8 Partnarsamarbeidet
8.1 Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC)
Det euroatlantiske partnarskapsrådet (Euro-Atlantic Partnership Council – EAPC) er eit politisk dialogforum der allierte og partnarland møtest for å diskutere felles tryggingspolitiske utfordringar. EAPC er samansett av 28 NATO-land og 22 partnarland i det euroatlantiske området.
Dei 22 partnarlanda som er med i EAPC, har til dels svært forskjellige interesser i forhold til NATO, og EAPC gjer ikkje vedtak. Å gjere dialogen i EAPC relevant og framtidsretta er difor ei vedvarande utfordring for alle partar. Det internasjonale NATO-sekretariatet la i 2009 ned eit omfattande arbeide for å finne fram til saksområde av felles interesse – mellom anna vart alle dei 50 landa bedne om å kome med forslag til emne dei ønskjer å drøfte i EAPC-format i løpet av inneverande år. Svært mange land svarte på oppfordringa, mellom dei Noreg med eit forslag om å sjå på nytta av kontakt mellom sivilsamfunn over nasjonsgrenser, basert på erfaringane frå Barentsregionen.
Under eit møte i APAG(Atlantic Policy Advisory Group) i EAPC-format (Bosnia-Hercegovina 29.–30.10. 2009) om partnarskapsproblematikken viste det seg å vere svært stor oppslutning om forslag med sikte på å gjere formata meir fleksible, slik at verken alle EAPC-nasjonar eller alle NATO-medlemer nødvendigvis deltek i alle diskusjonar. APAG-deltakarane tenkte seg diverse kombinasjonar av deltakarland, justert i forhold til tematikk. Etter dette drøfta òg den politiske komiteen gjentekne gonger utover hausten korleis diskusjonane i EAPC kan gjerast meir relevante både for NATO og dei enkelte partnarlanda og for grupperingar dei imellom. Denne debatten er ikkje slutt og vil truleg påverke partnarskapsarbeidet framover.
Partnarane i EAPC er dei alliansefrie vesteuropeiske landa (Austerrike, Finland, Irland, Sveits og Sverige), kandidatlanda Makedonia og Montenegro, dei to deltakarane i Partnarskap for fred (PfP) på det vestlege Balkan (Bosnia-Hercegovina og Serbia), dei tre landa i Sør-Kaukasus (Armenia, Aserbajdsjan og Georgia) som har individuelle samarbeidsprogram med NATO, dei fem sentralasiatiske landa (Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan) og Malta, Moldova, Kviterussland, Russland og Ukraina.
Blant emna som vart tekne opp i EAPC i 2009, var utviklinga i Afghanistan, arbeidet mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske farar (CBRN) og oppfølginga av FNs tryggingsrådsresolusjon 1325 (Kvinner, fred og tryggleik).
8.2 Samarbeidet med vesteuropeiske og nordiske partnarar
Dei vesteuropeiske partnarlanda Austerrike, Finland, Irland, Sveits og Sverige står på mange måtar i ei særstilling i partnarsamanheng. Dei er viktige bidragsytarar til NATO-operasjonane på Balkan og i Afghanistan og tilbyr veltrente og velutstyrte styrkar, òg til NATOs innsatsstyrkar ((NATO Response Force – NRF). Gjennom det såkalla partnership staff element har personell frå desse landa dei seinare åra òg kunna søkje på stillingar ved NATO-hovudkvarteret og i den militære kommandostrukturen. Dei vesteuropeiske landa bidreg i tillegg med ekspertar til faggruppene for sivil beredskap (Planning Boards and Committees) og er viktige økonomiske bidragsytarar til støttefonda NATO har i partnarlanda. Dei bidreg òg aktivt med kurs- og seminartilbod overfor NATO-land og andre partnar- og samarbeidsland. Sverige og Finland var i 2009 svært aktive i den politiske dialogen med NATO og kom med verdifulle innspel.
Noreg var spesielt merksam på svenske og finske synspunkt i diskusjonen om partnarskapa. Regjeringa la vekt på ønsket deira om ei tettare inkludering i planlegging og gjennomføring av operasjonar. Frå norsk side vart det framheva som fornuftig at dei troppebidragsytande partnarane får større tilgang til relevant informasjon. Då kan dei i større grad vere med og påverke avgjerder som har konsekvensar for deltakinga i NATO-operasjonar. Det styrkjer òg motivasjonen for å stille relevante bidrag og sikre operasjonane breiare legitimitet, utan at dette får negative følgjer for rolla NATO må ha som overordna politisk ansvarleg instans.
For Finland og Sverige var deltaking i NATO-operasjonar av stor verdi i lys av behovet desse landa har for å sertifisere og øve EU-styrkar som skal delta i CSDP-operasjonar. Samarbeidet var dermed direkte nyttig for den nordiske innsatsgruppa i EU. Den finske og svenske deltakinga legg òg til rette for at bidrag til reaksjonsstyrkane til NATO får rett profil og opplæring.
8.3 Samarbeidet med Middelhavslanda og Midtausten
Middelhavsdialogen (MD) omfattar Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Tunisia. Samarbeidet har som føremål å bidra til tryggleik og stabilitet i regionen, forsterke dialogen om felles tryggingspolitiske utfordringar og fremje praktisk samarbeid i forsvars- og tryggingssektoren. MD er òg eit uttrykk for eit gjensidig ønske om samarbeid i kampen mot terror.
Veksten i det praktiske samarbeidet flata ut i 2009 etter fleire år med stor vekst. Samarbeidet fortsette likevel å utvikle seg bilateralt. Jordan inngjekk ein individuell samarbeidsavtale (ICP) med alliansen, og det vart sett i gang tilsvarande forhandlingar med fleire andre MD-land. Eit eige regionalt samarbeidskurs ved Nato Defence College vart oppretta, og fleire MD-land tok kontakt med alliansen med tilbod om å delta i Operation Active Endevour, NATOs antiterroroperasjon i Middelhavet. Situasjonen i Midtausten gjorde det i 2009 svært utfordrande å vidareutvikle den politiske dialogen. Det vart halde møte med MD-landa på ambassadørnivå, medan ambisjonane om høgnivåmøte ikkje lèt seg realisere.
Istanbul-initiativet (ICI) er eit samarbeidsforum som vart etablert på toppmøtet i Istanbul i 2004 med Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait og Qatar som medlemer. Samarbeidet er hovudsakeleg av praktisk art og baserer seg på årlege program som mellom anna omfattar antiterrortiltak, forsvarsreform, ikkjespreiing, sivil beredskap og militært samarbeid. Aktivitetsnivået i ICI fortsette å stige i 2009, men det vart ikkje inngått individuelle samarbeidsavtalar mellom NATO og ICI-landa.
Det var regelmessig kontakt på ulike nivå, både i form av besøk til regionen, besøk til NATO-hovudkvarteret og møte på ekspertnivå. I juni 2009 møttest NATO-rådet og representantar for ICI-landa. Då NATO-rådet besøkte Abu Dhabi i oktober 2009, uttrykte fleire ICI-land ønske om å vidareutvikle samarbeidet, mellom anna den politiske dialogen.
Anders Fogh Rasmussen peikte i tiltredingstalen sin hausten 2009 på partnarsamarbeidet, mellom anna samarbeidet med MD og ICI, som eit område han vil prioritere som generalsekretær. Saman med andre allierte bidrog Noreg aktivt til refleksjonen rundt framtida for ICI og MD og støtta forslag som kunne styrkje den politiske dialogen, forenkle bruken av «verktøykassa» til NATO og leggje til rette for eit samarbeid basert på felles interesser.
8.4 Globale NATO-partnarar
Globale NATO-partnarar er land utanfor Europa som ikkje deltek i dei formelle partnarskapsstrukturane, men som basert på felles tryggingspolitiske interesser og demokratiske verdiar ønskjer å delta i NATO-operasjonar og andre tryggingsrelaterte tiltak eller å føre dialog om felles tryggingspolitiske utfordringar. Samarbeidet med dei globale partnarane fortsette i 2009 å utvikle seg på individuell basis. Dialogen var spesielt tett med Australia, Japan, New Zealand og Sør-Korea. Også i 2009 bidrog desse på ulike måtar til NATO-operasjonen i Afghanistan. NATO har òg i ulik grad uformell kontakt med andre land, mellom dei Brasil, Colombia, Kina, Mexico og Mongolia.