortingsmelding om klima, som er venta ferdig våren 2025. Det er etablert ei rekneskapsgruppe som følgjer opp klimaavtalen.

Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2023 på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde om lag 9,7 pst. av dei samla norske utsleppa1. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 10,4 pst. frå 1990 til 2023. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Om lag 97 pst. av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen er metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau, og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av auka produktivitet i mjølkeproduksjonen, og redusert bruk av gjødsel er blant hovudårsakene til nedgangen i utsleppet frå jordbruket.

Ein stor del av utsleppa frå jordbruket er den kortliva gassen metan. Fordi metan er ein kortliva klimagass er det i hovudsak utsleppa dei siste tiåra som avgjer kor stor oppvarmingseffekten av gassen er. Stabile eller svakt fallande utslepp bidreg ikkje til ytterlegare oppvarming. Problemet med kortliva gassar er at dei har stor verknad den tida dei er i atmosfæren. Av den grunn har kvar auke i utslepp eller kutt i utslepp ein raskare, men samstundes meir forbigåande, verknad på temperaturen. Denne verknaden held seg difor berre så lenge auken i utsleppa eller kutt i utsleppa held fram. Dette til forskjell frå langliva gassar som til dømes CO2. CO2 blir ikkje brote ned, men hopar seg opp i atmosfæren til utsleppa blir tekne opp i havet eller på landjorda. Det inneber at CO2-utslepp bidreg til ytterlegare oppvarming til utsleppa er redusert til netto null.

For å nå eit særskild temperaturmål kan det vere naudsynt å kutte utsleppa av kortliva gassar ned til eit nytt nivå, men vi treng ikkje nødvendigvis å redusere utsleppa til null. Modellberekningar frå FNs klimapanel peikar på at CO2-utsleppa globalt må kuttast til netto null, mens utsleppa av metan må reduserast med minst 35 pst. for å nå 1,5-gradersmålet. Dei globale utsleppa av metan har dei siste ti åra auka raskt.

Når myr (organisk jord) blir dyrka, blir karbon- og nitrogenhaldig materiale gradvis brote ned og gir utslepp av klimagassar. Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2020 i forskrift eit forbod mot nydyrking av myr, men slik at kommunen kan tillate dyrking av myr når særskilde vilkår er oppfylte. Gjennom Stortingets handsaming av eit representantforslag, Dokument 8: 288 L (2020–2021), vedtok Stortinget endringar i reglane i jordlova om nydyrking. Lovvedtaket blei sanksjonert 11. juni 2021, men reglane blei ikkje sette i kraft. Stortinget bad i vedtak nr. 928, 16. juni 2023 regjeringa om å leggje fram forslag om å oppheve det nemnte lovvedtaket. Slikt forslag blei lagt fram for Stortinget i Prop. 79 L (2023–2024), og forslaget blei vedteke, sjå lov 14. juni 2024 nr. 37.

Auka opptak av CO2 og karbonlagring i skog og jord

I 2022 stod norske skogar for eit nettoopptak på 17,9 mill. tonn CO2 (National inventory report 2024). Når alt anna areal er teke med, blir nettoopptaket om lag 13,7 mill. tonn, noko som svarar til om lag ein tredjedel av dei samla norske utsleppa av klimagassar. Tala dei to siste åra viser ein vesentleg nedgang frå 2020, først og fremst på grunn av metodiske endringar i berekningane.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Tømmerhogsten i Noreg har òg auka dei siste åra. Omfanget av skogforynging har mykje å seie for tilveksten i skogen i framtida, og såleis òg for karbonopptaket. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. Som følgje av generelt lågare investeringar i skogbruket dei siste tiåra, viser netto karbonopptak i eksisterande skog ein nedgåande trend.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Auka bruk av tre i varige konstruksjonar er eit grunnlag for landbasert industriutvikling i alle regionar, og er ei av løysingane for å redusere klimagassutslepp i byggjenæringa. Bioøkonomiordninga under Bionova kan støtte prosjekt som bidreg til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring, og som bidreg til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav.

Resultatet frå arbeidet knytt til trebygg, er auka kompetanse om bruk av tre i store konstruksjonar i Noreg og vekst i marknadsdelar for tre i fleire kategoriar bygg, som oppvekst- og undervisningsbygg, næring, helse og idrett og studentbustadar. Veksten i desse marknadene gir grunnlag for fleire industrialiseringsprosjekt, med vekt på effektivisering, digitalisering av produksjonsprosessar, ny eller betre utnytting av restråstoff, ombruk og gjenbruk av materiale og nye fabrikkar. Kompetansen og produkta frå dette arbeidet er etterspurde internasjonalt. Innovasjon Norge har starta opp eit større profilerings- og samspelsarbeid knytt til moglegheiter i fleire marknader basert på arkitektur, ingeniørkunnskap, digitale verktøy og produkt. Parallelt blir det bygd vidare på bedriftsnettverk og klynger innanfor skog- og trenæringa. Sidan 2020 er det blitt gitt eit ekstra tilskott til investering i landbruksbygg i tre over investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket for å premiere landbruksbygg som har tre som byggjemateriale. Denne ordninga blir avslutta i 2025. I 2023 blei det løyvd 140,4 mill. kroner til 52 utviklingsprosjekt i biobaserte verdikjeder.

Produksjon og bruk av bioenergi

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket som Bionova forvaltar, gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg basert på bioråstoff og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi, både kraft og varme. Eit anna mål for ordninga er å teste ut ny teknologi som kan gi reduserte klimagassutslepp og auka konkurransekraft for landbruket. Programmet bidreg til meir miljøvenlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi framover. Dei siste åra har det vore ein sterk auke i talet på prosjekt. I 2023 blei det gitt støtte til 715 prosjekt over programmet, 338 fleire enn i 2022. Løyvinga til programmet auka sterkt i 2023 for å kunne tette eit stort gap mellom talet på søknader og innvilga prosjekt. I den tida programmet har eksistert, er det i alt etablert 3 238 gardsvarmeanlegg, 56 anlegg i veksthus, og 300 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 712 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk er òg eit prioritert område innanfor programmet. Det er etablert fleire pilotanlegg for kombinert behandling av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall. Utvikling av driftssikre løysingar, lågare etableringskostnader og betre driftsøkonomi gjer det no mogleg å oppnå tilstrekkeleg lønsemd for slike anlegg. Lønsemda for anlegg som involverer solceller (reine eller i kombinasjon med andre energikjelder) er blitt så god at tilskott til slike anlegg er avvikla. Det er likevel ei opning for å søkje støtte til nye konsept der solceller, batteri, styringssystem og andre fornybare energikjelder blir nytta i kombinasjon.

Målområdet for verdiskapingsprogrammet er utvida til å gi tilskott til investering i ny teknologi som skal gi ein meir klima- og miljøvenleg produksjon. Dette skal skje samordna med andre program under Bionova. Det er eit mål å få til ei breiare tilnærming til teknologi enn berre «mobile einingar», og at ein skal få ta i bruk ny teknologi raskare for å redusere miljø- og klimabelastningar.

Produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi vil kunne gi ein klimagevinst i tillegg til utsleppsreduksjonen frå jordbruket knytt til energiproduksjonen. Det er estimert at fornybarprogrammet bidreg med ein samla årleg reduksjon i klimagassutsleppa på om lag 134 000 tonn CO2.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sitt areal- og ressursgrunnlag

Nydyrking og omdisponering av areal

Ny jordvernstrategi blei lagt fram for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.). Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Målet skal vere nådd innan 2030. Regjeringa vil følgje opp den nye strategien.

Jordvernstrategien inneheld ei rekkje nye tiltak, mellom anna å greie ut ein heimel i jordlova for vern av viktige jordbruksareal, å utvikle eit sentralt register for viktige jordbruksareal av nasjonal interesse, å utvikle ein jordbruksarealrekneskap, som kan bli ein del av ein nasjonal arealrekneskap og å etablere eit nytt kartlag for dyrkbar jord. Strategien inneheld òg fleire tiltak med sikte på å redusere landbruket si eiga nedbygging. For 2023 viser KOSTRA-tala frå SSB at det blei omdisponert 2 740 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, noko som er den lågaste omdisponeringa sidan registreringa blei starta i 1967. Omdisponeringa av dyrkbar jord var på 3 955 dekar, noko som er den tredje lågaste omdisponeringa sidan denne KOSTRA-rapporteringa starta i 2005. I 2023 blei heile 505 dekar dyrka jord ført tilbake til landbruksformål, noko som er det høgaste talet sidan registreringa starta i 2019.

KOSTRA-tala viser nok ein vesentleg reduksjon i godkjent areal for nydyrking i 2023, og til det lågaste nivået sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005. I 2023 blei det gitt løyve til å nydyrke 9 947 dekar, mot om lag 15 900 dekar i 2022, 18 100 dekar i 2021, 21 600 dekar i 2020 og heile 28 100 dekar i 2019. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 20 000 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Økologisk produksjon og forbruk

I økologisk produksjon blir det stilt ekstra krav til miljø og dyrevelferd i produksjonen. Økologiske driftsformer utan bruk av kjemisk-syntetiske plantevernmiddel og mineralgjødsel, i kombinasjon med vekstskifte, har positiv verknad for biologisk mangfald, jordkvalitet og jordstruktur. I tillegg kan erfaringar og kunnskap frå økologiske driftsformer overførast til det konvensjonelle jordbruket. Regjeringa si satsing på økologisk jordbruk tek utgangspunkt i Nasjonal strategi for økologisk jordbruk.

Delen føretak med økologisk produksjon har vore relativt stabil på 5 pst. dei siste åra. Det økologiske arealet utgjorde 410 922 dekar i 2023, om lag 4,7 pst. av det samla jordbruksarealet (medrekna areal under omlegging). Dette er på om lag same nivå som det har vore dei siste åra. Det var ein kraftig nedgang i produksjonen av økologisk korn, erter, oljefrø og åkerbønner samanlikna med sesongen året før. Dette kjem av tørke på forsommaren og store nedbørsmengder, noko som førte til svært låge avlingsnivå i både konvensjonell og økologisk kornproduksjon. Produksjonen av økologisk mjølk var på 41,8 liter i 2023, 6,5 pst. mindre enn året før. Delen som blei seld vidare som økologisk vare, auka med 8 prosentpoeng samanlikna med året før.

Omsetnaden av økologiske landbruksvarer i daglegvarehandelen var på 2,5 mrd. kroner i 20232. Dei største varekategoriane i daglegvarehandelen er tørrvarer, meieriprodukt, fersk frukt og grønt og drikkevarer. Utviklinga i salet av økologiske varer i andre salskanalar enn daglegvare, har vore flat eller svak nedgang frå 2022 til 2023. Grunna den generelle prisauken på matvarer går Landbruksdirektoratet ut frå at det ikkje har vore nokon vekst målt i volum, men heller ein svak nedgang.

Genressursane i landbruket

Det genetiske mangfaldet i landbruket gir høve til å justere, forbetre og tilpasse produksjonen til endringar i klima, sjukdomstrykk, produksjonsvilkår og forbrukarpreferansar. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit av tiltaka for å utrydde svolt. I Noreg blir Nasjonal strategi for bevaring og bærekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk, Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk frå 2019, lagd til grunn for oppfølginga av berekraftsmålet.

Ein nasjonal tiltaksplan for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk for 2024–2028 operasjonaliserer den nasjonale strategien ved å avklare vårt nasjonale ansvar, gi prioriteringar for arbeidet og synleggjere rolla og oppgåvene til aktørane. Tiltaksplanen gjer greie for kva genressursar som er bevaringsverdige i Noreg og skisserer eit heilskapleg nasjonalt bevaringsprogram for desse. Planen identifiserer også tiltak for berekraftig bruk, auka kunnskap og formidling og samarbeid med andre land.

I Noreg er 37 av dei 49 nasjonale husdyrrasane rekna som verneverdige. Den samla summen av avlsdyr innanfor dei verneverdige husdyra aukar jamt for kvart år. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. I 2023 er det ikkje lenger nokon verneverdige husdyrrasar som er karakterisert som kritisk truga. Også innanfor dei husdyrrasane som ikkje er truga, blir det lagt vekt på berekraftig avl som sikrar det genetiske mangfaldet i populasjonane.

I 2023 var det i alt 27 klonarkiv og feltgenbankar som bevarte meir enn 6 000 aksesjonar av frukt, bær, grønsaker, potet, medisin- og krydderplanter, prydplanter og grøntanleggsplanter. I 2023 er 18 bevarings- og tradisjonssortar oppførte på den norske plantesortslista. Det er òg oppretta ein bruksgenbank for gamle sortar av korn og grønsaker der interesserte bønder kan få materiale til bruk og foredling. Gjennom drifta av Nordisk genressurssenter (NordGen), under Nordisk ministerråd, samarbeider Noreg med dei andre nordiske landa om bevaring av nordiske plantesortar som kan frøformeirast.

Om lag 30 artar av skogtre høyrer naturleg heime i Noreg. Genetiske ressursar hos skogtre blir tekne vare på in situ, det vil seie i sine naturlege vekseområde. For å nå målsetjinga om at genetisk variasjon i alle heimlege treslag skal bevarast i heile utbreiingsområdet, er det etablert 32 bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar i Noreg. Dette omfattar 24 bevaringsområde etablert i utvalde verneområde nord til og med Nordland og 8 dynamiske bevaringsområde for tidlegare foredlingsmateriale av gran. Til no er det etablert bevaringsområde for treslaga alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, vintereik, spisslønn, villeple og gran.

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar. Det er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. I 2023 sende 41 genbankar 71 895 nye frøprøver til frøkvelvet for langtids sikringslagring. Ved utgangen av 2023 sikrar kvelvet på Svalbard 1 267 127 sikkerhetskopiar av frø frå i alt 102 institusjonar verda over. Om lag halvparten av alt mangfald av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv. Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, og støttar samstundes opp om arbeidet for bønder sine rettar med sikte på å styrkje lokal forvaltning av plantegenetisk mangfald.

God agronomi

God agronomi er viktig for å ta ut avlingspotensialet, heve kvaliteten i produksjonen og for å redusere klima- og miljøbelastninga frå landbruket. For å leggje til rette for berekraftig produksjon av nok og trygg mat over heile landet, trengs oppdatert kunnskap om agronomi, klimatilpassing og miljøomsyn både hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon. Klimaendringane, med meir nedbør, flaum, tørke og truslar frå ulike skadegjerarar, forsterkar kravet til god agronomi. For å lukkast må vi tenkje nytt omkring driftsmetodar og utvikle plantemateriell som toler eit våtare klima, og som er meir robust mot sjukdom og skadegjerarar.

Forsking på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Dei seinare åra er det finansiert fleire forskingsprosjekt på området, til dømes Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) sitt prosjekt «Mangfold i dyrkingssystemer for klimasmart bærekraft – springbrett i nordisk og baltisk landbruk». Målet med prosjektet er å finne fram til fordelar og ulemper ved artsblandingar, slik som vårbygg, havre og belgvekstar, og om dette er nøkkelen til ein meir klimasmart og berekraftig måte å dyrke på. Nye måtar å kombinere kulturvekstar i nordisk landbruk skal prøvast ut i felt med tanke på avling, karbonlagring i jord, effektivitet i opptak av næringsstoff og artsmangfald i jorda. Kunnskap og praksis til beste for jordsmonn og jordhelse blir òg følgt opp gjennom norsk deltaking i EUs samfunnsoppdrag om jordhelse (Mission soil).

I tillegg til kunnskap innan agronomi, jordhelse, og sortsutvikling, vil utvikling og bruk av ny teknologi vere sentralt for å møte dei utfordringane vi står framfor. Ved Senter for presisjonsjordbruk ved NIBIO Apelsvoll blir det utvikla og testa teknologiske løysingar for jordbruket i dag og i framtida. I prosjektet PRESIS (Presisjonsjordbruk ut i praksis – forskningsbasert utvikling og kvalitetssikring av klimavennlige tjenester som er lønnsomme for bonden), finansiert over jordbruksavtalen, er hovudmålet å utvikle eit heilskapleg system som skal sørgje for at norske bønder får tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester som er godt testa og tilpassa norske forhold. Ein viktig del av prosjektet er å skreddarsy brukarstøtte og rådgiving for dei nye tenestene som blir tilbydde. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norsk Landbruksrådgiving (NLR). NLR har rolla som fagleg bindeledd mellom forsking og landbruket med tanke på å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Det er eit mål å vareta og utvikle kulturlandskapet. Over jordbruksavtalen er det sett av midlar gjennom miljøprogramma, der mellom anna regionale prioriteringar ligg til grunn for tiltak for å ta vare på viktige miljøverdiar. Tilskott til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket bidreg til å ta vare på særskilde landskap over heile landet, med stort biologisk mangfald i tillegg til kulturminne og kulturmiljø. Saman med midlar frå Klima- og miljødepartementet blir 51 ulike landskap tekne vare på gjennom ordninga. I 2024 er det 15 år sidan dei første 20 landskapa blei valde. Dei respektive kommunane er tett på forvaltninga ved mellom anna å administrere tilskott. For å støtte landbruket og oppretthalde kulturlandskapet i verdsarvområda Vegaøyan, Vestnorsk fjordlandskap og Røros Bergstad og Cirkumferensen inkludert buffersona, er det òg sett av særskilde midlar. Desse midlane kjem i tillegg til midlane frå Klima- og miljødepartementet.

Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap) er ei nasjonal utvalskartlegging som dokumenterer arealbruk, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og tilgjengelegheit i jordbrukslandskapet. Utvalet er sett saman av flater spreidde over heile landet. Programmet inkluderer feltarbeid på eit utval av flater for å registrere fuglar, planter, humler og dagsommarfuglar, bygningsmiljø og kulturminne, og for å dokumentere landskapet sin utsjånad ved hjelp av fotografi.

3Q-registreringane har dokumentert endringar i jordbrukslandskapa i Noreg gjennom 25 år. Det er ei rekkje faktorar som påverkar jordbrukslandskapet. Kva for produksjonar som blir drivne og korleis det blir drivne har, saman med politikk og støtteordningar, stor innverknad på landskapets innhald og utforming. Det har igjen innverknad på ei rekkje andre forhold slik som til dømes artsmangfaldet.

Programmet viser at det dei siste 25 åra ikkje har skjedd store og dramatiske endringar på nasjonalt nivå, men det er synlege endringstrendar regionalt. Overvakinga dokumenterer at nokre område er prega av nedlegging, mens andre blir forma av nydyrking og ny bruk. Resultata tydeleggjer ein tendens til aukande ulikskap mellom regionar i Noreg, mellom anna når det gjeld tap av jordbruksareal. Programmet sine nyaste tal viser at jordbrukslandskapet uansett er dynamisk, og det er teikn til redusert nedbyggingstakt i enkelte regionar. Det er framleis ein tendens til at jordstykka blir større i mange delar av landet, noko som minkar variasjonen.

Overvakinga viser òg at jordbrukslandskapet i stor grad tek vare på mange av dei karakteristiske landskapselementa som til dømes steinrøyser, steingjerde og einslege tre. Samstundes skjer det ei nyopning av fleire grøfter og bekkar, og somme stader kjem også nye dammar til, moglegvis som ei tilpassing til eit klima i endring.

For fleire av dei fuglane som har tilhald i jordbrukslandskapa er trenden ein tydeleg nedgang i tal par som hekkar. For fuglar, humler og dagsommarfuglar viser resultata at landskap med meir variasjon generelt har fleire artar.

Nasjonal pollinatorstrategi, blir følgd opp på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det lagt til rette for tilskott for tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir òg følgde opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Handlingsplan for plantevernmiddel, SMIL og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving formidlar kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet. Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021–2028) presenterer statens samla innsats innan og mellom sektorane. Tiltak i landbruket er tilskott til frøavl av norske villblomblandingar over jordbruksavtalen, overvaking av pollinatorar i jordbrukslandskap og auka kunnskap om verdien av skog for pollinerande insekt.

Regjeringa følgjer opp Strategi for urbant landbruk (2021). At fleire i samfunnet får kunnskap om matproduksjon og at fleire areal i byar og tettstadar blir haldne i hevd, gir lokalt eigarskap til matjorda, og bidreg til matsikkerheit og beredskap.

11 Mål: Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Ein sterk og tillitsbasert offentleg sektor

Ei effektiv forvaltning ligg til grunn for departementet og dei underliggjande verksemdene sitt arbeid. Det viktigaste tiltaket for effektivisering er digitalisering av tenester og oppdatering av verktøy som blir nytta i løysinga av oppgåvene. Vidare ligg tillitsreforma til grunn for arbeidet. Som del av tillitsreforma har Mattilsynet og Landbruksdirektoratet mellom anna tiltak knytta til brukardrive utviklingsarbeid, implementering av ny prosess knytt til planlegging, gjennomføring og oppfølging av den offentlege kontrollen og samhandling mellom direktorat og statsforvaltarane.

Digitalisering

Digitalisering av tenester og interne arbeidsprosessar er ein integrert del av regjeringa sitt arbeid med å fornye og utvikle offentleg sektor. Landbruks- og matsektoren skal halde fram med å tilby brukarvenlege digitale tenester. Digitale tenester skal bidra til å gi innbyggjarar og næringsdrivande ein enklare kvardag, samstundes som dei kan leggje til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Digitale tenester kan òg leggje til rette for auka verdiskaping, kvalitet, tillit til offentlege tenester og demokratisk deltaking. Å leggje til rette for deling av offentlege data skal òg kunne danne grunnlag for ny næringsverksemd. Digitalisering av interne arbeidsprosessar kan gi innsparingar og betre utnytting av ressursane, i tillegg til å auke kvaliteten.

Digitalisering i Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet sitt mål er å vere ein effektiv og brukarretta organisasjon som leverer gode tenester til brukarane, har høg grad av tillit og finn nye løysingar på utfordringane i samarbeid med brukarane. Digitalisering er eit sentralt verkemiddel for å lukkast med dette.

Direktoratet utviklar kulturen og kompetansen for å lukkast med innovasjon, der ein har mot til å tenkje nytt, og søkjer nye former for samarbeid både med offentlege og private aktørar. Direktoratet har i 2023 teke i bruk nye metodar og verktøy som involverer brukarene. Det er etablert læringsarenaer for ny arbeidsmetodikk, og det blir arbeidd med å forenkle og standardisere regelverk for å gjere det meir brukarvenleg og effektivisere digitaliseringa.

Landbruksdirektoratet har i 2024 lansert ReinDig, som er eit nytt digitalt system for reindriftsnæringa. Reindriftsnæringa kan no levere melding om reindrift og sende søknad om direkte tilskott digitalt, også frå mobiltelefon. Nye system vil bidra til å gjere reindriftsforvaltninga meir effektiv og sikre lik handsaming av like saker. Dette er eit stort framsteg i å leggje til rette for gode tenester for reindriftsnæringa.

Gjennom vidareutvikling av fagsystemet Agros har direktoratet fått på plass nye digitale tenester for erstatningsordningane etter offentleg pålegg i plante- og husdyrproduksjon. Ordninga tilskott ved produksjonssvikt blei utvikla for vekstgruppene frukt, grovfôr med husdyrproduksjon og dessutan korn og anna frø til modning. Dette var eit viktig grep for å sikre ei digital løysing for vekstgruppene som var ramma av tørke og store nedbørsmengder i 2023. Med Agros har melding av skade og søknad om tilskott blitt forenkla. Gjennom tørke- og flaumkrisa i 2023 har dei nye løysingane vist seg å vere effektive og i stand til å handtere store søknadsmengder.

I 2022 fekk direktoratet i oppdrag å etablere ei ordning for å kompensere for auka straumutgifter i veksthusnæringa og jordbruket. Då det blei vedteke at ordninga skulle forlengjast ut 2024, blei det naudsynt å effektivisere løysinga for å forbetre brukaropplevinga og for å sørgje for raskare utbetaling av tilskott til 18 000 brukarar. Den nye løysinga blei sett i drift i november 2023.

Eit viktig verktøy for direktoratet sitt mål om å vere eit datadrive forvaltningsorgan, er etableringa av ei skybasert plattform for datadeling i 2022. Datasetta som direktoratet legg ut på data.norge.no er eit av dei mest nytta opne datasetta i landet. I 2023 blei satsinga ført vidare og det blei tilgjengeleggjort ein demonstrator for atomberedskap som viser spreiingsbanen av atomutsleppet med visualisering av ramma landbrukseigedommar med grad av radioaktiv påverknad. I tillegg kan ein nå finne data og statistikk for utviklinga for norsk landbruksbasert næringsmiddelindustri, og dessutan visning av statistikk og historiske tidsseriar for produksjonstilskott.

I 2023 arbeidde direktoratet tett med Landbrukets Dataflyt (LDSA) med å klargjere for at LDSA kunne ta over generering av nye produsentnummer. Direktoratet og LDSA har laga nye «maskin-til-maskin»-tenester og samarbeidd om informasjon og kommunikasjon med både næring og forvaltninga. Arbeidet har vore ein suksess. 15. november 2023 overtok LDSA ansvaret for produsentnummeret frå Landbruksdirektoratet.

Overføringa av forvaltningsansvaret for haustbare viltressursar inneber overføring av ein omfattande IT-portefølje frå Miljødirektoratet til Landbruksdirektoratet. Ei vellukka overføring av IT-porteføljen er ein viktig suksessfaktor for overtakinga av fagområdet. Landbruksdirektoratet har i 2023 kartlagt heile IT-porteføljen på området i samarbeid med Miljødirektoratet. Det har gitt direktoratet eit solid grunnlag for å arbeide vidare med overtaking av IT-porteføljen i 2024.

Direktoratet har hausten 2023 delteke i konseptutgreiinga om nasjonalt skifteregister. Prosjektet er eit initiativ frå aktørane i OPS-landbruk. Arbeidet med eit nasjonalt skifteregister vil leggje premissar for korleis digitale karttenester retta mot landbruket bør utformast framover. Direktoratet bidreg aktivt i OPS-landbruk, og deltek både i styringsgruppa og ressursgruppa.

Digitalisering i Mattilsynet

Mattilsynet har i lang tid hatt merksemd på å effektivisere og forbetre drifta. Trygg og kostnadseffektiv elektronisk datafangst og datadeling og god datakvalitet, er ein kritisk suksessfaktor for effektiviseringa av Mattilsynet dei neste åra. Digital teknologi bidreg til meir effektiv brukardialog og utvikling av nye effektive metodar som Mattilsynet kan nytte i det offentlege kontrollarbeidet.

For å få fortgang på digitaliseringsarbeidet har Mattilsynet etablert produktteam. Produktteama er tverrfaglege og har ansvaret for ulike fagdomene. Innanfor sitt område skal dei levere gode verktøy og betre tenester for interne og eksterne brukarar, i tillegg til å vere med på å endre måten Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget på. Arbeidet har allereie ført til gode resultat. Å ha dedikerte utviklingsressursar med inngåande innsikt i fagområda er av stor verdi. Det er klare fordelar av å ha fleire eigne tilsette som løyser digitaliseringsoppgåvene, mellom anna blir kompetansen og kva ressursar Mattilsynet har tilgjengeleg meir føreseieleg.

Brukarretta digitale tenester er ein av grunnpilarane i den digitale utviklinga av Mattilsynet. Tidlegare har tenestene i hovudsak vore nettsidene og skjematenestene. Nå utviklar eller vidareutviklar Mattilsynet tenester der brukarane kan løyse utfordringar betre, mellom anna korleis dei melder inn bekymringsmeldingar, eller som direkte effektiviserer kvardagen deira, noko Mattilsynet har tilrettelagt for gjennom elektroniske eksportsertifikat.

I tillegg vil det bli arbeidd med avanserte analysar og datadriven automatisering for å hjelpe og effektivisere kvardagen til medarbeidarane i organisasjonen. Dette vil gi betre og meir effektiv kontroll, som òg vil komme næringslivet til gode gjennom moglegheita for mellom anna meir automatisert innhenting av data.

Digitalisering i Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) tilbyr ei rekkje nettbaserte tenester som har sitt opphav i instituttet si forsking og kunnskapsutvikling. Dette er ulike digitale plattformer, nettløysingar og verktøy som skal forenkle kvardagen til aktørar innan næringsliv og forvaltning. I stor grad handlar tilboda om geografisk informasjon.

Digitale data frå NIBIO inngår òg i tenester som andre tenesteytarar leverer. Instituttet sine digitale tenester er av stor verdi for driftsplanlegging, dokumentasjon av tilskottsrettkomme areal, klimatilpassing, potensial for ulike sortar, miljø- og gjødselplanar på den enkelte eigedom og som støtteinformasjon i radiobjøllesystem. Ved å tilby informasjonen samla gjennom brukarvenlege tenester på internett, får næringsdrivande tilgang til oppdatert informasjon i ei døgnopen teneste. I tillegg gir eit einskapleg kartgrunnlag rett fordeling av tilskott på tvers av kommunar og fylke. Samstundes kan landbruksrådgivinga utføre sine oppgåver med høg kvalitet og effektivitet.

Kilden er hovudkartløysinga til NIBIO. I 2023 blei Kilden plassert på ei ny plattform som gir auka fleksibilitet knytt til utvikling av ny funksjonalitet. Den nye versjonen er betre tilpassa universell utforming, og har eit forbetra design basert på erfaring og innspel frå brukarane.

Det nasjonale skogressurskartet SR16, som ligg på Kilden, er forbetra. Dekningsområdet er utvida til å omfatte all skog i heile landet. Eit betre tilbod har ført til ein sterk auke i bruken av SR16 i skognæringa, forsking og forvaltning. Betre skogressurskart reduserer kostnadene med å utarbeide skogbruksplanar vesentleg.

NIBIO har starta utvikling av eit brukarstøtteverktøy innan nematologi (læra om nematoder/rundormer). Dette blir gjort ved å tilpasse den internasjonale databasen Best4Soil til norske forhold, slik at norske dyrkarar får eit digitalt verktøy for planlegging av vekstskifte. I 2023 blei ein første versjon tilgjengeleg på norsk. I databasen blir det lenka direkte til Plantevernleksikonet for informasjon knytt til den enkelte nematode. Databasen blir tilgjengeleg på NIBIO sine temasider i løpet av 2024.

Skogskader.no er eit arkiv og rapporteringsverktøy for skogskadar som NIBIO har det nasjonale ansvaret for. Her finst informasjon om meir enn 200 ulike skadetypar og kartfesta førekomstar av skadar. Det kjem inn drygt 1000 rapportar om skogskadar årleg, og databasen inneheld nå over 16 000 rapportar totalt. Data frå verktøyet blir brukt i den årlege skogskaderapporten og i det internasjonale samarbeidet på fagfeltet. I 2023 starta eit naudsynt arbeid med oppgradering av sidene.

I 2023 har NIBIO utvikla ein kartbasert klimagasskalkulator for berekning av utslepp og opptak av klimagassar frå arealbruk og arealbruksendringar. Der er det mogleg å sende inn kommuneplanar eller reguleringsplanar for å berekne utsleppa ved realisering av planar. Det er også mogleg å teikne inn eit område. NIBIO har utvikla kalkulatoren i samarbeid med Vestfold og Telemark fylkeskommune og ei rekkje kommunar.

Digitalisering i Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) arbeider kontinuerleg for tenesteutvikling og digitalisering av verksemda, både for betre samhandling med kundar og oppdragsgivarar og for å betre instituttet sine eigne kunnskapssystem.

Målet med digitaliseringa er å leggje til rette for auka verdiskaping og innovasjon, i tillegg til å medverke til auka samhandling og produktivitet, både internt og eksternt. Digitale verktøy kan bidra til at forvaltninga får raskare laboratorieresultat, saumlaus overføring av data, auka digital kunnskapsproduksjon og -formidling. Satsingsområdet digital transformasjon er høgt prioritert ved Veterinærinstituttet.

I 2023 blei digitaliseringsarbeidet ved instituttet organisert i eit program, StratDigi. Digitaliseringsprogrammet varer førebels fram til 2028. Programmet omfattar dei prioriterte satsingsområda og prosjekta instituttet har. Programorganiseringa skal styrkje prosjekta med ressursar i form av leiing, prosjektmetodikk og tilsette med kritisk IT-kompetanse. Dei fire prosjekta som blei oppretta eller vidareførte i programmet var; VIDAR – innkjøp av nytt laboratorieinformasjonssystem, DIGIFISK – dataintegrasjonsplattform og modernisering av den blå prøvereisa, HELSEDATA – auke i tilgjengelegheit av data til analyse og tenesteproduksjon og SIBYL – sekvenseringsdata.

Digitaliseringssatsinga til instituttet bidreg til tenesteutvikling knytt til tema som beredskap, overvaking og forvaltning i tillegg til forskingsutvikling. Utviklinga gjeld store delar av det digitale systemet til instituttet, og det er behov for integrasjon av fleire interne system mot kvarandre og mot andre eksterne system.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Departementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor, og ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og -sikkerheit. Ei sentral oppgåve i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å oppretthalde og redusere risikoen for at det skjer uønskte hendingar i den kritiske samfunnsfunksjonen.

Sikkerheit og samfunnstryggleik i LMD

Våren 2023 blei felles IKT-plattform for departementa råka av eit dataangrep, og Landbruks- og matdepartementet blei som eit av 12 departement ramma av angrepet. Handteringa og etterarbeidet knytt til angrepet har vore tidkrevjande.

I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, i verksemdsinstruksane og i styringsdialogen. Departementet har i 2023 utarbeidd nye instruksar for underliggjande verksemder, som mellom anna omfattar revidering av krav og forventingar til sikkerheit og- tryggingsarbeidet.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver opp mot sikkerheit og beredskap i landbruk og matforsyning. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, reindrift og natur- og avlingsskadar. Landbruksdirektoratet starta i 2021 eit arbeid med å etablere eit nytt styringssystem for informasjonssikkerheit, basert på råd og malar frå Digitaliseringsdirektoratet, som igjen byggjer på ISO 27001. Dette arbeidet har halde fram i 2023 og prioriterte prosjekt i 2023 var oppstart av arbeid med å etablere eit styringssystem for informasjonstryggleik, dokumentasjon av reindriftsforvaltninga, internkontroll, instruksar for leiinga og arbeid med innspel til styringa av statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT der Mattilsynet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet inngår. Landbruks- og matCERT er registrert partnar av Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC). Alle dei underliggande verksemdene til departementet mottek, som ein deltakar i Landbruks- og matCERT, støtte og informasjon om informasjonssikkerheit fra NCSC. I 2023 er det i Landbruks- og matCERT gjennomført 2 øvingar med dei underliggjande verksemdene.

Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet med å sikre forbrukarane tilgang til trygg mat. Mattilsynet har i 2023 arbeidd med informasjonstryggleik, personelltryggleik og fysisk tryggleik. Mattilsynet har i samarbeid med Netsecurity gjennomført ei analyse av informasjonstryggleikstilstanden, og arbeider med å følgje opp forbetringspunkt frå denne. Dette gjeld mellom anna arbeid med styringssystem for tryggleik, risikovurderingar og krise- og beredskapsplanar. Mattilsynet har stramma inn adgangskontrollen og etablert nye rutinar for personelltryggleik med sikte på å auke kunnskapen og merksemda til dei tilsette.

Veterinærinstituttet (VI) er eit beredskaps- og forskingsinstitutt, og er den viktigaste kunnskapsleverandøren for førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. VI har i 2023 mellom anna revidert sitt ugraderte styringssystem med særleg vekt på informasjonstryggleik, og har i 2023 starta eit systematisk arbeid for å etablere eit styringssystem i tråd med NS-ISO 27001.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er eit forskingsinstitutt som bidreg til matsikkerheit og mattryggleik, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping gjennom forsking og kunnskapsproduksjon. Instituttet har i 2023 arbeidd med problemstillingar knytte til tryggleik, og har innanfor fagområdet informasjonstryggleik mellom anna gjennomført ein haldningsskapande kampanje og gjennomført eit digitalt e-læringskurs for alle tilsette. Delar av leiinga i NIBIOs organisasjonsstab gjennomførte i tillegg eit sektortilpassa kurs i cybersikkerheit.

Oppfølging av tryggingslova

Formålet med lov om nasjonal sikkerheit (tryggingslova) er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande hendingar. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande verdi for GNF blir underlagde tryggingslova, og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova, vil GNF-arbeidet vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande verdi, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggleiksnivå, kan òg bli endra.

Landbruks- og matdepartementet har identifisert følgjande GNF i eigen sektor: Landbruks- og matdepartementet si verksemd, handlingsfridom og avgjerdsdyktigheit. Denne omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggjande verksemder.

Landbruks- og matdepartementet har òg eit delansvar for den tverrsektorielle GNFen Matvareforsyning, fastsett av næringsministeren. Ansvaret for GNFen Matvareforsyning er delt mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Landbruks- og matdepartementets ansvar er knytt til nasjonal produksjon av landbruksprodukt og import av landbruksvarer.

12 Mål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

Forsking, innovasjon og kompetanse er viktig for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar (sjå programkategori 15.20). Denne rapporteringa viser korleis forskingsinnsatsen på utvalde område bidreg til å nå desse måla. Landbruks- og matdepartementets midlar til forsking og innovasjon støttar nærings- og forvaltingsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og legg på den måten eit sentralt grunnlag for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa. Forskingsmidlar frå departementet finansierer både nasjonal forsking og norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid.

Matsikkerheit og beredskap

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Ny kunnskap skal bidra til å sikre forbrukarane nok og trygg mat av god kvalitet. Det er avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt, og forskinga dekkjer difor breitt, frå husdyravl og sortsutvikling til metodar for å betre mattryggleiken i næringsmiddelindustrien. Prosjekt innanfor område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens bidreg til å halde ved lag den gode posisjonen Noreg har når det gjeld mattryggleik. I tillegg er forsking på klimatilpassa produksjon, forbetra agronomisk praksis og teknologiutvikling sentralt for auka og meir berekraftig matproduksjon basert på norske ressursar.

Dyre- og plantehelse og dyrevelferd kan ha stor innverknad på mattryggleiken. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om god dyrehelse og -velferd i husdyrproduksjon. Til dømes har Veterinærinstituttet (VI) koordinert fleire forskingsprosjekt på kalvehelse og -velferd.

Boks 12.1 Praktiske løysingar for samvære mellom ku og kalv

Prosjektet SUCCEED skal bidra til at mjølkekyr kan ha meir kontakt med kalven gjennom å utvekle kunnskapsbaserte og praktiske løysingar tilpassa fjøs og beitebruk. Prosjektet byggjer på fleire år med på forsking på samvær mellom ku og kalv, og har mellom anna utvikla og testa fleire system for korleis bonden praktisk kan løyse auka samvær, men også avvenning. Vidare er det utvikla ei handbok som gir råd og tips til dei som ønskjer å prøve ut meir samvær mellom ku og kalv i si besetning.

SUCCEED var finansiert av Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri. Veterinærinstituttet var prosjektleiar i tett samarbeid med NMBU, NIBIO, Ruralis, NORSØK og fleire aktørar frå næringa.

Problemstillingar knytte til matsikkerheit og beredskap kan ikkje berre handterast nasjonalt. Norske forskingsmiljø er godt representerte i internasjonalt forskingssamarbeid innanfor landbruk, matsikkerheit, mattryggleik, klimaforandringar, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens.

Ulike spørsmål knytte til matsikkerheit er òg sentralt i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, der norske aktørar hevdar seg særs godt i konkurransen med andre land.

Landbruk over heile landet

For å møte kunnskapsbehova og løyse utfordringane der dei oppstår, er det avgjerande med forskingsmiljø som er til stades i ulike delar av landet og har kompetanse om lokale forhold. Stor geografisk spreiing av forskingsinstitutta er naudsynt for det nære samarbeidet med næringsliv og forvaltning. Det er òg sentralt at alle fylka tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stadar i landet; Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

For å utnytte moglegheitene som ligg i eit langstrakt land med variert topografi og klima, er mellom anna auka kunnskap om bruk av jord- og beiteressursane sentralt. Det er tildelt midlar til fleire forskingsprosjekt på området dei seinare åra.

Boks 12.2 Berekraftig beitesystem i boreal skog

Beite i skog har lang tradisjon i Noreg, men næringa møter utfordringar i form av moderne driftsmetodar i skogbruket og førekomst av (store) rovdyr. Prosjektet «Bærekraftige beitesystemer i boreal skog som ivaretar sauenæring, skogbruket og andre flerbruksverdier» skal undersøkje nærare tilvekst, helse og beiteåtferd hos sau som beiter fritt i skogen og bak rovviltgjerde. Målet er å auke kunnskapen om korleis beitinga påverkar skogproduksjon og vegetasjon på hogstflater. Vidare skal prosjektet samle kunnskap frå sauebønder om erfaringar knytte til bruk av utmarksbeite, overvaking og kamp mot parasittar og sjukdommar.

Høgskolen i Innlandet er prosjektleiar, i samarbeid med NIBIO, NLR, Innlandet Fylkeskommune, Scotland’s Rural College, Svenska Fåravelsförbundet og aktørar frå småfenæringa. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet.

Auka verdiskaping

Landbruks- og matdepartementet er oppteke av å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor, og ønskjer å stimulere næringa og dei tilhøyrande industriane til å forske meir og å gjere nytte av resultat frå både eiga og anna forsking. Departementet legg difor stor vekt på næringsretta verkemiddel i sine løyvingar til Forskningsrådet. I tillegg er Forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, sentrale for næringsretta forsking i landbruks- og matnæringa.

Digitalisering og robotisering av landbruket er i sterk utvikling og spelar ei stadig større rolle i Noregs framtidige matproduksjon og arealforvaltning. Sensorar, kamera og andre verktøy montert på ein traktor eller ei drone, mogleggjer oppgåver og løysingar som tidlegare var utenkelege. Bruk av kunstig intelligens bidreg òg til nye teknologiske moglegheiter og løysingar, mellom anna til bruk ved presisjonssprøyting der sensorar kan skilje mellom nytteplanter og ugras, og såleis sprøytar berre ugraset.

Departementet sine løyvingar til Forskingsrådet har òg gitt viktige bidrag til ei kunnskapsbasert og innovativ skog- og trenæring.

Boks 12.3 Kan biokol gi auka opptak av karbon i skog?

Prosjektet FORBIOCHAR skal undersøkje om biokol er løysinga for å få skogen til å vekse meir og auke opptaket av karbon. Biokol er biomasse, som treflis eller halm, brunne på høg temperatur med liten tilgang på oksygen. Ved å opprike det med nitrogen kan vi bruke det som gjødsel. Ei utfordring ved gjødsling av skog er at noko av nitrogenet forsvinn gjennom avrenning før skogen får teke det opp. Å kombinere biokol og nitrogen kan bidra til mindre avrenning og auka vekst, samstundes som biokolet gir karbon til jorda.

FORBIOCHAR er finansiert av Forskingsrådet. NIBIO er prosjektleiar i samarbeid med Norges Skogeierforbund, Norskog, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Yara og Standard Bio.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Regjeringa vil stimulere til auka produksjon samstundes som det skal takast omsyn til miljø og klima. Prosjekt på dette området har mellom anna omhandla biokol, berekraftig husdyrproduksjon, klimanøytrale veksthus, fangst av metan i fjøs og kunnskap innan sirkulær bioøkonomi. Landbruket sine mange fornybare ressursar spelar ei viktig rolle i overgangen til ein meir sirkulær og berekraftig økonomi. Bioressursane kan utnyttast betre i sirkulære krinsløp, og dei kan redusere bruken av, eller erstatte, ressursar med større klima- og miljøbelastning. Det målretta samfunnsoppdraget om berekraftig fôr vil, i tillegg til auka matsikkerheit, gi sentrale bidrag til berekraftig landbruk med lågare utslepp, jf. omtale i programkategori 15.20. Det er dei seinare åra finansiert ei rekkje prosjekt på området.

Boks 12.4 Metan frå kufjøs, ein ressurs som kan gi store utsleppskutt

I prosjektet ZEC har Sintef og Nord universitet, i samarbeid med gardsbruk, arbeidd med løysingar for å samle opp metan frå luft i kufjøs og brenne den i ein forbrennar. Den nye løysinga kan nyttast til biogass, gjødsel og oppvarming av fjøs, gard og veksthus. Resultat frå prosjektet viser korleis systemet kan bidra til store kutt i utslepp. Forskarane estimerer at systemet kan gi kutt i utslepp på om lag 280 000 tonn CO2, om berre 30 pst. av gardane i Noreg installerte det innan 2030.

ZEC blei finansiert av Forskingsrådet.

Boks 12.5 Kan tang og tare gi lågare metangassutslepp frå drøvtyggare?

Det internasjonale prosjektet «SEASOLUTIONS» utforska om fôring med tang og tare har innverknad på metangassutslepp frå drøvtyggarar, og korleis detta innverka på dyra si helse og fôrutnytting. Ifølgje resultata gav tang og tare vesentleg reduksjon i metangassutslepp, men at verknaden blei redusert noko over tid. Dyra fekk auka førekomst av jod, men fôropptak og tilvekst gjekk som normalt.

Prosjektet blei finansiert av EU og Forskingsrådet. Prosjektet var eit breidt samarbeid mellom mange internasjonale aktørar, deriblant NIBIO og Sintef frå Noreg.

13 Mål: Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basisjordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal vere til fordel for begge partar og innanfor rammene av landbrukspolitikken til partane. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer, der ost og kjøtt er dei mest sentrale jordbruksvarene det blir forhandla om. Noreg og EU har inngått tre slike avtalar, den siste i 2018.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om handelsavtalar. I august 2019 blei EFTA og Mercosur, som er eit økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, samde om ein frihandelsavtale. Avtalen er ikkje formelt godkjend, mellom anna fordi det framleis er uløyste spørsmål om berekraft. Ein handelsavtale mellom EFTA og India blei ferdigforhandla våren 2024. Avtalen inneber framleis vern av sensitive norske jordbruksprodukt. Det er ikkje gitt bilaterale importkvotar. India vil behalde sin status som GSP-land med noko redusert toll så lenge landet tilfredsstiller dei økonomiske krava for GSP-behandling. Ein avtale med Moldova blei signert ved EFTAs ministermøte i juni 2024, og vil bli lagt fram for Stortinget for samtykke til ratifisering i 2024.

Vidare forhandlar EFTA no om nye handelsavtalar med Kosovo, Malaysia, Thailand og Vietnam. Tidlegare handelsavtalar med mellom anna Ukraina og Det Palestinske Området blir reforhandla. Ei modernisering av avtalen med Chile blei signert ved EFTAs ministermøte i juni 2024.

Marknadstilgang på landbruksprodukt står sentralt i EFTA-forhandlingane. Forhandlingane vil òg framover ha høg prioritet for å sørgje for at avtalane ikkje trugar grunnleggjande norske landbruksinteresser, og at dei også varetek Noregs offensive interesser. For landbruksvarer er regjeringa sitt mål for forhandlingane at konsesjonar berre skal kunne gis der importen ikkje vil kunne komme til erstatning for norsk produksjon.

Noregs primære handelspolitiske interesse er å bevare og styrkje det multilaterale handelssystemet. Dei siste åra har det vore lite framgang i WTO-forhandlingane. På ministermøtet i WTO i Abu Dhabi i februar 2024 blei det inga semje om eit arbeidsprogram opp mot neste WTO-ministermøte. Det blei ikkje fatta vedtak på ministermøtet som endrar pliktene medlemslanda har knytte til landbruksstøtte og tollvern. Neste ministermøte i WTO skal haldast i 2026 i Kamerun.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av plikter som Noreg må halde når det gjeld importvern og omfang og innretting av landbruksstøtta. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av støtte. Pliktene inneber òg ei omfattande årleg rapportering til WTO. Både forhandlingane og oppfølginga av WTO-pliktene krev aktiv deltaking i WTO for å sikre norske interesser.

Noreg deltek i 2024 som gjesteland i G20 under Brasil sitt leiarskap. Brasils hovudprioriteringar er kampen mot svolt og fattigdom, berekraftig utvikling og reform av globale institusjonar. Desse prioriteringane står sentralt i dei ulike arbeidsgruppene som følgjer G20-arbeidet. Landbruks- og matdepartementet leier norsk deltaking i arbeidsgruppa på landbruk, som er eit godt høve for å medverke til politikken i G20, og å synleggjere den norske landbruksmodellen og dei ambisiøse målsetjingane regjeringa har for norsk landbruk. Noreg støttar aktivt opp under ein av Brasils hovudprioriteringar som er fremjing av familielandbruket. Mange landbrukseksporterande land deltek i G20, og det er også viktig å fremje våre handelspolitiske posisjonar saman med likesinna land.

Matsikkerheit

Eit stort omfang av handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er naudsynt for å sikre trygg mat som oppfyller krava forbrukarane stiller, og for å kunne fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt, og for å bidra til utvikling og utveksling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Ifølgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor: Norges avtaler med EU, så er matområdet det kvantitativt største området under EØS-avtalen med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Regjeringa legg vekt på å vareta norske interesser ved å medverke tidleg i prosessar og politikkutforming i EU. Dette kan vere løysingar som er tilpassa våre naturgitte forhold eller andre nasjonale behov, og som trengst for å kunne oppfylle dei ulike måla for landbruks- og matpolitikken.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission, ein organisasjon for matvarestandardar som ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (WOAH) og Verdsplantehelseorganisasjonen (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som legg premissar for regelverket i EU. Noreg vil følgje og påverke det internasjonale arbeidet mot antibiotikaresistens innanfor rammeverket for èi-helse.

Koronapandemien, regionale konfliktar, krigen i Ukraina og klimautfordringane har bidrege til at over 120 millionar fleire menneske no står overfor svolt globalt, samanlikna med 2019. Prisaukingar og tilbodssvikt frå sentrale eksportørar av matvarer og innsatsvarer, har komme på toppen av lokale og globale kriser. Samstundes har det blitt meir utfordrande for bønder over heile verda å produsere mat, fordi prisane på drivstoff, energi og kunstgjødsel har vore høge. Vilkåra for jordbruket blir vidare endra som følgje av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. Plantesjukdommar og skadedyr på planter er òg ein aukande trussel som fører til store økonomiske tap. Det er òg aukande merksemd på sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar). Summen av utfordringar er ein aukande trussel for mange importavhengige og politisk ustabile land – humanitært, sosialt og sikkerheitspolitisk.

Ifølgje FAO har om lag 2,4 milliardar menneske i 2023 ikkje tilstrekkeleg tilgang til mat, her målt ved førekomsten av moderat eller alvorleg matmangel. Om lag 900 millionar opplever alvorleg utryggleik og opplever svolt og underernæring. Afrika er framleis den hardast råka regionen, der ein av fem personar står overfor svolt og underernæring. Det finst lyspunkt, enkelte regionar er på veg mot å nå nokre av ernæringsmåla for 2030. Det er likevel eit stort behov for auka innsats, auka investeringar, og styrkt samarbeid på tvers av sektorar og landegrenser for å sikre ein trygg, berekraftig og rettferdig matsikkerheit for alle. Same FN-rapport ser òg på den aukande urbaniseringa som ein trend, som vil påverke korleis og kva folk et. I 2050 er det venta at sju av ti menneske bur i byar, men svolt og underernæring vil påverke fleire menneske i rurale område enn urbane. Underernæring blant barn viser òg at førekomsten av veksthemming er høgare i rurale område enn i urbane område, mens overvekt er meir utbreidd i urbane område.

Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å møte dei store utfordringane globalt. FAOs mandat er breitt og omfattar mellom anna mattryggleik, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, skog, vatn, luft og genetiske ressursar. FAO spelar ei viktig rolle for å utvikle teknisk kunnskap, standardar og normer innan mat og landbruk. Det er ei prioritering for Noreg at FAO følgjer opp sitt mandat som kunnskapsorganisasjon og fremjer løysingar som bidreg til både sosial, økonomisk og miljømessig berekraft, mellom anna gjennom innsats for å styrkje familielandbruket. Antibiotikaresistens, klima og biologisk mangfald, er andre prioriterte arbeidsområde for Noreg i FAO. Noreg vil òg støtte opp om initiativ i FAO for å avhjelpe dei direkte matutfordringane.

Innsatsen for varetaking, berekraftig bruk og rettferdig deling av genetiske ressursar er sentral prioritering for Noreg. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg vil framleis vere eit aktivt medlem i desse organa, med særskild merksemd på mellom anna rettane til bønder. Noreg vil òg aktivt følgje opp arbeidet i Komiteen for matsikkerheit (CFS), som utarbeider planar for matsikkerheit og samlar ekspertar på området.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eitt av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. FNs berekraftsmål er ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot år 2030. Toppmøtet om berekraftige matsystem i 2021 la fram ei lang rekkje løysingar og initiativ som skal medverke til ei berekraftig utvikling og synleggjere det tiåret der verda skal nå berekraftsmåla. I oktober 2023 arrangerte Noreg ein nasjonal dialog om berekraftige matsystem som eit ledd i oppfølginga av FN-toppmøtet om berekraftige matsystem. Noreg vil aktivt følgje opp FNs berekraftsmål, sjå òg eiga rapportering om FNs berekraftsmål i denne proposisjonen. Noreg deltek her aktivt i ei rekkje internasjonale fora på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet.

Internasjonalt skogsamarbeid

Landa i Europa samarbeider om berekraftig skogforvaltning gjennom FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Sidan 2021 har Tyskland hatt leiarskapen. Sentrale arbeidsområde under den tyske leiarskapen vil vere europeisk samarbeid for å hindre og handtere skogskadar, grøne arbeidsplassar og berekraftig skogforvaltning for å møte samfunnsutfordringar. Tyskland avsluttar sin leiarskapsperiode med ministerkonferansen i Bonn i oktober 2024.

FNs skogforum (UNFF) er ein sentral arena i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I dei siste åra er det arbeidd med å implementere den strategiske planen for arbeidet med skog i FN som blei vedteken i 2017. Den strategiske planen skal sikre ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning i FN for å nå dei globale skogmåla. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek òg her.

I tillegg til arbeidet med matsikkerheit er FAO ein sentral aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning, og har ei sentral rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjer kunnskap om den rolla skogen spelar innanfor matsikkerheit. FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa, og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit sentralt kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Noreg er òg medlem i to andre regionale skogsamarbeid; arbeidsgruppa Working Group on Barents Forest Sector innanfor Barents-samarbeidet, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek.

Nordisk samarbeid

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for berekraftig og konkurransedyktig bruk av naturressursar. Det er eit mål å skape meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte landa og innbyggjarane gjennom sams nordisk innsats. Statsministrane sin visjon om at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region, og dei strategiske prioriteringane for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden, ligg til grunn for arbeidet.

Aktiviteten i MR-FJLS fell naturleg inn under visjon og prioriteringar, og under Ministerrådsmøtet i Karlstad i Sverige juni 2024 vedtok Ministerrådet eit eige tverrsektorielt samarbeidsprogram for perioden 2025–2030. Målet med programmet er å styrkje motstandskrafta i FJLS-sektorane fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk, og vidare å syne korleis bioøkonomien kan bidra til auka verdiskaping og omstilling i rurale område. Samarbeidet omkring berekraftig proteinproduksjon i Norden vil halde fram. Som følgje av dei usikre tidene etter Russland sitt angrep på Ukraina, vedtok Ministerrådet òg ein deklarasjon om sikkerheit og beredskap for FJLS-sektorane fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk.

Ministerrådet fører vidare arbeidet med karbonbinding og karbonlagring i jord som eit viktig og positivt bidrag frå landbrukssektoren til å løyse klimautfordringane.

Ministerrådet vil framover ta tak i konfliktar knytte til bruken av matjordressursane. Ministerrådet tok tilsvarande opp behovet for gode fellesløysingar knytte til aktivitet på havet. MR-FJLS vidarefører arbeidet for å avgrense matsvinn. Samarbeidet om bevaring og bruk av genressursar gjennom NordGen er godt, og vil halde fram.

14 Likestilling

Overordna om departementet sitt arbeid med å fremje likestilling og hindre diskriminering

Arbeidet med likestilling i departementet er basert på dei krava og rettleiingar som er gitte i likestillings- og diskrimineringslova. Aktivitets- og forklaringsplikta i likestillings- og diskrimineringslova blei styrkt med verknad frå 1. januar 2020. Departementet har utarbeidd ein eigen policy for likestillingsarbeidet:

Landbruks- og matdepartementet skal arbeide for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Vi og våre underliggende virksomheter forvalter en rekke økonomiske og juridiske virkemidler på områder som berører mange, enten de er privatpersoner, næringsdrivende eller ansatte innen næringene. Prinsippet om å fremme likestilling og hindre diskriminering skal være godt forankret i hele departementets virksomhet og være en integrert del av våre arbeidsprosesser, etatsstyring og rutiner, og vi skal besitte kunnskap om likestilling og risiko for diskriminering innenfor alle områder vi jobber.
Vi skal bidra til å fremme likestilling og hindre diskriminering når vi jobber sammen innenfor LMDs ansvarsområder.

Dette skal gi retning for alt arbeid innan verksemda og i alt arbeid og tenesteyting på myndigheitsområdet til departementet.

Likestilling og mangfald i underliggjande etatar

Departementet sine underliggjande verksemder er Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet (VI). For informasjon om status på likestillings- og mangfaldsarbeidet i desse verksemdene, viser departementet til dei respektive årsrapportane med vedlegg. Av dei underliggjande verksemdene er det Landbruksdirektoratet og Mattilsynet som utøver myndigheit etter § 24 i Likestillings- og diskrimineringslova. VI og NIBIO har ikkje slike oppgåver.

Likestilling i jordbruket

Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova at alle uansett kjønn, alder, etnisitet, religion m.m. skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, utdanning, rådgiving, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er vesentlege for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet. Satsing på berekraftig landbruk, sirkulær- og bioøkonomi og teknologiutvikling i, og i tilknyting til landbruket, vil vere viktig i framtida og krevje ny type kompetanse utover den tradisjonelt landbruksfaglege. Regjeringa vil skape interesse og gode forhold for alle som kan støtte opp om ei positiv utvikling i landbruket og reindrifta.

Landbruks- og matdepartementet har dei seinare åra hatt god tilgang på statistikk for kjønnsbalanse og likestilling innanfor landbruket og reindrifta. Det er stort sett under dei ulike velferdsordningane at det ligg føre flest opplysningar om kjønn, alder, geografisk fordeling m.m.

Resultatkontrollen for gjennomføringa av landbrukspolitikken er ei årleg utgreiing og publikasjon frå Budsjettnemnda for jordbruket. Resultatkontrollen viser utviklinga i jordbruket i forhold til dei mål og retningsliner Stortinget har trekt opp. Resultatkontrollen inneheld statistikk for mellom anna kjønns- og aldersfordelinga innan landbruket, og viser i tillegg historisk utvikling for kjønn, alder og utdanning på dette området.

Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje tal frå SSB ved utgangen av 2023, var det 182 526 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. På 66 pst. av eigedommane er det mannleg eigar, mens kvinner eigde 26 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane er eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje er oppgitt.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2023 var nær 35 449 enkeltpersonføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Over tid har delen jordbruksføretak drivne av kvinner auka, og i 2023 var 17,4 pst. kvinner. I 2022 var talet på 17,1 pst., mens det var høvesvis på 12,9 pst. i 1999 og 14,4 pst. i 2010. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Ei årsak til dette er at det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonføretak. Det er òg mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drivne som enkeltpersonføretak. For slike verksemder har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.

Arbeidstid i jordbruket går ned både for kvinner og menn, men reduksjonen er størst for kvinner. I 2023 utførte kvinner 24 pst. av arbeidet på garden, mot 26 pst. i 1990.

Tal frå 2022 viser at gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er litt høgare enn for menn, høvesvis 60,5 år og 58,7 år. Gjennomsnittsalderen for kvinner som driv jordbruksverksemder er gjennomgåande litt lågare enn for menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar er i 2023 på 49,6 år, noko som er 3,5 år lågare enn for menn. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølve. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode.

Tal for 2022 viser at høg utdanning blant nye eigarar er meir vanleg blant kvinner enn blant menn, og det er størst del kvinner med lang utdanning blant dei yngste. Blant kvinnene i den yngste aldersgruppa (under 39 år) har 59,8 pst. utdanning på universitets- og høgskulenivå. Hos menn har 20,5 pst. i den yngste aldersgruppa høgare utdanning. Når det gjeld den eldste aldersgruppa som overtok gard i 2022, har 25,1 pst. av mennene høgare utdanning, og 26,2 pst. av kvinnene.

Innanfor det tradisjonelle jordbruket er kvinnedelen høgast blant bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinnedelen er lågast blant storfeprodusentar. Kvinner driv generelt jordbruksverksemder med mindre areal enn menn, men delen kvinner har auka for alle arealgruppene.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar generelt vore god. Andre landbruksbaserte næringar er til dømes lokalmat, reiseliv, velferdstenestetilbod med garden som arena innanfor skule, omsorg og arbeid, til dømes gjennom Inn på tunet, og serviceyting. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte anna kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane.

Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til rekruttering, næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter.

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er eit særleg viktig økonomisk verkemiddel for å nå målet om næringsutvikling i, og i tilknyting til, landbruket. Formålet er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, i tillegg til å bidra til sysselsetjing, busetjing og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i landbruket sine ressursar generelt og landbrukseigedommen spesielt. Dei siste åra har i snitt halvparten av tilskottsmidlane over investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU-ordninga) i landbruket blitt tildelt kvinner. For tildelingar innan andre landbruksbaserte næringar har tilskottsdelen til kvinner vore på om lag 75 pst.

Gode velferdsordningar i landbruket er grunnleggjande for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Til jordbruksoppgjeret 2024 gjekk ei partssamansett arbeidsgruppe gjennom fleire av velferdsordningane. Jordbruksavtalen inneber blant anna å auke dagsatsen for avløysartilskott ved sjukdom og fødsel mv. frå 2 450 kroner til 2 600 kroner. Avløysartilskott ved ferie og fritid aukar frå 126 580 kroner til 134 175 kroner per føretak. Heving av satsane for avløysartilskotta vil gi produsentane auka moglegheit til å nytte avløysartenestene. Dette vil gi auka økonomisk tryggleik ved sjukdom og skade, og gi betre moglegheit for å ta ut ferie og meir fritid gjennom året.

Likestilling i skogbruket

Det er framleis fleire menn enn kvinner som arbeider innan skog- og trenæringa. Sektoren har behov for best mogleg kompetanse og det blir arbeidd for å rekruttere og leggje til rette for å behalde fleire kvinner. Sentralt i dette arbeidet er mellom anna å synleggjere mangfaldet i bransjen og tiltak for å gjere arbeidsplassar og arbeidsoppgåver meir attraktive for kvinner.

Kvinner i skogbruket er ein uavhengig, landsomfattande organisasjon som har til formål å motivere kvinner til deltaking og engasjement på alle plan innanfor skogbruket, og leggje vekt på samhald og samarbeid. Organisasjonen har etablert kontakt og deltek i nordiske og internasjonale forum på området. Landbruks- og matdepartementet har løyvd midlar til Kvinner i skogbruket over kap. 1138, post 70, Støtte til organisasjonar over fleire år.

Velg Skog arbeider med rekruttering, kompetanse og omdømmebygging for skognæringa. Næringa sitt behov for betre likestilling er ein del av dette arbeidet. Velg Skog blir mellom anna finansiert over jordbruksavtalen kap. 1150, post 50, Landbrukets utviklingsfond.

Likestilling i reindrifta

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar i næringa.

I 2023 var 89 kvinner eigar av siidaandel, noko som utgjer 16,5 pst. av alle siidaandelar. Dette er ein auke frå 2022. Det var i 2023 101 siidaandelar som er eigd av ektefelle/sambuar i fellesskap, ein auke frå 97 siidaandelar i 2022.

264 årsverk blei utførte av kvinner i 2022. Dette utgjer 27 pst. av alle årsverk i reindrifta i 2022. I 2023 hadde kvinner 27 pst. av det samla reintalet i Noreg, og det er det same nivået som i 2022.

I reindriftsavtalen 2019/2020 blei det etablert eit særskild driftstilskott til kvinner som er leiar av siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. I reindriftsavtalen 2023/2024 blei tilskottet auka frå 25 000 kroner til 40 000 kroner. I tillegg kan kvinneretta tiltak få støtte over Reindriftas utviklingsfond. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) kan òg søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å fremje likestilling. Det kan vidare søkjast om tilskott for å støtte opp om den familiebaserte reindrifta, ektefelle-/sambuartillegg, for felles siidaandelar.

NRL skal ta omsyn til kjønnsfordeling ved val av styre og lokallag. Avtalepartane er òg samde om at styra for reinbeitedistrikta, så langt det er mogleg, bør ha kjønnsbalanse.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Ved utgangen av 2023 var det 131 tilsette i departementet, der 61,8 pst. av desse var kvinner. Kvinnene er i fleirtal i sakshandsamargruppa og blant leiarane. Kvinnene utgjer 83,3 pst. av toppleiarane, 50 pst. av mellomleiarane og 60 pst. av leiarane samla sett. Det er omtrent like mange menn og kvinner i mellomleiarposisjonar med personalansvar.

Per 31. desember 2023 var gjennomsnittsalderen i departementet 50,9 år. Gjennomsnittsalderen er omtrent lik for både kvinner og menn, og har vore stabil dei siste fire åra.

Tabell 14.1 Relativ og absolutt kjønnsfordeling i dei ulike stillingsgruppene per 31. desember 2023:

Relative

Absolutte

Stillingsgruppe

Andel kvinner (pst.)

Andel menn (pst)

Tal på kvinner

Tal på menn

Totalt

Departementsråd

100

0

1

0

1

Ekspedisjonssjef

75

25

3

1

4

Kommunikasjonssjef

0

100

0

1

1

Avdelingsdirektør

50

50

8

8

16

Underdirektør

50

50

1

1

2

Fagdirektør

44

56

11

14

25

Spesialrådgivar

33

67

1

2

3

Prosjektleiar

100

0

5

0

5

Seniorrådgivar

69

31

34

15

49

Rådgivar

74

26

17

6

23

Førstekonsulent

0

100

0

2

2

Totalt

81

50

131

Gjennomsnittsløn etter kjønn

Når ein ser på løn mellom kjønna og i dei ulike stillingskategoriene, finst det ein skilnad mellom kjønna til fordel for menn. Dette kan truleg skuldast at dei fleste tilsette med vidaregåande utdanning eller ein bachelorgrad i motsetnad til ein mastergrad, er kvinner. Ein analyse av samanhengen mellom kjønn og lønsnivå kan tyde på at årsaka til lønsforskjellane ikkje primært er kjønn, men heller andre faktorar knytt til dei tilsette.

Ved utgangen av 2023 var delen av kvinner si løn i forhold til menn si løn 98,1 pst., noko som er ein auke frå 97,2 pst. i 2022.

Mellombelse tilsetjingar

Mellombelse tilsetjingar blir i hovudsak brukt der det er behov for å ta inn vikar for å løyse oppgåver ved permisjonar og anna fråvær. Til saman 3,8 pst. av kvinnene og 1,5 pst. av mennene var mellombelse tilsette ved utgangen av 2023. Bruken av mellombelse stillingar blir drøfta med dei tillitsvalde årleg.

Rekruttering

Departementet har gjennomført analysar av rekrutterings- og tilsetjingspraksis i departementet og kva som påverkar desse. Analysane blir nytta til å vurdere mangfaldet i departementet, identifisere risikoar, finne årsaker til eventuell diskriminering og avdekkje hinder for likestilling. På bakgrunn av mellom anna dette vil det bli vurdert tiltak som kan vere eigna til å fremje likestilling og mangfald, og motverke diskriminering.

Sjukefråvær

I 2023 var sjukefråværet 5 pst., noko som er ein nedgang frå tidlegare år (6,6 pst. i 2022). Sjukefråværet blant kvinner er framleis høgt samanlikna med sjukefråværet blant menn. Sjukefråværet er eit fast tema i arbeidsmiljøutvalet i departementet og i dialogen med Bedriftshelsetenesta for å vurdere relevante tiltak.

Permisjonar

Tabell 14.2 Fordeling permisjonar etter kjønn, sett som gjennomsnittleg tal veker på dei ulike permisjonstypane i 2023:

Kvinner

Menn

Foreldrepermisjon 100 pst.

15

17

Foreldrepermisjon 80 pst.

27

19

Tabell 14.3 Den relative og absolutte fordelinga av permisjonar både totalt og mellom kjønna

Kvinner

Menn

Antall permisjonar

89

20

Andel kvinner (pst.)

Andel menn (pst.)

Foreldrepermisjon 100 pst.

69,4

30,6

Foreldrepermisjon 80 pst.

58,6

41,4

Omsorgspermisjon utan løn

100

0

Velferdspermisjon med løn

75,7

24,3

Overtid

Totalt blei det registrert 4 485 timar med overtid i departementet i 2023. Dette utgjer 1,8 pst. av den avtalte arbeidsinnsatsen. Menn stod for 50,9 pst. av overtidsarbeidet i 2023, sjølv om det er færre menn enn kvinner i departementet. Overtid knytt til gjennomføringa av dei årlege jordbruksforhandlingane utgjer ein vesentleg del av den totale overtida.

Deltid

Alle som blei tilsette fast i departementet i 2023 hadde fulltidsarbeid. 5,9 pst. av dei tilsette har fått redusert arbeidstid etter eige ønskje, og det er fleire kvinner enn menn.

Inkludering og mangfald

Departementet og sektoren har utarbeidd handlingsplanar for inkludering og mangfald.

Rekrutteringsstatistikken viser at det i 2023 blei tilsett 11 personar i departementet, 2 menn og 9 kvinner. Av dei mellombels tilsette er det 3 kvinner og ingen menn. Tala viser at yngste tilsette var 27 år og eldste 63 år.

Tabellen nedanfor gir ein oversikt over nytilsette innan stillingsgruppene og kjønna i ordinære tilsettingsprosessar i 2023:

Tabell 14.4 Nytilsette

Kvinner

Menn

Totalt

1364 Seniorrådgivar

3

0

3

1436 Rådgivar

6

2

8

Når det gjeld personar med hol i CV-en, funksjonsnedsetjingar og innvandrarbakgrunn, blei det ikkje tilsett nokon som oppgav dette i 2023. Det blei i 2023 ikkje tilsett nokon frå NAV-tiltak.

Mobbing og trakassering

Arbeidet med haldningar for å motarbeide mobbing og diskriminering har stor merksemd i departementet. Eigne varslingsrutinar har blitt utarbeidde og departementet har system for å vareta varslarar.

I medarbeidarundersøkinga gjennomførd hausten 2023 kom det fram at Landbruks- og matdepartementet skårar betre (lågare skår) på mobbing enn gjennomsnittet for andre statlege organisasjonar som har gjennomførd tilsvarande undersøking.

15 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030. Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innan 2030 slår fast at berekraftsmåla er det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid. Berekraftsmåla er på denne måten ei overbygning for regjeringa sin politikk nasjonalt og internasjonalt.

Dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, skal bidra til å nå fleire av berekraftsagendaen sine målsetjingar. I tillegg til at landbruks- og matpolitikken skal sikre eiga befolkning nok og trygg mat med tydelege miljø- og klimaambisjonar, omfattar måla òg ambisjonar knytte til eit berekraftig skogbruk, arealbruk, varetaking av kulturlandskap, og busetjing og sysselsetjing med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Målbiletet speglar med andre ord eit multifunksjonelt landbruk.

Mål 2 Utrydde svolt

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2 om å utrydde svolt. Berekraftsmål 2 har fleire dimensjonar, mellom anna å oppnå matsikkerheit og betre ernæring og berekraftig matproduksjon. Status i Noreg for Berekraftsmål 2 Utrydde svolt er i all hovudsak god, men det er utfordringar knytte til overvekt og for lite fysisk aktivitet i delar av befolkninga. Det er generelt for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt, og for lite inntak av frukt, bær, fullkorn og fisk. Å auke berekrafta i landbruket nasjonalt er òg sentralt for å nå mål 2, og der jordbruksavtalen er det sentrale verkemiddelet.

Delmål 2.1) Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året

I ein situasjon med uro i internasjonale marknader for mat og energi, har regjeringa lagt vekt på å sikre nasjonal matproduksjon. Dette omsynet ligg også til grunn for jordbruksavtalen i 2024, med ei tydeleg prioritering av matproduksjon, matsikkerheit og klima og miljø. Sjå omtale av prioriteringar i landbruks- og matpolitikken i del 1. Våren 2024 la regjeringa fram Meld. St. 11 (2023–2024) som omfattar ein strategi for å nå målet om at sjølvforsyningsgraden, korrigert for import av fôr, skal aukast til 50 pst. på energibasis. Regjeringa sin hovudstrategi er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og fôr, på ein måte som styrkjer konkurransekraft mot import, slik at etterspørselen etter norske jordbruksvarer aukar.

Noreg har høg sjølvforsyning av husdyrprodukt og relativt låg sjølvforsyning for energirike plantevekstar til mat. Regjeringa held vidare fram arbeidet med å etablere beredskapslagring for korn, der målet er at det innan 2029 skal vere på plass eit beredskapslager tilsvarande 3 månaders forbruk av matkorn.

Delmål 2.2) Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar

Det blir arbeidd på fleire måtar for å auke kunnskapen og kompetansen om sunt kosthald, bruk av råvarer, mat og matkultur i befolkninga generelt og målretta mot born, unge og eldre spesielt. Organisasjonsstøtte til stiftinga Geitmyra Matkultursenter for born og Norges Bygdekvinnelag bidreg til å støtte opp om dette. Prosjekta Gylne måltidsøyeblikk og Matgledekorpsa har bidrege til å stimulere til sunt kosthald og matkultur på institusjonar for eldre. Med bakgrunn i Opplysningskontoret for frukt og grønt si sentrale rolle i arbeidet med å fremje forbruk av norsk frukt og grønt, sunt og berekraftig kosthald til born og unge, er støtta til Opplysningskontoret for frukt og grønt styrkt over jordbruksavtalen for 2025, og det er gitt støtte til igangsetjing av prosjektet «Det store norske Grøntløftet», som har som mål å leggje til rette for auka etterspørsel etter norsk frukt, grønt, bær og poteter. Auka ettersørsel på dette området vil både gi høgare norskdel og høgare sjølvforsyningsgrad, og bidra til betre folkehelse. Landbruks- og matdepartementets bidrag til delmål 2.2, er nærare omtalt under overskrifta Sunt kosthald og gode matopplevingar i programkategori 15.10 Matpolitikk.

Delmål 2.3) Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket.

Dei årlege jordbruksforhandlingane mellom staten og næringsorganisasjonane i jordbruket skal sikre medverking og moglegheiter for å utforme rammevilkåra for jordbruket i fellesskap. Verkemiddel og løyvingar skal bidra til at måla for landbrukspolitikken blir nådde. Omsynet til økonomisk og sosial berekraft ligg til grunn òg for jordbruksavtalen i 2024, med ei tydeleg prioritering av matproduksjon, matsikkerheit og klima og miljø. Ein vesentleg del av avtalen er avsett til utviklings- og omstillingstiltak i landbruket gjennom Landbrukets utviklingsfond. Prioriterte tiltak er knytte til omstilling og utvikling i primærproduksjon og innanfor tilleggsnæringar i landbruket, verkemiddel knytt til rekruttering og kompetanseheving, forsking, òg miljø- og klimaretta tiltak. Investeringsverkemidla er eitt av dei mest sentrale verktøya for å stimulere til omstilling og rekruttering i landbruket. Den samla auken for investeringsverkemidla hittil i denne regjeringsperioden har vore på over 87 pst. Innovasjon Norge si rapportering på verkemiddelbruken for dei bedriftsretta tiltaka syner at kvinner mottek ein stor del av tilskotta som blir løyvd innanfor utvikling av tilleggsnæringar i landbruket, med nærare 66 pst. av tilskotta. Sjå elles omtale av prioriteringar for landbruks- og matpolitikken i del I.

Dei årlege forhandlingane mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund skal leggje til rette for ei utvikling av reindriftsnæringa innanfor dei måla som er sette for reindriftspolitikken. Hovudmålet for reindriftspolitikken er ei berekraftig reindrift, med delmåla økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Gjennom reindriftsavtalen blir dei økonomiske verkemidla for å nå måla vidareutvikla. Sjå omtale av prioriteringar for reindriftspolitikken i del II.

Delmål 2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gir auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord

Det blir arbeidd på fleire måtar for å bidra til eit meir berekraftig system for matproduksjon. Dei årlege næringsavtalane med jordbruket og reindrifta er dei meste sentrale verktøya frå regjeringa si side knytt til den landbaserte matproduksjonen, og der dialog og samarbeid med næringa står sentralt. Dialog og samarbeid med heile verdikjeda for mat er naudsynt for å gjere matsystemet meir berekraftig. Som ei oppfølging av FNs toppmøte for matsystem i 2021, og statusmøtet i 2023, inviterte Landbruks- og matdepartementet, i samarbeid med seks andre departement til nasjonalt dialogmøte om berekraftige matsystem. Rapporten Bærekraften i det norske matsystemet3, samanfattar nokre hovudliner i regjeringa sitt arbeid på området. Rapporten summerer innspel frå nasjonal dialog hausten 2023 der aktørar frå 73 ulike organisasjonar i det norske matsystemet deltok.

Klimaendringane og andre miljømessige utfordringar vil påverke norsk matproduksjon. Regjeringa har difor lagt til rette for berekraftig og langsiktig forvaltning av naturressursane gjennom ein heilskapleg landbruks- og matpolitikk. Intensjonsavtalen som er inngått mellom staten og organisasjonane i jordbruket er eit konkret døme på korleis det blir arbeidd systematisk og i fellesskap for å nå måla. Målet i intensjonsavtalen er å arbeide for å redusere utslepp og auke opptaka knytte til jordbruket tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar samla for perioden 2021 til 2030

Ein aktiv bruk av og eit sterkt vern om arealressursane er ein føresetnad for å nå måla i landbruket. Regjeringa har vedteke ein ny jordvernstrategi med eit nytt langsiktig jordvernmål om maksimal omdisponering på 2 000 dekar dyrka mark årleg. Det er òg arbeidd systematisk med å halde den gode statusen for dyrehelse og dyrevelferd ved lag, og det kjem snart ei stortingsmelding om dyrevelferd. Det er også arbeidd med å vareta arealgrunnlaget for reindrifta, og leggje til rette for auka produksjon og lønsemd i næringa, mellom anna gjennom reindriftsavtalen. Ved å leggje til rette for urbant landbruk i samsvar med den Nasjonale strategien frå 2021, kan dyrkbare areal som er ueigna for storskala jordbruk haldast i hevd, og kunnskapen om dyrking vil haldast oppe i ein større del av befolkninga.

Nasjonalt miljøprogram for jordbruket er innretta for å følgje opp målet om eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. I nytt nasjonalt miljøprogram for 2022 er jord og jordhelse inkludert som eit miljøtema. Det er eit mål å utvikle gode løysingar for jord som er eigna i praktisk jordbruk. Den nasjonale pollinatorstrategien er følgd opp med Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021). Dei siste års jordbruksoppgjer har lagt vekt på å styrkje miljø- og klimaarbeidet i jordbruket, med ei særskild satsing retta mot tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden.

Regjeringa har følgt opp Hurdalsplattforma sine ambisjonar og oppretta Bionova i 2023 som ei eining under Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal òg bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land.

Tiltaket vil vere eit grep for å målrette innsatsen innan berekraftig utvikling i dei biobaserte næringane. Satsingsområde som redusert matsvinn, utvikling innan bioøkonomi og sirkulær økonomi, styrkjer jordbruket sitt bidrag til gjenvinning av restråstoff og sidestrømmar frå næringa og frå andre delar av samfunnet, som eit ledd i det grøne skiftet.

Delmål 2.5) Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til eit endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I 2019 fastsette Landbruks- og matdepartementet strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk. Ein tiltaksplan for å setje i verk strategien ved å gjere greie for kva for genressursar som er bevaringsverdige i Noreg, etablere eit heilskapleg nasjonalt bevaringsprogram for desse, og dessutan identifisere tiltak for berekraftig bruk, auka kunnskap og formidling og samarbeid med andre land, starta opp i 2024.

Svalbard globale frøhvelv som blei etablert av den norske regjeringa i 2008, bidreg til global matsikkerheit gjennom å sikre mangfaldet av frø innan matplanter. Totalt blei 71 895 sikkerhetskopiar av frø frå 41 innskytarar lagde til samlinga i frøkvelvet i 2023. Ved utgangen av året hadde 102 genbankar verda over totalt sikra 1 267 127 frøprøver i Svalbard globale frøhvelv.

Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon

Delmål 12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.

I 2017 signerte staten ein bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinn innan 2030. Første hovudrapportering frå partane til avtalen viser at matsvinnet blei redusert med om lag 10 pst. i perioden 2015–2020. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet nedsette i februar 2023 eit utval som skulle utgreie tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om halvering av matsvinnet innan 2030, og vurdere korleis ein matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utvalet leverte utgreiinga 3. januar 2024, og regjeringa vurderer no denne og legg opp ein vidare prosess for arbeidet med å hindre at spiseleg mat blir kasta.

Matsvinn i jordbrukssektoren kjem ofte av at produkta ikkje held høg nok kvalitet, feil, skadar, sjukdommar med meir. Det blir arbeidd kontinuerleg med mellom anna forsking og utvikling, dyrehelse, plantehelse og mattryggleik i dei ulike sektorane, som òg i stor grad gir høg kvalitet på produksjonane og lågt matsvinn.

Landbruksdirektoratet har levert eit kunnskapsgrunnlag om årsaker til matsvinn og føreslått tiltak for å redusere matsvinnet i primærleddet i grøntsektoren. Rapporten blei levert til jordbruksoppgjeret 2024.

Mål 15 Livet på land

Landbruks- og matdepartement har medansvar for å følgje opp delmål under mål 15 Livet på land.

Delmål 15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar, og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå.

Om lag 40 pst. av Noreg sitt landareal er dekt av skog. Det er eit krav at det skal leggjast til rette for at det kjem opp ny skog etter hogst, slik at skogarealet si produksjonsevne kan bli utnytta i eit langsiktig perspektiv. Skogen er òg viktig for å binde karbon. Skog i vekst tek opp CO2, og aktiv skogskjøtsel, med hogst, planting, gjødsling og ungskogspleie, bidreg til ein vesentleg klimagevinst. Jordbruksavtalen bidreg til å styrkje innsatsen på dette området. Kommunane kontrollerer skogeigarane sin innsats for forynging årleg. Det blir gjort miljøregistreringar av skogareal i drift for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag om livsmiljø for artar og andre miljøverdiar. Gode avvegingar mellom aktivitet og miljøomsyn, mellom natur og klima og mellom bruk og vern står sentralt i ein berekraftig skogpolitikk.

Delmål 15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing.

I nytt nasjonalt miljøprogram for 2022 er jord og jordhelse inkludert som eit miljøtema. Innsatsen omtalt under mål 2 skal òg medverke til å oppnå delmål 15.3.

Delmål 15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling.

Arealgrunnlaget for reindrifta har hatt stor merksemd i dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen, og er også eit prioritert område i reindriftsavtalen 2024/2025. Varetaking av areal i reinbeiteområde er ei prioritert oppgåve på alle nivå i reindriftsforvaltninga, og det blir arbeidd med å gjere kommunane meir bevisste på omsynet til reindrift i arealplanlegginga. Regjeringa la i 2023 fram ei tiltakspakke for reindrift og energi som skal leggje til rette for å nå måla om auka utbygging av fornybar energi og berekraftig reindrift. Sjå nærare omtale i del I.

Delmål 15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje formålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje.

Noreg gir årlege bidrag til fondet til plantetraktaten for fordelsdeling og gir tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene til traktaten.

16 Oversikt over lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Tabell 16.1 Statskog SF

Utgifter 2023

kroner

Løn, adm. direktør

2 089 000

Pensjonsutgifter

157 000

Anna godtgjersle

10 000

Fotnotar

1.

Utslepp til luft (ssb.no) – førebelse tal 2023.

2.

Landbruksdirektoratet publiserte fram til 2018 tal for omsetnad av økologiske varer i daglegvarehandelen, og har etter dette arbeidd med å få på plass eit nytt datagrunnlag. For dei siste åra har Landbruksdirektoratet innhenta tal frå daglegvarekjedene og handsama desse sjølve.

3.

Bærekraft i det norske matsystemet – regjeringen.no

Til forsida