Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 200–289 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

Det norske fellesskapet er sterkt. Vi har ei befolkning med høgt utdanningsnivå, låge inntektsskilnader og eit velfungerande demokrati basert på tillit. Vi er rike på naturressursar, som kjem befolkninga til nytte gjennom gode velferdsordningar og gratis utdanning av høg kvalitet. Petroleumsnæringa har vore viktig for den økonomiske utviklinga dei seinaste tiåra, men vi har òg store og viktige ressursar i skogbruk og fiske, vind- og vasskraft. Framover vil vi sjå framvekst av industriar knytte til mellom anna sjeldne jordartar, batteriproduksjon, havvind og truleg andre næringar vi ikkje kan sjå føre oss i dag. Vi har ein modell for forvaltning av ressursane til fellesskapet som skal sikre noverande og framtidige generasjonar og den langsiktige utviklinga av det norske samfunnet. Vi har eit utdanningssystem som er tilgjengeleg for alle, og som i seg sjølv er samfunnsbyggande. Vi har ein fellesskule der alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, lærer saman, noko som er med på å bygge ned skilnader og opp tilliten vi har til kvarandre.

Sjølv om naturressursane har vore viktige, er det likevel dei menneskelege ressursane som utgjer brorparten av den norske nasjonalformuen, jf. figur 1.1.

Dette er ikkje minst tufta på eit godt utdanningssystem som sikrar kompetente, kunnskapsrike medarbeidarar for både næringslivet og offentleg sektor – i primærnæringane, industrien og tenestenæringane. Det er òg slik at det ikkje er gitt at naturressursar fører til velstand. Tvert om kan det ofte føre med seg korrupsjon og konfliktar og vere negativt for den nasjonale økonomien. Når vi har lykkast så godt med å forvalte naturressursane i Noreg, er det i stor grad takka vere solide institusjonar og eit godt samspel mellom dyktige fagarbeidarar, geologar, ingeniørar, økonomar, juristar, og mange fleire. Vi har òg vore tente med høg grad av tillit og godt samarbeid, mellom arbeidstakarar, arbeidsgivarar og staten. Vi er ikkje ein rik nasjon berre på grunn av naturressursane våre, men også fordi vi har makta å forvalte dei godt.

Ansvarleg forvaltning

Med gode føresetnadar følger også eit stort ansvar for forsvarleg forvaltning av verdiane – både dei menneskelege og dei økonomiske. Vi må vere like gode til å forvalte dei menneskelege ressursane som dei naturgitte. Det betyr at barnehagar, skular og resten av utdanningssystemet legg til rette for utvikling og læring for alle barn og unge. Norske elevar og studentar skal ha moglegheiter til å utnytte potensialet dei har, enten det er i praktiske, estetiske eller akademiske retningar. Det same gjeld dei som allereie er i arbeid. Dei må ha moglegheiter til å vidareutvikle seg eller omstille seg til nye arbeidssituasjonar om dei ønsker det, eller når arbeidsmarknaden krev det. Alle skal få sjansen til å bidra til samfunnet gjennom arbeidslivet, idretten og frivilligheita, i det sosiale livet og heime.

Ansvarleg forvaltning krev at pengebruken er forsvarleg. Dei siste tiåra har det vore kraftig vekst i budsjetta til forsking og utdanning. Dette skal halde fram med å vere høgt prioriterte område, men vi kan ikkje forvente den same veksten framover. Samstundes som løyvingane til utdanning har auka, indikerer internasjonale undersøkingar at både lese- og mattematikkferdigheiter blant norske elevar er på retur. Vi er derfor nøydde til å finne måtar å styrke resultata til elevane på utan at det samstundes betyr vekst i budsjetta. Vi skal altså få meir att for dei pengane vi allereie investerer i utdanning.

Heller ikkje forskingsbudsjetta kan vente den same veksten framover, men ansvarleg forvaltning betyr at vi må ta vare på og utvikle kunnskapsbasen vi har igjennom forskingsmiljøa våre. Vi har framifrå forskingsmiljø innanfor ei rekke felt, og det gjer oss både sunnare, tryggare og klokare. Norsk forsking skal halde fram med å legge til rette for utvikling både i næringslivet og i offentleg sektor. Forskinga skal framleis vere driven av nyfikne, og vi skal alltid leite etter måtar forskinga kan takast i bruk på som kjem fellesskapet til gode. Gode løysingar kan òg hentast frå utanfor landegrensene. Internasjonalt kunnskapssamarbeid er avgjerande for at vi skal vidareutvikle oss som kunnskapsnasjon, og for at vi skal klare å løyse vår tids samfunnsutfordringar i fellesskap.

Figur 1.1 Noregs nasjonalformue. 2024-kroner. Prosent.

Figur 1.1 Noregs nasjonalformue. 2024-kroner. Prosent.

Kjelde: Finansdepartementet

Våre utfordringar

Alle samfunn vil stå overfor utfordringar til alle tider. I kunnskapsintensive samfunn som det norske er eit godt utdannings- og forskingssystem særs viktig for å møte desse utfordringane. Spesielt fordi mange av utfordringane våre nettopp er tett knytte til negative effektar av vitskapleg og teknologisk utvikling, eller til kunnskapsøkonomien, på ulike vis.

Vi har klimakriser, høgteknologisk krigføring, utfordringar knytte til kunstig intelligens, cyberåtak og forsvarleg deponering av plast, e-avfall og atomavfall. Alt dette er problem som må løysast med kunnskap og kompetanse. Nokre av utfordringane er nasjonale, andre er regionale, og mange er globale. Alle er våre felles utfordringar, og kunnskapssektoren er viktig for å finne løysingar.

Ein arbeidsmarknad i endring krev arbeidskraft med rett kompetanse

På mange område har vi underskot på kompetent arbeidskraft, og utdanningssystemet er det viktigaste verkemiddelet myndigheitene har for å dekke samfunnets kompetansebehov. Fordi befolkninga blir eldre, vil prosentdelen i arbeidsfør alder gå ned, sjølv om arbeidstakarane står lenger i jobb. Vi vil i løpet av dei komande tiåra sjå ein auke i talet på menneske som treng helsehjelp, omsorg og pleie. Derfor må helse- og omsorgspersonellet dele arbeidsoppgåvene meir effektivt seg imellom, jobbe meir målretta med oppgåver dei er kompetente til å løyse, og auke produktiviteten. Krigen i Ukraina og andre globale konfliktar gjer at også det militære og tilgrensande sektorar treng fleire kompetente menneske. Barnehage- og skulesektoren treng nok kvalifiserte lærarar, og vi treng kompetent arbeidskraft for å handtere det grøne skiftet.

Samstundes er det venta at etterspurnaden etter personar med fagbrev kjem til å stige. I dag er det fleire med fagbrev som pensjonerer seg enn det er elevar som tek fagbrev. Ei viktig oppgåve framover er derfor å rekruttere fleire til desse utdanningane og spesielt få fleire av dei som startar på ei yrkesfagleg utdanning, til å fullføre.

Det ligg eit stort potensial i teknologisk utvikling for å avlaste noko av behovet for arbeidskraft, men også teknologisk utvikling er avhengig av arbeidskraft. Derfor treng vi fleire teknologar. Like ens finst fagfelt der etterspurnad er lågare enn tilbodet, og det er mogleg å sørge for betre samsvar mellom det utdanningssystemet leverer, og det samfunnet har behov for. Mange menneske står utanfor jobb og utdanning, og vi må gjere meir for at desse får delta i arbeidslivet.

Verdiskaping og grønt skifte

Teknologisk kompetanse, særleg innanfor IKT og elektrofag, er spesielt etterspurt i arbeidet med det grøne skiftet. Noreg har forplikta seg til å kutte over halvparten av CO2-utsleppa i landet innan 2030. Det krev ny kunnskap og nye arbeidsmetodar, fleire hender og fleire hovud. Det er vanskeleg å sjå for seg kva ei slik omlegging av samfunnet vil bety, men det vil gripe inn i alle delar av samfunnslivet. Det krev derfor òg at alle som ikkje arbeider direkte med teknologi, får betre forståing av kva berekraft betyr, og kva konsekvensar det kan ha for eiga verksemd, lokalsamfunn eller familie.

Samstundes er det venta at oljeproduksjonen kjem til å gå ned over tid. Dette skjer både fordi etterspurnaden er venta å falle, og fordi oljereservane i Nordsjøen minkar. Med det vil næringa med desidert høgast økonomisk verdiskaping bli mindre. Skal vi vedlikehalde velferdstilbodet i Noreg, er det derfor viktig at vi held fram å utvikle arbeidsplassar og næringar med høg verdiskaping. Då treng vi eit utdannings-, forskings- og innovasjonssystem som bidreg til at behovet for kunnskap og arbeidskraft både i nærlingslivet og i offentleg sektor blir dekt. Samstundes er vi nøydde til å utvikle eit næringsliv som bidreg til å nå klimamåla og tek vare på naturen.

Demokrati under press

Ved inngangen til 2025 vil vi ha lagt bak oss det største valåret i historia. Meir enn 60 land vil ha halde val, og over halvparten av verdas befolkning har hatt høve til å stemme. Samstundes veit vi at demokratiet er under press verda over, og minoritetar, kvinner, skeive og andre grupper opplever at rettane deira blir truga.

For å vedlikehalde demokratiet må norske barn og unge, elevar og studentar, halde fram med å lære om styresett, institusjonar og tankesett, om ulike måtar ein kan styre eit land på, og korleis ulike haldningar til verda kring oss påverkar korleis vi ønsker å organisere livet vårt, og landet vi bur i. Dei må lære om kor viktig ei fri og uavhengig presse er, og kva det vil seie å bu i ein rettsstat.

Ikkje minst må vi tole kvarandre, høyre på kvarandre og lære av kvarandre. Klasserom og forelesingssalar er viktige arenaer for å øve på nettopp dette. Det norske demokratiet er sterkt fordi vi er forskjellige, og både utdanningssystemet og forskingssystemet er avhengig av at ein får bryne seg på motstridande argument, setje seg inn i andre sine idear og finne felles grunn gjennom diskusjon og forhandling.

Demokratiet er under press fordi det er mange som er tente med å servere oss feilinformasjon. I krig er feilinformasjon eit viktig våpen, og kunnskap er det einaste forsvaret som fungerer. Men det er ikkje berre i krig ein må kunne forsvare seg mot feilinformasjon. Det kan vere aktørar som ønsker å påverke frie val eller selje mirakelkurar. Det dei har til felles, er at dei undergrev ein fri og sannferdig samtale om verda vi lever i, og korleis vi ønsker at ho skal styrast.

Det kan vere vanskeleg å orientere seg i mengda av informasjon som er tilgjengeleg i dag, og det krev at ein har brei kunnskap om korleis verda heng saman, for å kunne skilje mellom kva som er sant og ikkje. Det krev at ein kan analysere argument eller gjere seg nytte av matematikk og statistikk. I andre tilfelle treng ein kanskje grunnleggande kunnskap om kjernefysikk, korleis immunforsvaret fungerer, eller kva som er forskjellen på vêr og klima. Dette er ferdigheiter og kunnskapar ein kan forvente at alle som tek del i det norske utdanningssystemet, kan tileigne seg.

Sosial ulikskap og utanforskap

Om ein ønsker god oppslutning om demokratiet, må ein sikre seg at det er eit demokrati som fungerer for alle. Når einskildpersonar eller grupper opplever at demokratiet ikkje tener deira interesser eller løyser dei problema dei opplever i kvardagen, blir demokratiet sett under press. Det kan kome som følge av ei kjensle av utanforskap eller økonomiske utfordringar.

Vi treng meir forsking om korleis ein kan redusere ulikskap, og korleis ulikskap blir halden ved lag og reprodusert i samfunn og familiar. Men vi veit allereie at skule og utdanning er eit av dei viktigaste verkemidla for å motverke utanforskap og sosial ulikskap. Dei som har fullført vidaregåande utdanning, har til dømes langt høgare sannsyn for å delta i yrkeslivet enn dei som ikkje har fullført. Sjølv om det er ein stadig mindre del av befolkninga som ikkje har fullført vidaregåande, er fråfallet frå vidaregåande opplæring i Noreg framleis høgt i internasjonal samanlikning, og fullføringsgraden må opp. Generelt aukar inntektsnivået med utdanning, og dette heng òg positivt saman med høgare produktivitet. Kunnskap er også viktig for å stå imot desinformasjon og ekkokammer, og er dermed med på å styrke demokratiet og den frie samfunnsdebatten vi må verne om. Slik sett er utdanning viktig både for einskildmennesket og for samfunnet.

Samla sett står Noreg som nasjon overfor mange utfordringar i åra framover, men vi er også i ein god posisjon for å møte utfordringane. Vi er ein liten nasjon i verdsmålestokk, men vi har store ressursar i ei befolkning som samla sett har grunnfesta tru på demokratiet og vilje til meir læring og utvikling til beste for seg sjølv og fellesskapet.

Mål, utfordringar og ambisjonar

Figur 1.2 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2025

Figur 1.2 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2025

Kjelde: Finansdepartementet

Kunnskapsdepartementet har tre overordna mål:

  • Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft.

  • Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse.

  • Kunnskapssektoren utjamnar sosiale og geografiske skilnader.

Dei tre hovudmåla skildrar samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet. Måla handlar om at alle får utnytta evnene sine, og at samfunnet får den kompetansen som trengst for omstilling til det grøne skiftet, til utvikling av velferdssamfunnet, til utjamning av skilnader og til ivaretaking av demokratiet.

I tillegg til dei tre overordna måla har Kunnskapsdepartementet sett opp åtte undermål som er meir konkrete. Budsjettkapitla i del II utdjupar tiltaka regjeringa ønsker å gjennomføre for å oppnå måla, innanfor barnehagen, grunnskulen, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning, forsking og kompetansepolitikk.

Hovudprioriteringar for 2025

Barnehagar

Prisreduksjonen som regjeringa innførte frå 1. august 2024, har ført til ein historisk låg maksimalpris i barnehagen, noko som bidreg til å gjere barnehage meir tilgjengeleg for alle. Regjeringa foreslår å vidareføre maksimalprisen nominelt på 2 000 kroner per månad nasjonalt, og 1 500 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6 frå 1. januar 2025. Barnehage vil framleis vere gratis i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms.

Bemanningssituasjonen i barnehagane er under press, og det er behov for betre bemanning. 250 mill. kroner av den foreslåtte auken i rammetilskotet til kommunane i 2025 blir grunngiven med behovet for bemanning i barnehagane. Det er eigarane som har ansvaret for forsvarleg bemanning, og Utdanningsdirektoratet skal lage ei rettleiing som skal tydeleggjere forståinga og praktiseringa av bemanningsregelverket for å legge til rette for betre etterleving av regelverket.

Regjeringa vil at alle som arbeider i barnehagen skal ha god og relevant kompetanse. Frå hausten 2024 er plassane på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) auka med 100, og departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner i 2025 til å utvide med ytterlegare 165 plassar frå hausten 2025.

Etter forslag frå og i samråd med Sametinget vil regjeringa opprette ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis barnehagetilbodet til samiske barn kan bli betre. Departementet vil ha dialog med Sametinget om samansetjing av gruppa og utforming av mandatet.

Regjeringa vil innføre eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling med mål om at alle barn og elevar skal få eit best mogleg grunnlag for læring, utvikling og trivsel i barnehagen og grunnopplæringa. Frå hausten 2025 vil regjeringa utvide tilskotsordninga for rettleiing av nyutdanna, nytilsette lærarar med 75 mill. kroner til å gjelde barnehagelærarar og lærarar i vidaregåande skule. Dei andre delane av systemet blir fasa inn med verknad frå 2026.

Grunnopplæringa

Regjeringa la 13. september 2024 fram Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Meldinga omtalar regjeringa sine forslag til tiltak for å snu den negative utviklinga i skulen på fleire område. Hovudmålet med meldinga er å styrke læringa, utviklinga, motivasjonen og meistringa til elevane, mellom anna gjennom å bidra til meir praktisk læring i skulen. Samla foreslår regjeringa ein auke på om lag 210 mill. kroner for å følge opp ulike tiltak i meldinga.

Regjeringa foreslår i meldinga å opprette eit nasjonalt program for ein meir praktisk skule. Programmet skal støtte skulane i arbeidet med praktisk læring i alle fag. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til mellom anna å setje i gang fleire utviklingsprosjekt for ein meir praktisk og fysisk aktiv skule, å utvikle støtteressursar og tiltak på vurderingsfeltet. Som ein del av programmet vil regjeringa òg styrke drifta av utvalde nasjonale senter med totalt 20 mill. kroner. I tillegg vil regjeringa innføre valfag på mellomtrinnet og gjere det obligatorisk for skulane å tilby arbeidslivsfag på ungdomstrinnet.

I 2024 blei det løyvd 127 mill. kroner til ei ny tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer for meir praktisk, variert og relevant læring i skulen. Regjeringa foreslår å auke tilskotet til 160 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 115 mill. kroner for å gi kommunane støtte til å opprette skulemiljøteam og beredskapsteam. Satsinga inneber ein auke på 100 mill. kroner i 2025.

Regjeringa ønsker å få fleire til å lese meir og at elevane utviklar betre leseferdigheiter, og ein leselyststrategi blei lagd fram i slutten av mai. Regjeringa vil vidareutvikle den nasjonale satsinga Tid for lesing og foreslår å auke løyvinga til 18 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å styrke realfagsopplæringa i grunnskulen med ei nasjonal satsing på matematikk og naturfag med høvesvis 15 mill. kroner og 10 mill. kroner.

Hausten 2024 tok eit av dei mest sentrale tiltaka i fullføringsreforma til å gjelde. Med ny opplæringslov har elevane fått rett til opplæring til dei har fullført vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet for å finansiere denne retten med 320 mill. kroner.

Regjeringa foreslår 479 mill. kroner for å vidareføre tilskotet til tiltak for å kvalifisere og formidle fleire til læreplass. I tillegg foreslår regjeringa 15 mill. kroner til ei forsøksordning med tilskot til bedrifter som tek inn vaksne med ulike utfordringar i eit opplæringsløp.

Regjeringa vil opprette eit nasjonalt senter for yrkesfag som ei eining i Utdanningsdirektoratet. Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til direktoratet med 5 mill. kroner til drift av senteret og 5 mill. kroner til forsking og utvikling ved senteret.

Regjeringa foreslår å styrke arbeidet med eksamen og vurdering med 15 mill. kroner.

Høgare yrkesfagleg utdanning

Regjeringa foreslår midlar til 1 000 nye studieplassar til fagskulane i 2025. 100 av dei nye studieplassane skal gå til utdanningstilbod innanfor industri- og byggrelaterte fag gjennom ordninga Industrifagskulen. Inkludert utgifter til utdanningsstøtte aukar forslaget løyvinga med 60,8 mill. kroner.

Regjeringa foreslår 3 mill. kroner for å etablere Nasjonalt studentombod for fagskulestudentar.

Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) med 12,5 mill. kroner til arbeid med tilsyn og akkreditering av høgare yrkesfagleg utdanning.

Regjeringa foreslår at Noregs forskingsråd lyser ut 25 mill. kroner årleg til forsking på høgare yrkesfagleg utdanning og fag- og yrkesopplæring.

Kompetansepolitikk og utdanningsstøtte

I 2025 vil Kunnskapsdepartementet lansere ei helt ny låneordning, kompetanselånet, som er relevant for dei som vil kombinere arbeid med kortare utdanningstilbod, og som har behov for å kompensere for inntektsbortfall i ein periode. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til nye utlån på 628 mill. kroner som følge av kompetanselånet.

Regjeringa foreslår å etablere ei ny gjeldssletteordning for yrkesaktive personar med studielån som er busette i dei minst sentrale distriktskommunane. Gjennom ordninga vil dei som kvalifiserer få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år, etter ein oppteningsperiode på 12 månader.

Regjeringa foreslår 15 mill. kroner til å vidareføre bransjeprogram for industri- og byggenæringa for tre nye år, frå 2025 til og med 2027.

Høgare utdanning og forsking

Regjeringa foreslår 46,4 mrd. kroner til universitet og høgskular i 2025. Forslaget omfattar 50 nye studieplassar i medisin, 10 nye studieplassar i veterinærmedisin, 100 nye studieplassar i IKT og 120 mill. kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet.

Forslaget omfattar 136,7 mill. kroner for å trappe opp ordinære studieplasstildelingar frå tidlegare år. I tillegg er det ein reduksjon på 167,1 mill. kroner for å frigjere midlar til omprioriteringar innanfor det samla budsjettforslaget frå regjeringa. Utfasinga av dei mellombelse midlane til studieplassar og rekrutteringsstillingar frå Utdanningsløftet 2020 utgjer høvesvis 392,2 mill. kroner og 263,6 mill. kroner.

Regjeringa foreslår tilsegner om tilskot til 1 650 nye studenthyblar i 2025. Frå og med 2025 vil det i låneramma til Husbanken vere ei eiga delramme på 2,1 mrd. kroner for lån til studentbustadar, som gjer at samskipnadene i større grad kan føreseie finansiering til byggeprosjekta.

Regjeringa ønsker raskare gjennomføring i høgare utdanning og foreslår derfor at institusjonane kan krevje eigenbetaling frå studentar for gjentak av eksamen der studenten allereie har bestått. Det kan innebere færre gjentak og reduserte kostnader ved institusjonane, og regjeringa foreslår å redusere løyvinga til universitet og høgskular med 22,3 mill. kroner tilsvarande eit anslag på inntekter frå eigenbetaling. Institusjonane skal sjølve fastsetje nivå på eigenbetalinga, avgrensa til meirkostnaden ved gjentak av eksamen.

Regjeringa foreslår å vidareføre den auka løyvinga på 10 mill. kroner til Universitetssenteret på Svalbard som kom i revidert budsjett for 2024.

Regjeringa foreslår å styrke forskinga på kvanteteknologi gjennom Forskingsrådet, slik at den årlege løyvinga på sikt blir 70 mill. kroner høgare enn dagens innsats. Av dette skal 30 mill. kroner kome over Kunnskapsdepartementets budsjett og 40 mill. kroner over Forsvarsdepartementets budsjett. Satsinga skal innrettast slik at det blir bygd opp solide nasjonale fagmiljø av høg internasjonal kvalitet, som vil kunne konkurrere og lykkast på andre arenaer.

Regjeringa foreslår å løyve til saman 40 mill. kroner til norske og samiske språkmodellar (grunnmodellar) til bruk i kunstig intelligens. Av desse vil 20 mill. kroner gå over Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett til Nasjonalbiblioteket, som får i oppdrag å trene, oppdatere og tilgjengeleggjere språkmodellar, medan 20 mill. kroner skal gå til å finansiere reknekraft til trening av modellane. Reknekrafta skal leverast av tungrekneselskapet Sigma2 AS, som er eigd av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør. Satsinga er mellom anna ei oppfølging av tiltaka for språkteknologi i regjeringas handlingsplan for norsk fagspråk. Samstundes vil regjeringa greie ut kor mykje reknekraft Noreg vil trenge dei komande åra, om det er behov for ein nasjonal infrastruktur og korleis ein eventuell nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvaltning og kunstig intelligens bør organiserast.

Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til å utvikle infrastrukturane for behandling av sensitive data, fordelt på Kunnskapsdepartementets og Helse- og omsorgsdepartementets budsjett. Tiltaket skal bidra til sikker bruk av og betre tilgang til helsedata for forskarar og utviklarar, styrkt helseberedskap og kunnskap i kriser og nasjonal kontroll over tilgang til data.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

408 340

422 927

430 818

1,9

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

277 988

282 673

318 795

12,8

Sum kategori 07.10686 328705 600749 6136,2

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

713 720

712 901

781 457

9,6

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

16 990

17 012

17 492

2,8

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

140 505

149 046

158 687

6,5

223

Diamanten skole

26 477

28 983

29 813

2,9

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

129 046

151 698

194 684

28,3

225

Tiltak i grunnopplæringa

2 454 956

2 595 080

2 759 106

6,3

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 087 577

3 145 242

3 338 013

6,1

227

Tilskot til særskilde skular

229 695

244 178

258 901

6,0

228

Tilskot til private skular o.a.

6 882 204

7 193 029

8 100 441

12,6

229

22. juli-senteret

32 029

50 485

58 428

15,7

230

Statleg spesialpedagogisk teneste

646 183

666 435

685 275

2,8

Sum kategori 07.2014 359 38214 954 08916 382 2979,6

Barnehagar

231

Barnehagar

1 099 687

1 151 535

1 299 235

12,8

Sum kategori 07.301 099 6871 151 5351 299 23512,8

Høgare yrkesfagleg utdanning

240

Fagskular

1 271 015

1 459 322

1 647 863

12,9

241

Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning

27 656

24 648

23 564

–4,4

242

Noregs grøne fagskule – Vea

43 093

35 281

36 298

2,9

Sum kategori 07.401 341 7641 519 2511 707 72512,4

Kompetansepolitikk og livslang læring

253

Folkehøgskular

1 080 447

1 116 379

1 158 801

3,8

254

Studieforbund o.a.

77 864

75 183

75 796

0,8

256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

483 956

466 839

525 654

12,6

257

Kompetanseprogrammet

223 870

210 808

217 910

3,4

258

Tiltak for livslang læring

104 567

112 836

74 329

–34,1

Sum kategori 07.501 970 7041 982 0452 052 4903,6

Høgare utdanning og forsking

260

Universitet og høgskular

43 798 449

45 354 672

46 445 499

2,4

270

Studentvelferd

823 056

720 909

650 837

–9,7

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

133 767

125 791

139 530

10,9

272

Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

686 287

405 517

329 637

–18,7

273

Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

425 635

442 769

4,0

274

Universitetssenteret på Svalbard

161 645

168 386

184 099

9,3

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

264 376

142 627

129 058

–9,5

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

20 648

21 206

21 739

2,5

285

Noregs forskingsråd

5 348 826

5 549 991

6 218 987

12,1

286

Regionale forskingsfond

124 937

0,0

287

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

240 057

245 303

–100,0

288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 440 038

7 043 367

5 127 483

–27,2

289

Vitskaplege prisar

47 030

49 101

50 967

3,8

Sum kategori 07.6057 089 11660 252 50559 740 6050,8

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

54 301 028

58 139 343

62 786 669

8,0

Sum kategori 07.8054 301 02858 139 34362 786 6698,0

Sum programområde 07130 848 009138 704 368144 710 9344,3

Sum utgifter

130 848 009

138 704 368

144 718 634

4,3

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

7 476 838

7 241 421

7 935 921

9,6

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

93 479

80 439

94 483

17,5

50–89

Overføringar til andre

85 816 797

91 631 235

93 471 820

2,0

90–99

Utlån, statsgjeld o.a.

37 460 895

39 751 273

43 216 410

8,7

Sum under departementet

130 848 009

138 704 368

144 718 634

4,3

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

360

4 500

100,0

Sum kategori 07.10360

4 500100,0

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

960

2 587

2 685

3,8

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

22 902

21 909

25 842

18,0

3223

Diamanten skole

980

715

742

3,8

3225

Tiltak i grunnopplæringa

198 749

302 337

293 709

–2,9

3230

Statleg spesialpedagogisk teneste

32 011

35 045

36 269

3,5

Sum kategori 07.20255 602362 593359 2470,9

Høgare yrkesfagleg utdanning

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

14 314

7 586

7 874

3,8

Sum kategori 07.4014 3147 5867 8743,8

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

58 593

31 066

41 755

34,4

Sum kategori 07.5058 59331 06641 75534,4

Høgare utdanning og forsking

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

11 232

4 995

4 864

–2,6

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3285

Noregs forskingsråd

24 000

100,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

18 411

31 037

19 025

–38,7

Sum kategori 07.6029 64336 04247 89932,9

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

20 547 300

22 353 761

23 519 170

5,2

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

9 144 334

10 363 860

13 837 239

33,5

Sum kategori 07.8029 691 63432 717 62137 356 40914,2

Sum programområde 0730 050 14633 154 90837 817 68414,1

Sum inntekter

30 050 146

33 154 908

37 817 684

14,1

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

365 225

443 038

465 093

5,0

50–89

Overføringar frå andre

9 248 099

10 454 138

13 946 520

33,4

90–99

Attendebetalingar o.a.

20 436 822

22 257 732

23 406 071

5,2

Sum under departementet

30 050 146

33 154 908

37 817 684

14,1

Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Kunnskapsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2024

Forslag 2025

201

70

Noregs forskingsråd – forsking om utdanning og forsking

265 064

220

70

Tilskot til læremiddel o.a.

5

90 027

226

21

Særskilde driftsutgifter

88 197

1 143 444

231

21

Særskilde driftsutgifter

49 129

761 967

240

61

Utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning

14 880

77 773

241

21

Særskilde driftsutgifter

11 159

23 564

257

70

Tilskot

160 742

217 910

258

21

Særskilde driftsutgifter

61 837

74 329

272

51

Tiltak for internasjonalisering

4 305

272

52

Tiltak for høgare utdanning

3 244

272

71

Tilskot til tiltak for internasjonalisering

54 230

172 829

272

72

Tilskot til tiltak for høgare utdanning

33 818

156 808

275

21

Særskilde driftsutgifter

29 062

49 565

285

71

Strategiske forskingsprioriteringar

2 950 898

285

72

Langsiktig, grunnleggande forsking

1 663 129

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2023–2024 og alle vedtak som Stortinget ikkje har godkjent oppfølginga av.

I kolonnen lengst til høgre i tabell 3.1 er det ført opp om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan til dømes gjelde oppmoding om å ta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, slik at oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Følgt opp (ja/nei)

2023–2024

76

Miljøovervakingssystemet COAT

Ja

2023–2024

139

Finansiering av senteret C-REX

Nei

2023–2024

268

Tilskot til WorldSkills Norway

Ja

2023–2024

474

Utsett iverksetjing av vedtak om utestenging av studentar

Ja

2023–2024

475

Karriererettleiarar og rådgivarar i skulen

Ja

2023–2024

476

Greie ut rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Ja

2023–2024

526

Opptrapping av satsinga på Dembra

Ja

2023–2024

578

Hindre misbruk av personopplysningane til barn og unge

Nei

2023–2024

579

Betre bruk av filter på digitale einingar i barnehage og grunnskule

Ja

2023–2024

621

Fleire elevar på ekskursjon til fange- og konsentrasjonsleirar

Nei

2023–2024

659

Betre ivaretaking av kunnskap om æreskultur og æresvald i utdanningar

Ja

2023–2024

678

Redusere saksbehandlingstida for å få godkjent utanlandsk utdanning i Noreg

Ja

2023–2024

707

Vurdering av omfang og lovkrav om mellombels tilsetjing av lærarar

Nei

2023–2024

906

Kartlegge bemanningssituasjonen i SFO-tilboda

Nei

2023–2024

907

Justere tilskotsordninga for barnehagar i levekårsutsette område

Ja

2022–2023

471

Meir variert praksis i lærarutdanningane m.m.

Nei

2022–2023

472

Strategi for å styrke laget rundt læraren og eleven

Nei

2022–2023

484

Plan for å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2022–2023

553

Lærekandidatordninga

Ja

2022–2023

554

Greie ut nytt yrkestittelnivå

Ja

2022–2023

625

Vald og truslar i skulen

Nei

2022–2023

690

Strategi for å auke rekrutteringa av lærarar

Ja

2022–2023

733

Kandidattypar innanfor fag- og yrkesopplæringa

Ja

2022–2023

734

Læringsstøttande ressursar på begge målformer

Nei

2022–2023

735

IB-tilbod både i grunnskulen og i vidaregåande skule

Nei

2022–2023

736

Handlingsrommet for alternative opplæringsarenaer

Ja

2022–2023

737

Utvide målgruppa for oppfølgingstenesta

Ja

2022–2023

738

Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa

Nei

2021–2022

35, pkt. 44

Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Nei

2021–2022

35, pkt. 45

Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Nei

2021–2022

35, pkt. 53

Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Ja

2021–2022

374

Styrking av praktisk læring

Ja

2020–2021

79

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Nei

2020–2021

182

Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Ja

2020–2021

941

Opptrappingsplan for studieplassar i medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Ja

2020–2021

942

Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Ja

2020–2021

1070

Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Ja

2020–2021

1104

Heilskaplege og koordinerte tenester

Nei

2019–2020

700

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2018–2019

51

Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Nei

2017–2018

461

Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

802

Finansieringssystemet for private barnehagar

Nei

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgare utdanning

Ja

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Nei

2015–2016

796

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Nei

3.1 Stortingssesjon 2023–2024

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Tilskot til WorldSkills Norway

Vedtak nr. 268, 18. desember 2023:

Stortinget ber regjeringen sikre at staten bidrar med sin del, slik at World Skills får stabile rammevilkår slik at de kan arrangere skole-NM og andre yrkeskonkurranser.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2023–2024) for Kunnskapsdepartementet, jf. Innst. 12 S (2023–2024).

Regjeringa omtala oppfølginga av vedtaket i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024, jf. Prop. 104 S (2023–2024). Utdanningsdirektoratet har innvilga eit tilskot til WorldSkills Norway over kap. 225, post 75 på 12,9 mill. kroner over tre år frå hausten 2024, med atterhald om Stortingets løyvingsvedtak. Tilskotet utgjer 4,3 mill. kroner i 2025.

I tillegg får organisasjonen eit øyremerkt tilskot på 2 mill. kroner i 2024 på kap. 226, post 21 til å arrangere skule-NM. I statsbudsjettet for 2025 foreslår departementet å auke dette øyremerkte tilskotet til 4 mill. kroner.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Karriererettleiarar og rådgivarar i skulen

Vedtak nr. 475, 18. desember 2023:

Stortinget ber regjeringen vurdere om karriereveileder skal være en egen stillingskategori i skolen, og tydeliggjøre kravene om rådgiverrelevant utdanning og kompetanse for å være rådgiver i skolen, for eksempel i henhold til anbefalingene utarbeidet av Utdanningsdirektoratet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:18 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup og Tone Wilhelmsen Trøen om fornyelse av karriereveiledningen i skolen, jf. Innst. 174 S (2023–2024).

Regjeringa har gjort ei vurdering slik Stortinget har bede om. Regjeringa har kome fram til at spørsmålet om karriererettleiar skal vere ein eigen stillingskategori i skulen, er eit spørsmål som ligg til partane i arbeidslivet.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse nyleg utvikla kompetansestandardar for dei som jobbar med karriererettleiing i skulen. Desse kompetansestandardane har departementet no bede direktoratet om å informere relevante aktørar om. Kompetansestandardane skildrar kva slags kompetanse til dømes ein rådgivar eller ein lærar i faget utdanningsval bør ha. Kompetansestandardane for karriererettleiing i skulen er baserte på det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing.

Departementet reknar med dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Greie ut rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Vedtak nr. 476, 18. desember 2023:

Stortinget ber regjeringen utrede hvordan ansvaret for rådgivnings- og karriereveiledningstjenesten for hele skoleløpet kan samles og koordineres bedre, og hvordan samarbeidet mellom karriereveiledningen, Nav og arbeids- og næringsliv kan styrkes.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:18 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup og Tone Wilhelmsen Trøen om fornyelse av karriereveiledningen i skolen, jf. Innst. 174 S (2023–2024).

Departementet vil gi Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i oppdrag å prøve ut samarbeidsmodellar for karriererettleiing. Utdanningsdirektoratet skal involverast på ein formålstenleg måte. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa 7,5 mill. kroner (hausteffekt) til eit tilskot retta mot fylkeskommunane kap. 225, post 69, der midlane skal gå til utprøving av ulike modellar for organisering av samarbeid mellom karrieresentera og ungdomsskule og vidaregåande opplæring. HK-dir skal forvalte tilskotsordninga. Utprøvinga skal stimulere til å utvikle nye og betre former for samarbeid og samordning i karriererettleiinga i skulen.

Departementet ønsker gjennom utprøvinga å få meir kunnskap om kva former for modellar som fungerer. Utprøvinga kan òg inkludere utforsking av korleis karrieresentera og arbeidslivet kan vere ein ressurs for ungdomsskule og vidaregåande opplæring.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Opptrapping av satsinga på Dembra

Vedtak nr. 526, 19. mars 2024

Stortinget ber regjeringen trappe opp satsingen på Dembra, herunder Dembra i lærerutdanningene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:31 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad om en ny handlingsplan mot antisemittisme, jf. Innst. 218 S (2023–2024).

Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske holdninger (Dembra) blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). Verksemda omfattar rettleiing, kurs og nettbaserte ressursar for å førebygge ulike former for gruppebaserte fordommar, og læringsressursane er retta mot både barneskulen, ungdomsskulen, den vidaregåande opplæringa og lærarutdanningane. Dembra for lærarutdannarar (Dembra LU) omfattar kurstilbod til lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. Dembra engasjerer dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Det er etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet.

Dembra skal fremje eit trygt og godt skulemiljø og gi kompetanseutvikling innanfor tema som skal motverke fordommar, hatefulle ytringar og gruppefiendtlege haldningar, slik at elevane kan reflektere over korleis til dømes gruppetenking påverkar måten vi ser på oss sjølve og «dei andre» på, og korleis orda vi bruker, kan påverke andre. Læringsressursane som er utvikla, dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. Desse læringsressursane blir nytta i lærarutdanningane, i etterutdanningane og til skulebasert kompetanseheving.

I statsbudsjettet for 2024 blei det løyvd 14,5 mill. kroner til Dembra over kap. 226, post 21, og i revidert budsjett for 2024 blei løyvinga auka med 1,2 mill. kroner for utvikling av kurs om antisemittisme og utvikling av digitale ressursar om muslimfiendtlegheit. Departementet foreslår å løyve 16,5 mill. kroner i 2025, jf. omtale under kap. 226, post 21. I tillegg blei det i 2024 tildelt 1,1 mill. kroner over kap. 226, post 21 til to prosjekt som HL-senteret sende søknad om 23. november 2023 etter terrorangrepet mot Israel og dei følgande krigshandlingane på Gaza: Digitale ressurser for profesjonsutvikling knyttet til kontroversielle temaer og Kompetanseheving for lærere, for å styrke kompetansen til skulane og lærarane og lage støtteressursar til handtering av og undervisning i krevjande og konfliktfylt tematikk. Det blei også i 2024 løyvd 3,3 mill. kroner over kap. 224, post 70 til å styrke den pedagogiske kapasiteten ved freds- og menneskerettssentera. Sentera står fritt i korleis dei vil nytte stillingane. Departementet legg til grunn at den delen av vedtaket som gjeld styrking av Dembra, er følgd opp gjennom styrkt kapasitet både til å ta imot elevar hos sentera og til Dembra.

Når det gjeld den delen av vedtaket som handlar om styrking av Dembra LU, så er HL-senteret i gang med å lage ein undervisningspakke om konspirasjonsteoriar og konspirasjonstenking for vidaregåande opplæring og lærarutdanningane som skal vere ferdig innan utgangen av 2024.

Departementet legg til grunn av vedtaket med dette er følgt opp.

Hindre misbruk av personopplysningane til barn og unge

Vedtak nr. 578, 23. april 2024

Stortinget ber regjeringen styrke arbeidet med veiledning til barnehage- og skoleeiere om etterlevelse av personvernregelverket for å hindre misbruk av barn og unges personopplysninger.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:92 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad om et lærebokløft og mindre og bedre regulert skjermbruk i skolen, jf. Innst. 263 S (2023–2024).

Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppgåve å greie ut korleis ein best kan lage ei eller fleire felles støttetenester til kommunane for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming av digitale læremiddel. Direktoratet har starta utgreiinga som vil ta føre seg jurdiske og forvaltningsmessige spørsmål, og legge fram forslag til modellar for korleis ei eller fleire støttetenester kan organiserast. Utgreiinga er etter planen ferdig i desember 2024, og departementet vil følge opp tilrådingane frå rapporten.

Kunnskapsdepartementet har gitt midlar til KS sitt arbeid med ein nasjonal DPIA (Data Protection Impact Assessment) for Google Workspace for Education, som er ei plattform mange skular nyttar på dei digitale einingane sine. Ein nasjonal DPIA vil styrke kommunane si evne til å etterleve regelverket for personvern.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Betre bruk av filter på digitale einingar i barnehage og grunnskule

Vedtak nr. 579, 23. april 2024

Stortinget ber regjeringen sterkt anbefale og følge opp at barnehage- og skoleeiere installerer Kripos sitt blokkeringsfilter eller vurdere andre filtre som effektivt sperrer tilgang til uønskede medier og innhold på digitale enheter som brukes av barn i barnehagen og elever i grunnskolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:92 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad om et lærebokløft og mindre og bedre regulert skjermbruk i skolen, jf. Innst. 263 S (2023–2024).

12. juni 2024 sende Kunnskapsdepartementet saman med KS eit brev til alle landets kommunar, fylkeskommunar og private barnehageeigarar og skuleeigarar med ei sterk tilråding om å implementere Kripos’ liste over nettsider i lokale sperrer og blokkeringsfilter. Brevet peikar også på at Kripos-lista åleine ikkje er tilstrekkeleg for å beskytte barn mot uønskt og skadeleg innhald, sidan lista berre søker å førebygge seksuelle overgrep. I brevet blir det vist til det ansvaret kommunane, fylkeskommunane og private barnehage- og skuleeigarar har for å ivareta sikkerheita og personvernet til barna ved bruk av digitale einingar, og brevet gir ei forventning om at det må bli sørgd for tiltak for å beskytte barn mot eksponering av uønskt og skadeleg innhald og for å handtere potensielt skadelege hendingar. Andre løysingar kan vere tekniske sperrer, innhaldsfilter og organisatoriske tiltak for å avgrense at barnehagebarn og elevar blir utsette for uønskt og skadeleg innhald.

På nettsidene til Utdanningsdirektoratet ligg rettleiaren Hvordan beskytte barn mot skadelig innhold på nett?. Direktoratet sørger for oppdatering hausten 2024.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Fleire elevar på ekskursjon til fange- og konsentrasjonsleirar

Vedtak nr. 621, 7. mai 2024

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fremleggelsen av den nye handlingsplanen mot antisemittisme komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan det kan sørges for at flere skoleelever, fra hele landet, får mulighet til å besøke tidligere fange- og konsentrasjonsleirer, som for eksempel Falstadsenteret og Falstad fangeleir, Grini fangeleir, Auschwitz og Sachsenhausen, innenfor hvert års vedtatte budsjettrammer.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:95 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Himanshu Gulati, Silje Hjemdal, Sylvi Listhaug og Christian Tybring-Gjedde om å styrke kampen mot antisemittisme, jf. Innst. 267 S (2023–2024).

Kommunal- og distriktsdepartementet leiar det pågåande arbeidet med den nye handlingsplanen mot antisemittisme.

Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vurdering av omfang og lovkrav om mellombels tilsetjing av lærarar

Vedtak nr. 707, 11. juni 2024

Stortinget ber regjeringen vurdere omfanget av midlertidig ansettelse av lærere innen sommeren 2027, og eventuelt komme tilbake til Stortinget med et skjerpet lovkrav om at skoleeier alltid vurderer ansettelse på vilkår før annen midlertidig ansettelse, når det ikke er kvalifiserte lærere som søker ledig undervisningsstilling.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 62 L (2023–2024), jf. Innst. 389 L og Lovvedtak 78 (2023–2024).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Kartlegge bemanningssituasjonen i SFO-tilboda

Vedtak nr. 906, 21. juni 2024

Stortinget ber regjeringen innen 1. januar 2025 om å kartlegge bemanningssituasjonen i SFO-tilbudene i samarbeid med partene. Dette skal skissere nye tiltak for å bedre bemanning og kvaliteten i SFO-tilbudene. Kartleggingen skal også innhente informasjon om omfanget av skyss i tilknytning til SFO, skoleferietilbud og tilrettelegging for barn med behov for særskilt tilrettelegging, og identifisere relevante tiltak tilknyttet disse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 2 (2023–2024), jf. Innst. 447 S (2023–2024).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Justere tilskotsordninga for barnehagar i levekårsutsette område

Vedtak nr. 907, 21. juni 2024

Stortinget ber regjeringen justere tilskuddsordningen for økt pedagogtetthet i barnehager i levekårsutsatte områder samtidig med at den nå styrkes, slik at den blir en tilskuddsordning for økt pedagogtetthet og økt grunnbemanning.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 2 (2023–2024), jf. Innst. 447 S (2023–2024).

Departementet fastsette reviderte retningslinjer for å sjå til at tilskotsordninga også skulle vere ei ordning for auka grunnbemanning i juni 2024. Samstundes blei namnet på tilskotet endra til Tilskot til auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område. Tilskotsordninga gjeld for barnehageåret, og løyvinga i 2024, som gjeld for barnehageåret 2024–25, blei tildelt kommunane etter at nye retningslinjer var fastsette. Departementet foreslår å flytte tilskotet frå kap. 231 Barnehagar, post 21 Særskilde driftsutgifter til ny post kap. 231 Barnehagar, post 61 Tilskot til auka pedagogtettleik og auka grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område. Sjå omtale og budsjettforslag i del II under programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Miljøovervakingssystemet COAT

Vedtak nr. 76, 4. desember 2023

Stortinget ber regjeringen sørge for at infrastrukturen bygget gjennom miljøovervåkningssystemet COAT videreføres.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Nasjonalbudsjettet 2024 og statsbudsjettet for 2024, jf. Innst. 2 S (2023–2024), jf. Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024, jf. Innst. 2 S (2023–2024).

Stortinget løyvde 20 mill. kroner i 2024 til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) for å vidareføre infrastrukturen som er bygd opp gjennom miljøovervakingssystemet Climate-Ecological Observatory for Arctic Tundra (COAT). Regjeringa legg til grunn at tildelinga gjaldt for 2024, og at UiT må vurdere vidareføring av COAT innanfor rammeløyvinga etter 2024.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Finansiering av senteret C-REX

Vedtak nr. 139, 12. desember 2023

Stortinget ber regjeringen sikre fortsatt finansiering av senteret C-REX også ut over 2026 og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:246 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erna Solberg, Mari Holm Lønseth, Mudassar Kapur og Sveinung Stensland om bedre forebygging av og mer kunnskap om voldelig ekstremisme og radikalisering, jf. Innst. 93 S (2023–2024).

Etter terrorhendinga 22. juli 2011 vart det auka merksemd om behovet for forsking på høgreekstremisme. I revidert budsjett for 2015 løyvde Stortinget midlar til å styrke slik forsking. Midlane – 10 mill. kroner på heilårsbasis – vart tildelte Noregs forskingsråd og lyste ut i nasjonal konkurranse som ei senterløyving. C-REX – Senter for ekstremismeforsking vann konkurransen og fekk midlar for ti år, med atterhald om positiv midtvegsevaluering. C-REX er derfor garantert ei løyving gjennom Noregs forskingsråd til slutten av januar 2026. Regjeringa vil vurdere om finansieringa av C-REX framleis skal skje via Noregs forskingsråd eller med ei direkteløyving til Universitetet i Oslo, og kjem tilbake til dette i komande statsbudsjett.

Utsett iverksetjing av vedtak om utestenging av studentar

Vedtak nr. 474, 6. februar 2024:

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2024 med en vurdering av forslag om hvordan studenter som selv ønsker det, kan få utsatt iverksettelse av vedtak om utestenging fram til eventuelle klager på vedtak er avgjort.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 126 L (2023–2024) Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), jf. Innst. 169 L (2023–2024).

Regjeringa omtala oppfølginga av vedtaket i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024, jf. Prop. 104 S (2023–2024). Vurderinga til departementet er at det ikkje bør innførast ein særregel om at studentar kan få utsett iverksetjing av utestengingsvedtak i fuskesaker. Departementet meiner at det, i samsvar med dei ordinære reglane i forvaltningslova, bør vere opp til kvar einskild institusjon å velje om iverksetjing av eit utestengingsvedtak skal utsetjast. Departementet har særleg lagt vekt på at det berre er eit fåtal vedtak som blir oppheva av klageinstansen, og at utsett iverksetjing i dei fleste tilfelle derfor ikkje vil vere til fordel for studentane. Ein rett til å få utsett iverksetjing vil dessutan føre til forskjellsbehandling av studentane ut frå kor langt dei er komne i studieløpet og kan dessutan føre til ein auke i talet på klager og auka saksbehandlingstid. Departementet viser også til at det med den nye universitets- og høgskulelova er føringar om ein meir nyansert reaksjonsbruk, og dermed mildare reaksjonar i dei minst alvorlege tilfella, slik at det framover truleg vil vere mindre risiko for at studentar blir utestengde utan at dei har gjort ei fuskehandling som tilseier bruk av slik reaksjon.

Kunnskapsdepartementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Betre ivaretaking av kunnskap om æreskultur og æresvald i utdanningar

Vedtak nr. 659, 23. mai 2024

Stortinget ber regjeringen sørge for at kunnskap om æreskultur og æresvold blir tilstrekkelig ivaretatt i utdanningen til politi, barnevern, skole og helsesektoren

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:96 S (2023–2024) Representantforslag frå stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Sylvi Listhaug, Bård Hoksrud, Morten Wold, Christian Tybring-Gjedde, Silje Hjemdal og Per-Willy Amundsen om konkrete tiltak mot æreskriminalitet, jf. Innst. 320 S (2023–2024).

Kunnskapsdepartementet styrer lærarutdanningane gjennom overordna rammeplanar som bygger på opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnopplæringa. Det betyr at lærarane som blir utdanna skal kunne undervise etter dei gjeldande læreplanane. Rammeplanane er forskrifter og tek ikkje opp einskildtema eller einskildemne. Likevel seier rammeplanane at alle kandidatar som uteksaminerast frå ei lærarutdanning skal ha kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, inkludert kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn, gjeldande lovverk og barns rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Lærarane skal også kunne identifisere teikn på vald og seksuelle overgrep og skal kunne styrke fleirkulturelle perspektiv ved skulens arbeid og vareta eit godt skule-heim-samarbeid.

Som for lærarutdanningane, skal innhaldet i helse- og sosialfagutdanningar vere i tråd med samfunnets noverande og framtidige behov for kompetanse, både frå tenestenes og brukaranes perspektiv. Dette er forankra i forskrift om felles rammeplan for grunnutdanningane i helse- og sosialfag, og er førande for universitet og høgskulars arbeid med utdanningane. Rammeplanen fastset felles formål og felles innhald for alle grunnutdanningane. Alle helse- og sosialfagsstudentar skal, etter fullført utdanning, ha kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn. Uteksaminerte kandidatar skal også ha kunnskap om sosiale og helsemessige problem, mellom anna omsorgssvikt, vald og overgrep. Vidare skal kandidatane ha relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse som gjer dei i stand til å forstå og samhandle med brukarar, pasientar og pårørande. Dette er forskriftsfesta krav. Utdanningane innanfor helse- og sosialfag har i tillegg til felles rammeplan, også eigne retningslinjer for kvar utdanning, som spesifiserer læringsutbyttet for kvar einskild utdanning i tråd med deira yrkes- og profesjonsspesifikke rolle.

Retningslinja for barnevernspedagogutdanning inkluderer læringsutbytte om omsorgssvikt, overgrep og vald, moglege årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar, og at kandidaten skal kunne bruke fagleg kunnskap om kulturelt mangfald og vise fleirkulturell forståing og kultursensitivitet i tenesteutøvinga. Retningslinjene for masterutdanning i barnevern og barnevernarbeid inkluderer mellom anna læringsutbytte der ein forventar at kandidaten skal oppnå avansert kunnskap om ulike levesett og verdiar knytt til kulturelt mangfald og minoritetar. Styringa av og læringsutbyttet i barnevernsutdanningane gir kandidatane kunnskap, ferdigheiter og kompetanse som sørger for at dei vil kunne møte æreskultur og æresvald på ein kunnskapsbasert måte i tenesteutøvinga.

Styrking av kunnskapen og kompetansen i politiet om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er eit sentralt tiltak i den gjeldande handlingsplanen på feltet.

Politiet skal ha eit tydeleg fokus på mangfald, dialog og arbeid som skaper tillit. Dette er viktige tema i politiets nye forebyggande strategi: I forkant av kriminaliteten – forebygging som politiets hovedstrategi (2021–2025). God fenomenkunnskap er viktig for å setje politiet og samarbeidande aktørar i stand til å avdekke, forebygge og etterforske negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.

Det er gjennomført ei rekke kompetansehevande tiltak, mellom anna gjennom obligatorisk årleg opplæring for etterforskarar og påtalemyndigheita i politiet. Politiets representant i Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald rettleiar politidistrikta i einskilde saker. Kompetanseteamet har opplevd ein sterk vekst i talet på førespurnader dei siste åra og ein særleg sterk vekst frå politiet. Dette kan ein sjå i samanheng med større medvit og merksemd, både i offentlegheita og i politiet, og auka kompetanse i etatane.

Kripos arrangerte ei nasjonal fagsamling på fagområdet hausten 2023 med deltakarar frå politidistrikta. Fleire distrikt har arrangert eigne fagdagar om æresrelatert vald. Politiets kompetansedelingsportal på fagområdet blir oppdatert og brukt aktivt.

Politidirektoratet melder at dei framleis ser behov for å auke kunnskapsnivået i politiet på feltet, både innanfor førebygging, avdekking og etterforsking. Ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er no under utvikling, som vil innehalde oppdaterte kompetansehevingstiltak.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Redusere saksbehandlingstida for å få godkjent utanlandsk utdanning i Noreg

Vedtak nr. 678, 4. juni 2024

Stortinget ber regjeringa om å setje i verk tiltak for å redusere saksbehandlingstida for å få godkjent utanlandsk utdanning i Norge.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet, jf. Innst. 330 S (2023–2024).

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ansvar for godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring, fagskuleutdanning, høgare utdanning og lovregulerte yrke i skule og barnehage. HK-dir har opplevd ein stor auke i talet på søknader både frå ukrainske flyktningar og frå andre søkarar, og dette har utfordra saksbehandlingskapasiteten i direktoratet. I statsbudsjettet for 2024 blei HK-dir tilført 2 mill. kroner for å tilsetje fleire saksbehandlarar mellombels, som kan handtere den auka saksmengda og opparbeidde restansar på godkjenning av utanlandsk utdanning. Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre midlar til å auke kapasiteten i HK-dir til å behandle saker om godkjenning av utanlandsk utdanning i 2025-budsjettet, jf. kap. 256, post 01.

Kunnskapsdepartementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

3.2 Stortingssesjon 2022–2023

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Strategi for å styrke laget rundt læraren og eleven

Vedtak nr. 472, 31. januar 2023

Stortinget ber regjeringen legge frem en strategi for å styrke laget rundt læreren og eleven slik at læreren får bedre tid til sine kjerneoppgaver og eleven får tettere oppfølging, herunder øke antall ansatte og styrke samarbeidet mellom faginstanser og få flere yrkesgrupper med helse- og sosialfaglig kompetanse inn i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:21 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Abid Raja, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Alfred Jens Bjørlo om å ta læreryrket framover, jf. Innst. 158 S (2022–2023).

Departementet er i gang med å vurdere korleis ein kan styrke laget rundt barna og eleven, og vil involvere partane og sentrale aktørar i dette arbeidet. Temaet er omtala i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn og vil bli omtala i den komande meldinga om sosial mobilitet og sosial utjamning.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Lærekandidatordninga

Vedtak nr. 553, 28. mars 2023

Stortinget ber regjeringen styrke lærekandidatordningen, herunder sørge for at det avklares og tydeliggjøres hvem som er riktig målgruppe for lærekandidatordningen, og hvem som kanskje har bedre utbytte av alternative ordninger som praksisbrevordningen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:99 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Aleksander Stokkebø, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Turid Kristensen, jf. Innst. 244 S (2022–2023).

Eit sentralt grep i fullføringsreforma er at den vidaregåande opplæringa skal bli betre tilpassa mangfaldet i elevgruppa, ved mellom anna å utvide retten til opplæring. Det gir fylkeskommunane insentiv til å tilpasse og legge til rette den ordinære opplæringa i større grad, også for dei som i dag bruker lærekandidatordninga og praksisbrevordninga. Bruken av dei to ordningane kan endrast som følge av dette. Departementet meiner derfor det ikkje er formålstenleg å starte eit større arbeid no for å gå opp grensa mellom målgruppene for dei to ordningane. Departementet vil følge utviklinga gjennom evalueringa av utvida rett til vidaregåande opplæring og gjennom dialog med fylkeskommunane, brukarorganisasjonar og andre.

Lærekandidatordninga er styrkt gjennom ny opplæringslov, som tok til å gjelde i haust. Tidlegare hadde ikkje dei med oppnådd kompetansebevis rett til vidare opplæring fram mot ein yrkeskompetanse. No har alle rett til opplæring fram til dei har fullført med yrkes- eller studiekompetanse. Det betyr ikkje at det er ei forventning om at ein skal gå vidare mot studie- eller yrkeskompetanse, men at ein har rett til opplæring ut frå eigne føresetnader og behov. Dette bidreg til å styrke lærekandidatordninga.

Lærekandidatordninga er godt etablert i alle fylkeskommunar og innanfor eit breitt spekter av lærefag. Samstundes har Riksrevisjonen i Dokument 3:12 (2015–2016) peika på at fylkeskommunane bruker til dels ulike kriterium for dei som skal få opplæring gjennom lærekandidatordninga, og at fylkeskommunane bruker ordninga ulikt. Kunnskapsdepartementet har bede Utdanningsdirektoratet om å greie ut og lage rettleiingsmateriale til fylkeskommunane om det yrkesfaglege tilbodet for personar med stort behov for rettleiing og utviklingshemming. Det skal bidra til at også denne elevgruppa får eit reelt yrkesfagleg tilbod over heile landet, og samstundes bidra til å avklare målgruppa for ordninga.

Satsinga til regjeringa på formidling og kvalifisering til læreplass bidreg òg til å styrke lærekandidatordninga. Gjennom satsinga fekk fylkeskommunane 485 mill. kroner i 2024 til dette arbeidet, og regjeringa har varsla at tilskotet skal vidareførast på om lag dette nivået ut perioden for Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026). Fylkeskommunane kan bruke tilskotet til å betre overgangen mellom skule og læreplass for elevar som av ulike årsaker slit med å få læreplass.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Nytt yrkestittelnivå

Vedtak nr. 554, 28. mars 2023

Stortinget ber regjeringen i samarbeid med partene i arbeidslivet utrede om det skal innføres et yrkestittelnivå mellom fagarbeiderne med fag- eller svennebrev og de ufaglærte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:99 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Aleksander Stokkebø, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Turid Kristensen, jf. Innst. 244 S (2022–2023).

I den nye opplæringslova som tok til å gjelde frå august 2024, har alle rett til vidaregåande opplæring fram til dei har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Dersom det blir innført eit nytt yrkestittelnivå som gir ein yrkeskompetanse mellom ufaglært og fagarbeidar, vil retten til opplæring kunne bli oppfylt når kandidatane har nådd dette nivået. Ein ny yrkestittel for dette nivået vil dermed kunne svekke retten til vidaregåande opplæring for lærekandidatar.

Lærekandidatar avsluttar opplæringa med ein kompetanseprøve som gir eit kompetansebevis. Lærekandidatar får ein individuelt tilrettelagd opplæringsplan, og kompetansebeviset gjer greie for den oppnådde kompetansen til den einskilde kandidaten. Kompetansebeviset skal vere retta mot eit reelt behov i arbeidslivet og skal gi grunnlag for varig arbeid. Ein ny yrkestittel som til dømes «assistent» vil gi liten ekstra informasjon, samanlikna med den individuelt tilrettelagde opplæringsplanen til lærekandidatane og dagens kompetansebevis. Departementet meiner kompetansebeviset er tilstrekkeleg for å gjere synleg kompetanse på nivået under fag- eller sveinebrev.

Det vil òg vere nokre metodiske utfordringar med å greie ut om det skal innførast eit nytt yrkestittelnivå. Eit nytt nivå mellom ufaglært og fagarbeidar vil innebere eit definert minstekrav til kompetansemål for kvart av dei om lag 185 lærefaga i tilbodsstrukturen for fag- og yrkesopplæringa. Lærekandidatordninga vil måtte endrast og ikkje lenger vere basert på føresetnadene og behova til den einskilde kandidaten. Departementet meiner det vil vere uheldig for lærekandidatar, som i dag har individuelt tilrettelagd opplæring med eit kompetansebevis som dokumenterer den oppnådde kompetansen.

Departementet foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak X.

Vald og truslar i skulen

Vedtak nr. 625, 25. april 2023

Stortinget ber regjeringen om årlig å rapportere om statistikk og utviklingen når det gjelder vold og trusler i norsk skole.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok 8:144 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Himanshu Gulati, Sylvi Listhaug, Terje Halleland, Marius Arion Nilsen, Dagfinn Henrik Olsen og Erlend Wiborg, jf. Innst. 288 S (2022–2023).

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å foreslå korleis oppmodingsvedtaket kan følgast opp. Departementet mottok svaret på oppdraget frå direktoratet 31. mai 2024. Departementet vil vurdere alternativa som Utdanningsdirektoratet har foreslått, i dialog med arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane og andre sentrale organisasjonar i skulen før departementet kjem tilbake til Stortinget med ei samla vurdering.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Kandidattypar innanfor fag- og yrkesopplæringa

Vedtak nr. 733, 5. juni 2023

Stortinget ber regjeringen ivareta de ulike kandidattypene innenfor fag- og yrkesopplæringen som praksisbrevkandidater og lærekandidater, i arbeidet med oppfølgingen av ny opplæringslov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

I ny opplæringslov er lærekandidatordninga og praksisbrevordninga framleis ordningar som fører til kompetanse på lågare nivå enn fag- eller sveinebrev. Lærekandidatar og praksisbrevkandidatar inngår i omgrepet «dei som har eller skal ha læretid i bedrift», som vart innført i den nye opplæringslova, saman med lærlingar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Lærekandidatordninga er framleis tilpassa dei som ønsker opplæring i bedrift, men som ikkje har føresetnader for å klare krava i fag- eller sveineprøva. Lærekandidatane har ein opplæringskontrakt med ein individuelt tilrettelagd opplæringsplan med eit utval av kompetansemål frå læreplanen. Lærekandidatar har læretida si i godkjende lærebedrifter, enten i det ordinære arbeidslivet eller i vekst- og arbeidsinkluderingsbedrifter. Opplæringa fører fram til ein kompetanseprøve, og lærekandidaten får eit kompetansebevis som dokumenterer kompetanse etter avslutta opplæring. Med den nye opplæringslova har lærekandidatane rett til vidaregåande opplæring fram til dei har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr ikkje at det det er ei forventning om at dei skal gå vidare mot studie- eller yrkeskompetanse, men at dei har rett til vidare opplæring ut frå eigne behov og føresetnader. Lærekandidatane har også framleis rett til individuell tilrettelegging (tidlegare spesialundervisning).

Kunnskapsdepartementet har bede Utdanningsdirektoratet om å greie ut og lage rettleiingsmateriale til lærekandidatordninga for fylkeskommunane. Det skal styrke ordninga og betre ivareta lærekandidatar som har store behov for tilrettelegging, mellom anna dei med utviklingshemming.

Praksisbrevordninga er framleis ei ordning med praktisk og kortare tilbod som leiar til praksisbrev for ungdom som av ulike årsaker treng eit slik tilbod. Praksisbrevkandidatar hadde i førre opplæringslov høve til å halde fram med opplæring i bedrift som lærling etter oppnådd praksisbrev. No har dei som alle andre rett til vidaregåande opplæring fram til dei har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Fylkeskommunane har framleis plikt til å tilby praksisbrevordning.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Læringsstøttande ressursar på begge målformer

Vedtak nr. 734, 5. juni 2023

Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kunnskapsinnhenting rundt omfanget av bruken av læringsstøttende ressurser i opplæringen som ikke foreligger på begge målformer, og komme tilbake til Stortinget med en vurdering av i hvilken grad dette påvirker særlig nynorsk-elevenes rett til opplæring på eget språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å gjennomføre ei kunnskapsinnhenting om omfanget av bruken av læringsressursar som ikkje ligg føre på begge målformer. Vidare skal direktoratet vurdere i kva grad omfanget av bruken påverkar særleg elevar med nynorsk som hovudmål og retten deira til opplæring på eige språk, og vurdere aktuelle tiltak. Direktoratet skal sende tilrådingane sine til departementet innan 1. desember 2025.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

IB-tilbod både i grunnskulen og vidaregåande skule

Vedtak nr. 735, 5. juni 2023

Stortinget ber regjeringen vurdere å åpne for muligheten til å tilby International Baccalaureate (IB) både i grunnskolen og videregående skole, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet er i gang med å vurdere om det bør opnast for å kunne tilby International Baccalaureate (IB) i offentleg grunnskule. Departementet jobbar også med å vurdere om, og eventuelt korleis, IB-opplæring i den offentlege vidaregåande opplæringa bør regulerast.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Handlingsrommet for alternative opplæringsarenaer

Vedtak nr. 736, 5. juni 2023

Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre og øke handlingsrommet skoleleder, foreldre og elev har til å benytte seg av alternative opplæringsarenaer.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Elevar skal som hovudregel vere på skulen, og fag- og timefordelinga legg føringane for korleis skuledagane er. Men som representantane peikar på, kan alternative læringsarenaer vere viktige for å løfte motivasjonen og meistringa hos einskilde elevar. I Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, som blei lagd fram for Stortinget 13. september 2024, foreslår regjeringa ulike tiltak som skal bidra til betre opplæring til einskildelevar. Eit av tiltaka er å styrke rettleiinga om regelverket og moglegheiter i bruk av lokalt handlingsrom. Rettleiinga vil ivareta oppmodingsvedtaket. Samstundes har regjeringa invitert kommunar og fylkeskommunar til å søke om å bli forsøkskommunar. Dei som deltek, vil teste ut nye måtar å løyse oppgåver på gjennom fritak frå regelverket. Det kom inn ei rekke søknader på ulike sektorområde. Forsøka vil på sikt kunne gi nyttig kunnskap om eventuelle behov for endringar i regelverket.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Utvide målgruppa for oppfølgingstenesta

Vedtak nr. 737, 5. juni 2023

Stortinget ber regjeringen i den varslede stortingsmeldingen om 5. til 10. trinn vurdere å utvide oppfølgingstjenestens målgruppe til også å omfatte elever på 10. trinn.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

I Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å få meir praktisk opplæring i grunnskulen, betre skulemiljøet og redusere bekymringsfullt fråvær i grunnskulen. Regjeringa vurderer at dette er tiltak som er meir formålstenlege for å førebygge fråfall og fråvær for elevar på 10. trinn enn å utvide målgruppa for oppfølgingstenesta. Å sikre alle elevar grunnskuleopplæring og å førebygge fråvær er allereie skulen si oppgåve. Oppfølgingstenesta er ei fylkeskommunal teneste, medan det er kommunane som er lokal skulemyndigheit for grunnskulane. Regjeringa vurderer derfor at det ikkje er formålstenleg at oppfølgingstenesta skal ha ansvaret for desse elevane.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa

Vedtak nr. 738, 5. juni 2023

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan gjennomføring av vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringen kan sikres, og påklages. I påvente av dette ber Stortinget regjeringen om å legge til grunn at manglende gjennomføring av individuell tilrettelegging av opplæringen fortsatt kan påklages til statsforvalteren.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet er i gang med å vurdere korleis gjennomføringa av vedtak kan sikrast på ein betre måte.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Meir variert praksis i lærarutdanningane m.m.

Vedtak nr. 471, 31. januar 2023

Stortinget ber regjeringen legge til rette for mer variert praksis i lærerutdanningene og sikre bedre oppfølging og veiledning av nye lærere i starten av karrieren, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:21 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Abid Raja, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Alfred Jens Bjørlo om å ta læreryrket framover, jf. Innst. 158 S (2022–2023).

Universitet og høgskular er gitt ansvaret for å lage gode lærarutdanningar under gjeldande rammeplanar og anna regelverk. Kunnskapsdepartementet held fram med å legge om til ei meir overordna styring av lærarutdanningane. Formålet er at institusjonane får større fridom og fleksibilitet til å utvikle utdanningane. 30. juni 2023 fastsette Kunnskapsdepartementet forenklingar i rammeplanane som mellom anna skal bidra til meir variert praksis. Alle rammeplanane krev at praksis i utdanningane er variert, vurdert og rettleia, og desse føringane blei styrkte i dei reviderte rammeplanane. Regjeringa si ekspertgruppe om styring av lærarutdanningane leverte sine tilrådingar til forskings- og høgare utdanningsministeren 20. juni 2024. Gruppa tilrår mellom anna at det blir laga éin rammeplan for lærarutdanningane som skal erstatte dagens elleve rammeplanar. Regjeringa vil ta stilling til korleis ein skal følge opp tilrådingane. Gruppa tilrår vidare at partnarskap mellom lærarutdanningsinstitusjonane og praksisfeltet blir forskriftsfesta.

Gode partnarskapar er ein føresetnad for god praksis og kan bidra til meir variasjon. I Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet slår regjeringa fast at ho vil halde fram med satsinga på partnarskapssamarbeid i lærarutdanningane, og forventar at universitet og høgskular samarbeider med arbeidslivet om innhaldet i utdanningane. I meldinga står det òg at regjeringa vil vurdere å fjerne det forskriftsfesta kravet om fordeling av praksis i lærarutdanningane i oppfølginga av arbeidet til ekspertgruppa om styring av lærarutdanningane. Lengre praksisperiodar kan gi studentane breiare erfaring frå kvardagen i skulen, og med det meir relevant praksis. Fagleg råd for lærarutdanning 2025 held på å greie ut omgrepet «utvida praksis» i lærarutdanningane. Ei utvida forståing av praksis som noko meir enn dei ordinære praksisdagane kan bidra til å gi studentane meir varierte praksiserfaringar gjennom utdanninga.

Regjeringa vil innføre eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og grunnopplæring. Eit av fire hovudtiltak i systemet er å styrke rettleiinga av nyutdanna lærarar i barnehage og skule, sjå nærare omtale i del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Regjeringa foreslår å styrke og utvide tilskotsordninga til rettleiing for nyutdanna lærarar til også å gjelde nyutdanna lærarar i barnehage og vidaregåande skule, sjå omtale under kap. 226, post 61.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Plan for å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning

Vedtak nr. 484, 14. februar 2023

Stortinget ber regjeringen, i arbeidet med en stortingsmelding om fagskoler, legge fram en plan for videreutviklingen av den høyere yrkesfaglige utdanningen som blant annet drøfter finansiering, studiepoengsystem, kapasitet og akkreditering.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032, jf. Innst. 170 S (2022–2023).

Regjeringa arbeider med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Kunnskapsdepartementet har motteke fleire evalueringar som samla utgjer eit godt kunnskapsgrunnlag for å skrive ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Det gjeld mellom anna evaluering av nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), evaluering av finansieringssystemet for høgare yrkesfagleg utdanning og ei fullevaluering fem år etter Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning. Meldinga til Stortinget vil mellom anna ta for seg utvikling, akkreditering og finansiering av fagskulane og tiltak for å sikre kvalitet og relevans i fagskuleutdanningane.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget i samband med meldinga.

Strategi for å auke rekrutteringa av lærarar

Vedtak nr. 690, 25. mai 2023

Stortinget ber regjeringen lage en strategi for økt rekruttering av lærere og komme tilbake til Stortinget på egnet måte om strategien. Strategien må sees i sammenheng med ordningene for veiledning av nyutdannede, etter- og videreutdanningstilbudet, nye karriereveier for lærere i skolen og den varslede profesjonsmeldingen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:211 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Freddy André Øvstegård, Grete Wold, Ingrid Fiskaa og Mona Fagerås, jf. Innst. 366 S (2022–2023).

Som ein del av arbeidet med å snu den negative utviklinga for lærarrekruttering la regjeringa fram strategien Flere lærere i barnehage og skole – strategi for rekruttering til lærerutdanningene og lærerryrket 2024–2030 saman med organisasjonane i Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling (NFLP) i februar 2024. Organisasjonane vart samde om eit utfordringsbilete, fire mål med tilhøyrande tiltak og kva forpliktingar aktørane har kvar for seg og saman i arbeidet med å rekruttere og behalde fleire lærarar i barnehagane og skulane.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

3.3 Stortingssesjon 2021–2022

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Vedtak nr. 35, pkt. 44, 2. desember 2021

Stortinget ber regjeringen i forskrift og lovforslag innføre meldeplikt til kommunen når eiendomsrett til barnehage i kommunen blir overført til andre enn staten eller den fylkeskommune der eiendommen ligger, og utrede hvordan det kan innføres en forkjøpsrett for kommuner.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket om å innføre meldeplikt til kommunen blei våren 2022 følgt opp i Prop. 82 L (2021–2022) Endringer i barnehageloven (selvstendig rettssubjekt, forbud mot annen virksomhet, meldeplikt m.m.). I proposisjonen blei det foreslått krav om at private barnehagar skal melde frå til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar. Stortinget behandla forslaget 31. mai 2022, jf. Innst. 403 L (2021–2022).

Departementet sende forslag om å lovfeste at private barnehagar skal melde frå til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved overføring av eigedom, på høyring 1. november 2023 med høyringsfrist 1. februar 2024. Endringa skal gjere det tydeleg at meldeplikta også gjeld der det berre er eigedom som blir overført. Departementet bad om å få høyringsinstansane sine synspunkt på om det bør innførast ei ordning med kommunal forkjøpsrett ved sal av barnehagens eigedom. Departementet tek sikte på å legge fram endelege forslag til lovendringar for Stortinget i 2025. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Vedtak nr. 35, pkt. 45, 2. desember 2021

Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige forslag for å gjeninnføre kommunenes rett til å føre tilsyn med private barnehager, herunder gi kommunene innsyn i alle økonomiske disposisjoner i barnehager i kommunen som mottar tilskudd.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Departementet viser til høyringa av forslag til nye reglar om styring og finansiering av barnehagesektoren datert 1. november 2023 med høyringsfrist 1. februar 2024. Departementet foreslo i denne høyringa å lovfeste at kommunen kan gjere vedtak om at tilskot til barnehagen skal haldast tilbake, reduserast eller krevjast tilbakebetalt ved brot på krav i barnehagelova med forskrifter som kommunen fører tilsyn med. Departementet bad om høyringsinstansane sine synspunkt på om det er behov for å gi kommunen heimel til å føre tilsyn med krava til bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling i barnehagelova kapittel V med forskrifter. Departementet tek sikte på å legge fram endelege forslag til lovendringar for Stortinget i 2025. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Vedtak nr. 35, pkt. 53, 2. desember 2021

Stortinget ber regjeringen kartlegge hva som er de største utfordringene for praktisk opplæring både i de praktiske og estetiske fagene og andre fag i skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Kartleggingen må blant annet vurdere kompetanse, fysiske fasiliteter og utstyrssituasjonen, særlig i de praktiske og estetiske fagene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, som blei lagd fram for Stortinget 13. september 2024. I spørjinga til Skule-Noreg hausten 2022 blei det stilt eigne spørsmål om status for praktisk læring. Her fann forskarane at nesten alle grunnskular gjennomfører praktisk undervisning i kroppsøving, mat og helse og kunst og handverk i stor eller svært stor grad. For musikk oppgav derimot 10 pst. at dei i liten grad gjennomfører praktisk undervisning. Mange skuleleiarar rapporterte at dei opplevde problem knytte til den praktiske undervisninga. Den vanlegaste utfordringa er mangel på eigna areal og utstyr. For praktisk musikkundervisning er i tillegg mangel på lærarkompetanse eit vanleg problem. For eksempel rapporterte 18 pst. av skuleleiarane at dei opplevde utfordringar med praktisk undervisning i kunst og handverk, og 37 pst. rapporterte det same om musikkundervisninga. Funna i denne rapporten og andre innspel til stortingsmeldinga la grunnlag for at regjeringa innførte ei tilskotsordning og ei rentekompensasjonsordning for investeringar i utstyr, inventar og læringsarenaer som skal fremje praktisk læring i skulen.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Styrking av praktisk læring

Vedtak nr. 374, 1. februar 2022

Stortinget ber regjeringen i sitt varslede arbeid med en helhetlig ungdomsskolereform vektlegge endringer som skal bidra til å øke elevenes motivasjon, læring og trivsel og styrke den praktiske læringen, og videre at regjeringen inkluderer sektoren tett i arbeidet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:18 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erna Solberg, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Mathilde Tybring-Gjedde og Turid Kristensen, jf. Innst. 129 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, som blei lagd fram for Stortinget 13. september 2024. I meldinga blir det mellom anna gjort framlegg om eit nasjonalt program for praktisk læring som inneheld ei rekke økonomiske, pedagogiske og kompetansebyggande tiltak. Tiltaka skal bidra til å styrke dei praktiske sidene i alle fag. I meldinga foreslår regjeringa òg å innføre valfag på mellomtrinnet og å gjere det obligatorisk for skulane å tilby arbeidslivsfag på ungdomstrinnet, som også er tiltak som vil bidra til å styrke den praktiske læringa.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

3.4 Stortingssesjon 2020–2021

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Vedtak nr. 79, 12. november 2020

Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:113 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Dyveke Søttar, Kari Kjønaas Kjos, Silje Hjemdal og Roy Steffensen om nødvendige regelendringer om politiattest for ansettelsesforhold i skoler og barnehager, jf. Innst. 64 S (2020–2021).

Området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest, er utvida i den nye opplæringslova som tok til å gjelde 1. august 2024. Det omfattar fleire straffebod enn politiregisterlova § 39. Det gjeld reglar som rettar seg dels mot den personlege fridomen og fred, dels mot valdslovbrot og einskilde vinningslovbrot og dels mot kjønnslemlesting og forbodet mot tvangsekteskap.

Når barneomsorgsattestane etter opplæringslova no er utvida til å omfatte fleire straffebod som ikkje er omfatta av politiregisterlova § 39 første ledd, inneber det eit avvik frå den elles einsarta reguleringa av barneomsorgsattestar. Regjeringa følger opp oppmodingsvedtaket gjennom eit interdepartementalt samarbeid for gjennomgang og revisjon av barneomsorgsattestar etter politiregisterlova § 39. Det blir arbeidd for å sende eit forslag til endring av politiregisterlova § 39 på høyring. Gjennom revisjon av politiregisterlova tek ein sikte på å etablere ein einsarta praksis for innhaldet av barneomsorgsattestar i samarbeid mellom dei departementa det gjeld.

Når det no er gjort endringar i reglane om politiattest på skuleområdet, vil departementet vurdere å gjere tilsvarande endringar i reglane om politiattest på barnehageområdet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Vedtak nr. 182, 3. desember 2020

Stortinget ber regjeringen utrede Østfold-modellen for lærekandidater med tilretteleggingsbehov, som er utarbeidet av ASVL (Arbeidssamvirkenes landsforening), og vurdere om dette kan gjøres til en nasjonal ordning, slik det anbefales i NIFU-rapport 18: 2018.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) Endring av Prop. 1 S (2020–2021) Statsbudsjettet 2021 (saldering), jf. Innst. 2 S (2020–2021).

Ein viktig del av fullføringsreforma er at vidaregåande opplæring skal bli betre tilpassa mangfaldet i elevgruppa. Dei utvida rettane til vidaregåande opplæring opnar for nye moglegheiter for tilpassing, også for dei som i dag nyttar lærekandidatordninga. Eit tiltak i meldinga er å utvikle ordninga i lys av dei utvida rettane.

Riksrevisjonens undersøking i Dokument 3:12 (2015–2016) avdekker eit behov for å klargjere målgruppa for lærekandidatordninga. Det kjem fram at fylkeskommunane bruker til dels ulike kriterium for dei som får opplæring i ordninga, noko som er bekrefta i nyare kartleggingar departementet har gjennomført i Fylkesdirektørkollegiet for kompetanse og utdanning (FKU) i 2024. Ein del fylkeskommunar tilbyr ikkje ordninga for elevar med utviklingshemming og dei med stort behov for tilrettelegging, men gir elevane eit reint skuletilbod også på yrkesfaglege utdanningsprogram. Andre fylkeskommunar gir denne elevgruppa eit skreddarsydd opplegg med opplæring i bedrift, til dømes den såkalla Østfold-modellen eller liknande.

Som del av utgreiinga av Østfold-modellen har departementet henta innspel frå fylkeskommunane og Arbeidssamvirkenes landsforeining (ASVL) og identifisert fem element som kan seiast å utgjere ein modell. Desse er 1) ein etablert modell for ei definert målgruppe i det fylkeskommunale rettleiingsmaterialet for lærekandidatordninga, 2) kandidatane har ofte eit einskildvedtak om spesialundervisning, som no heiter individuell tilrettelegging, 3) eigne tilskot til lærebedrifter som tek inn lærekandidatar med stort behov for tilrettelegging, som består av basistilskotet og eit tilskot som svarer til det fylkeskommunane ville brukt på spesialundervisning i skule, 4) samarbeid med vekst- og arbeidsinkluderingsbedrifter som lærekandidatane får læretida si i, og 5) ein samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og eit opplæringskontor for vekst- og arbeidsinkluderingsbedrifter som har spissa kompetanse på kandidatar med utviklingshemming og stort behov for tilrettelegging.

Vidaregåande opplæring er eit fylkeskommunalt ansvar som inkluderer å godkjenne lærebedrifter og å formidle lærekandidatar til opplæring i bedrift. Departementet meiner det vil vere å gå for langt inn i det fylkeskommunale ansvaret og handlingsrommet dersom staten skal regulere kva for lærebedrifter (punkt 4) og opplæringskontor (punkt 5) fylkeskommunane skal samarbeide med om ei konkret elevgruppe. Departementet vil heller ikkje innføre nye tilskot til lærebedrifter utover dagens satsar for lærlingtilskotet (punkt 3). Fylkeskommunane har i dag stor fridom til sjølve å utforme lokale tiltak for fleire læreplassar og betre kvalifisering til læreplass. Tilskotet frå staten til formidling og kvalifisering til læreplassar over kap. 225, post 69 støttar òg opp om dette arbeidet.

Departementet meiner det er grunn til å sjå nærare på måten elevgruppa er definert og omtala i det fylkeskommunale rettleiingsmaterialet på (punkt 1 og 2). Ei svakheit ved ordninga i dag er at målgruppa er omtala overordna, noko som skaper usikkerheit om dei med utviklingshemming og stort behov for tilrettelegging inngår i ordninga. Det er god grunn til å presisere dette betre i rettleiingsmateriale for ordninga, slik at også denne elevgruppa blir sikra eit reelt yrkesfagleg tilbod over heile landet.

Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppgåve å greie ut og lage rettleiingsmateriale til fylkeskommunane om det yrkesfaglege tilbodet for personar med stort behov for tilrettelegging og utviklingshemming. Det skal bidra til å styrke ordninga og å avklare målgruppa for ordninga.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Vedtak nr. 942, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen styrke rådgivnings- og veiledningstjenesten i skolen gjennom å legge til rette for en tverrfaglig rådgivertjeneste og samarbeid mellom skoleeier, ungdomsskole, rådgivertjenesten, den videregående skolen og arbeidslivet, og gjøre det enklere for yrkesgrupper med erfaring fra annet arbeidsliv å bli ansatt i skolen som rådgivere.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Som varsla i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn vil departementet setje i gang ei utprøving av ulike samarbeidsmodellar for karriererettleiing. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse vil få i oppdrag å setje i gang ei slik utprøving. Utdanningsdirektoratet skal involverast på ein formålstenleg måte.

I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa 7,5 mill. kroner (hausteffekt) til eit tilskot retta mot fylkeskommunane, der midlane skal gå til utprøving av ulike modellar for organisering av samarbeid mellom karrieresenter og ungdomsskule og vidaregåande opplæring. HK-dir skal forvalte tilskotsordninga. Utprøvinga skal stimulere til å utvikle nye og betre former for samarbeid og samordning i karriererettleiinga i skulen. Departementet ønsker gjennom utprøvinga å få meir kunnskap om kva former for modellar som fungerer. Utprøvinga kan òg inkludere utforsking av korleis karrieresenter og arbeidsliv kan vere ein ressurs for ungdomsskule og vidaregåande opplæring.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Vedtak nr. 1070, 1. juni 2021

Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med partene, konkretisere nærmere forbedringer av Vg3 i skole som gir elevene en sluttkompetanse som tilfredsstiller arbeidslivets krav og som har tillit i nærings- og arbeidslivet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet har i samarbeid med partane arbeidd for å betre tilbodet til dei som ikkje får læreplass, og følgt opp vedtaket i ny opplæringsforskrift som tok til å gjelde frå august 2024. Det er eit problem at tilbodet startar seint på hausten, og at elevar i ein sårbar situasjon får eit unødvendig opphald i opplæringa. Den nye forskrifta slår fast at søkarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, og som ikkje har blitt formidla til læreplass, har rett til eit anna opplæringstilbod med oppstart så snart som mogleg og seinast innan 1. oktober. Fylkeskommunen skal uansett søke å formidle dei som ønsker det, til læreplass sjølv om dei har starta på eit anna opplæringstilbod.

Regjeringa gjennomfører eit løft for yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa 479 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Midlane skal òg kunne brukast på å gi ei god opplæring til elevar som ikkje får læreplass, slik at dei kan fullføre med eit fag- eller sveinebrev som blir verdsett i arbeidslivet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Heilskaplege og koordinerte tenester

Vedtak nr. 1104, 2. juni 2021

Stortinget ber regjeringen utrede og fremme en sak for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer for å sikre at barn som trenger det, gis en rett til helhetlige og koordinerte tjenester.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), jf. Innst. 581 L (2020–2021).

Regjeringa er oppteken av at barn og unge får dei tenestene dei treng, og at tenestene er godt koordinerte. 1. august 2022 tok ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga til å gjelde, jf. Innst. 581 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021). Endringane omfattar 14 lover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei plikt for kommunen til å samordne tenestetilbodet til den einskilde, og at det er innført rett til barnekoordinator på visse vilkår. Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.

Det er viktig at reglane legg til rette for godt samarbeid mellom tenestene. Samstundes er det viktig å arbeide med å skape ein god samarbeidskultur i tenestene, både i kommune, fylkeskommune og stat. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein felles rettleiar om samarbeid på tvers av velferdstenestene som blei publisert hausten 2022.

Regelendringane blir evaluerte av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Evalueringa skal ha implementeringa av lovendringane som hovudformål. NTNU skal undersøke korleis sentrale aktørar tolkar og set i verk lovendringane. Vidare skal evalueringa fange opp endringar som følger av lovendringane, og om målsetjingane for endringane blir oppfylte. NTNU Samfunnsforskning leverte delrapport 1 datert 8. september 2023. Evalueringa vil halde fram til våren 2027.

Regjeringa vil vente på funn frå evalueringa før ei eventuell utgreiing av behovet for ytterlegare lovendringar for å sikre at barn og unge får heilskaplege og koordinerte tenester.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Opptrappingsplan for studieplassar innanfor medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Vedtak nr. 941, 20. mai 2021

Stortinget ber regjeringen utarbeide en opptrappingsplan for studieplasser innenfor medisin, helsefag og psykologi. Planen skal både inneholde konkrete tiltak for opprettelse av tilstrekkelig med studieplasser ved utdanningsinstitusjonene, og tiltak som sikrer studentene praksisplass i helsesektoren. Planen bør inneholde tiltak som gjør det attraktivt for helsearbeidere å være i sektoren. Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 komme tilbake til Stortinget med innledende tiltak for å sikre flere studieplasser innen medisin, helsefag og sykepleie.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga Dok. 8:281 S (2020–2021) Representantforslag om opptrappingsplan for helseutdanningene fra stortingsrepresentantene Åshild Bruun-Gundersen, Bengt Rune Strifeldt, Morten Stordalen, Hanne Dyveke Støttar, Silje Hjemdal, Himanshu Gulati og Roy Steffensen, jf. Innst. 419 S (2020–2021).

Regjeringa vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk og bygge sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet. Derfor varsla regjeringa i Hurdalsplattforma at ho vil trappe opp talet på nye studieplassar, med opptrappingsplanar for område med særleg stort kompetansebehov, som læraryrket, sjukepleie, realfag, IKT og medisin. Kunnskapsdepartementet tildelte i 2022 midlar til 300 fleire studieplassar i sjukepleiarutdanningane, og elleve statlege universitet og høgskular blei i tillegg bedne om å omprioritere innanfor rammeløyvinga si for å opprette ytterlegare til saman 200 fleire plassar, jf. Innst. 119 S (2021–2022) og Prop. 51 S (2021–2022). I 2022 fekk Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) midlar til 15 fleire studieplassar i medisin, jf. Innst. 2 S (2021–2022) og Prop. 1 S (2021–2022), og i 2023 fekk UiT midlar til ytterlegare 30 nye studieplassar i medisin, jf. Innst. 12 S (2022–2023) og Prop. 1 S (2022–2023).

I statsbudsjettet for 2024 blei det løyvd midlar til ytterlegare 60 nye studieplassar i medisin, likt fordelte mellom Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), og det blei løyvd midlar til 20 studieplassar til fysioterapiutdanning og 20 studieplassar i vernepleie ved Høgskolen i Innlandet, jf. Innst. 12 S (2023–2024) og Prop. 1 S (2023–2024). Regjeringa har samla sett i perioden 2022–2024 lagt til rette for 645 fleire studieplassar innanfor helsefag, som fullt opptrappa inneber 2 550 fleire studentar årleg i desse utdanningane. I tillegg er dei 80 mellombelse plassane i medisin frå Utdanningsløftet 2020 førte vidare, som fullt opptrappa inneber 480 fleire medisinstudentar årleg.

I tillegg foreslår regjeringa i 2025 å løyve midlar til ytterlegare 50 studieplassar i medisin. Plassane blir fordelte med 15 studieplassar til NTNU for tilbod i Ålesund og Levanger, 15 til UiO for tilbod i Innlandet og 20 til UiB for tilbod i Førde. Desse plassane vil vere fullt opptrappa i 2031 og inneber 300 fleire studentar årleg.

Ein føresetnad for å trappe opp studieplassar er tilgang til praksisplassar. I Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar i heile landet viser regjeringa til den bilaterale avtalen som regjeringa har inngått med KS for å auke kvaliteten og kapasiteten på praksis i kommunane for helse- og sosialfagstudentar. I meldinga varslar regjeringa at ho vil greie ut om finansieringa av praksis i profesjonsutdanningane bør endrast. Vidare vil regjeringa vidareføre bu- og reisestøtte i helse- og sosialfaga og at praksisplassar inngår i nye avtalar mellom offentlege helse- og omsorgstenester og private leverandørar.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

3.5 Stortingssesjon 2019–2020

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Vedtak nr. 700, 15. juni 2020

Stortinget ber regjeringen opprette inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til at de 1 000 studieplassene som regjeringen varslet i Prop. 117 S (2019–2020), skal bli permanente, og at det videre utarbeides en forpliktende opptrappingsplan med 1 000 nye studieplasser årlig over fem år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Stortinget har i 2020, 2021, 2023 og 2024 løyvd midlar til totalt 3 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Dette er den største kapasitetsveksten i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong. Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår derfor midlar til 1 000 nye studieplassar til fagskulane i 2025. 100 av studieplassane skal gå til ordninga Industrifagskulen.

Midlar til nye studieplassar til fagskulane skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasiteten i fagskulane. Fylkeskommunane søker Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om midlar til nye studieplassar etter ein gjennomgang av kompetansebehov og kapasitet i fagskulane i eige fylke. Systemet bygger opp under fylkeskommunane som kompetansepolitisk aktør og at fagskulane skal tilby utdanningar som arbeidslivet etterspør. Fordelinga av studieplassar skal skje i eit samspel mellom arbeidsliv, fagskular og styresmakter for å sikre at nye studieplassar treff kompetansebehova i arbeidslivet best mogleg. Nasjonale styresmakter kan legge føringar for fordelinga av studieplassar for å sikre at det blir teke omsyn til nasjonale behov.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget i dei årlege statsbudsjetta.

3.6 Stortingssesjon 2018–2019

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Vedtak nr. 51, 22. november 2018

Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019).

Departementet viser til høyringa av forslag til nye reglar om styring og finansiering av barnehagesektoren datert 1. november 2023 med høyringsfrist 1. februar 2024. Departementet foreslo i denne høyringa å gi kommunane større moglegheiter til å tilpasse tilskotet til barnehagane sine faktiske behov. Det skal bidra til meir stabil økonomi i barnehagar som i dag opplever at tilskotet ikkje strekk til, slik som særleg mange små og ideelle barnehagar opplever. Departementet tek sikte på å legge fram endelege forslag til lovendringar for Stortinget i 2025. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

3.7 Stortingssesjon 2017–2018

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Vilkår for private barnehagar

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018).

Departementet viser til høyringa av forslag til nye reglar om styring og finansiering av barnehagesektoren datert 1. november 2023 med høyringsfrist 1. februar 2024. Departementet foreslo i denne høyringa at kommunen skal legge vekt på mellom anna lønns-, pensjons- og arbeidsvilkåra til dei tilsette ved berekninga av tilskot til dei private barnehagane. Departementet tek sikte på å legge fram endelege forslag til lovendringar for Stortinget i 2025. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Finansieringssystemet for private barnehagar

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018

Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

Departementet viser til høyringa av forslag til nye reglar om styring og finansiering av barnehagesektoren datert 1. november 2023 med høyringsfrist 1. februar 2024. Departementet foreslo å gå frå eit system der tilskotet til private barnehagar blir berekna lokalt av kommunen etter detaljerte nasjonale regler, til eit system der kommunen får større handlingsrom til å gi forskrift om berekning av tilskot til private barnehagar innanfor nasjonale rammer i lov. Forslaget skal sørge for meir treffsikre tilskot fordi kommunen kjenner sine barnehagar og lokale forhold best. Departementet tek sikte på å legge fram endelege forslag til lovendringar for Stortinget i 2025. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Høgare utdanning

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018

Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikke gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:196 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Knut Arild Hareide og Steinar Reiten om å gi bibelskoleelever to tilleggspoeng, jf. Innst. 387 S (2017–2018).

Kunnskapsdepartementet har gjort ein gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Våren 2021 sette regjeringa ned eit offentleg utval som har vurdert heile systemet for opptak til høgare utdanning, jf. NOU 2022: 17 Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler.

Regjeringa har våren 2024 lagt fram forslag til endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning i Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning. Stortinget har behandla meldinga, jf. Innst. 378 S (2023–2024).

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket med dette er følgt opp.

3.8 Stortingssesjon 2016–2017

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden. Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av evalueringa av innføringa og verknadene av tiltaka i fagskulemeldinga. Ein midtvegsrapport er levert til departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføringa av tiltaka. Ein rapport om evaluering av finansieringssystemet for fagskular er levert departementet i 2022. Endeleg rapport er levert departementet i 2023 og tek omsyn til evalueringa av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget i samband med meldinga om høgare yrkesfagleg utdanning.

3.9 Stortingssesjon 2015–2016

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016

Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er følgt opp gjennom ei lovendring som tok til å gjelde 1. august 2018, jf. barnehagelova § 27.

Når det gjeld den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, heng dette saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk. Som ein del av oppfølginga av NOU-en fremja Kommunal- og distriktsdepartementet våren 2023 forslag om endringar i språkreglane i samelova, jf. Prop. 58 L (2022–2023). Sametinget blei konsultert om forslaget. Lovendringane blei vedtekne av Stortinget 30. mai 2023, jf. Innst. 441 L (2022–2023).

Regjeringa la våren 2023 fram Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. Stortinget har behandla meldinga, jf. Innst. 473 S (2022–2023). Meldinga har følgande omtale som er relevant for oppmodingsvedtaket:

Barnehageloven sier tydelig at det er kommunen, som barnehagemyndighet, som har ansvar for at samiske barn i og utenfor forvaltningsområdet for samisk språk får et samisk barnehagetilbud. Det er behov for tydeligere informasjon fra barnehagemyndigheten om samiske barnehagetilbud og for bedre markedsføring av eksisterende tilbud. I lys av barnehagens betydning som språkarena og som arena for rekruttering av flere samiske elever i grunnopplæringen, har barnehagemyndigheten et særlig ansvar for å styrke det samiske barnehagetilbudet.
Kommunen bør jobbe systematisk med å kartlegge behovet for samiske barnehageplasser og for samiskspråklig pedagogisk kompetanse i barnehagen.
Regjeringen vil vurdere om det bør gjøres endringer i barnehagelovens regler om samiske barnehagetilbud, og se dette i sammenheng med øvrige virkemidler for å løse utfordringene på det samiske barnehageområdet.
For å møte den økende etterspørselen etter samiske barnehagetilbud bør kommunen jobbe systematisk med å utvide tilbudet. Der det er vanskelig å etablere et samiskspråklig tilbud på heltid, kan alternativet være deltidstilbud. Kommunen bør også arbeide aktivt for å rekruttere personale med samiskspråklig kompetanse. Prioritering av søkere med samisk språk der øvrige kompetansekrav foreligger, økt lønn, permisjon med lønn for å ta kurs og utdanning i samisk, er eksempler på målrettede tiltak som har hatt en positiv effekt. Et annet tiltak som har hatt god effekt, er å ansette språkarbeidere som ikke har formell utdanning, og som ikke er en del av den pedagogiske bemanningen. Dette bidrar til å styrke bruken av samisk språk i barnehagen.

Etter forslag frå og i samråd med Sametinget vil regjeringa opprette ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis barnehagetilbodet til samiske barn kan bli betre. Departementet vil ha dialog med Sametinget om innspel til aktuelle kandidatar som kan sitje i ei slik gruppe, og utforming av mandatet.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Til forsida