2 Finansiell stabilitet
2.1 Innleiing
Det finansielle systemet består av aktørar, marknadsplassar, og infrastruktur for gjennomføring av transaksjonar. Systemet utfører betalingar og legg til rette for at kundane kan allokere ressursar over tid og handtere og omfordele finansiell risiko.
I periodar då det finansielle systemet ikkje fungerer godt, kan økonomien som heilskap lide stor skade. Å leggje til rette for finansiell stabilitet er difor ei viktig oppgåve for styresmaktene. For å tryggje finansiell stabilitet er det ein føresetnad at finansinstitusjonane har tilstrekkelege kapitalbufferar til å handtere tap, og at betalingssystema er forsvarleg sikra. Finansiell stabilitet inneber òg at det finansielle systemet er robust nok til å handtere forstyrringar i økonomien.
Arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for at det finansielle systemet fungerer godt. Noregs Bank og Finanstilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt, og overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje element som kan true stabiliteten. Finanstilsynet fører òg tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane.
Det er etablert såkalla trepartsmøte mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet for å utveksle informasjon om situasjonen i finansmarknadene. I utgangspunktet vert desse møta haldne kvart halvår, men oftare ved behov. I 2009 hadde ein sju slike møte, medan det så langt i 2010 har vore eitt møte.
Dette kapitlet omhandlar hovudtrekk ved utviklinga i norsk og internasjonal økonomi, og risikoutviklinga for norske finansinstitusjonar og for finanssystemet som heilskap. Seinare i kapitlet kjem det eit kort oversyn over strukturen i den norske finansmarknaden, og over resultat og soliditet i finansinstitusjonane. Til slutt kjem det ei vurdering av utsiktene for finansiell stabilitet framover. Bakgrunnsinformasjon og talmateriale til kapitlet er i stor mon bygd på rapportering frå Noregs Bank og Finanstilsynet.
2.2 Kort om utviklinga i økonomien og marknadene
2.2.1 Realøkonomien
Finanskrisa førte til det sterkaste tilbakeslaget i internasjonal økonomi sidan andre verdskrig. Som snitt for året fall brutto nasjonalprodukt (BNP) i OECD-området med 3,5 prosent i 2009. Situasjonen vart betre gjennom året. For OECD-området samla var BNP-veksten positiv i dei tre siste kvartala i 2009, etter to kvartal med fall. Det er i fyrste rekkje ein ekspansiv økonomisk politikk som forklarer oppgangen, i tillegg til at mange føretak byggjer opp varelagra sine. Finanskrisa vart møtt med den raskaste og mest samordna globale krisetilpassinga nokon gong i den økonomiske politikken.
I framveksande økonomiar som Kina og India, har aktiviteten halde seg betre gjennom finanskrisa enn i industrilanda. Framover ventar ein at veksten i industrilanda vert svakare enn det som har vore vanleg etter ein sterk konjunkturnedgang, medan veksten i framveksande økonomiar kjem til å halde fram. Det internasjonale valutafondet (IMF) ventar at BNP kjem til å auke med 2 prosent i industrilanda og 6 prosent i dei framveksande økonomiane i 2010. Uvissa om utviklinga i internasjonal økonomi er framleis stor.
Noreg har klart seg betre gjennom finanskrisa enn dei fleste andre land. Nedgangen i produksjon og auken i arbeidsløysa har vore liten i internasjonal samanheng. Ei viktig årsak til dette er at den norske næringsstrukturen gav eit relativt sett gunstig utgangspunkt i møte med denne finanskrisa. Aktiviteten i petroleumsnæringa har halde seg høg, og dempa tilbakeslaget for oljerelatert industri og delar av både industrien og tenestesektoren. Land med ein stor tradisjonell industriproduksjon, som til dømes bilindustri og elektronikk, har vore hardare ramma enn Noreg.
Norske styresmakter la, som svar på krisa, raskt om penge- og finanspolitikken i ekspansiv retning, noko som gav sterke impulsar til den innanlandske etterspurnaden. Etter at BNP for Fastlands-Noreg fall i tre kvartal på rad, gjorde ein auke i privat og offentleg konsum at den økonomiske veksten igjen vart positiv i andre kvartal 2009. Utover hausten 2009 auka òg eksporten av tradisjonelle varer i takt med betringa i internasjonal økonomi. Som snitt for året fall BNP for Fastlands-Noreg med 1,5 prosent i 2009, monaleg mindre enn hos handelspartnarane. Framover ventar ein at veksten vil halde fram, men uvissa er framleis stor. I Nasjonalbudsjettet for 2010 rekna Finansdepartementet med at BNP for Fastlands-Noreg kjem til å auke med 2,1 prosent frå 2009 til 2010.
Både sysselsetjinga og arbeidsstyrken fall markert gjennom 2009. Arbeidsløysa, slik ho er rekna i Arbeidskraftundersøkinga, var ganske stabil gjennom det meste av fjoråret. Som snitt for året auka arbeidsløysa frå 2,6 prosent i 2008 til 3,2 prosent i 2009. Til samanlikning var arbeidsløysa i OECD-området 8,3 prosent i 2009. Mot slutten av fjoråret stoppa nedgangen i sysselsetjinga i Noreg opp, noko som kan tyde på at også utviklinga i arbeidsmarknaden er i ferd med å snu.
Boks 2.1 Norske tiltak mot finanskrisa
Norske styresmakter var raskt ute med omfattande tiltak for å motverke utslaga av den internasjonale finanskrisa i Noreg:
Noregs Bank sette ned styringsrenta til det lågaste nivået nokon gong.
For å betre likviditetssituasjonen og lette tilgangen på finansiering tilførte Noregs Bank F-lån i langt større omfang og med lengre løpetider enn normalt. Det vart òg lempa på krava til trygd for lån i sentralbanken.
Regjeringa etablerte i oktober 2008 ei ordning der bankane mellombels kunne byte til seg statskassevekslar mot obligasjonar med førerett (OMF), og såleis betre likviditeten sin.
Det vart ført ein ekspansiv finanspolitikk. Regjeringa la mellom anna fram ei særskild finanspolitisk tiltakspakke på om lag 20 mrd. kroner i januar 2009.
Statens finansfond vart oppretta i mars 2009 for å tilby kjernekapital til solide norske bankar, slik at bankane kunne setjast betre i stand til å halde ved like normal utlånsverksemd.
Statens obligasjonsfond vart oppretta i mars 2009 for å bidra til auka likviditet og kapitaltilgang i den norske kredittobligasjonsmarknaden.
For å avhjelpe situasjonen i eksportsektoren vart rammene for Innovasjon Norge og eksportkredittar gjennom GIEK utvida, og staten gav lån til Eksportfinans.
Også rammene for Kommunalbanken og Husbanken vart utvida.
Sjå kapittel 5.4 og 8 for ein nærare omtale av høvesvis pengepolitikken til Noregs Bank og verksemda til Statens finansfond og Statens obligasjonsfond, og boks 2.5 om byteordninga med OMF.
2.2.2 Finansmarknadene
Problema i finansmarknadene påverka under finanskrisa aktiviteten i realøkonomien, som igjen forverra forholda i finansmarknadene. Soliditetstiltak og omfattande tilførsel av likviditet har redda fleire finansinstitusjonar, gjenoppretta langt på veg tiltrua til finanssektoren og mellom aktørane, og redusert risikopåslaga i pengemarknadene, jf. figur 2.1. Dei omfattande tiltakspakkane retta mot finansmarknadene internasjonalt bidrog i stor mon til å motverke dei negative vekselverknadene mellom marknadene og realøkonomien.
Tiltaka i penge- og finanspolitikken har motverka nedgangen i den realøkonomiske aktiviteten, gjort det enklare for føretak og hushald å betale ned gjeld, bidrege til fungerande aksje- og obligasjonsmarknader, og avgrensa tapa for finansinstitusjonane.
Boks 2.2 Nibor-rentene
Nibor-rentene («Norwegian Interbank Offered Rate») vert fastsette dagleg for ulike løpetider på bakgrunn av kva renter eit panel av seks av dei største bankane i Noreg har meldt inn til Reuters. Reuters stryk høgaste og lågaste pris, og kunngjer gjennomsnittet av dei fire attverande rentene som Nibor-rente for den aktuelle løpetida.
Bankane er ikkje forplikta til å ha handla til dei rentene dei melder til Reuters, eller til å handle med dei Nibor-rentene Reuters kunngjer. Nibor-rentene er viktige mellom anna fordi dei ligg til grunn for rentenivået i mange låneavtalar. I mange låneavtalar er det til dømes avtala at renta skal vere ei Nibor-rente pluss ein margin som er avtala på førehand.
Internasjonalt har bankar og andre finansinstitusjonar bokført store tap på utlån og verdipapir dei siste to åra. For å betre soliditeten selde fleire institusjonar seg ned i verdipapir og reduserte utlånsaktiviteten. Statlege kapitaltilskot og private kapitalinnhentingar har styrkt kapitaldekninga, og motverka behova for ytterlegare reduksjon av aktiviteten i institusjonane. Det er venta, mellom anna frå IMF, at bankane må ta ytterlegare store tap også i framtida. Sjølv med ei normalisering av finansmarknadene kan behov for vidare kapitaloppbygging, saman med nye tap, gjere det vanskeleg for bankane internasjonalt å auke utlåna. Det kan bidra til svakare økonomisk vekst.
Etter kraftige fall i internasjonale aksjemarknader i 2008 har oppgangen i 2009 vore monaleg, jf. figur 2.2. Oppgangen starta i mars 2009. Etter at fleire føretak internasjonalt melde om betre resultat enn venta, og dei økonomiske utsiktene betra seg, vart investorane meir villige til å ta på seg risiko. Dette førte til ein oppgang i dei amerikanske og europeiske aksjekursindeksane på om lag 24 prosent, året sett under eitt. Utviklinga på Oslo Børs var monaleg betre, med ein kursauke på om lag 65 prosent i 2009. Prisoppgang på råvarer og ei relativt betre utvikling i norsk realøkonomi enn i dei fleste andre industriland ligg truleg bak den særleg sterke utviklinga. I byrjinga av 2010 har utviklinga i dei internasjonale marknadene igjen vore noko svakare.
Omfattande statlege finanspolitiske tiltak, auka statlege overføringar til mellom anna arbeidsløysetrygd og lågare skatteinngang, har ført til store underskot på budsjettbalansen og oppbygging av statleg gjeld i fleire land. Det globale gjeldsopptaket i kjølvatnet av finanskrisa er det største sidan andre verdskrig, og IMF har anslått at brutto statsgjeld i G20-landa kjem til å auke med 40 prosenteiningar til om lag 115 prosent av BNP i 2014. Misleghald av statsgjeld i eitt eller fleire sentrale land kan utløyse ny tillitskrise i finansmarknadene, noko som igjen kan utgjere ein reell trussel mot finansiell og økonomisk stabilitet.
2.3 Risikoutviklinga i finansmarknadene
Det finansielle systemet legg som nemnt til rette for at kundane kan allokere ressursar over tid, og handtere og omfordele risiko. Denne allokeringa og omfordelinga skjer i stor mon ved at kundane handlar seg imellom med gjelds- og fordringsinstrument, som regel via ein finansinstitusjon. Som motpart i slik handel tek finansinstitusjonane på seg forpliktingar og risiko. Robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem krev difor god risikostyring og soliditet i finansinstitusjonane. På grunn av det økonomiske samspelet mellom finansinstitusjonane kan veike sider i ein institusjon få negative følgjer for heile finansmarknaden. Finanskrisa bidrog til å synleggjere kor skadelege negative vekselverknader mellom finansmarknadene og realøkonomien kan vere.
Styresmaktene arbeider for å førebyggje soliditets- og likviditetskriser gjennom lov- og forskriftskrav, og gjennom tilsyn, overfor finansinstitusjonar og finansmarknader. Den norske reguleringa av finansmarknadene har vist seg å vere særs vellukka sett i lys av den internasjonale finanskrisa, jf. boks 2.3 og 2.4. Særleg har ei heilskapleg og konsistent regulering vore viktig. Omsynet til soliditeten i finansnæringa tilseier at same type risiko vert regulert likt uavhengig av kvar han finst, slik at risiko ikkje hopar seg opp der han er minst regulert. Dette er eit grunnleggjande prinsipp i norsk regulering. Vidare har det vist seg kor viktig det er å ha ei god innskotsgarantiordning. Noreg er, ifølgje ein studie frå OECD, det einaste EØS-landet som korkje auka satsen for innskotsgarantidekninga eller skreiv ut statsgarantiar for bankane sine innlån eller utlån under finanskrisa.
Styresmaktene overvaker og vurderer realøkonomien og samspelet mellom realøkonomien og finanssektoren. I desse samanhengane er det vanleg å skilje mellom ulike former for risiko, så som likviditetsrisiko, kredittrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko.
Boks 2.3 Nokre trekk ved norsk regulering
Tilsynet og reguleringa i Noreg byggjer i stor mon på at ein har sett det som formålstenleg å ha eit heilskapleg tilsyn og regelverk. Her i landet var ein til dømes tidleg ute med å fusjonere tilsynseiningane for ulike typar finansinstitusjonar, slik at ein fekk eit felles tilsyn med heile finansnæringa. Eit slikt tilsyn har betre føresetnader for å ha oversikt over utviklinga i finansnæringa enn det fleire ulike sektorbaserte tilsyn vil ha.
Det norske reguleringsprinsippet om å regulere lik risiko likt i ulike finansinstitusjonar fremjar soliditeten i norsk finansnæring, bidreg til meir einskaplege konkurransevilkår, og hindrar at risiko hopar seg opp der han er minst regulert.
Likviditetsreglane er eit døme på heildekkjande regulering ut frå prinsippet om å regulere lik risiko likt i ulike finansinstitusjonar. I Noreg har vi krav for likviditetsstyringa til finansinstitusjonane både i lov og forskrift. Reglane byggjer på tilrådingar for god likviditetsstyring i bankar frå Den internasjonale oppgjersbanken (BIS), og desse reglane er gjevne verknad for alle typar av finansinstitusjonar i Noreg.
Kapitaldekningsregelverket for finansinstitusjonar i Noreg er eit anna døme på at norske styresmakter søkjer å regulere lik risiko likt i ulike finansinstitusjonar. I Noreg er bankar, livsforsikringsselskap og pensjonskasser underlagde mange av dei same krava, utan omsyn til kva for formelle løyve institusjonane har. Til dømes er norske livsforsikringsselskap og pensjonskasser underlagde kapitaldekningskrav også for risiko på aktiva, noko som ikkje har vore vanleg i andre land. I EØS-landa kjem det frå 2013 krav om at forsikringsselskap må ha kapital for å dekkje risiko på aktiva, når den nye soliditetsreguleringa i EU (Solvens II) vert gjennomført, jf. boks 2.12.
Eit tredje døme er norsk regulering av føretak som verdipapiriserer lån. I nokre land har føretak som verdipapiriserer lån, ikkje vore underlagde ordinære kapitaldekningskrav. Reguleringa i Noreg inneber at kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett (OMF), er underlagde dei same kapitalkrava som bankane. I Noreg er det såleis ikkje mogleg for finanskonsern å omgå kapitalkrava gjennom å verdipapirisere utlån.
Finanskonsern, mellom anna dei såkalla blanda finanskonserna som består av ulike finansinstitusjonar, fekk tidleg stor utbreiing i Noreg. Som følgje av dette var norske styresmakter raskt ute med å lage eit heilskapleg regelverk for finanskonsern. Reglane om kapitaldekning på konsolidert nivå har vore eit sentralt stabilitetsskapande element i dette regelverket. Reglane motverkar at finanskonserna utnyttar skilnader i regelverket for ulike institusjonar i konsernet på ein uheldig måte.
2.3.1 Likviditetsrisiko
Likviditetsrisiko er risiko for ikkje å kunne innfri skyldnader ved forfall utan vesentlege meirkostnader. Likviditetsrisiko oppstår mellom anna når det er ulik forfallsstruktur på eigedelar og skyldnader. Av di bankverksemd i stor grad går ut på å finansiere langsiktige, ikkje-likvide utlån med likvide innskot, er bankane særleg utsette for likviditetsrisiko. Om bankane i tillegg finansierer langsiktige utlån, eller andre ikkje-likvide eigedelar, med kortsiktige lån i marknaden, aukar dette likviditetsrisikoen hos bankane.
Kundeinnskot er normalt rekna som ei stabil finansieringskjelde for bankane, sjølv om dette er midlar kundane for det meste disponerer utan bindings- eller oppseiingstid. God soliditet i banken, og ei god og truverdig innskotsgarantiordning, er føresetnader for at kundeinnskota er trygge, og såleis òg for at det er forsvarleg for banken å nytte innskota til langsiktige utlån. Den norske innskotsgarantiordninga, som i internasjonal samanheng er god, har truleg medverka til at kundeinnskot har vore ei stabil finansieringskjelde for norske bankar gjennom finanskrisa, jf. boks 2.4. I motsetnad til det som har vore tilfelle i ei rekkje andre land, var det som nemnt ikkje naudsynt å utvide den norske garantiordninga under krisa, eller gje statsgarantiar for bankane sine utlån eller innlån.
Boks 2.4 Den norske innskotsgarantiordninga
Innskotsgarantiordninga i Noreg er ei god ordning for innskytarane. Opptil 2 mill. kroner per innskytar per bank er dekt dersom banken er medlem i Bankenes sikringsfond. Medlemskap er obligatorisk for alle norske bankar. Filialar av utanlandske bankar er dekte av ordninga i sitt heimland, men nokre filialar har likevel valt å knyte seg til den norske ordninga. Den norske ordninga dekkjer då innskot opp til 2 mill. kroner, med frådrag for det som etter reglane vert dekt gjennom garantiordninga i heimstaten.
Innskotsgarantien har sikra tryggleik for innskytarane, vore med på å stabilisere innskotsdekninga hos bankane, og motverka at norske styresmakter måtta gjere særskilde endringar i ordninga i ein krevjande og uoversiktleg periode.
Frykt for såkalla «run» på bankane frå innskytarar under finanskrisa førte til at somme land styrkte eksisterande innskotsgarantiordningar, medan andre land oppretta nye ordningar eller stilte fulle garantiar for alle innskot eller garanterte for utlån. Noreg er eitt av berre fire land i heile OECD-området – og det einaste landet i EØS-området – som under finanskrisa verken skreiv ut statsgarantiar for innlåna til bankane eller auka satsen for innskotsdekninga. Dette viser at den norske reguleringa fungerte godt.
Medlemsbankane skal i 2010 betale om lag 1,67 mrd. kroner i avgift til Bankenes sikringsfond. Fondskapitalen i fondet var om lag 18,7 mrd. ved utløpet av 2009. Bankane er etter lova pålagde å dekkje differansen mellom fondskapitalen og eit beløp som kan kallast fullt fond (21,5 mrd. kroner ved utgangen av 2009) ved garanti frå medlemsbankane. Fondet kan låne pengar for å dekkje krav frå innskytarar dersom kapitalen i fondet ikkje skulle strekkje til ved garantiutbetalingar, og fondet vil dessutan overta kravet på ein bank når fondet dekkjer tapte innskot. Såleis kan fondet samla sett sikre innskytarkrav langt over storleiken på sjølve fondet.
I tillegg til kundeinnskot finansierer bankane verksemda si mellom anna med innlån i penge- og obligasjonsmarknadene. Denne marknadsfinansieringa har dei siste åra vorte ei større finansieringskjelde for bankane, samstundes som løpetida på slik finansiering generelt er vorten kortare. Ei årsak til at bankane vel kortsiktig finansiering, er at kortsiktige innlån kan vere billigare enn langsiktige innlån.
Finanskrisa starta som ei likviditetskrise, og ho synte at likviditetsrisikoen knytt til marknadsfinansieringa til bankane kan vere monaleg. Dei marknadene bankane finansierer seg i, fall i ein periode heilt bort då tiltrua til inntening og soliditet i finansinstitusjonane vart svekt hausten 2008, og prisen på likviditet skaut i veret, jf. figur 2.1 ovanfor. Nødvendig omfinansiering av korte innlån vart vanskeleg, også for bankar med relativt stor eigenkapital, og internasjonalt fekk fleire bankar problem med å møte skyldnadene sine ved forfall.
Mot slutten av 2008 betra finansieringstilgangen seg for norske bankar, mykje på grunn av dei omfattande likviditetstiltaka frå norske styresmakter. Likviditetsrisikoen i bankane vart redusert, og marknadsforholda betra, som følgje av at bankane fekk tilgang på langsiktig finansiering gjennom byteordninga med OMF, jf. boks 2.5, og gjennom lån med lang løpetid frå Noregs Bank. Etableringa av Statens finansfond har òg bidrege til å lette tilgangen på finansiering, av di tilførsel av kjernekapital gjer det mindre risikabelt å låne til norske bankar.
Utover i 2009 stabiliserte penge- og obligasjonsmarknadene seg, og bankane kunne lett finne ny finansiering i marknaden. Prisen på kortsiktig marknadsfinansiering (eitt år eller kortare) vart redusert i fyrste halvår 2009, og i løpet av hausten 2009 gjekk også prisen på langsiktig finansiering (tre til ti år) ned. Langsiktig finansiering var framleis dyrare for bankane mot slutten av 2009 enn før marknadsuroa tok til.
Boks 2.5 Byteordninga med OMF
For å betre likviditeten til bankane og sjansane for finansiering, lanserte Regjeringa 12. oktober 2008 den såkalla byteordninga med OMF. I byteordninga kan bankane låne statskassevekslar i byte mot obligasjonar med førerett (OMF). Stortinget gav 28. oktober 2008 dei nødvendige fullmakter for å kunne setje i verk ordninga, og fyrste auksjon i ordninga vart gjennomført 24. november 2008. Byteordninga har gjeve bankane høve til å byte til seg statspapir for ein avtala periode, som dei har kunna nytte som tryggleik for nye lån eller selje dei. Ordninga hadde ei samla ramme på 350 mrd. kroner for 2008 og 2009.
For å gje flest mogleg bankar høve til å ta del vart vilkåra for å vere med i ordninga justerte undervegs. Ordninga vart mellom anna utvida slik at også obligasjonar med fortrinnsrett i næringslån og kommunelån kunne godtakast, i tillegg til obligasjonar med fortrinnsrett i pantesikra bustadlån. Det vart òg opna for at bankar kunne delta i ordninga gjennom bankeigde kredittføretak.
Prisen på statspapira i byteordninga vart fastsett ved auksjon. Det vart sett ein minstepris i kvar auksjon.
Det er halde til saman 24 auksjonar, jf. figur 2.4. Den siste auksjonen vart annonsert til 7. desember 2009, men vart avlyst på grunn av manglande bod. Av den samla ramma på 350 mrd. kroner er det inngått byteavtalar for om lag 230 mrd. kroner. Bruken av byteordninga vart trappa ned gjennom hausten 2009 ved å auke minsteprisen, slik at voluma det vart bydd på, og talet på bankar som tok del i ordninga, vart reduserte.
Høvet til å gje statsstøtte er regulert i EØS-avtalen. Norske styresmakter har lagt til grunn at byteordninga ikkje er statsstøtte, og ESAs Competition and State Aid Directorate aksepterte i desember 2008 at byteordninga er eit generelt tiltak som ikkje er notifiseringspliktig som statsstøtte i samsvar med regelverket i EØS-avtalen.
Byteavtalene har vore utforma slik at staten tek særs låg risiko, og den nettoinntekta ordninga gjev staten er godtgjering for tap som kan oppstå på statens hand. Byteordninga har, saman med tilbod av lange F-lån og lågare rente, openbert gjeve ein samfunnsøkonomisk gevinst. Ho har bidrege til tillit i finansmarknaden og finansiell stabilitet og betra finansieringssituasjonen til bankane. Risikopåslaga i pengemarknadene er vesentleg reduserte samanlikna med nivåa i haust, og aktiviteten i pengemarknaden har kome i gang igjen. Dette er til fordel for både norske bankar og norske bankkundar. Utan byteordninga med OMF kunne norske bankar fått akutte likviditetsproblem, og ikkje minst ei innstramming i kredittpraksis som kunne ramma realøkonomien kraftig.
Figur 2.5 syner utviklinga i den langsiktige finansieringa til norske bankar og bustadkredittføretak i høve til brutto utlån (illikvide eigedelar). Som langsiktig finansiering reknar ein kundeinnskot, obligasjonslån med løpetid over eitt år, ansvarleg lånekapital og eigenkapital. Ein tendens dei siste åra er at utlånsauken i bankane har vore større enn auken i innskot, og at bankane difor har vorte meir avhengige av marknadsfinansiering (som til dømes obligasjonslån). 1 Samla sett har den langsiktige finansieringa vore relativt stabil. Denne utviklinga heldt fram i 2009, med tillegg av at finansiering frå byteordninga med OMF utgjorde ein vesentleg prosentdel av brutto utlån (9 prosent). Langsiktig finansiering, medrekna byteordninga, auka såleis gjennom året, og utgjorde om lag 103 prosent av brutto utlån. Prosentdelen er høgare for mindre bankar enn for større bankar. For filialar av utanlandske bankar er prosentdelen vesentleg lågare. Dette kjem av at filialane har ein stor del kortsiktig konsernfinansiering.
Erfaringane frå før finanskrisa tilsa at bankar som hamna i likviditetsvanskar, gjerne hadde synlege underliggjande soliditetsproblem. Under finanskrisa endra dette biletet seg, og det har vore fleire døme på at årsakslinene òg har gått andre vegen, frå likviditetsproblem til soliditetsproblem. Erfaringane frå finanskrisa tilseier difor at ein framover legg større vekt på likviditetsrisiko i bankane når ein vurderer utsiktene for finansiell stabilitet.
Likviditetsrisikoen i bankane er lågare no enn for eitt år sidan. Nye hendingar i finansmarknadene eller realøkonomien kan likevel utløyse ny uro og tilstramming i likviditetstilgangen.
For å rette på nokre av dei problema som vart avdekte under og etter krisa, er det no eit stort arbeid på gang internasjonalt for å betre likviditetsregelverket for bankar, jf. kapittel 3.
2.3.2 Kredittrisiko
Kredittrisiko er risikoen for ikkje å få tilbakebetalt heile eller delar av ei fordring eller eit utlån, med dei tap ein i så fall dreg på seg etter at verdien av trygd er trekt frå.
Bankane utset seg for kredittrisiko gjennom utlån til hushald og føretak. Bustadkredittføretaka har ein raskt veksande marknadsdel av utlåna, mykje på grunn av at dei har høve til å utferde obligasjonar med førerett (OMF). Om lag 80 prosent av forvaltningskapitalen til bankane og bustadkredittføretaka består av utlån, og kredittrisiko er under normale tilhøve den vesentlegaste risikoen for norske bankar og kredittinstitusjonar.
Kor mykje kredittrisiko ein kredittinstitusjon kan ta på seg, kjem generelt an på kor stor tapsberande evne institusjonen har, det vil seie kor mykje risikokapital (kjernekapital) institusjonen har. Dette er omtala i avsnitt 2.4.2. Kredittrisiko frå lån til føretak og hushald utgjer difor størstedelen av det samla kapitalkravet for kredittinstitusjonane i høve til kapitaldekningsreglane, jf. figur 2.6. Kor mykje kapital ein etter reglane må ha for ulike engasjement, kjem an på risikoen ved kvart einskilt utlån. Som gruppe betrakta er bustadlån lån med låge tap, og krev difor relativt lite kapital. Lån til føretak har høgare risiko og høgare kapitalkrav.
2.3.2.1 Kredittvekst
Etter fleire år med sterk vekst, fall samla utlån (frå bankar og bustadkredittføretak) til føretak og personkundar med 0,7 prosent i 2009. Nedgangen kjem i hovudsak av negativ vekst i utlåna til føretakssektoren, jf. figur 2.7, som følgje av både lågare etterspurnad etter kreditt og ei tilstramming i kredittpraksisen hos bankane. Utlånsveksten fall særleg overfor konjunkturutsette næringar som næringseigedom, skipsfart, industri, bygg og anlegg. Utlånsveksten til personkundar har gått markant ned dei siste åra. Veksten stabiliserte seg gjennom 2009, dels grunna lågt rentenivå og oppgang i bustadmarknaden.
Figur 2.7 syner òg skilnaden i utlånsvekst frå norske bankar (medrekna bustadkredittføretak) og den frå filialar av utanlandske bankar i Noreg. Filialane hadde særs høg utlånsvekst mot både føretak og personkundar frå 2005 til 2008 med nesten 30 prosent årleg. I 2009 var det samla sett ein nedgang på 4 prosent.
Kredittindikatoren K2, som er eit breiare mål på kor stor bruttogjeld hushald og føretak har frå norske kredittkjelder, syner same utvikling som tala for utlånsvekst frå bankane. Tolvmånadersveksten i indikatoren for hushald og føretak samla låg på 4,2 prosent ved utgangen av 2009, mot om lag 10 prosent ved utgangen av 2008.
Høg kredittvekst pregar ofte utviklinga før kriser, i like stor mon som låg kredittvekst følgjer etter kriser. I oppgangstider er det typisk stor etterspurnad etter kreditt, låg risiko ved utlån, og difor attraktivt for bankane å auke utlåna. Samstundes kan det vere vanskeleg å halde ved like kvaliteten på kredittgjevinga. I nedgangstider kan ein vente at kredittetterspurnaden fell, at risikoen på eksisterande engasjement aukar (og dels materialiserer seg), og at den risikoberande evna til bankane vert lågare. Saman kan desse faktorane i stor grad bremse kredittveksten. Dersom tilbodet av kreditt fell fordi bankane manglar eigenkapital eller anna naudsynt finansiering, forsterkar dette nedgangskonjunkturen.
Figur 2.8 syner utviklinga i kredittvekst til norske føretak etter bankkrisa på 1990-talet, den såkalla dotcom-krisa tidleg på 2000-talet («IT-bobla»), og finanskrisa. Fallet i kredittveksten har vore særleg kraftig i månadene etter at finanskrisa slo inn i 2008, men frå eit høgt nivå. Fallet etter dei to andre krisene var mindre bratt, men varte lenge, høvesvis om lag 34 og 42 månader etter bankkrisa og dotcom-krisa. Etter bankkrisa var kredittveksten negativ i cirka to år. Dei siste tala (januar 2010) tyder på at nedgangen i kredittveksten etter finanskrisa no kan vere i ferd med å flate ut, men det er stor uvisse om den vidare utviklinga.
2.3.2.2 Kredittrisiko ved utlån til hushaldssektoren
Utlån til personkundar frå bankane, medrekna bustadkredittføretaka, utgjorde 53 prosent av samla utlån ved utgangen av 2009. Om lag 90 prosent av desse låna var lån med trygd i bustadeigedom. For bankane aleine utgjorde utlån til personkundar om lag 44 prosent av samla utlån. Kredittrisikoen til bankane er såleis sterkt knytt til hushalda si evne og vilje til å betale renter og avdrag, og til utviklinga på bustadmarknaden.
Hushalda si evne til å bere gjeld kan målast med gjelds- og rentebelastninga. Gjeldsbelastninga er gjeld i prosent av disponibel inntekt, medan rentebelastninga er renteutgifter i prosent av disponibel inntekt. Det er vanleg å nytte gjeldsbelastninga for heile gruppa som ein indikator på kva evne låntakarane har til å betale ned gjeld.
Gjeldsveksten til hushalda har i fleire år vore høgare enn inntektsveksten. Gjeldsbelastninga har difor auka kraftig og er no om lag 200 prosent, jf. figur 2.9. Utviklinga heng saman med låge renter og høg kredittvekst frå 2004 til 2007, og ikkje minst med utviklinga i bustadprisane. Gjeldsveksten er framleis høgare enn inntektsveksten, men nedgangen i kredittveksten dei siste to åra gjer at gjelda ikkje aukar like sterkt som før. Framskrivingar syner at nivået på gjeldsbelastninga truleg flatar ut dei neste par åra.
Stadig fleire hushald har ei gjeldsbelastning som gjer dei sårbare for høgare renter, auka arbeidsløyse eller bustadprisfall. Frå 2005 til 2007 auka delen av samla gjeld i hushald som har ei gjeldsbelastning på over 500 prosent, med nesten 10 prosenteiningar til om lag 35 prosent.
Gjeldsutviklinga vert i stor mon påverka av utviklinga i bustadmarknaden, ettersom ein stor del av låneopptaka til hushalda finansierer bustad og/eller med pant i bustad. Om lag 80 prosent av samla gjeld hos hushalda er lån med pant i bustad. Bustadprisveksten var låg i fyrste del av 2009, men tok seg opp mot slutten av året, jf. nærare omtale i boks 2.6, men hittil i 2010 har det vore ei viss utflating i prisveksten. Sjølv om bustadkjøp er langsiktige investeringar, har rentenivået på kjøpstidspunktet innverknad på åtferd og avgjerder. Vedvarande lågt rentenivå kan såleis bidra til tiltakande bustadprisvekst, og auke risikoen for at hushalda tek på seg uforsvarleg mykje gjeld.
Boks 2.6 Utviklinga i bustadmarknadene
Bustadprisane auka med 14,5 prosent i 2009, jf. figur 2.10. Ved utgangen av 2009 var bustadprisane høge om ein samanliknar med historiske tal. Nominelt var prisane 2,5 prosent høgare enn ved førre pristopp i juni 2007, men 4,8 prosent lågare korrigert for inflasjon. Prisveksten var låg, og til tider negativ, i fyrste del av 2009, men tok seg opp mot slutten av året. I dei to fyrste månadene av 2010 har veksttakta gått noko ned igjen, jf. figuren.
Omsetnaden av brukte bustader auka fram til september 2009, men fall noko tilbake mot slutten av året og var ved utgangen av 2009 på om lag same nivå som eitt år tidlegare. Tilbodet av brukte bustader var høgt dei siste månadene i 2008, men har falle markert i 2009. Fallet i igangsetjing av nye bustader i Noreg held fram frå 2008 gjennom 2009.
Realprisane på bustader i ei rekkje land voks mykje frå 1995. Veksten var særs sterk i Storbritannia og på New Zealand, jf. figur 2.11. Frå 2007 byrja prisane å falle. I USA kom prisfallet tidlegare enn i resten av verda. Frå toppen i 2005 og ut fyrste kvartal i 2009 fall prisane for brukte bustader med over 30 prosent i USA, men gjennom 2009 flata fallet i prisane ut. I Storbritannia fall bustadprisane med nær 18 prosent frå september 2007 og gjennom 2008, men prisane steig igjen frå og med andre kvartal i 2009. Bustadprisveksten har teke seg opp både i Sverige og i Noreg, men i Danmark fall prisane framleis i tredje kvartal 2009. Danmark hadde òg det største bustadprisfallet av dei skandinaviske landa i 2008.
Finanstilsynet har sidan 1994 gjennomført undersøkingar av korleis bankane praktiserer utlån med pant i bustad. Siste undersøking vart gjennomført hausten 2009, og omfatta 30 bankar som til saman stod for om lag 85 prosent av samla utlån til bustadformål. Undersøkinga syner at prosentdelen av nye lån som overstig verdien av bustaden, har vore fallande dei siste tre åra, og at han utgjorde om lag 9 prosent per hausten 2009, jf. figur 2.12. Prosentdelen av nye lån mellom 80 og 100 prosent av verdien på bustaden var noko høgare på hausten 2009 enn på våren, og om lag på nivå med prosentdelen i undersøkinga frå (hausten) 2008. Til saman var 40 prosent av dei nye låna lån ut over 80 prosent av verdien av bustaden i 2009, mot 43 prosent året før. Den innstramminga i praksis ein såg våren 2009, finn ein i avgrensa mon igjen i undersøkinga frå hausten 2009. Det er særleg dei yngre låntakarane som tek opp store lån i forhold til bustadverdi, men også for denne gruppa har lånegraden gått noko ned i 2009, ifølgje undersøkinga. For låntakarar under 35 år var framleis 25 prosent av nye lån til bustadkjøp høgare enn bustadverdien, og 44 prosent mellom 80 og 100 prosent av verdien.
Rammekredittar med pant i bustad har hatt ein sterk auke dei seinare åra. Rammekredittane er særleg tilpassa eldre låntakarar, og 83 prosent av rammekredittane i bustadlånundersøkinga var innvilga til personar mellom 35 og 66 år. Samla sett låg 46 prosent av rammekredittane (innvilga ramme) innanfor ein lånegrad på 60 prosent, medan 47 prosent hadde ein lånegrad mellom 60 og 80 prosent. Dei resterande 7 prosent av kredittane hadde ein lånegrad over 80 prosent, om lag uendra frå 2008.
Boks 2.7 Nye retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån
Finanstilsynet utferda 3. mars 2010 nye retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån. Retningslinene kan oppsummerast slik:
Det bør innhentast sikker informasjon om inntekt og samla gjeld hos låntakaren, og om den bustaden låntakaren skal ta opp lån på.
Banken bør berekne kunden sin evne til å betene lånet med utgangspunkt i inntekt, alle utgifter og konsekvensar av renteauke. Dersom låntakar har eit likviditetsunderskot etter mogleg renteauke, bør det som hovudregel ikkje gjevast lån, og kunden bør verte frårådd å ta opp lån. Lånet bør normalt ikkje overstige tre gonger samla bruttoinntekt.
Normalt bør ikkje lånet overstige 90 prosent av bustadverdien.
Ved avvik frå normene må det anten finnast ein formell tilleggstryggleik (annan eigedom, kausjon/garanti), eller banken må ha gjort ei særskild vurdering av om det er forsvarleg å avvike retningslinene.
Lån med høg lånegrad bør normalt etablerast med betaling av avdrag slik at det vert opparbeidd ein betre sikkerheitsbuffer.
Banken må klargjere kva kundegrupper som kan få rammekreditt. Det bør takast omsyn til at betalingsevna kan svekkjast vesentleg i kredittida som følgje av redusert inntekt.
Før banken kan gje rammekredittar, må det vurderast om det er forsvarleg. Rammekredittar bør normalt ikkje overstige 75 prosent av marknadsverdien på bustaden.
I vurdering av betalingsevne må banken ta høgd for at renta kan auke monaleg. Det er viktig å informere låntakaren godt om dette. I rådgivinga si bør banken alltid klargjere konsekvensane av valet mellom fast og flytande rente.
Om banken skal avvike frå dei interne retningslinene sine, må avgjerdene fattast på eit høgare nivå enn det nivået som vanlegvis har fullmakt til å gje bustadlån.
For kvart kvartal skal ein rapport om banken sin oppfølging av retningslinene for forsvarleg bustadfinansiering leggjast fram for styret i banken eller leiinga for utanlandske filialar.
Finanstilsynet vil følgje opp retningslinene gjennom tilsyn, møte med filialar og rapportar i samband med dei årlege bustadlånundersøkingane.
Mellom anna på bakgrunn av resultata frå bustadlånundersøkingane, utferda Finanstilsynet 3. mars 2010 nye retningsliner for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån, jf. boks 2.7.
Hushalda si rentebelastning auka kraftig frå 2005 til 2008, jf. figur 2.9, men vart monaleg redusert som følgje av rentenedsetjingane frå oktober 2008. Etter kvart som rentenivået kjem attende til eit meir normalt nivå, kjem også rentebelastninga til å auke. Det er store svingingar i renta på gjelda til hushalda, av di dei aller fleste bustadlån er lån med flytande rente. Såleis får endringar i styrings- og marknadsrenter raskt gjennomslag i utlånsrentene. Hushalda kan sikre seg ei meir stabil utvikling i renteutgiftene ved å velje fast rente, men få har til no nytta seg av dette. Tal for 2009 tyder på at det har vore ein viss auke i etterspurnaden etter lån med fast rente.
Hushalda styrkte samla sett si finansielle stilling og sparte meir av samla disponibel inntekt i 2009. På kort sikt er det mindre risiko for at hushalda som aukar sparinga, skal misleghalde lån. Auka sparing hos hushalda bidrog òg til redusert etterspurnad og lågare aktivitet i økonomien. Ifølgje anslag frå Statistisk sentralbyrå auka spareraten (sparing i prosent av disponibel inntekt) frå 3,5 prosent i 2008 til vel 6 prosent i 2009, jf. figur 2.13. Høgt gjeldsnivå og auka uvisse om den økonomiske utviklinga frå andre halvår 2008 førte truleg til at fleire la større vekt på å redusere konsumet for å betale ned gjeld eller byggje opp økonomiske reserver. Høgare forbruksvekst, saman med lågare inntektsvekst og renteoppgang, kan bidra til å trekkje sparinga ned i tida framover, jf. anslaga i figuren.
Samla sett er soliditeten i hushalda god, mellom anna på grunn av den store bustadformuen.
Varierande etterspurnad frå hushalda utgjer ei potensiell kjelde til svingingar i økonomien. At hushalda har høg gjeld, og at gjelda for ein stor del er lån med flytande rente, gjer at etterspurnaden etter varer og tenester frå hushalda i Noreg vert sterkt påverka av rentenivået. Men ettersom ein stor del av formuen til hushalda er knytt til eigen bustad, kan etterspurnaden frå hushalda òg påverkast av endringar i bustadprisane. Kombinasjonen av høg gjeldsbelastning, flytande rente og høg bustadformue gjer norske hushald og norsk økonomi sårbar om det skulle oppstå ein situasjon med fall i bustadprisane og høg rente. Særleg er yngre hushald, med høg gjeldsbelastning og høg eksponering i bustadmarknaden, sårbare for bustadprisfall, høgare rentenivå eller bortfall av inntekt.
2.3.2.3 Kredittrisiko ved utlån til føretakssektoren
Lån til ikkje-finansielle føretak utgjorde om lag 45 prosent av samla utlån frå bankane ved utgangen av 2009. Sterk utlånsvekst over fleire år har gjeve ein stor auke i bankane si eksponering mot føretakssektoren. Som del av samla utlån frå bankane har utlåna til føretak auka med om lag 7 prosenteiningar sidan 2004. Norske bankar har særleg auka eksponeringa mot skipsfart. Figur 2.14 syner at utlån innanfor næringseigedom er dominerande blant føretakslåna.
Den svake utviklinga i norsk økonomi gjennom 2008 og inn i 2009 medførte ein auke i talet på konkursar. Auken i konkursar flata ut gjennom andre halvdel av 2009. Totalt vart det registrert om lag 3 300 konkursar (utanom enkeltpersonføretak og norskregistrerte utanlandske føretak) i 2009, ein auke på 43 prosent frå 2008. Det var i hovudsak små føretak med få tilsette som gjekk konkurs. Auken i konkursar var størst innanfor eigedomsdrift, bygg og anlegg og industri. Det låge rentenivået reduserer faren for konkursar på kort og mellomlang sikt. Ifølgje framskrivingar frå Noregs Bank vil konkursraten (konkursar i høve til føretak) flate ut på eit lågare nivå enn vi erfarte under den norske bankkrisa tidleg på 1990-talet.
Høge finanskostnader og høg gjeldsvekst bidrog til eit kraftig fall i føretaka si gjeldsbeteningsevne i 2008, jf. figur 2.15 og 2.16. Dette er til ein viss grad reversert i 2009, men situasjonen innanfor næringseigedom og skipsfart er framleis utfordrande. Desse næringane vart hardt ramma av finanskrisa, og gjeldsbeteningsevna fall merkbart. Meir enn halvparten av samla utlån frå bankane til føretakssektoren er lån innanfor næringseigedom og skipsfart, og problem her utgjer ein stor del av tapsrisikoen for bankane framover. Dei fleste næringar hadde svak eller fallande omsetnad i fyrste halvår 2009, men for nokre sektorar snudde utviklinga mot slutten av året.
Boks 2.8 Kredittrating
Ei kredittrating er ei vurdering (ein «karakter») av evna og viljen ein låntakar har til å møte skyldnadene sine, og er eit enkelt verkty for investorar til å skaffe seg informasjon om kredittrisikoen på obligasjonar. Det å ha ei kredittrating kan vere ein føresetnad for at føretak skal kunne ta opp lån i internasjonale verdipapirmarknader, og sjølve ratinga kan ha stor verknad for lånevilkåra og prisinga av lånet i marknaden. I kapitalkravssamanheng vert kredittratingar nytta til å fastsetje risikovekter, og såleis kapitalkrav, for kreditteksponeringane til finansinstitusjonane.
Etter finanskrisa har det vore retta kritikk mot metodane til ratingføretaka, og det har mellom anna vore peika på at dei har gjeve føretak, finansielle instrument o.a. god kredittrating på sviktande grunnlag. Mellom anna har det vore kritisert at ratingføretaka ikkje har vore tilstrekkeleg uavhengige av dei føretaka som er kredittratingsobjekt, og at ein del verdipapir har vore spesiallaga for å oppnå ei bestemt rating.
EU-parlamentet bestemte i november 2009 at det skal etablerast mellom anna ei felles registreringsordning for alle som tilbyr kredittrating i den europeiske marknaden. Tre ratingføretak har ei dominerande rolle på verdsmarknaden: Standard & Poor’s, Moody’s og Fitch.
Boks 2.9 Eksponeringa til nordiske bankar i Baltikum
Landa i Baltikum er inne i ein djup resesjon. Dei største nordiske finanskonserna har monaleg aktivitet i dei baltiske landa. Dei to svenske bankane Swedbank og SEB har den største eksponeringa, og utlån til Baltikum utgjorde høvesvis 13 og 12 prosent av deira utlån til kundar ved utgangen av 2009, jf. figur 2.17. DnB Nor er representert i Baltikum gjennom DnB Nord. DnB Nor eig 51 prosent av aksjane i DnB Nord. Ein monaleg del av utlåna frå dei nordiske bankane til kundar i Baltikum er utlån i euro.
Den kraftige tilbakegangen i realøkonomien i dei baltiske landa har ført til monalege tap på utlån for dei nordiske finanskonserna med verksemd i området. I overkant av 60 prosent av Swedbank sine totale nedskrivingar i 2009 var knytte til den baltiske bankverksemda. For SEB utgjorde nedskrivingar i Baltikum 77 prosent av samla nedskrivingar. DnB Nord sine utlån til Baltikum var på 48 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Utlånsvolumet var størst i Litauen og Latvia. Av DnB Nor-konsernet sine samla nedskrivingar på 7,7 mrd. kroner i 2009, var 44 prosent knytt til DnB Nord si verksemd i Baltikum.
Frå 1998 har Finanstilsynet årleg undersøkt kor eksponerte bankane er mot utvalde næringar. Dei tolv største bankane i Noreg er med i undersøkinga, som er basert på risikovurderingane hos bankane. Undersøkinga i 2009 synte ein auke i den delen av dei engasjementa som er klassifisert som høgrisiko for nesten alle næringar (sidan 2008), jf. tabell 2.1.
Uvissa i næringseigedomsmarknaden framover er i hovudsak knytt til omfanget av nybygging, internasjonal konjunkturutvikling og til korleis aukande renter vil slå ut. I takt med stadig meir ledig areal, fallande leigeprisar og høgare avkastningskrav har verdivurderingane av eigedommane gått ned frå midten av 2008. Utover i andre halvår 2009 var det teikn til betring i marknaden, og verdifallet på næringseigedom ser ut til å ha flata ut. Figur 2.16 syner at gjeldsbeteningsevna fall monaleg i fleire næringar i 2008, og at føretak innanfor næringseigedom hadde særs låg gjeldsbeteningsevne.
Tabell 2.1 Dei tolv største bankane si eksponering mot utvalde næringar. Lån klassifiserte av bankane som høgrisiko og nedskrivingar. Prosent av trekt engasjement.
Høgrisikolån | Nedskrivingar | |||
---|---|---|---|---|
Bransje | 3. kv. 2008 | 3. kv. 2009 | 3. kv. 2008 | 3. kv. 2009 |
Skipsfart | 1,00 % | 8,00 % | - | 0,40 % |
Verftsindustri | 7,00 % | 7,00 % | 0,60 % | 0,50 % |
Offshoreindustri | 7,00 % | 18,00 % | - | 0,10 % |
Fiske og fangst | 8,00 % | 10,00 % | 0,50 % | 0,60 % |
Fiskeoppdrett | 3,00 % | 12,00 % | 0,40 % | 0,60 % |
Eigedomsdrift | 5,00 % | 13,00 % | 0,30 % | 0,60 % |
Bygg og anlegg | 8,00 % | 11,00 % | 0,70 % | 1,50 % |
Sum | 3,00 % | 11,00 % | 0,20 % | 0,50 % |
Kjelde: Finanstilsynet.
Dei to største bankane i Noreg har store utlån til norske og utanlandske føretak innanfor skipsfart. Framover er det venta at verdshandelen skal ta seg vidare opp, og dette vil auke etterspurnaden etter skipsfrakt. Eit stort overskot av skip, og ein stadig auke i nye skip på marknaden, bidreg truleg til å halde fraktratane låge i åra framover. Det kjem til å ha negativ innverknad på gjeldsbeteningsevna til føretaka og på panteverdiane til bankane, noko som kan påføre bankane større tap i framtida.
2.3.3 Marknadsrisiko
Marknadsrisiko er risiko for økonomisk tap eller gevinst som følgje av endringar i marknadsprisar på til dømes aksjar, renteberande papir, råvarer og fast eigedom. Svingingane i børskursar verda over har vore uvanleg sterke dei siste par åra, jf. figur 2.2 ovanfor. Svingingane på Oslo Børs har dessutan vore sterkare enn på mange andre børsar, mykje på grunn av eit stort innslag av føretak som produserer olje og andre konjunkturutsette råvarer. Marknadsrisikoen knytt til aksjeinvesteringar har difor vore særs høg over lengre tid. Då departementet for eitt år sidan la fram kredittmeldinga for 2008, var det stor uvisse om kva dei vidare verknadene av den internasjonale finanskrisa ville vere på utviklinga i finansmarknadene, etterspurnad og økonomisk vekst. Det er framleis stor uvisse, men det er òg mykje som tyder på at marknadsrisikoen no er vesentleg redusert.
Norske bankar er i avgrensa grad utsette for marknadsrisiko, av di investeringane deira i verdipapirmarknadene er små samanlikna med storleiken på samla forvaltningskapital. Marknadsrisikoen er òg låg i norske bankar som følgje av at både inn- og utlån stort sett er lån med flytande rente. Såleis er bankane sin risiko knytt til skilnad mellom innlåns- og utlånsrenter liten.
Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene er særskilt utsette for marknadsrisiko, då store delar av forvaltningskapitalen er plassert i verdipapir, og fordi dei ofte verdset desse eigedelane til marknadsverdi, samstundes som størstedelen av forpliktingane deira inneheld ein lovnad om ei viss avkastning på kapitalen. Dersom det er fall i aksjekursane, må forsikringsselskap og pensjonskasser med relativt mykje aksjar i forhold til eigenkapital difor anten raskt redusere aksjedelen, eller hente inn meir eigenkapital. Generelt må porteføljeeksponeringane jamt tilpassast risikonivået i marknaden og evna til å bere eventuelle tap.
I 2007, og særleg i 2008, vart aksjebehaldningane til livsforsikringsselskapa reduserte, både ved nedsal og verdifall. Lågare aksjebehaldning gjorde selskapa mindre utsette for vidare fall i aksjemarknadene, men avgrensa samstundes høvet til å ta del i ein kursoppgang, og såleis til å byggje opp nye reservar. I 2009 auka selskapa aksjedelen, både ved aksjekjøp og verdiauke. Aksjedelen auka frå 12,4 prosent ved utgangen av 2008, til nesten 17 prosent eitt år seinare.
Figur 2.18 syner at det frå 2002 har vore ein nær samanheng mellom aksjekursar og aksjedel i norske livsforsikringsselskap, med nedsal når kursane fell, og investeringar når kursane stig. Grensa i høve til kapitalforvaltningsforskrifta for aksjedel hos livsforsikringsselskap vart heva frå 20 prosent til 35 prosent i 1998, og avvikla i 2007.
Pensjonskassene reduserte aksjedelen i mindre grad enn det livsforsikringsselskapa gjorde i 2008, på grunn av tilførsel av risikokapital frå eigarane. Pensjonskassene tilpassa altså risikoen i balansen (porteføljen) til sin (forventa) soliditetssituasjon. Aksjedelen var framleis høg ved utgangen av 2009. I dei private pensjonskassene var aksjedelen 37 prosent, medan han var 22 prosent i dei kommunale pensjonskassene. Rentepapirdelen var høvesvis 46 prosent og 36 prosent.
Då livsforsikringsselskapa selde aksjar i 2008, vart dei frigjorde midlane i stor mon nytta til å kjøpe rentepapir med lågare risiko enn aksjar, jf. figur 2.19. Ved utgangen av 2009 var delen av obligasjonar og sertifikat, vurdert i rekneskapen til verkeleg verdi, redusert til om lag 30 prosent av kollektivporteføljane til selskapa, frå 36 prosent året før. Under marknadsuroa i 2008 fall rentene monaleg, noko som auka marknadsverdien på renteberande papir med fast rente. 2 Obligasjonar haldne til forfall, som etter føresetnadene ikkje skal seljast på marknaden, og som difor ikkje vert påverka av endringar i marknadsrentene, vart reduserte som del av porteføljane i 2008, men steig noko igjen i 2009.
Ein stor del rentepapir i porteføljane tryggjer stabile renteinntekter, men gjer òg selskapa meir sårbare for renteutviklinga. Medan rentefall bidreg til positiv verdiutvikling på dei renteberande papira på kort sikt, vil eit lågt rentenivå gjere det vanskelegare for livsforsikringsselskapa å oppfylle rentegarantiforpliktingane over tid.
I tillegg til aksjar og rentepapir investerer selskapa i bygg og fast eigedom. Som prosentdel av forvaltningskapital har eigedom auka noko dei seinare åra, og utgjorde om lag 13 prosent ved utgangen av 2009. Låge aksjedelar gjer at risikoen i livsforsikringsselskapa no i større mon er knytt til verdiendringar på eigedom. Eit økonomisk tilbakeslag kan gje store utslag på verdsetjing av næringseigedom.
2.3.4 Operasjonell risiko
Operasjonell risiko er definert som risikoen for tap som kjem av manglande eller sviktande interne prosessar, svikt i system eller hos personar (Baselkomiteen sin definisjon). Operasjonell risiko er svært samansett, og omfattar mellom anna juridisk risiko og renommérisiko. Det kan til dømes gjelde mangelfulle prosedyrar, feil i IT-system, regelbrot, brann, terrorangrep, tillitssvikt o.a. Finansdepartementet har som mål at det innanfor departementet sitt ansvarsområde skal vere eit systematisk førebyggjande arbeid med å redusere sårbarheita og for å sikre ein tilfredsstillande beredskap for å kunne handtere risikohendingar.
Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) er skipa for å tryggje ei best mogleg samordning av beredskapsarbeidet i den finansielle infrastrukturen. Utvalet har hatt tre møte i 2009 og har drøfta spørsmål om driftsstabilitet, risiko og sårbarheit i den finansielle infrastrukturen. Dette arbeidet er omtala i kapitlet om verksemda til Noregs Bank, jf. avsnitt 5.2.
Operasjonell svikt har i 2009 påført finansinstitusjonar tap av ulik storleik. Fleire bankar har vore utsette for svindel med takstar og omsetnadsverdiar i samband med bustadlån. Meir enn 70 tilfelle vart avdekte, med eit samla lånebeløp på omkring 150 mill. kroner. Banktilsette var involverte i svindelen.
Betalingsterminalar har vore utsette for svindelforsøk der innhaldet i magnetstripa på betalingskort er vorte modifisert og kopiert. Angrepa ser ut til å ha vore godt førebudde, og mange butikkar, særleg på Austlandet, har vorte ramma. Hendingane representerer ein ny trussel i Noreg, og tapa har førebels vore låge i Noreg samanlikna med nabolanda.
Operasjonell risiko i finansiell sektor er i aukande grad knytt til drifta av IKT-system og kontinuerleg tilgang på telekommunikasjon og straumforsyning. Dei elektroniske finansielle transaksjonane må gjennom mange ledd som inkluderer kundesystem (nettbank, minibankar, betalingsterminalar o.a.) og interbanksystem. Kompleksiteten og sårbarheita i denne IKT-infrastrukturen inneber ein aukande operasjonell risiko for bankane og banksystemet. I tillegg kan bankane si utkontrahering av IKT-verksemd ha gjort betalingssystemet meir utsett for driftsavvik. Utviklinga på dette området går i retning av at tenesteleverandørar i større grad nyttar ressursar i lågkostnadsland. Dersom ein stor del av IKT-verksemda til finanssektoren vert utkontrahert til utanlandske aktørar, kan det bidra til lågare kontroll med systema, og auka operasjonell risiko.
2.4 Utviklinga for finansinstitusjonane
Medan finanskrisa har ført til store omveltingar og strukturendringar i amerikanske og europeiske finansmarknader, har utviklinga i Noreg vore stabil. Dette har samanheng med at dei aller fleste norske finansinstitusjonar har klart seg relativt godt gjennom finanskrisa, sjølv om 2008 var eit særs vanskeleg år. Kvaliteten på eigenkapitalen i norske bankar var betre enn i dei fleste andre land før krisa tok til, og bankane var lite eksponerte for til dømes amerikanske bustadlånpapir og islandsk banksektor. Saman med små utlånstap bidrog dette til at det ikkje vart ei soliditetskrise i Noreg. Ingen norskeigde bankar har innstilt verksemda som følgje av den internasjonale finanskrisa. Resultat- og soliditetsutviklinga har gjennomgåande vore positiv i norske finansinstitusjonar i 2009.
2.4.1 Marknadsstruktur
2.4.1.1 Oversikt over finansmarknaden
Dei sentrale aktørane i den norske finansmarknaden er bankar og andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond. Figur 2.20 syner forvaltningskapitalen i norske finansinstitusjonar og verdipapirfond. Særleg bankane, men òg livsforsikringsselskapa, er viktige institusjonar i det finansielle systemet. Verksemda i kredittføretaka har auka dei seinare åra.
Det er sju større finansgrupperingar/konsern i den norske finansmarknaden, jf. tabell 2.2. DnB Nor er det klart største finanskonsernet i Noreg, med ein samla marknadsdel på om lag 35 prosent. Andre store grupperingar/sameiningar er Sparebank 1-gruppa, Storebrand, KLP, Terra-gruppa og Gjensidige. Det svenske finanskonsernet Nordea er representert i Noreg gjennom norske dotterselskap og har ein samla marknadsdel på 10 prosent. Samla sett har finansgrupperingane/konserna dei største marknadsdelane innanfor livsforsikring og bankverksemd. Utanlandske aktørar har òg store marknadsdelar, både gjennom filialar og dotterselskap, særleg innanfor skadeforsikring og finansieringsverksemd.
Tabell 2.2 Strukturen i den norske finansmarknaden. Prosent av forvaltningskapital i ulike bransjar og totalt (marknadsdelar). Tal på institusjonar og samla forvaltningskapital (mrd. kroner) i ulike bransjar. Per 31. desember 2009.
Bank | Kreditt-føretak | Finansieringsselskap | Livsforsikring | Skadeforsikring | Verdipapirfond | Sum | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
DnB Nor | 40 % | 33 % | 32 % | 29 % | 1 % | 22 % | 35 % |
Sparebank 1-gruppa | 13 % | 10 % | 8 % | 3 % | 6 % | 7 % | 10 % |
Nordea | 14 % | 0 % | 8 % | 6 % | 0 % | 8 % | 10 % |
KLP | 0 % | 3 % | 0 % | 28 % | 2 % | 9 % | 5 % |
Storebrand | 1 % | 3 % | 0 % | 26 % | 1 % | 8 % | 5 % |
Terra-gruppa | 5 % | 2 % | 1 % | 0 % | 1 % | 2 % | 4 % |
Gjensidige | 0 % | 0 % | 0 % | 1 % | 29 % | 0 % | 1 % |
Andre føretak | 11 % | 45 % | 32 % | 7 % | 30 % | - | 20 % |
Sum norske institusjonar | 85 % | 95 % | 82 % | 100 % | 70 % | - | 89 % |
Utanlandske filialar | 11 % | 5 % | 18 % | 0 % | 30 % | - | 11 % |
Totalt tal på institusjonar | 148 | 30 | 48 | 22 | 74 | 20 | - |
Samla forvaltningskapital (mrd. kroner) | 3 765 | 1 119 | 161 | 795 | 179 | 415 | - |
Kjelde: Finanstilsynet, Finansdatabasen og Verdipapirfondenes Forening.
2.4.1.2 Kredittinstitusjonane
Ved utgangen av 2009 var det 148 bankar i den norske bankmarknaden, medrekna 119 sparebankar. Samla forvaltningskapital i bankmarknaden var 3 767 mrd. kroner. DnB Nor Bank var største aktør med 40 prosent av forvaltningskapitalen. Nordea Bank Norge og Sparebank 1-bankane var høvesvis nest og tredje størst med marknadsdelar på 14 prosent og 13 prosent. Det var til saman 11 filialar av utanlandske bankar i den norske marknaden. Desse hadde ein marknadsdel på 15 prosent i 2009.
Kredittføretaka tilbyr i hovudsak pantelån for finansiering av næringsverksemd og bustadkjøp. Det er 28 norske kredittføretak, medrekna 15 bustadkredittføretak. Dei fleste av bustadkredittføretaka vart etablerte mot slutten av 2008 og i byrjinga av 2009 som følgje av den statlege ordninga som gav bankane høve til å byte til seg statspapir mot obligasjonar med førerett (OMF). Samla forvaltningskapital i kredittføretaka var om lag 1 119 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Av dette låg 47 prosent i bustadkredittføretaka. Målt i utferda OMF var DnB Nor Boligkreditt størst av bustadkredittføretaka med nesten 60 prosent av utferda volum, følgd av Sparebank 1 Boligkreditt og Terra Boligkreditt med høvesvis 17 prosent og 8 prosent.
Finansieringsselskap driv for det meste med leasing, bilfinansiering, kortbaserte utlån og forbruksfinansiering. Ved utgangen av 2009 var det 31 norske finansieringsselskap og 17 utanlandske filialar i den norske marknaden. Samla forvaltningskapital var vel 160 mrd. kroner.
2.4.1.3 Forsikring og pensjon
Det er 23 livsforsikringsselskap i den norske marknaden. Av desse er 12 norske selskap og 11 mindre filialar av utanlandske selskap. Samla forvaltningskapital var 795 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Marknadsdelen til dei tre største selskapa, Vital Forsikring (DnB Nor), Storebrand Livsforsikring og Kommunal Landspensjonskasse, (KLP), var 83 prosent målt i forvaltningskapital. Denne delen har vore stabil over tid.
Det er 106 private og kommunale pensjonskasser i Noreg med om lag 185 mrd. kroner i samla forvaltningskapital. Av desse hadde 35 kasser ein forvaltningskapital på meir enn ein mrd. kroner.
Det er 74 aktørar som tilbyr skadeforsikring i den norske marknaden gjennom etablering i Noreg. Dei fire største skadeforsikringsselskapa, Gjensidige Forsikring, If Skadeforsikring, TrygVesta og Sparebank 1 Skadeforsikring, hadde ein samla marknadsdel på 64 prosent målt etter forfallen bruttopremie ved utgangen av 2009. Hovuddelen av dei små skadeforsikringsselskapa er sjøforsikringsselskap og såkalla captiveselskap (selskap oppretta innanfor eit konsern eller ein organisasjon for å handtere eigne risikoar).
2.4.1.4 Verdipapir
Ved utgangen av 2009 var det 154 verdipapirføretak i den norske marknaden. Av desse var 32 bankar. Kapital under aktiv forvaltning var om lag 670 mrd. kroner.
Forvaltningsselskapa for verdipapirfond hadde ved utgangen av 2009 om lag 307 mrd. kroner til aktiv forvaltning. Forvaltningskapitalen i verdipapirfonda var 415 mrd. kroner. Verdipapirfond er kollektive investeringsordningar og sjølvstendige juridiske einingar. Kapitalen investorane har plassert i verdipapirfond, vert såleis ikkje påverka av eventuelle økonomiske problem i forvaltningsselskapet.
2.4.2 Resultat og soliditet i kredittinstitusjonane
2.4.2.1 Bank
Etter at resultata i dei norske bankane vart sterkt svekte i 2008, som følgje av ein kraftig auke i tap på utlån, fekk bankane gode resultat i 2009. Samla resultat før skatt var om lag 27 mrd. kroner, ein auke på vel 7 mrd. kroner frå året før. Avkastninga på eigenkapitalen etter skatt auka frå 8,5 prosent til 11 prosent. Seks bankar gjekk med underskot i 2009, hovudsakleg mindre og nystarta bankar (den klart største av bankane med underskot hadde ein forvaltningskapital på 13 mrd. kroner). I 2008 gjekk 20 bankar med underskot.
Tabell 2.3 Resultat for alle norske bankar.
2009 | 2008 | |||
---|---|---|---|---|
Mill. kr. | Pst. av GFK1 | Mill. kr. | Pst. av GFK | |
Netto renteinntekter | 44 345 | 1,35 % | 45 377 | 1,58 % |
Andre inntekter | 24 905 | 0,76 % | 10 928 | 0,38 % |
- av dette netto kursgev. på oml.midlar/ fin.eiged. vurderte til verkeleg verdi | 1 541 | 0,35 % | -1 227 | -0,04 % |
Andre kostnader | 33 895 | 1,03 % | 30 507 | 1,06 % |
- av dette løn og personalkostnader | 17 106 | 0,52 % | 15 900 | 0,55 % |
Resultat før tap på utlån | 35 355 | 1,07 % | 25 798 | 0,90 % |
Bokførte tap på utlån | 8 874 | 0,27 % | 5 863 | 0,20 % |
Gev./tap verdipapir, lang sikt | 159 | 0,00 % | -281 | -0,01 % |
Verdifall på ikkje fin.eiged. og eiged. ikkje vurderte til verkeleg verdi | -127 | 0,00 % | -28 | 0,00 % |
Resultat før skatt | 26 767 | 0,81 % | 19 682 | 0,69 % |
Skattekostnad | 7 675 | 0,23 % | 5 960 | 0,21% |
Resultat etter skatt | 19 091 | 0,58 % | 13 722 | 0,48 % |
Eigenkapitalavkastning | 11,14 % | 8,54 % |
1 Gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) gjennom året i kvar enkelt bank.
Kjelde: Finanstilsynet.
Hovudårsaka til resultatforbetringa i 2009 er store kursgevinstar på verdipapir og andre finansielle instrument, fanga opp i auken i «andre driftsinntekter» i figur 2.21. Sjølv om norske bankar i avgrensa grad er utsette for marknadsrisiko, medførte uroa i finansmarknadene i 2008 kurstap på om lag 1,2 mrd. kroner på rentepapir og aksjar. Kurstapa vart for det meste ikkje realiserte. I 2009 var utviklinga i verdipapirmarknadene gunstig, bankane kunne tilbakeføre tidlegare nedskrivingar, og hadde ein netto kursgevinst på 11,5 mrd. kroner. Dei store bankane hadde òg monalege inntekter frå handel i valuta og rentepapir. I 2009 var desse inntektene høge, særleg for DnB Nor, grunna høg volatilitet i marknadene og auka marginar mellom kjøps- og salsprisar («spreadar»).
Den viktigaste inntektskjelda til bankane er netto renteinntekter, jf. figur 2.21, som er differansen mellom renteinntektene og rentekostnadene. I høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital har desse inntektene vore sterkt fallande i fleire år. Lågare rentemargin (forskjellen mellom gjennomsnittleg utlåns- og innskotsrente) bidrog mest til nedgangen, jf. figur 2.22. 3 Rentemarginen til bankane var 2,4 prosent ved utgangen av 2009 (mot 2,7 prosent i 2008). Marginen har vore relativt stabil gjennom 2009, men på eit noko lågare nivå enn ved utgangen av 2008. Marginen på utlån auka markert i siste del av 2008 som følgje av det brå fallet i marknadsrentene, tidsetterslep i rentesetjinga til bankane, og lågare konkurranse om lånekundane. Utlånsmarginen fall frå andre halvår 2009, men låg ved utgangen av året klart høgare enn før finansuroa tok til. Innskotsmarginen var negativ ved utgangen av 2008, og vart liggjande lågt gjennom heile 2009. Den låge innskotsmarginen i 2009, og særleg i 2008, kom dels av auka konkurranse blant bankane om kundeinnskot.
Utlånstapa auka markant i fjerde kvartal 2008, men stabiliserte seg på eit noko lågare nivå utover i 2009. Tapa gjekk ned mot slutten av 2009, mykje på grunn av den gode utviklinga i norsk økonomi. For heile året bokførte bankane nesten 9 mrd. kroner i tap på utlån, mot 5,9 mrd. kroner i 2008, og 38 mill. kroner i 2007. I høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital utgjorde tapa 0,27 prosent i 2009. Dette er monaleg lågare enn i 2002/2003 (førre nedgangskonjunktur), og mykje lågare enn under bankkrisa tidleg på 1990-talet då utlånstapa nådde heilt opp i 3 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital.
Medan tapa på utlån gjekk ned mot slutten av 2009, auka misleghaldet av lån, jf. figur 2.23. Misleghald kan vere ein indikator på framtidig utlånstap i bankane. Det er særleg misleghald på lån til føretak som har auka mykje dei seinare månadene.
Delen av lån som vert misleghaldne eller går til tap, er framleis moderat – mykje lågare enn i 2002/2003 og under bankkrisa – og utgjorde om lag 1,5 prosent av brutto utlån frå norske bankar per desember 2009. Tala er påverka av at bankane i stor mon har overført bustadlån med låg risiko til kredittføretak. Verknaden av overføringane kan illustrerast ved at samla utlånstap (i høve til samla utlån) ville vore om lag 20 prosent lågare hos bankane om dei utlåna (og tapa) som no står på balansen til kredittføretaka, i staden hadde stått hos bankane. Dersom utviklinga med å overføre trygge bustadlån til kredittføretaka held fram, vil den framtidige utlånsporteføljen til bankane truleg innehalde relativt meir føretakslån og mindre sikre bustadlån. Denne utviklinga inneber høgare og meir varierande tap i bankane i åra framover.
Boks 2.10 Kapitaldekningsreglane
Bakgrunnen for kapitaldekningsreglane for finansinstitusjonane er at institusjonane skal ha ein buffer i form av ansvarleg kapital for å ha evne til stå imot den risikoen for tap som dei tek på seg gjennom verksemda si. Den ansvarlege kapitalen i bankar og andre finansinstitusjonar tener som eit vern for innskytarar, dei som er forsikra, for kreditorar og i mange tilfelle også for samfunnet. Kapitalen stimulerar eigarane til forsvarleg bankdrift ved at dei sjølve risikerer å tape eigenkapital dersom drifta går med underskot. Soliditet i finansinstitusjonane er òg viktig for å dempe medsykliske svingingar i utlånspraksis, svingingar som igjen kan bidra til å forsterke konjunktursvingingar i økonomien.
Minstekravet til kapitaldekning i norske finansinstitusjonar er at ansvarleg kapital skal utgjere minst 8 prosent av berekningsgrunnlaget, medan kjernekapitaldekninga må vere på minst 4 prosent av berekningsgrunnlaget. I tillegg er det krav om at finansinstitusjonane minimum må ha kjernekapitaldekning mellom 6 og 7 prosent (avhengig av risikoprofil) for å kunne utferde fondsobligasjonar, og minst 7 prosent kjernekapitaldekning for å kunne utferde tidsavgrensa ansvarlege lån.
Detaljerte reglar om berekningsgrunnlaget er fastsette i kapitalkravsforskrifta. Detaljar for kva ansvarleg kapital kan bestå av, følgjer av forskrift om berekning av ansvarleg kapital.
Berekningsgrunnlaget er den risikovigde verdien av eigedelane til finansinstitusjonane. Etter dei tidlegare internasjonale reglane for kapitaldekning, Basel I-reglane, skulle berekningsgrunnlaget fastsetjast ut frå faste risikovekter på ulike eigedelar. Desse sjablongvektene for risiko innebar at eigedelsporteføljar som etter reglane gav like minstekrav til kapital, kunne variere mykje med omsyn til risiko.
Dei nye reglane, Basel II-reglane, vart sette i kraft 1. januar 2007. Desse reglane har som formål å knyte kapitalkravet nærare saman med dei reelle risikoane. Bankane må anten nytte seg av ein standardmetode for utrekning av kapitalkravet, eller av eigne interne modellar. Standardmetoden inneber at eigedelane til bankane skal risikovektast i balansane ut frå kredittvurderingar frå kredittratingføretak der desse finst, men reglane er elles mykje som i dei tidlegare reglane (Basel I). Bankar som nyttar interne modellar skal vekte eigedelar ut frå eigen risikohistorikk for til dømes ulike motpartar. Auka risikosensitivitet i regelverket er ikkje oppnåeleg utan at berekningsgrunnlaga til bankane også i nokon mon vert meir følsame for økonomiske opp- og nedturar.
EUs arbeid med kapitaldekningsreglane følgjer opp arbeidet til Baselkomiteen for banktilsyn. Retningslinene frå Baselkomiteen byggjer på tre pilarar. Denne tredelinga er òg spegla i krava frå EU, som er tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk lov.
Bankane si evne til å bere tap utan at innskytarar og andre alminnelege kreditorar lir tap, er avhengig av nivået og kvaliteten på kjernekapitalen. Etter kapitaldekningsreglane skal kjernekapitalen minst utgjere 4 prosent av den risikovigde balansen, og den ansvarlege kapitalen minst 8 prosent, jf. boks 2.10. Gjennom tilbakehaldne overskot, eigenkapitalemisjonar og kapitaltilskot frå Statens finansfond vart soliditeten i bankane styrkt i 2009.
Basel II-reglane for kapitaldekning har no vore gjeldande sidan 1. januar 2007. Tanken er at reglane skal måle risikoen ved verksemda til bankar meir nøyaktig enn dei tidlegare, meir sjablongmessige Basel I-reglane. Sju større norske bankar nytta i 2009 såkalla interne modellar (IRB-bankar) 4 for å berekne den risikovigde balansen som ligg til grunn for kapitaldekningskrava. Andre bankar nyttar ein standardmetode som gjev eit kapitalkrav om lag på same nivå som berekningar under Basel I-reglane. Som ei overgangsordning skal dessutan IRB-bankar ha ansvarleg kapital som minst svarar til 80 prosent av minstekravet til kapital under Basel I-reglane.
Etter det norske regelverket kan kjernekapitalen i bankar maksimalt innehalde 15 prosent hybridkapital (instrument med eigenskapar til felles med både eigenkapital og lån), medan hybridkapitaldelen kan vere opptil 50 prosent i andre land. I Noreg har ein vore meir restriktiv enn andre land med omsyn til kvaliteten på kjernekapitalen. Dette har bidrege til å gjere dei norske bankane mindre sårbare. Då Statens finansfond vart etablert, vart det opna for at statleg hybridkapital kunne utgjere 20 prosent av kjernekapitalen, jf. kapittel 8.1.
Dei norske IRB-bankane hadde ved utgangen av 2009 ei kjernekapitaldekning på mellom 9 prosent og 11,8 prosent, jf. tabell 2.4. I alle bankane var kjernekapitaldekninga høgare ved utgangen av 2009 enn ved utgangen av 2008. To av bankane har fått tilført kapital frå Statens finansfond, og ein har henta eigenkapital i marknaden.
Kjernekapitaldekninga i bankane som nyttar standardmetoden, auka med over 2 prosentpoeng i 2009, og var ved utgangen av året 14,3 prosent. Det aller meste av auken kom i fjerde kvartal, og kom mellom anna av kapitaltilskot frå Statens finansfond. Sjå kapittel 8.1 for nærare omtale av verksemda til Statens finansfond i 2009.
Tabell 2.4 Kapitaldekninga i bankar som nyttar høvesvis interne modellar (IRB) og standardmetode under Basel II.
Kjernekapitaldekning | Kapitaldekning | ||||
---|---|---|---|---|---|
31.12.2009 | 30.09.2009 | 31.12.2008 | 31.12.2009 | 31.12.2008 | |
Interne modellar (IRB) | |||||
DnB Nor Bank | 9,20 % | 8,60 % | 7,80 % | 12,40 % | 11,70 % |
Nordea Bank Norge | 7,60 % | 7,60 % | 6,50 % | 9,90 % | 10,20 % |
Sparebank 1 SR-Bank | 11,00 % | 7,30 % | 6,90 % | 13,80 % | 10,00 % |
Sparebanken Vest | 11,50 % | 8,90 % | 8,10 % | 12,80 % | 10,20 % |
Sparebank 1 SMN | 11,10 % | 11,50 % | 8,10 % | 14,60 % | 14,90 % |
Sparebank 1 Nord-Norge | 11,80 % | 9,70 % | 9,60 % | 13,40 % | 11,10 % |
Bank 1 Oslo | 9,00 % | 8,00 % | 8,60 % | 12,10 % | 11,00 % |
Standardmetode | |||||
Standardmetode, over 10 mrd. i FK | 12,60 % | 10,70 % | 10,00 % | 14,50 % | 11,80 % |
Standardmetode, under 10 mrd. i FK | 17,20 % | 15,80 % | 16,20 % | 18,50 % | 17,20 % |
Alle standardmetodebankar | 14,30 % | 12.60 % | 12,20 % | 16,00 % | 13,70 % |
Kjelde: Finanstilsynet.
Figur 2.24 syner utviklinga i kjernekapitaldekninga og eigenkapitaldelen i alle norske bankar dei ti siste åra. Medan kjernekapitaldekninga har vore relativt stabil over tid, har den ikkje-risikovigde eigenkapitaldelen synt ein nedgåande trend. Eit nytt kapitalkrav knytt til eigenkapitaldelen («leverage ratio») er noko ein no drøftar internasjonalt i kjølvatnet av finanskrisa, jf. kapittel 3.
2.4.2.2 Kredittføretak
Resultatutviklinga for kredittføretaka (utan Eksportfinans) var stabil i 2009. I høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital fall resultatet av ordinær verksemd marginalt frå 0,55 prosent til 0,53 prosent. Som følgje av overføring av bustadlån frå bankane var det ein sterk auke i netto renteinntekter, men mellom anna auka kostnader bidrog til svekt resultat samla sett. Dei bokførte tapa til kredittføretaka var låge i 2009. Av utlån på meir enn 700 mrd. kroner var ikkje tapa høgare enn 45 mill. kroner.
Tabell 2.5 Resultatpostar kredittføretak (utan Eksportfinans).
2009 | 2008 | |||
---|---|---|---|---|
Mill. kroner | Pst. av GFK | Mill. kroner | Pst. av GFK | |
Nettorenter | 6 110 | 0,79 % | 2 816 | 0,56 % |
Andre inntekter | -625 | -0,08 % | 801 | 0,16 % |
- av dette kursgevinstar | -192 | -0,02 % | 762 | 0,15 % |
Andre kostnader | 1 292 | 0,17 % | 782 | 0,16 % |
- av dette lønn og adm.kost. | 332 | 0,05 % | 305 | 0,07 % |
Driftsresultat før tap | 4 193 | 0,54 % | 2 835 | 0,56 % |
Bokførte tap | 45 | 0,01 % | 59 | 0,01 % |
Resultat ordinær drift | 4 148 | 0,53 % | 2 776 | 0,55 % |
Eigenkapitalavkastning | 11,90 % | 13,50 % |
Kjelde: Finanstilsynet.
Kredittføretaka er underlagde dei same kapitaldekningsreglane som bankar. Ved utgangen av 2009 låg kjernekapitaldekninga i dei kredittføretaka som nyttar standardmetoden på 14 prosent (5 prosenteiningar høgare enn i 2008).
2.4.2.3 Finansieringsselskap
For finansieringsselskapa var resultata for 2009 betre enn for 2008, sjølv om tap og misleghald på utlån auka. I høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital auka resultatet av ordinær verksemd frå 1,37 prosent til 1,76 prosent. Resultatforbetringa kom av ein monaleg auke i netto renteinntekter som følgje av lågare finansieringskostnader (fall i marknadsrenter), og høgare rentemarginar overfor kundane. Bokførte tap auka frå 0,74 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 2008, til 1,2 prosent (som svarar til 1,6 mrd. kroner) i 2009. Finansieringsselskapa styrkte kjernekapitaldekninga i 2009. Dekninga var 12,7 prosent ved utgangen av 2009, mot 11,5 prosent eitt år tidlegare. 5
Fleire av finansieringsselskapa driv, i tillegg til einskilde bankar, med forbruksfinansiering. Dette er lån som hovudsakleg vert gjeve utan krav om trygd, og som inneber høg kredittrisiko. Figur 2.25 syner utviklinga i slike utlån, og dessutan utviklinga i tap og misleghald. Utlånsveksten fall markert i 2009, og fleire av selskapa har redusert utlåna. Tap og misleghald auka kraftig både i 2008 og 2009. Dei største tapa vart tekne i siste del av 2008 og i byrjinga av 2009.
2.4.3 Resultat og soliditet innanfor forsikring og pensjon
2.4.3.1 Livsforsikringsselskap
Resultata i livsforsikringsselskapa var gode i 2009 samanlikna med 2008, som var eit særs dårleg år. Det verdijusterte resultatet (som tek omsyn til urealiserte kursgevinstar) før skatt og tildeling til kundar var om lag 21 mrd. kroner i 2009, mot –22 mrd. kroner i 2008, jf. tabell 2.6. I 2008 tok eigenkapitalen i livsforsikringsselskapa tap for fyrste gong sidan 2002. Erstatningane gjekk ned med 8,7 prosent frå 2008, på grunn av ein god del gjenkjøp og uttak av individuelle kapitalforsikringar som følgje av renteutviklinga.
Tabell 2.6 Resultatpostar i norske livsforsikringsselskap.
2009 | 2008 | |||
---|---|---|---|---|
Mill. kr. | Pst. av GFK | Mill. kr. | Pst. av GFK | |
Premieinntekter | 74 256 | 9,69 % | 79 287 | 10,76 % |
- av dette overføring av premieres. o.a. frå andre | 11 163 | 1,46 % | 11 530 | 1,56 % |
Netto inntekter frå fin. eigedelar i kollektivporteføljen | 38 562 | 5,03 % | -9 922 | -1,35 % |
- av dette renteinntekter og utbytte på fin. eigedelar | 22 577 | 2,95 % | 19 621 | 2,66 % |
- av dette gevinstar ved realisasjon | 6 089 | 0,79 % | -12 148 | -1,65 % |
- av dette verdiendringar | 9 045 | 1,18 % | -20 509 | -2,78 % |
Erstatningar | 45 863 | 5,98 % | 64 238 | 8,72 % |
- av dette overføring av premieres. o.a. til andre | 9 976 | 1,30 % | 9 568 | 1,30 % |
Endring i forsikringsforpliktingar (kontraktsfastsette) | -44 343 | -5,78 % | 8 210 | 1,11 % |
- av dette endring i tilleggsavsetnader | -6 318 | -0,82 % | 8 823 | 1,20 % |
- av dette endring i kursreguleringsfond | -5 448 | -0,71 % | 13 900 | 1,89 % |
Midlar tilordna forsikringskontraktene | -4 985 | -0,65 % | -2 648 | -0,36 % |
Forsikringsrelaterte driftskostnader | 5 633 | 0,73 % | 5 713 | 0,78 % |
Resultat av teknisk rekneskap (kundeporteføljene) | 2 058 | 0,27 % | -437 | -0,06 % |
Resultat av ikkje-teknisk rekneskap (selskapsporteføljen) | 2 191 | 0,29 % | -1 856 | -0,25 % |
Resultat før tilleggsavsetnader, tildeling til kunder og skatt | 15 552 | 2,03 % | -8 469 | -1,15 % |
Verdijustert rekneskap før tilleggsavsetnader, tildeling til kunder og skatt | 21 000 | 2,74 % | -22 369 | -3,04 % |
Totalresultat (etter skatt og inkl. andre resultatkomponent) | 4 270 | 0,56 % | -2 789 | -0,38 % |
Kjelde: Finanstilsynet.
Den verdijusterte kapitalavkastninga var 6,2 prosent i 2009, ei kraftig betring frå 2008, då den verdijusterte avkastninga var –1,6 prosent, jf. figur 2.26. Sjølv om aksjedelen var låg i 2009, jf. avsnitt 2.3.3, hadde kursstiginga på aksjar stor verknad på inntektene til selskapa. Også renteinntekter på obligasjonar og sertifikat har gjeve positive bidrag til resultata, jf. figur 2.27.
Bufferkapitalen gjev uttrykk for livsforsikringsselskapa si evne til å ta tap utan å falle under dei fastsette minstekrava til kapital. Bufferkapitalen består av eigenkapital i form av kjernekapital ut over minstekravet, og kundebufferar i form av tilleggsavsetnader opp til eitt års rentegaranti, kursreguleringsfond og risikoutjamningsfond. Underskota i selskapa i 2008 vart i stor mon dekte av kundane. Ved utgangen av 2008 hadde berre eitt av selskapa midlar igjen i kursreguleringsfondet, og ein stor del av tilleggsavsetnadene vart nytta til å dekkje rentegarantiar til kundane. Dei gode resultata i 2009 bidrog til å styrkje bufferkapitalen, medrekna ein monaleg auke i tilleggsavsetnadene. Samla sett auka bufferkapitalen med 8 mrd. kroner i 2009, og utgjorde 4,7 prosent av forvaltningskapitalen ved utgangen av året, jf. figur 2.28. Alle livsforsikringsselskapa tilfredsstilte minstekravet til kapitaldekning og kravet til solvensmargin ved utgangen av 2009.
Resultatutviklinga i livsforsikringsselskap følgjer i stor mon utviklinga i inntekter frå investeringar i kollektivporteføljen, som for det meste motsvarar forpliktingar med ein viss rentegaranti. Ifølgje berekningar frå Finanstilsynet var den gjennomsnittlege rentegarantien overfor kundane om lag 3,5 prosent i 2009. Det låge rentenivået avgrensar for tida avkastninga på rentepapir. Dersom denne situasjonen varar ved, kan det verte utfordrande for selskapa å stabilt oppnå ei avkastning på kundemidlane som overstig dei garanterte forpliktingane. For å møte denne utfordringa må selskapa sjølve byggje opp eigenkapitalen, og sikre seg inntekter som ikkje direkte er avhengige av marknadsutviklinga.
Etter ny forsikringsverksemdslov, som vart vedteken i 2005 med ikrafttreding av nye verksemdsregler frå 2008, skal kundane førehandsbetale for forvaltning av midlar knytte til forsikringskontrakten, medrekna selskapet sin risiko for avkastningsresultatet (rentegarantien). Såleis vert det viktig at selskapa set forsvarlege prisar på rentegarantien, og at selskapa nyttar inntektene til å byggje opp forsvarlege eigenkapitalbufferar for dei åra avkastninga på kundeporteføljane er lågare enn rentegarantien.
Som Finansdepartementet har understreka i kredittmeldingane i fleire år, er det særs viktig at livsforsikringsselskapa og pensjonskassene passar på at det med god sikkerheitsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Situasjonen framover krev god risikostyring og tilfredsstillande bufferkapital.
2.4.3.2 Pensjonskasser
Pensjonskassene må i likskap med livsforsikringsselskapa ta omsyn til krav til årleg minsteavkastning. Likevel var nedsalet av aksjar i 2008 mindre omfattande enn hos livsforsikringsselskapa. Det heng mellom anna saman med at fleire av kassene fekk tilført ny kapital frå eigarane. Særleg dei private pensjonskassene hadde ein høg aksjedel gjennom 2008 og inn i 2009. Dette førte til relativt dårlegare avkastning i 2008 og relativt betre avkastning i 2009, samanlikna med livsforsikringsselskapa, jf. figur 2.26. Verdijustert kapitalavkastning i 2009 var 14,4 prosent i dei private kassene og 10,1 prosent i dei kommunale kassene.
Det var òg ein kraftig auke i bufferkapitalen til pensjonskassene i 2009, jf. figur 2.30. Ved utgangen av 2009 hadde pensjonskassene ei gjennomsnittleg kapitaldekning på 15 prosent, mot 15,4 prosent året før.
Boks 2.11 Pensjonskasser og finanskrisa
Pensjonsfond i OECD-landa fekk samla sett ei negativ kapitalavkastning på meir enn 20 prosent i 2008, jf. figur 2.29. I fyrste halvdel av 2009 henta fonda inn noko av investeringstapa, og avkastninga var høg utover i 2009. Norske pensjonskasser var av dei som hadde høgast avkastning over heile perioden, jf. figuren.
2.4.3.3 Skadeforsikringsselskap
Resultat av ordinær verksemd i skadeforsikringsselskapa var 4,8 mrd. kroner i 2009, mot 0,5 mrd. kroner i 2008 (utanom captive-selskap). Betringa kom av monaleg auke i finansinntektene, jf. tabell 2.7. Summen av erstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning, i prosent av premieinntekter for eiga rekning, kalla «combined ratio», har halde seg stabil på 96 prosent dei siste åra, jf. figur 2.31. Combined ratio er eit uttrykk for kor stor del av utgiftene forsikringsselskapa kan dekkje gjennom premiane. Er combined ratio høgare enn 100 prosent, må selskapet ha andre inntekter for å gå i balanse, til dømes finansinntekter.
Tabell 2.7 Resultatpostar skadeforsikringsselskap (utanom captive-selskap).
2009 | 2008 | |||
---|---|---|---|---|
Mill. kr | Pst. av premie | Mill. kr | Pst. av premie | |
Premieinntekter f.e.r. | 22 865 | 21 733 | ||
Allokert investeringsavkastning | 1 159 | 5,10 % | 1 912 | 8,80 % |
Andre forsikringsrelaterte inntekter | 77 | 0,30 % | 119 | 0,50 % |
Erstatningskostnader f.e.r. | 17 300 | 75,70 % | 16 439 | 75,60 % |
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r. | 4 886 | 21,40 % | 4 563 | 21,00 % |
Endring i sikkerheitsavsetnadar o.a. | 528 | 2,30 % | -195 | -0,90 % |
Resultat av teknisk rekneskap | 1 366 | 6,00 % | 2 942 | 0,10 % |
Netto inntekter av finansielle eigedeler | 4 584 | 20,00 % | -550 | -2,50 % |
Allokert investeringsavkastning | 1 153 | 5,00 % | 1 902 | 8,80 % |
Andre inntekter/kostnader | -24 | -0,10 % | 0 | 0,00 % |
Resultat før skattekostnad | 4 773 | 20,90 % | 489 | 2,20 % |
Kjelde: Finanstilsynet.
2.4.4 Resultat innanfor verdipapir
Verdipapirføretaka fekk i 2009 til saman driftsinntekter på litt under 15 mrd. kroner, om lag det same som i 2008. Samla driftsinntekter for verdipapirføretak som ikkje er bankar, var noko under sju mrd. kroner, ein nedgang på 17 prosent frå året før. Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretaka som ikkje er bankar, er emisjons- og rådgjevingsverksemd, mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument, og porteføljeforvaltning. For verdipapirføretaka som er bank, var driftsinntektene 7,7 mrd. kroner i 2009, ein auke på om lag 18 prosent frå 2008. Bankane sine inntekter frå investeringstenester og tilleggstenester er i hovudsak knytte til handel i gjeldsinstrument og valuta, og eigenhandel med finansielle instrument.
Dei viktigaste inntektskjeldene for forvaltningsselskapa for verdipapirfond er godtgjering for forvaltning av fond og inntekter frå aktiv forvaltning av porteføljar. Samla driftsresultat for forvaltningsselskapa var 1 mrd. kroner i 2009, ein auke på 34 prosent.
2.5 Utsiktene framover
Utsiktene for finansiell stabilitet er betra sidan Finansdepartementet la fram Kredittmeldinga 2008 for eitt år sidan. Ei viktig årsak til denne betringa er at kjernekapitalen i bankane og bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa er vesentleg høgare enn for eitt år sidan. Moglegheitene til å hente kapital og likviditet er òg betra. Finansinstitusjonane si evne til å bere tap og å takle nye sjokk er difor betre enn for eitt år sidan.
Tap i finansinstitusjonane speglar stoda i realøkonomien. Utsiktene for realøkonomisk stabilitet og vekst er betra det siste året, sjølv om uvissa framleis er høg. Verda over er det risiko knytt til utfasinga av dei massive finans- og pengepolitiske stimuliane. Vert dei fasa ut for raskt, kan det kvele oppgangen og bidra til lågare økonomisk vekst. Vert dei fasa ut for seint, kan det etter kvart verte vanskeleg for mange land å handtere underskot og høg statsgjeld. I Noreg er situasjonen annleis. Veksten i økonomien har teke seg opp raskare enn venta, og utfasinga av krisetiltaka er allereie godt i gang. Det er likevel stor uvisse om den vidare utviklinga også i norsk økonomi, særleg for eksportnæringa.
Hendingane under finanskrisa er døme på at bankane i mange land ikkje var robuste nok då det oppstod forstyrringar i finansieringsmarknadene. Vidare hadde fleire land innskotsgarantiordningar med låge dekningsnivå. Norske bankar fekk òg problem med likviditetstilgangen, men finanskrisa har så langt ikkje ført til større tap i norske bankar enn dei kan bere. I 2009 har bankane tvert imot styrkt eigenkapitalen, slik at dei er endå betre rusta til å bere tap enn dei var då finanskrisa starta. I Noreg har vi ei god innskotsgarantiordning, som saman med ei generelt god regulering har bidrege til tryggleik hos innskytarane og meir stabile innskot hos bankane.
To sentrale lærdommar frå krisa internasjonalt er at
bankane må i gode tider sikre seg at dei har tilstrekkeleg likviditet til å klare seg gjennom lengre periodar med problem i finansmarknadene, og at
bankane må halde meir kapital i forhold til omfanget av verksemda (dei kan ikkje leggje til grunn at ny kapital kan hentast inn i marknaden når risikoen ved bankverksemda er høg).
Skal bankane vere solide gjennom ei krise, må eigenkapitalen difor byggjast opp når innteninga er god. Vidare må bankane i gode tider sikre seg at dei har nok likviditet til å klare seg gjennom lengre periodar med problem i finansieringsmarknadene. Er bankane godt budde, vert det òg lettare for dei å hente finansiering, bere eventuelle tap og formidle ny kreditt gjennom ein nedgangskonjunktur.
Gjeldsbelastninga i norske hushald ligg på eit historisk høgt nivå, og gjelda er i hovudsak teken opp med flytande rente. Det gjer konsumetterspurnaden frå hushalda særs følsam for renteendringar. Tilsvarande gjer høge låneopptak, som heng nær saman med dei høge bustadprisane, konsumetterspurnaden frå hushalda følsam for endringar i bustadprisane. Endra sparing hos hushalda, til dømes som følgje av høgare renteutgifter eller fall i bustadprisane, utgjer eit auka usikkerheitsmoment for norsk økonomi, og for norske bankar og kredittføretak.
Lån til ikkje-finansielle føretak utgjer nær halvparten av samla utlån frå norske bankar. Mellom anna som følgje av dårlegare trygd er tapa i ein nedgangskonjunktur ofte mykje større på lån til føretak enn på bustadlån. Særleg er bankane utsette for kredittrisiko frå utlån innanfor næringseigedom og skipsfart, som til saman utgjer om lag 55 prosent av føretakslåna.
Innteninga i eigedomsføretaka er svak som følgje av fall i leigeprisar på næringseigedom, samstundes som lågare eigedomsprisar reduserer panteverdien hos bankane. I tida framover kan det difor verte utfordrande for eigedomsføretaka å omfinansiere gjelda, som for ein stor del kjem til forfall i 2012. Det er overkapasitet i delar av skipsfartsnæringa internasjonalt. Det har gjeve markante fall i fraktratane, lågare inntening, og redusert panteverdi hos bankane. Dess lenger det låge aktivitetsnivået i verdsøkonomien varar ved, dess fleire føretak innanfor skipsfart kan få problem. Vidare negativ utvikling for føretaka innanfor næringseigedom og skipsfart kan slå ut i monalege utlånstap for bankane framover. Misleghaldet har auka, men tapa er framleis små.
Den vidare utviklinga i dei baltiske landa vil spele ei viktig rolle for mange store nordiske bankar framover. Dei baltiske landa har vore hardt ramma av finanskrisa, og dei økonomiske utsiktene framover er uvisse. Den største norske banken (DnB Nor) har eit stort engasjement i Baltikum, og ei vidare negativ utvikling kan innebere monalege kredittap. Dersom ein eller fleire nordiske bankar skulle få problem som følgje av engasjementet sitt i området, kan det innebere høgare finansieringskostnader også for norske bankar som ikkje har engasjement i regionen.
Bankane står generelt overfor høgare innlånskostnader og høgare risiko på låneengasjementa no enn før finanskrisa. Det kan dels spegle ei strukturell endring som inneber varig høgare prisar på risiko i kapitalmarknaden. Press på rentemarginane som følgje av auka konkurranse, utsikter til lågare økonomisk vekst, lågare avkastning på likvide midlar, og strengare internasjonale krav til kapital og likviditet kan vidare gjere det utfordrande for bankane å halde innteninga ved lag. Av omsyn til eigen soliditet og finansiell stabilitet er det viktig at bankane tilpassar seg desse nye tilhøva gjennom ein varig auke i eigenkapitalen.
Omfanget av obligasjonar med førerett (OMF) inneber ei vesentleg strukturendring i den norske finansmarknaden. Ved utgangen av 2009 hadde bustadkredittføretaka utlån på om lag 490 mrd. kroner, det vil seie like under 36 prosent av samla personkundeutlån frå bankar og bustadkredittføretak. Frå 2008 til 2009 var veksten i utlånsporteføljen i bustadkredittføretaka heile 78 prosent, noko som i hovudsak kom av at bankane nytta den statlege byteordninga med OMF. Personkundeutlåna frå bankane var ved utgangen av 2009 om lag på nivå med nivået ved utgangen av 2005.
Overføringa av bustadlån frå bankane til kredittføretaka endrar risikoen i bankane sine porteføljar. Overføring av lån frå bankar til kredittføretak kan over tid påverke den gjennomsnittlege kredittrisikoen i restporteføljane til bankane negativt, dersom ein stor del av utlåna med låg risiko vert lyfta ut av balansen til bankane. Det kan medføre høgare kapitalkrav for den utlånsverksemda som vert igjen i bankane. Bustadlånoverføringa kan òg innebere at innskotsdekninga i bankane aukar (av di mykje av lånemassen vert flytta ut), slik at bankane vert mindre avhengige av å finansiere utlånsverksemda med innlån frå marknaden. Det vil, alt anna like, redusere likviditetsrisikoen i kvar einskild bank. Overføring av utlån til eit anna føretak vil likevel gje den overførande bank evne til å gje nye utlån. Departementet har difor heile tida vore merksam på slike effektar knytte til overføring av lån til eigne bustadkredittføretak.
For kredittmarknaden som heilskap kan samla evne til å gje nye lån i større grad verte avhengig av etterspurnaden etter obligasjonar med førerett. Stabil og føreseieleg etterspurnad etter slike obligasjonar kan difor verte viktigare for den norske kredittmarknaden enn det har vore. Livsforsikringsselskap og pensjonskasser kan vere kjelder til stabil etterspurnad etter slike obligasjonar. Løpetida på OMF, og om OMF er utferda med basis i fastrentelån eller lån med flytande rente, kan ha stor innverknad på interessa hos livsforsikringsselskapa og pensjonskassene, som i stor grad etterspør papir som kan utlikne langsiktige renteforpliktingar. Løpetida på OMF utferda av norske kredittføretak har til no vore kortare enn løpetida på dei underliggjande låna. Overgangen til dei nye Solvens II-reglane for forsikringsselskap, jf. nedanfor, vil truleg påverke etterspurnaden etter OMF med lengre løpetid.
På kort sikt er livsforsikringsselskapa generelt utsette ved brå verdifall på eigedelane under forvaltning. Brå verdifall kan møtast anten ved nedsal av risikable investeringar i takt med at den risikoberande evna fall, eller ved å hente inn meir eigenkapital. Det kraftige fallet i aksjemarknaden frå hausten 2008 vart for ein stor del møtt med nedsal av aksjar. Nedsalet var mindre omfattande hos pensjonskassene, mellom anna fordi fleire av kassene fekk tilført ny kapital frå eigarane. Framover vert det særs viktig at både livsforsikringsselskapa og pensjonskassene passar på at det med god sikkerheitsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Det beste forsvaret mot økonomiske problem som følgje av slike brå verdifall er førehandsoppbygging av tilfredsstillande bufferkapital.
Eit langvarig lågt rentenivå kan gjere det utfordrande for livsforsikringsselskapa å ha ei stabil avkastning på kundeporteføljane som er minst like høg som rentegarantien til kundane. Forsvarleg prising av rentegarantien er difor særleg viktig når marknadsrentene nærmar seg avkastningsgarantien. Prisane (rentegarantipremiane) kan endrast frå år til år, og gje selskapa inntekter også i år med låge renter.
Renterisikoen skaper òg utfordringar for livsforsikringsselskapa ved overgangen til det nye europeiske solvensregelverket, Solvens II, frå 2013. I høve til det nye regelverket skal forsikringsforpliktingane verdivurderast ut frå marknadsrenter, jf. boks 2.12. Eit fall i marknadsrentene vil då innebere at verdien av forpliktingane (gjelda) vert høgare, noko som kan svekkje soliditeten i selskapa, medan ein auke i marknadsrentene vil redusere verdien av forpliktingane. Stresstestar av balansen hos selskapa syner at bufferkapitalen framleis er for låg til å tilfredsstille krava i det komande regelverket. Det er difor viktig at livsforsikringsselskapa førebur seg til Solvens II-overgangen ved å auke bufferkapitalen.
Boks 2.12 Solvens II
EU-parlamentet vedtok 22. april 2009 nye soliditetsreglar for forsikringsselskap, Solvens II-direktivet. Reglane skal etter gjeldande tidsplan tre i kraft i norsk lovgjeving frå 2013. Solvens II-direktivet tek mellom anna opp i seg det konsoliderte livsforsikringsdirektivet og dei tre «generasjonane» av skadeforsikringsdirektiv.
Det nye direktivet har som eit formål å sikre at forsikringsselskapa blir underlagde krav til avsetnader og soliditet som betre enn noverande reglar reflekterer risikoen i forsikringsselskapa. Vidare stiller direktivet krav til prinsippa for verdsetjing av forsikringsforpliktingane, selskapa sine system for styring og kontroll med risiko, internrevisjon og aktuar. Det vert krav om at selskapa, som ein integrert del av verksemda, jamleg gjennomfører ei grundig vurdering av risiko og soliditet.
Direktivet introduserer to typar kapitalkrav: solvenskapitalkrav («Solvency Capital Requirement», SCR) og minstekapitalkrav («Minimum Capital Requirement», MCR). Ved brot på solvenskapitalkravet (SCR) skal tilsynsstyresmaktene krevje at selskapa set i verk tiltak for å gjenopprette soliditeten. Ved brot på minstekravet (MCR) skal konsesjonen til selskapet straks trekkjast tilbake.
Det nye soliditetsregelverket for forsikringsselskap byggjer på ein 3-pilarstruktur tilsvarande Basel II-regelverket på bankområdet. Pilar 1 inneheld kvantitative soliditetskrav, medrekna krav til tekniske avsetningar, solvenskapitalkrav (SCR) og minstekrav til kapital (MCR). Pilar 2 inneheld mellom anna reglar for den tilsynsmessige kontrollen og overvakinga, noko som mellom anna vil gjere det mogleg – innanfor visse rammer – å fastsetje individuelle kapitalkrav tilpassa risikoen i kvart einskilt forsikringsselskap, samt krav til selskapa si risikostyring og internkontroll. Pilar 3 inneheld reglar om marknadsdisiplin, mellom anna føresegner om forsikringsselskapa si opplysningsplikt overfor omverda og tilsynsstyresmaktene.
Dei gjeldande solvensreglane for forsikringsselskap i Noreg er baserte på Solvens I-direktivet, som tek utgangspunkt i passivasida i balansen til selskapa. For å sikre ei meir heildekkjande regulering er norske forsikringsselskap òg underlagde kapitaldekningskrav som tek omsyn til risikoen på aktivasida i balansen. Frå 2013 vert dette regelverket erstatta av Solvens II-tilpassa reglar.
Dei nye soliditetsreglane vil medføre vesentlege endringar i rammevilkåra for norske forsikringsselskap, mellom anna ved at eigedelar og forpliktingar skal vurderast til verkelig verdi. For norske livsforsikringsselskap, som i dag diskonterar eigedelar og forpliktingar med ei fast berekningsrente, inneberer dette ei stor utfordring.
Finanskrisa har synt at auka økonomisk og finansiell integrasjon inneber at problem i store land og institusjonar smittar raskare, og med større verknad, enn tidlegare. Krisa har avdekt fleire svake sider, både i finanssystemet og i realøkonomien, som ein i liten grad har vore merksam på tidlegare. Noreg har ein liten og open økonomi. Det er difor i vår interesse at det finansielle systemet på global basis vert meir solid. Dei prosessane som styresmakter og andre ut frå dette har sett i verk for å forbetre systemet, medrekna finansmarknadsreguleringa, er såleis heilt naudsynte, og må få høg prioritet.
Fotnotar
Tala i figuren gjeld bankar og bustadkredittføretak samla. For bankar aleine var det ein auke i innskotsdekninga på 8 prosenteiningar frå 2008 til 2009, til om lag 72 prosent av brutto utlån, som følgje av overføringar av utlån frå bankar til bustadkredittføretak.
Marknadsverdien aukar sidan lågare generelt rentenivå inneber at noverdien av fastrentepapir (framtidige kontantstraumar) aukar.
Merk òg at deltakinga i byteordninga med obligasjonar med førerett (OMF) auka forvaltningskapitalen, jf. boks 2.5, gjennom at både OMF og dei tilbytte statspapira blir ståande på balansen hos bankane (på høvesvis aktiva- og passivasida).
Internal Ratings Based (IRB) approach.
Finansieringsselskap som nyttar standardmetode for berekning av kapitalkrav. Nordea Finans Norge er det einaste selskapet som nyttar interne modellar, og det hadde ei kjernekapitaldekning på om lag 11 prosent ved utgangen av 2009.