Meld. St. 21 (2013–2014)

Finansmarknadsmeldinga 2013

Til innhaldsliste

4 Endring av regelverket og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

4.1 Utvikling av regelverket

I kapittelet her i avsnitta 4.1.1 til 4.1.6 følgjer eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2013. I avsnitt 4.1.7 følgjer eit summarisk oversyn over forskrifter fastsette i 2013. I avsnitt 4.2 følgjer ein omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året, med ein kort omtale av kvar einskild sak.

Endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2013 hadde som overordna mål å medverke til finansiell stabilitet og velfungerande marknader.

4.1.1 Bankverksemd

Stortinget vedtok 10. juni 2013 endringar i finansieringsverksemdslova og verdipapirhandellova. Lovendringane er omtalte i Prop. 96 L (2012–2013) Endringer i finansieringsvirksomhetsloven og verdipapirhandelloven (nye kapitalkrav mv.). Lovendringane tok til å gjelde 1. juli 2013.

Lovendringane er fyrste ledd i tilpassinga til CRD IV, EU sitt regelverk som byggjer på Baselkomiteen si tilråding om nye kapital- og likviditetstandardar vedtekne i desember 2010. Lovkrava til kapitaldekning er 4,5 prosent rein kjernekapitaldekning, 6 prosent kjernekapitaldekning og 8 prosent kapitaldekning. I tillegg til minstekrava må institusjonane ha kapitalbufferar av rein kjernekapital. Frå 1. juli 2013 er det krav om ein bevaringsbuffer på 2,5 prosent. Systemrisikobufferen vert stegvis innført med krav om 2 prosent systemrisikobuffer frå 1. juli 2013 med auke til 3 prosent frå 1. juli 2014. Det er heimel til å setje eit høgare eller lågare nivå på bufferen. Buffer for systemviktige institusjonar skal vere 1 prosent frå 1. juli 2015 og 2 prosent frå 1. juli 2016. Kravet om 9 prosent rein kjernekapitaldekning held fram til 1. juli 2014. Deretter aukar kravet til 10 prosent og vidare til 11 prosent frå 1. juli 2015. I forarbeida til lovendringane legg Finansdepartementet opp til at krav om bevaringsbuffer, motsyklisk buffer og systemrisikobuffer inntil vidare ikkje gjeld for verdipapirføretak.

Kongen i statsråd fastsette 4. oktober 2013 forskrift om motsyklisk kapitalbuffer. Forskrifta fastset systemet med den motsykliske kapitalbufferen. Den motsykliske kapitalbufferen skal gjelde for bankar, kredittføretak og morselskap i bankkonsern. Føremålet med den motsykliske kapitalbufferen er å gjere institusjonane meir solide og robuste overfor utlånstap i ein framtidig lågkonjunktur og dempe faren for at bankane er med på å forsterke ein eventuell lågkonjunktur ved å redusere kredittgjevinga si. Etter forskrifta skal Noregs Bank utarbeide eit beslutningsgrunnlag og gje Finansdepartementet råd om nivået på den motsykliske kapitalbufferen fire gonger i året. I arbeidet med beslutningsgrunnlaget skal Noregs Bank utveksle relevant informasjon og vurderingar med Finanstilsynet.

Finansdepartementet fastsette 12. desember 2013 ei forskrift om nivå på den motsykliske kapitalbufferen. Etter forskrifta skal den motsykliske kapitalbufferen vere på 1 prosent av berekningsgrunnlaget frå 30. juni 2015.

Kapitalkravsforskrifta vart vedteken endra 13. oktober 2013 slik at den nedre grensa for tap gjeve misleghald (LGD) ved bruk av interne risikomodellar for bustadlån er auka frå 10 til 20 prosent for alle lån med pant i bustad i Noreg. Endringane tok til å gjelde 1. januar 2014.

Finansdepartementet fastsette 27. september 2013 endringar i forskrift 18. desember 2009 nr. 1726 om kontrollutvalget for tiltak mot hvitvasking. Endringane var i all hovudsak av teknisk karakter, men gjev utfyllande krav til kontrolltuvalet sine oppgåver òg. Endringane tok til å gjelde 1. juli 2014.

Finansdepartementet fastsette 22. mars 2013 forskrift om krav til datasystemer og rapportering til Bankenes sikringsfond, som erstattar forskrift 19. mai 2010 nr. 706. Den nye forskrifta fastset krav til system, format og innhald i dei rapportane som skal oversendast Bankenes sikringsfond når det er gjort vedtak om å setje banken under offentleg adminstrasjon. Forskrifta tok til å gjelde 1. juli 2013.

På oppdrag frå Finansdepartementet har Finanstilsynet, i samråd med Noregs Bank, gjort ei vurdering av systemet for fastsetjinga av den såkalla Norwegian interbank offered rate (Nibor) og tiltak som kan styrkje det finansielle systemet. I 2013 gjennomførte Finanstilsynet tilsyn med dei seks panelbankane: DNB Bank ASA, Nordea Bank Norge ASA, Handelsbanken, Danske Bank, Skandinaviska Enskilda Banken AB og Swedbank Norge.

4.1.2 Forsikrings- og pensjonsverksemd

Stortinget vedtok 13. desember 2013 lov om tjenestepensjon (tenestepensjonslova). Lova tredde i kraft 1. januar 2014 og inneber at bedrifter kan velje eit nytt skattefavorisert kollektivt tenestepensjonsprodukt for dei tilsette. Det nye tenestepensjonsproduktet vil vere eit alternativ til dei eksisterande føretakspensjonsordningane og innskotspensjonsordningane. Endringane er del av arbeidet med å tilpasse pensjonslovene for privat sektor til dei nye reglane om alderspensjon i folketrygda.

Finansdepartementet fastsette 13. desember 2013 endringar i forskrift 22. desember 2000 nr. 1413 til lov 24. november 2000 nr. 81 om innskotspensjon i arbeidsforhold (innskotspensjonslova mv.), som inneber at maksimalsatsane for innskot i innskotspensjonsordningar vert auka til same nivå som innskotssatsane i det nye tenestepensjonsproduktet, og at det såkalla knekkpunktet vert auka frå 6 til 7,1 G. Endringane skal gjelde frå 1. januar 2014.

I brev 8. mars 2013 til alle livsforsikringsselskapa og pensjonskassene fastsette Finanstilsynet minstekrav til nye føresetnader om dødstal i kollektiv livsforsikring.

4.1.3 Verdipapirhandel og verdipapirfond

Finansdepartementet fastsette 14. mai 2013 endringar i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandellova (verdipapirforskrifta) kapittel 7, for å gjennomføre EØS-reglar som svarer til forordning (EU) nr. 311/2012, forordning (EU) nr. 486/2012 og forordning (EU) nr. 862/2012 om innhold til prospekt. Endringa vert sette i verk 1. juli 2013.

Finansdepartementet fastsette 4. juli 2013 endringar i forskrift 29. juni 2007 nr. 875 (børsforskrifta) § 36, slik at medlemmene i Børsklagenemnda blir valde for ein periode på inntil fire år. Bakgrunnen for endringa er å få meir systematiske oppnemningstidspunkt.

Finansdepartementet oppheva 18. desember 2013 forskrift 20. desember 1996 nr. 1247 om emisjonskurs og meldeplikt ved utferding av ihendehavarobligasjonar o.a. Opphevinga inneber at det ikkje er restriksjonar på utferding av obligasjonar til kurs lågare enn innløysingskursen («underkurs»). Opphevinga inneber òg at plikta etter denne forskrifta til å rapportere om obligasjonsutferdingar til Norges Bank forsvinn. Opphevinga tok til å gjelde 1. januar 2014.

4.1.4 Eigedomsmekling

21. juni 2013 fastsette Finansdepartementet endringar i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling. Endringane inneber at bodrundar som skjer gjennom ein eigedomsmeklar skal dokumenterast. Meklar skal berre formidle bod, akseptar og avslag som er skriftlege. Også informasjon frå meklar til bodgjevarane og seljaren undervegs i bodrunden, skal skje skriftleg. Blant anna SMS og e-post oppfyllar kravet til skriftlegheit. I tillegg må alle bodgjevarar legitimere seg før ein kan gje bod. Formålet med endringane er å gjere det tryggare for forbrukarar å kjøpe bustad, ved at ein etter bodrunden enkelt kan finne ut kva som er formidla til og frå deltakarane undervegs. Endringane gjeld frå 1. januar 2014.

4.1.5 Rekneskap, revisjon og bokføring

Stortinget vedtok ved lov 19. april 2013 nr. 15 endringar i rekneskapslova og enkelte andre lover. Endringane inneber at rekneskapspliktige som er store føretak etter rekneskapslova, i årsmeldinga eller i anna dokument må greie ut om sin politikk for å integrere omsynet til menneskerettar, arbeidstakarrettar og sosiale forhold, det ytre miljø og forhindre korrupsjon i sin forretningsstrategi, i den daglege drifta og i forholdet til interessentane sine. Dei skal i tillegg opplyse om korleis føretaket arbeider for å omsetje politikken til handling og gje ei vurdering av resultata ein har nådd, og kva ein venter av arbeidet framover.

Samstundes, med den nemnde lov 19. april 2013 nr. 15, vart det vedteke ei endring i revisorlova, slik at Finanstilsynet har heimel til i einskilde tilfelle å gjere unntak frå kravet om at revisjonsselskap skal ha fast kontorstad i Noreg dersom dokument som gjeld klientar i Noreg, vert oppbevarte på ein stad her i riket på ein ordna og forsvarleg måte. Dessutan vart det teke inn i lova eit krav om at revisoren skal vurdere opplysningar som skal gjevast i samband med utgreiingar for samfunnsansvar etter rekneskapslova, og som er tekne inn i årsmeldinga eller andre dokument. Likeins skal revisoren i revisjonsmeldinga uttale seg om slike utgreiingar og om kva årsmeldinga eller andre dokument seier om samfunnsansvar. Ifølgje resolusjon 19. april 2013 nr. 395 gjeld endringane med verknad for rekneskapsår som begynte etter 31. desember 2012.

Stortinget vedtok ved lov 22. desember 2013 nr. 116 endringar i rekneskapslova om såkalla land-for-land-rapportering (LLR). Endringane inneber at rekneskapspliktige føretak som driv verksemd i utvinningsindustrien og/eller skogsdrift i ikkje-planta skog, og som er «store» etter terskelverdiane i det nye rekneskapsdirektivet, skal utarbeide og offentleggjere ein årleg rapport om verksemda. Rapporten skal mellom anna opplyse om betalingar til styresmakter, på land- og prosjektnivå. Tilsvarande endringar vert gjort i verdipapirhandellova, slik at den same plikta gjeld for føretak som er utferdarar av noterte verdipapir, og som driv verksemd av den typen som er nemnd over. Lovforslaget vart fremja i Prop. 1 LS (2013–2014). Finansdepartementet fastsette forskrift med utfyllande reglar 20. desember 2013. Lov- og forskriftsendringane tok til å gjelde 1. januar 2014, med verknad for rekneskapsår påbegynt 1. januar 2014 eller seinare.

Stortinget vedtok ved lov 22. desember 2013 nr. 121 endringar i bokføringslova. Endringane inneber at oppbevaringstida for såkalla primærdokumentasjon vart korta ned frå 10 til 5 år. Samstundes vart det vedteke heimel for departementet til å fastsetje forskrifter med krav om lengre oppbevaringstid for visse slag primærdokumentasjon viss det er naudsynt for den pliktige rekneskapsrapporteringa eller for skatte- og avgiftskontroll. I samband med lovendringa vart det varsla at det trengst konsekvensjustering i det tilstøytande regelverket, og at ein dessutan kjem til å gå gjennom dei områda der det plar vere størst behov for eldre dokumentasjon, og vurdere om det er naudsynt med avbøtande tiltak. Lovendringa vert sett i kraft 1. februar 2014. Samstundes fastsette Finansdepartementet forskrift om overgangsregler og gav Skattedirektoratet i oppdrag å greie ut om det er naudsynt med lengre oppbevaringstid for einskilde typer dokumentasjon som trengs for kontroll av skatter og avgifter, samd for bekjemping av økonomisk kriminalitet.

Finansdepartementet fastsette 17. januar 2013 endringar i årsrekneskapsforskrifta for bankar og finansieringsføretak. Endringane gjeld noteopplysningar. Investeringar i norske selskap skal i notar vise organisasjonsnummer, og krava til noteopplysningar om kapitaldekning er endra i samsvar med dei gjeldande kapitaldekningsreglane.

Finansdepartementet endra 19. desember 2013 forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike. Endringane inneber at også bankar og finansieringsforetak utan utferda noterte verdipapir skal innrekne og måle pensjonsskyldnader i samsvar med IFRS (IAS 19) frå og med rekneskapsåret 2015. Dessutan vart det innført eit krav om at institusjonen skal offentleggjere årsrekneskap, årsberetning og revisjonsberetning på heimesida si på Internett.

Finansdepartementet endra 19. desember 2013 forskrift 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper. Endringane inneber at frå 2015 får også forsikringsselskap utan utferda noterte verdipapir plikt til å innrekne og måle pensjonsskyldnader i samsvar med IFRS (IAS 19). I tillegg er det gjort enkelte justeringar i forskrifta som følgje av endringar i IFRS, i hovudsak med verknad frå 2014. I tillegg vart det innført eit krav om at institusjonen skal offentleggjere årsrekneskap, årsberetning og revisjonsberetning på heimesida si på Internett, med verknad frå og med rekneskapsåret 2013.

Finansdepartementet endra 19. desember 2013 forskrift 20. desember 2011 nr. 1457 om årsregnskap for pensjonsforetak. Endringane inneber at pensjonsføretak frå 2015 får plikt til å innrekne og måle pensjonsskyldnader i samsvar med IFRS (IAS 19). I tillegg er det gjort enkelte justeringar som følgje av endringar i IFRS, i hovudsak med verknad frå 2014. I tillegg vart det innført eit krav om at institusjonen skal offentleggjere årsrekneskap, årsberetning og revisjonsberetning på heimesida si på Internett frå og med rekneskapsåret 2013.

Finansdepartementet endra 28. juni 2013 forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring. Endringane byggjer mellom anna på forslaga i delrapport nummer 2 og 3 frå bokføringsstandardstyret, der erfaringane med den gjeldande forskrifta er gjennomgått. Endringane kan gje næringslivet opp mot 300 mill. kroner per år i reduserte administrative kostnader. Endringane gjeld frå 1. januar 2014.

4.1.6 Anna

Finansdepartementet fastset i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (forsinkelsesrenteloven) § 3, ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen var lik styringsrenta til Noregs Bank, med eit tillegg på minst 7 prosentpoeng fram til 1. juli 2013, deretter med eit tillegg på minst 8 prosentpoeng. 26. juni 2013 vart forseinkingsrenta fastsett til 9,50 prosent p.a., jf. forskrift 26. juni 2013 nr. 755 om renter ved forseinka betaling. Finansdepartementet fastsette samstundes ein standardkompensasjon for inndrivingskostnader i norske kroner til kr 300. 20. desember 2013 vart forseinkingsrenta fastsett til 9,50 prosent p.a., jf. forskrift 20. desember 2013 nr. 1586. Finansdepartementet fastsette samstundes ein standardkompensasjon for inndrivingskostnader i norske kroner til kr 320.

4.1.7 Fastsette forskrifter

Finansdepartementet fastsette 22 forskrifter på finansmarknadsområdet i 2013:

  • forskrift 8. januar 2013 nr. 15 om endring av forskrift 21. desember 2011 nr. 1467 til verdipapirfondloven (verdipapirfondforskriften)

  • forskrift 11. januar 2013 nr. 32 om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

  • forskrift 17. januar 2013 nr. 44 om endring av forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

  • forskrift 20. februar 2013 nr. 215 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

  • forskrift 22. mars 2013 nr. 330 om krav til dataprogrammer og rapportering til Bankenes sikringsfond.

  • forskrift 13. mai 2013 nr. 473 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

  • forskrift 14. mai 2013 nr. 474 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven (verdipapirforskriften)

  • forskrift 3. juni 2013 nr. 568 om overgangsregler til lov 9. april 2013 nr. 15 om endringer i regnskapsloven og enkelte andre lover

  • forskrift 21. juni 2013 nr. 722 om endring i forskrift 23. november 2007 nr. 1318 om eiendomsmegling (dokumentasjon av budrunder)

  • forskrift 26. juni 2013 nr. 755 om renter ved forsinket betaling og kompensasjon for inndrivelseskostnader

  • forskrift 28. juni 2013 nr. 805 om endring av forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring

  • forskrift 1. juli 2013 nr. 816 om endring av forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)

  • forskrift 4. juli 2013 nr. 859 om endringer i forskrift 29. juni 2007 nr. 875 om regulerte markeder (børsforskriften)

  • forskrift 27. september 2013 nr. 1134 om endringer i forskrift 13. mars 2009 nr. 303 om kontrollutvalget mot hvitvasking.

  • forskrift 4. oktober 2013 nr. 1170 om motsyklisk kapitalbuffer

  • forskrift 13. oktober 2013 nr. 1301 om endring av forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingsselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)

  • forskrift 12. desember 2013 nr. 1440 om nivå på motsyklisk kapitalbuffer

  • forskrift 18. desember 2013 om opphevelse av forskrift 20. desember 1996 nr. 1247 om emisjonskurs og meldeplikt ved utstedelse av ihendehaverobligasjoner mv

  • forskrift 19. desember 2013 nr. 1680 om endringer i forskrift 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper, forskrift 20. desember 2011 nr. 1457 om årsregnskap for pensjonsforetak og forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

  • forskrift 20. desember 2013 nr. 1586 om renter ved forsinket betaling og kompensasjon for inndrivelseskostnader

  • forskrift 20. desember 2013 nr. 1682 om land-for-land rapportering

  • forskrift 20. desember 2013 nr. 1668 om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapstandarder

4.2 Løyve i forvaltningssaker

Gjensidige Arbejdsskadeforsikring AS og Gjensidige Forsikring ASA fekk 5. mars 2013 løyve til å slå seg saman, med Gjensidige Forsikring ASA som overtakande selskap. Løyvet er gjeve på vilkår.

Vestbo Finans AS fekk 22. mars 2013 løyve til driva finansieringsverksemd med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3. Det vart samstundes gjeve løyve til at Vestlandske Boligbyggelag kan eige 100 prosent av aksjane i Vestbo Finans AS. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sparebank 1 Kredittkort AS fekk 18. april 2013 løyve til å driva finansieringsverksemd med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sparebanken Hedmark fekk 26. april 2013 løyve til å utvida sin eigarandel i Sparebank 1 Oslo Akershus AS frå 12 prosent til 40,5 prosent. Løyvet er gjeve på vilkår.

Landorganisasjonen i Norge (LO) fekk 26. april 2013 løyve til å utvida sin eigarandel i Sparebank 1 Oslo Akershus AS frå 5,9 prosent til 19 prosent. LO og Tilknyttede Forbund; (Fellesforbundet, Industri Energi, Norsk Tjenestemannslag, Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund, Norsk Sjømannsforbund, Norsk Transportarbeiderforbund, Forbundet for Ledelse og Teknikk samt Norsk Post- og Kommunikasjonsforbund) fekk samstundes løyve til å utvida sin samlede eigarandel i Sparebank 1 Oslo Akershus AS frå 8,6 prosent til 28,4 prosent.

Finansdepartementet godkjente 30. april 2013 samanslåing av Oslo Børs ASA og det svenske dotterselskapet Burgundy AB; ein svensk regulert marknad med løyve til drive multilateral handelsplass. Oslo Børs ASA fekk samstundes løyve til å utøva verksemd i Sverige gjennom filial. Finanstilsynet ga Oslo Børs ASA løyve til å driva ein multilateral handelsplass, slik at Oslo Børs ASA kunne vidareføre Burgundy AB si verksemd etter samanslåinga.

Bø Sparebank og Seljord Sparebank fekk 2. mai 2013 løyve til å slå seg saman. Bø Sparebank tok over sparebankverksemda frå Seljord Sparebank, som vart nedlagd. Det vart skipa to sparebankstiftingar, som har eigenkapitalbevis i den fusjonerte banken. Løyvet er gjeve på vilkår.

Sunndal Sparebank fekk 8. mai 2013 løyve til å utstede omsettelege eigenkapitalbevis. Løyvet er gjeve på vilkår.

Aasen Sparebank fekk 8. mai 2013 løyve til utstede omsettelege eigenkapitalbevis. Løyvet er gjeve på vilkår.

OBOSBanken AS fekk løyve til å driva bankverksemd 21. mai 2013. OBOS Finans Holding AS, som er eigar av OBOS, vart godkjent som 100 prosent eigar av OBOSBanken AS. Løyvet er gjeve på vilkår.

Hypo Næringskreditt fekk 10. juni 2013 løyve til å driva kredittverksemd. Løyvet er gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3. Løyvet er gjeve på vilkår.

Safe Deposit Bank of Norway AS fekk 28. juni 2013 løyve til å driva verksemd som forretningsbank. Løyvet er gjeve med heimel i forretningsbanklova § 8. Finansdepartementet ga samstundes godkjenning til at Safe Deposit Holding ASA blei skipa som morselskap i finanskonsern, med Safe Deposit Bank of Norway AS som heileigd dotterselskap.

Ria Financial Services Norway fekk 12. juli 2013 løyve til å driva finansieringsverksemd med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3. Løyvet er gjeve på vilkår, og er begrensa til veksling av valuta.

Time sparebank fekk 18. september 2013 løyve til å utstede 1 million eigenkapitalbevis pålydande NOK 100 ved konvertering av grunnfondskapitalen til eigarandelskapital. Det vart samstundes gjeve løyve til å skipa Sparebankstiftelsen Time og Hå. Løyvet er gjeve på vilkår.

Nes Prestegjelds Sparebank og Hol Sparebank fekk 2. oktober 2013 løyve til å slå seg saman, med Nes Prestegjelds Sparebank som overtakende bank. Det vart skipa to sparebankstiftingar som har eigenkapitalbevis i den fusjonerte banken. Banken har fått namnet Nes Prestegjelds Sparebank. Løyvet er gjeve på vilkår.

OBOS Factoring AS fekk 7. oktober løyve til driva finansieringsverksemd. Løyvet er gjeve med heimel i finansieringsverksemdlova § 3-3.

Sparebanken Sør og Sparebanken Pluss fekk 15. november 2013 løyve til å slå seg saman ved overføring av aktiva og passiva (verksemda) i Sparebanken Sør til Sparebanken Pluss, jf. finansieringsverksemdlova § 2c-2. Den samanslåtte banken er planlagt vidareført under namnet Sparebanken Sør. I samband med overføringa vart det gjeve løyve til å utferda eigenkapitalbevis som vederlag til Sparebankstiftelsen Sør for eigardelskapitalen i Sparebanken Sør. Løyvet omfatta òg kjøp av kvalifiserte eigardelar i Sør Boligkreditt AS og i Brage Finans AS, jf. finansieringsverksemdlova § 2-2 annet ledd, og etablering og endring av konsernstruktur, jf. finansieringsverksemdlova § 2a-3 anna ledd og 2a-7 anna ledd. Løyvet vart gjeve på vilkår.

Sparebank 1 NordVest fekk 15. november 2013 løyve til å utstede omsettelege eigenkapitalbevis. Løyvet er gjeve på vilkår, med heimel i finansieringsverksemdlova § 2b.

Harstad sparebank fekk 15. november 2013 løyve til å utstede 1 500 000 eigenkapitalbevis pålydande NOK 100 ved konvertering av NOK 150 millioner av grunnfondskapitalen til eigarandelskapital. Det vart samstundes gjeve løyve til å skipa Sparebankstiftelsen Harstad Sparebank. Løyvet er gjeve på vilkår.

Helse Sør Øst RHF fekk 25. november 2013 løyve til å etablere pensjonskasse for helseforetak i hovudstadsområdet; Pensjonskassen for helseforetakene i hovedstadsområdet. Pensjonskassa skal driva kollektiv pensjonsforsikring som reknas som livsforsikring etter forsikringsvirksomhetsloven av 10. juni 2005 § 7-3. Løyvet er gjeve på vilkår.

Ly forsikring fekk 28. november 2013 løyve til å driva skadeforsikringsverksemd. Løyvet vart gjeve på vilkår. 30. august 3013 stadfesta Finanstilsynet at vilkåra for å ta i bruk løyvet var oppfylt, og at løyvet kunne tas i bruk.

Komplett Bank ASA fekk 20. desember 2013 løyve til å driva verksemd som forretningsbank. Løyvet vart gjeve med heimel i forretningsbanklova § 8. Komplett AS fekk samstundes løyve til å eige inntil 20 prosent av aksjane i banken. Løyvet er gjeve på vilkår.

Finanstilsynet fekk i 2013 19 søknader om løyve til å driva betalingsverksemd. Blant dei var 16 søknadar om løyve begrensa til pengeoverføringar. To av verksemda som søkte fekk løyve til å yta pengeoverføringar, to er trukne og tolv søknadar er avslege. Tre av søknadane er framleis til handsaming. Finanstilsynet fekk samstundes 11 søknadar om fornying av begrensa løyver som vart gjevne i 2011. Blant desse vart tre imøtekomne, ein er avslege og sju er framleis til handsaming. I 2013 vart eit løyve til å drive betalingsverksemd trukken tilbake på grunn av manglande rapportering til Finanstilsynet, samt at foretaket ikkje oppfylde plikta til å ha revisor.

Til forsida