1 Saker som er handsama av Finansdepartementet i 2009 etter finansieringsverksemdslova, børslova og verdipapirhandellova
Oversikta gjev opplysningar om søkjar/klagar, vedtak, heimel, dato, saksnummer, og om det er stilt vilkår til saker som er handsama av Finansdepartementet etter reglane i finansieringsverksemdslova, børslova og verdipapirhandellova i 2009. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.
Forkortingar:
finansvl. – lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven)
børsl. – lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven)
vphl. – lov av 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)
Eit løyve til å drive forsikringsverksemd og endring av vilkår
24.06.2009 – 08/252
Gabler & Partners AS. Endring av vilkår for løyve til livsforsikringsverksemd.
To løyve til å drive finansieringsverksemd og endring av vilkår
24.6.2009 – 05/2638
Loomis Norge AS. Presisering av løyve.
12.11.09 – 09/2535
Strømme Microfinance AS. Løyve til å drive finansieringsverksemd. Vilkår.
Heimel: finansvl. § 3-3.
To vedtak i samband med finanskonsernreglane
23.6.2009 – 09/2747
KLP. Løyve til å overta alle aksjane i Kommunekreditt Norge AS.
Heimel: finansvl. §§ 2-2 jf. 2-3 og 2a-7.
20.10.09 – 09/1901
Sparebank 1 Nord-Norge. Løyve til å kjøpe 75 prosent av bank i Russland. Vilkår.
Heimel: finansvl. § 2a-3 fjerde ledd.
To fusjonar mellom finansinstitusjonar
30.09.2009 – 09/4200
Sparebanken Møre og Tingvoll Sparebank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår.
Heimel: finansvl. §§ 2c-2 og 2c-8 andre ledd, jf. 2c-12 andre ledd.
30.09.2009 – 09/4197
Sparebanken Vest og Sauda Sparbank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår.
Heimel: finansvl. §§ 2c-2 og 2c-8 andre ledd, jf. 2c-12 andre ledd.
Ingen vedtak om oppretting av filial og dotterselskap i utlandet
Seks vedtak i samband med verdipapirhandel
19.01.2009 – 08/3728
Totalvekst (no Josef K). Avslag på klage på vedtak om tilbakekalling av løyve.
Heimel: vphl. § 9-4 fyrste ledd nr. 4.
05.02.2009 – 08/4175
Caveo ASA. Avslag på klage på vedtak om tilbakekalling av løyve til å yte investeringsteneste.
Heimel: vphl. §§ 9-4 fyrste ledd nr. 4, jf. 10-11.
13.03.2009 – 08/3671
International Maritime Exchange ASA. Søknad om utvida løyve til å drive regulert marknad. Vilkår.
Heimel: børsl. § 4 fyrste ledd, jf. vphl. § 2-2 fyrste ledd nr. 4, jf. femte ledd nr. 2 og 5.
08.05.2009 – 07/3594
IBM Global Financing. Dispensasjon frå kravet i forskrift om store engasjement. Vilkår.
Heimel: finansvl. §§ 2-10, jf. 1-3.
6.05.2009 – 08/4421
Terra-Gruppen AS. Godkjenning av samarbeidsavtalar.
Heimel: finansvl. § 2-7.
23.06.2009 - 09/2747
Eksportfinans. Mellombels dispensasjon frå forskrift om store engasjement. Vilkår.
Heimel: finansvl. § 1-3.