Meld. St. 21 (2013–2014)

Finansmarknadsmeldinga 2013

Til innhaldsliste

6 Verksemda til Finanstilsynet i 2013

6.1 Innleiing

Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane steller seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Etter finanstilsynslova § 8 andre ledd skal Finanstilsynet kvart år gje ei melding om verksemda si til Finansdepartementet. I meldinga omtaler Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap, tilsynsarbeidet ålment og arbeidet på kvart tilsynsområde. Årsmeldinga til Finanstilsynet er uprenta vedlegg til denne meldinga.

Finanstilsynet har tilsyn med bankar, finansieringsføretak, e-pengeføretak, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak, verdipapirfondsforvaltninga og marknadsåtferda i verdipapirmarknaden, børsar og andre regulerte marknader, oppgjerssentralar og verdipapirregister, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har Finanstilsynet kontroll med den finaniselle rapporteringa til børnoterte føretak og med marknadsåtferda i verdipapirmarknaden. Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, fungerer tenleg og trygt i samsvar med lover og føresegner og etter føremålet og vedtektene til kvar institusjon. Tilsynet skal mellom anna sjå til at institusjonane tek hand om interessene og rettane til forbrukarane. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granske rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane og elles granske stillinga og verksemda til institusjonane i den mon tilsynet meiner det trengst.

6.2 Leiing og administrasjon

Styret i Finanstilsynet har etter lova det overordna ansvaret for verksemda i Finanstilsynet og behandlar mellom anna viktige fagsaker i samband med forskrifter,konsesjonar, budsjett og tiltaksplanar. Styret har fem medlemer. Medlemene og varamedlemene vert oppnemnde av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Styreleiar Endre Skjørestad vart oppnemnd frå 15. april 2010.

Slik var styret sett saman i 2013:

  • advokat Endre Skjørestad, leiar

  • assisterande direktør Vivi Lassen, nestleiar

  • professor Hilde C. Bjørnland, styremedlem

  • professor Mette Bjørndal, styremedlem

  • tidlegare banksjef Harald Indresøvde, styremedlem

  • professor Beate Sjåfjell, fyrste varamedlem

  • partnar Jostein Skaar, andre varamedlem

  • direktør i Noregs Bank, Arild J. Lund, observatør i styret

  • direktør Sindre Weme, vararepresentant for observatøren frå Noregs Bank

To representantar som er valde av og blant dei tilsette, supplerer styret når administrative saker skal behandlast. Frå mai 2013 har desse representert dei tilsette:

  • spesialrådgjevar Gry Evensen Skallerud

  • tilsynsrådgjevar Anders Hole

Vararepresentantar var tilsynsrådgjevar Aud Kogstad, seniorkonsulent Anne Nybohm og spesialrådgjevar Irene Støback Johansen.

Fyrste halvår 2013 gjorde Finanstilsynet enkelte endringar i organisasjonsstrukturen for betre å kunne tilpasse seg framtidige krav og utfordringar. Den overordna strukturen i organisasjonen er framleis bygd på bransjedeling. Det er lagt vekt på å syte for linjestyring med klåre ansvarsforhold og utstrekt delegering og på å styrkje tverrgåande koordinering og samarbeid. Eit anna viktig mål var å leggje til rette for strategisk leiing for både å auke fleksibiliteten og for å rette seg etter dei stadige endringane i finansmarknadene og reguleringane. Endringane vart sette i verk frå 1. juni.

Ved utgangen av 2013 var det 280 fast tilsette i Finanstilsynet, mot 281 ved utgangen av 2012. Av dei fast tilsette er 52 prosent kvinner. I leiargruppa var det lik fordeling av kvinner og menn ved utgangen av 2013. Av alle som hadde leiaransvar, var 45 prosent kvinner.

Tilsyn med ulike bransjar krev både tverrfagleg kompetanse, spisskompetanse på dei ulike tilsynsområda og god bransjekunnskap. Ved utgangen av 2013 hadde 91 prosent av medarbeidarane i Finanstilsynet høgare akademisk utdanning. Tilsynsfagavdelingane er dessutan godt representerte med medarbeidarar som har verdifull bransjeerfaring frå verksemder under tilsyn.

Utskiftingsprosenten i Finanstilsynet har vore stabil dei siste åra, og i 2013 var han på 6,4 prosent. Generelt får tilsynet gode søkjarar til ledige stillingar.

Finanstilsynet er omfatta av IA-avtalen og legg vekt på å førebyggje sjukefråvær og på å ha mangfald og ein god seniorpolitikk.

6.3 Nærare om verksemda

6.3.1 Arbeidet med finansiell stabilitet

Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla for Finanstilsynet. Ein viktig lærdom frå den norske bankkrisa er at overvaking av systemrisiko er ein naudsynt del av tilsynsverksemda. Finanstilsynet oppretta difor i 1994 eit program for makroøkonomisk overvaking av risiko i det finansielle systemet, og arbeidet med finansiell stabilitet vart styrka i etterkant av den internasjonale finanskrisa. I dette arbeidet vert utviklinga i konjunkturar og på marknader vurdert, og risikofaktorar identifisert. Det gjerast særskilde analyser av om bankane har tilstrekkeleg langsiktig finansiering og ansvarleg kapital til å stå imot eit monaleg økonomisk tilbakeslag. Finanstilsynet har kvart halvår frå 1995 utarbeidd vurderingar av utsiktane for finansiell stabilitet, og rapportane er sende til Finansdepartementet og Noregs Bank. Finanstilsynet sitt syn vert offentleggjord gjennom dei to rapportane Finansielt utsyn kvar vår og Finansielle utviklingstrekk om hausten.

Rapportane syner tilstanden og utviklinga i dei viktigaste institusjonane under tilsyn. Dei risikoområda som Finanstilsynet følgjar med på, er òg omtala. I rapportane som vart offentleggjorde i 2013, vart det peika på at uvissa om den økonomiske utviklinga frametter framleis er stor.

Samla sett har bankane sine største utlån til hushaldssektoren. Problem i deler av hushalda kan føre til vanskar for heile økonomien, og ha negativ verknad på den finansielle stabiliteten. Finanstilsynet har difor i fleire år retta merksemda mot hushaldas høge og aukande gjeld og den risikoen som ligg i dei svært høge prisane på bustader. I mars 2010 ga Finanstilsynet retningsliner for god utlånspraksis for bustadformål, og retningslinene vart innskjerpa i desember 2011 på grunn av stoda i bustadmarknaden, og fordi bankane heldt fram med å gje bustadlån med høg lånegrad. Retningslinene skal medverke til robuste institusjonar, til finansiell stabilitet og til å minke risikoen for at enkeltpersonar tar opp lån som dei ikkje er i stand til å betale attende. Finanstilsynet har granska om bankane følgjer retningslinene gjennom undersøkingar, tematilsyn om bustadlån og regulære stadlege tilsyn. Bustadlånsundersøkinga som vart gjort hausten 2013, synte at talet på lån med høg lånegrad har gått ned. Nær ein tredel av den delen av porteføljen som går til kjøp av bustad, hadde likevel lånegrad over dei tilrådde 85 prosent, og særleg gjaldt det for unge kjøparar.

Finanstilsynet undersøkte i 2013 porteføljane til dei 17 største bankane. Det vart innhenta opplysningar om lån til båe hushald og føretak og bankane vart bedne om å gje si vurdering av risikoen i dei ulike delane av porteføljen. Skipsfart og næringseigedom har til saman over halvparten av bankane sine lån til verksemder, og bankane rapporterte særskild på desse utlåna. Resultata for bankane samla sett vart i april publiserte i Finansielt utsyn 2014 og synte at risikoen i eigedomsporteføljen er noko redusert den siste tida. Risikoen i skipsfartsporteføljen har samla sett auka dei siste åra, men er ifølge bankane i ferd med å stabilisere seg.

Finanstilsynet utvikla i 2013 ein modell for framskriving og stresstesting av bankane sine resultat og kapitaldekning («Bankmodellen»). Bankmodellen tek utgangspunkt i alle dei norske bankane og kredittføretaka sine resultatrekneskap, balanse og kapitaldekningstal for det siste rekneskapsåret. Dei historiske tala linkas til utviklinga i ein referansebane og ulike stressbanar for dei tre til fem neste åra i ein nyutvikla makromodell og SEBRA-modellen. Finanstilsynet sin nye makromodell byggjer på makromodellen NAM, som er ein liten likevektskorrigeringsmodell for norsk økonomi estimert på kvartalsvise data. Den nye makromodellen er utvida med ein finansdel. Dette betrer analysar av finansiell stabilitet. SEBRA-modellen (System for EDB-basert rekneskapsanalyse) gir Finanstilsynet anslag på sannsyn for misleghald og utlånstap knytt til den einskilde bank sine utlån til ikkje-finansielle føretak fem år fram i tid. Ved hjelp av makromodellen og SEBRA-modellen kan difor to av dei viktigaste risikofaktorane for bankane i ein stressituasjon, endringar i utlåns-/innskuddsvekst og rentenivå (rentenetto) og utlånstap, inkluderast i Bankmodellen.

På grunnlag av den nye Bankmodellen gjennomførde Finanstilsynet detaljerte stresstestar av bankane, og desse testane vert nytta i samband med tilsyn og risikovurderingar. Ein slik stresstest er omtalt i rapporten «Finansielt utsyn 2014», som blei offentleggjord i april. Stresscenarioet reflekterar ein djup og langvarig økonomisk nedgang. Analysen synte at bankanes reine kjernekapitalandel i gjenomsnitt vil falle monaleg i scenarioet. Det er likevel stor variasjon mellom bankane. Ved slutten av stressperioden i 2016 vil 6 av dei 8 største norske bankane ha ein rein kjernekapitaldekning mindre enn minimums- og buffarkravet på 13 prosent. Den lågaste reine kjernekapitaldekningen bland dei største norske bankane er om lag 6,5 prosent. Bland dei øvrige bankane vil nesten 1/3 ha ein rein kjernekapitaldekning mindre enn minimums- og bufferkravet på 11 prosent.

Risikoen, soliditeten og likviditeten i bankane vert mellom anna følgd gjennom stadlege tilsyn og Finanstilsynet si vurdering av bankane sitt kapitalbehov i Supervisory Review and Evaluation Process (SREP), som tek utgangspunkt i bankane sine eigne vurderingar av kapital og likviditet, Capital Adequacy Assessment Process (ICAAP). Finanstilsynet gjer ei vurdering av bankane sine planar og risikoen knytt til verksemda. Titt vert det peika på at ytterlegare styrking av kapital og likviditet er naudsynt. Bankane vert òg følgde gjennom den regulære rapporteringa og ymse analyser. I vurderingane av kapitaltilhøva i kvar bank legg Finanstilsynet vekt på både den risikoen banken står overfor som følgje av den makroøkonomiske utviklinga, og den risikoen for økonomien og marknadene som bankane kan skapa gjennom den samla åtferda si. Finanstilsynet si innsikt i og nærleik til utviklinga i institusjonane, gir moglegheit til både identifisering og rask oppfølging av kjelder til oppbygging av systemrisiko og til vurdering av verknad knytt til ulike makroverkemidlar. Pilar 2 er noko utvida i CRD IV, slik at tilsynsstyresmaktene nå skal vurdere risikoen som institusjonen utgjer for det finansielle systemet samla sett. Tilsynsstyresmaktene vil òg kunne gjere vurderingane gjeldande for grupper av institusjonar.

6.3.2 Tilsyn med bankar og kredittinstitusjonar

Stadlege tilsyn er viktige for å avdekkje problem i bankar tidleg. Inspeksjonane tek utgangspunkt i dokument som føretaka har sendt til Finanstilsynet etter varsel om inspeksjon. Gjennomføringa av dei stadlege tilsyna byggjer på risikomodulane til Finanstilsynet, og dei modulane byggjer på internasjonale tilsynsstandardar. Modulane vert nytta til å kartleggje kredittrisiko, marknadsrisiko, likviditetsrisiko, operasjonell risiko og overordna styring og kontroll i bankane. På alle risikoområda vurderer Finanstilsynet både det aktuelle risikonivået og dei systema som bankane har for å styre og kontrollere det. Modulane er tilgjengelege på nettstaden til Finanstilsynet.

I 2013 vart det gjennomført 47 inspeksjonar i bankar og finansieringsføretak. I tillegg vart det gjennomført seks tematilsyn på IKT-området og ti inspeksjonar knytte til IRB-søknader (internal ratings-based approach, interne risikomodellar) eller oppfølging av IRB-godkjende bankar.

I dei mindre og mellomstore bankane vart det oftast gjennomført generelle inspeksjonar som dekte alle hovudrisikoområda, men likevel med særskild vekt på kreditt- og likviditetsrisiko. På kredittområdet vurderte Finanstilsynet både kredittkvalitet og styring og kontroll ved gjennomgang av einskildengasjement, samt bankanes kredittrammer og kredittinnvilgingsprosess og etterleving av styringsdokument og offentleg regelverk. På likviditetsområdet var styring og kontroll av likviditetsrisiko sentrale tema. I tilsynsarbeidet vart det lagt vekt på å sikre at bankane har store nok likviditetsbufferar og ein langsiktig finansieringsstruktur gjennom god innskotsdekning og lang finansiering frå marknaden.

I arbeidet med kredittrisikoen i dei store bankane var ein i 2013 særleg merksam på utlånsporteføljar som kan gje bankane store tap. Dette gjeld mellom anna skipsfart, næringseigedom og oppkjøpsfinansiering. Tilsynet har peika på høg risiko i utlånsporteføljen til somme bankar. Mange stader var risikoen stor på grunn av konsentrasjon mot einskilde bransjar eller einskilde engasjement. Bankane vart bedne om å innføre strammare rammer for slik eksponering.

Finanstilsynet gav fleire bankar klår melding om å auke likviditeten eller innskotsdekninga. Dessutan peika tilsynet på at bankane må ha klårare rammer for storleiken på likviditetsbufferen og for kor god dei likvide midlane som inngår i bufferen er.

Etterleving av kvitvaskingsregelverket inngjekk i inspeksjonane av 40 bankar i 2013. Brot på kvitvaskingsregelverket vart påpeika i 13 bankar. I gruppa mindre sparebankar vart det konstatert generelt manglande oppfylling av regelverket. I gruppa større sparebankar og i eitt finansieringsselskap vart det peika på framleis mangelfull vurdering av opphavet til eigenkapitalen og mangelfull undersøking av opphavet til kapitalen.

Finanstilsynet følgjer opp bankane si tilpassing til bustadretningslinene blant anna med inspeksjonar. Inspeksjonar i mindre og mellomstore bankar i 2013 synte at bustadlånsretningslinene i stor grad var innarbeidde i dei interne retningslinene. I den grad det vart peika på veikskapar ved gjennomføringa av retningslinene, gjaldt dette presiseringar av at berekningane av lånegrad skal omfatte alle lån med pant i bustaden, også startlån med prioritet etter banken. Dessutan vart det peika på manglande oppfylling av dei styrefastsette kriteria som skal liggje til grunn for å fråvike retningslinene.

Ei undersøking i 2012 viste at om lag 20 mindre bankar hadde ein betydeleg handel i aksjar. I ei ny undersøking hausten 2013 vart handel med aksjar gjennomgått for 95 mindre bankar. Denne verksemda har minka monaleg i 2013, og ved den siste gjennomgangen var det berre tre av bankane som ofte handla med aksjar. Desse bankane hadde ein monaleg handel i 2012 òg. Finanstilsynet sende brev og bad om at styra i dei tre bankane skulle gjerast merksame på denne verksemda. Bankane svarte at dei skulle minske eller slutte med handelen.

I 2013 gjennomførte Finanstilsynet ei gransking av næringsporteføljen i mindre bankar ved bruk av Sebra-modellen (system for EDB-basert regnskapsanalyse). I alt 97 bankar sende inn opplysningar om dei 40 største utlåna sine over ein million kroner. Tilsynet granska til saman 2 075 lånekundar (aksjeselskap) med til saman 36 milliardar kroner i utlån og garantiar. Granskinga tyder på at om lag 60 av dei undersøkte bankane har høgare risiko i næringsporteføljen enn dei store bankane.

6.3.3 Tilsyn med forsikring og pensjon

6.3.3.1 Livsforsikringsselskap

Finanstilsynet gjorde berre eitt stadleg tilsyn i livsforsikringsselskap i 2013. Det må sjåast i lys av at det gjorde fem tilsyn i 2012, og at det prioriterte annan tilsynsmessig oppfølging. Under det nemnde tilsynet vart det lagt vekt på styrings- og kontrollsystem på overordna nivå. IT-området òg vart dekt. Tilsynet vart gjennomført med utgangspunkt i risikomodulane som er utarbeidde for å dekkje ulike risikoområde i forsikringsselskap.

6.3.3.2 Pensjonsforetak

I 2013 vart det gjennomført tilsyn i fire pensjonskasser. I rapportane har Finanstilsynet særleg framheva betydninga av å sikre tilfredsstillande samla kompetanse i styra til pensjonskassene, jf. krava til rutiner for «egnahetsvurderinger» og kravet til at styret kvart år skal evaluere arbeidet sitt og kompetansen sin.

6.3.3.3 Skadeforsikringsselskap

I 2013 vart det gjennomført stadlege tilsyn i åtteskadeforsikringsselskap, mellom anna ei brannkasse. Eitt av selskapa var relativt nyetablert, og fekk i 2012 pålegg om å auka den ansvarlege kapitalen.

Dei øvrige tilsyna var retta mot styring og kontroll, og omfatta førebuing til nytt kapitaldekningsregelverk, Solvens II.

6.3.3.4 Forsikringsformidlingsføretak

Det vart gjennomført stadlege tilsyn i fem forsikringsformidlingsføretak i 2013. Risikostyring og internkontroll var eit sentralt tema dette året òg.

6.3.4 Tilsyn med verdipapirføretak

Dei stadlege tilsyna som Finanstilsynet gjennomfører, skal gjere verdipapirføretaka meir medvitne om risiko. Dessutan skal dei fremje godt kundevern på verdipapirmarknaden ved at føretaka følgjer krava til god forretningsskikk. Tilsyna skal dessutan medverke til å sikre integriteten til marknadene. Verdipapirføretaka varierer mykje i storleik, organisering og investeringstenester. Finanstilsynet nyttar mellom anna risikobaserte kriterium for å velje ut føretak til stadlege tilsyn. Slike kriterium kan vere finansielle faktorar som likviditet, kapitaldekning eller endringar i inntekter og lønsemd, eller det kan dreie seg om forvaltning og åtferd med utgangspunkt i klager frå kundar eller mistanke om brot på føresegner om god forretningsskikk. I 2013 vart det gjennomført ni stadlege tilsyn i verdipapirføretak og tre tilsyn retta særskilt mot IT-løysingane i verdipapirføretak. I tillegg vart det gjennomført tematilsyn om fastsetjing av Nibor-renta hos dei seks panelbankane for Nibor.

6.3.5 Tilsyn med forvaltningsselskap for verdipapirfond

Tilsynet med forvaltningsselskapa vart utøvd både gjennom stadleg og dokumentbasert tilsyn. I 2013 vart det gjennomført fire stadlege tilsyn i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Emnet for det dokumentbaserte tilsynet var korleis forvaltningsselskapa etterlevde reglane om kapitaldekning og store engasjement. I tillegg vart det gjennomført tematilsyn hos alle dei fem depotmottakarane for norske verdipapirfond.

6.3.6 Tilsyn med åtferdsreglane i verdipapirmarknaden

Det overordna målet med tilsyn og overvaking av dei ålmenne åtferdsreglane er å stø opp om omdømmet til den norske marknaden og dermed den funksjonen marknaden har som kapitalkjelde. Reglane om ulovleg innsidehandel, marknadsmanipulasjon og forsvarleg informasjonshandtering er sentrale. Dessutan følgjer Finanstilsynet opp reglar om listeføring og granskingsplikt, forbodet mot urimelege forretningsmetodar og reglar om meldepliktig og flaggepliktig verdipapirhandel. Tilsynet er såleis retta mot ein vid krins: investorar, rådgjevarar og utferdarar av finansielle instrument og samarbeidspartnarane til utferdarane, inkludert verdipapirføretaka. Målet er å avdekkje og forfølgje ulovlege tilhøve på verdipapirmarknaden og, så langt åtferdsreglane gjeld, på marknadene for varederivat. Gjennom tilsynsarbeidet skal potensielle lovbrytarar gjerast kjende med at lovbrot er risikabelt, noko som kan verke førebyggjande. Finanstilsynet granska mange saker i 2013. Fleire av desse sakene vart oversende frå Oslo Børs eller rapporterte til Finanstilsynet frå verdipapirføretaka. Dessutan sette tilsynet i gang ei rad undersøkingar på bakgrunn av marknadshendingar eller oppslag i media.

6.3.7 Tilsyn med infrastrukturverksemder på verdipapirområdet

Tilsynet med infrastrukturen i verdipapirmarknaden omfattar tilsyn med ulike marknadsplassar for finansielle instrument, det vil seie regulerte marknader, medrekna børs, og multilaterale handelsfasilitetar (MHF). Dessutan omfattar det tilsyn med oppgjerssentralar, verdipapiroppgjerssystem og verdipapirregisteret. Verdipapirsentralen ASA fører verdipapirregisteret og er operatør for det sentrale verdipapiroppgjerssystemet i Noreg (VPO).

6.3.8 Tilsyn med revisorar

Finanstilsynet kontrollerer om revisjonsarbeidet er godt nok utført, og om dei andre krava til revisjonsverksemd er oppfylte, som kravet om at revisoren skal vera ubunden. Dessutan kontrollerer tilsynet at kvitvaskingsregelverket vert følgt, og at revisorar og revisjonsselskap leverer eigen rekneskap og eiga sjølvmelding i rett tid.

Avgjerder om tilsyn vert tekne på bakgrunn av risikovurderingar, innrapporteringar eller andre signal, til dømes medieoppslag. Dessutan kan tilhøve som vert avdekte som ledd i det finansielle tilsynet på andre område, føre til nærare vurdering av arbeidet til ein revisor. Minst kvart sjette år skal Finanstilsynet gjennomføre periodisk kvalitetskontroll av revisorar som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige føretak. Sidan 2002 har den periodiske kvalitetskontrollen vore samordna med kontrollen som Den norske Revisorforening gjennomfører av medlemene sine. Dersom revisorforeininga finn grunnlag for tilbakekalling av godkjenninga som revisor, vert saka send til Finanstilsynet for oppfølging. Ikkje alle revisorane er medlemer av foreininga. Finanstilsynet kontrollerer at alle som reviderer årsrekneskapar for revisjonspliktige føretak vert underlagde kvalitetskontroll innanfor seksårsperioden.

For revisorar og revisjonsselskap som reviderer føretak av ålmenn interesse, skal den periodiske kontrollen skje kvart tredje år. Finanstilsynet gjennomførte frå 2011 desse kontrollane, i tillegg til anna tilsynsarbeid retta mot desse revisorane. Finanstilsynet gjennomførte 55 stadlege tilsyn hjå revisorar i 2013. Ni av desse tilsyna var med revisjonsselskap, og av dei var fire med selskap som reviderer føretak av allmenn interesse.

6.3.9 Tilsyn med rekneskapsførarar

Finanstilsynet kontrollerer om krava som gjeld for rekneskapsførarverksemd er oppfylte. Mellom anna undersøkjer tilsynet kvalitetskontrollen av arbeidet i føretaka dersom det vert nytta medarbeidarar som ikkje er autoriserte rekneskapsførarar. Vidare kontrollerer tilsynet at pliktene etter rekneskapslova, bokføringslova og kvitvaskingsregelverket vert oppfylte, og at rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap leverer eigen rekneskap og eiga sjølvmelding i rett tid. Sidan det finst så mange rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap, legg Finanstilsynet vekt på det kontrollarbeidet som Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) gjennomfører overfor sine medlemer kvart sjuande år, når dei prioriterer korleis tilsynet med rekneskapsførarar skal gjennomførast. Det er utarbeidd retningsliner for samarbeidet med NARF. Dessutan er det utarbeidd retningsliner for samarbeidet med Den norske Revisorforening om kvalitetskontroll av medlemer som er autoriserte rekneskapsførarar. Finanstilsynet gjennomførte 46 stadlege tilsyn innanfor rekneskapsverksemda i 2013.

6.3.10 Tilsyn med eigedomsmekling

I 2013 vart det gjennomført 43 stadlege tilsyn med eigedomsmeklarføretak og advokatar. Her kontrollerte ein særleg korleis meklarføretaka og advokatane har innretta handsaminga av klientmidlane og føringa av bodjournalane. Mekling av nye bustader i prosjekt var òg eit viktig kontrollområde. Éin konsesjon til å drive eigedomsmekling vart kalla tilbake på grunn av alvorleg feilinformasjon til tilsynet.

6.3.11 Tilsyn med inkasso

I 2013 var det gjennomført 10 stadlege tilsyn i framandinkassoføretak med vekt på brei gjennomgåing av rutinane til dei store føretaka. Det vart avdekka feil blant anna i føretaka sine rutiner for utsending av varser og for berekning av inkassosalær.

6.3.12 IT-tilsyn

I 2013 vart det gjennomført 18 stadlege IT-tilsyn. Dessutan vart det gjennomført 44 forenkla IT-tilsyn, hovudsakleg i eigedomsmeklings- og inkassoføretak. Fire av dei stadlege tilsyna var knytte til eit spesielt tematilsyn for beredskapsløysingar for innanlands betalingsformidling. Dette tilsynet vart gjort i samarbeid med Noregs Bank. I ein beredskapssituasjon der den elektroniske betalingsformidlinga ikkje fungerer, såg ein føre seg eit beredskapsopplegg på tre nivå:

  • Nivå 1 omfattar dei ordinære reserveløysingane som finansføretaka har etablert, og som oppfyller IKT-forskrifta § 11, Driftsavbrudd og katastrofeberedskap. I ein beredskapssituasjon vert dette vurdert som førstelinjeforsvaret.

  • Nivå 2 omfattar tiltaka som er etablerte på overordna nivå for å takle ein meir alvorleg situasjon der førstelinjeforsvaret ikkje er nok fordi delar av infrastrukturen er utilgjengeleg.

  • Nivå 3 omfattar tiltak i ein situasjon der dei to første forsvarslinjene ikkje er nok fordi heile den finansielle infrastrukturen er utilgjengeleg.

Bruk av kontantar vart tidlegare vurdert som det mest aktuelle betalingsalternativet i ein situasjon som krev tiltak på nivå 3. For å kartleggje beredskapen bankane har når det gjeld kundane sin tilgang til betalingsmiddel og korleis kontantar inngår i det, vart det gjennomført tilsyn med tre utvalde bankar og éin avrekningssentral: DNB Bank ASA (universalbank), Storebrand Bank ASA (utan ekspedisjonsnett), LillestrømBanken (inngår i Eika Alliansen) og NICS Operatørkontor (avrekningssentral).

Tilsynet avdekte at ein beredskapssituasjon der det manglar tilgang til felles infrastruktur, er lettare å handtere med reserveløysingar enn ein beredskapssituasjon der det manglar tilgang til kjerneløysinga til banken. På den andre sida vert fleire brukarar ramma totalt sett når det manglar tilgang til felles infrastruktur. Drifta av kjerneløysingane til norske banker er relativt spreidd både teknologisk og geografisk, slik at det alltid vil vere tilgang til kjerneløysinga til nokre bankar. Tilsyna er ikkje avslutta. I tillegg til rapportar til den enkelte banken vil resultatet verte oppsummert i ein samla rapport.

Finanstilsynet fekk om lag 190 hendingsrapportar i 2013 fordelt på om lag 500 e-postar. Enkelte av hendingane var alvorlege og kravde tiltak og vidare oppfølging. Finanstilsynet fekk 38 meldingar om endra eller nye betalingstenester i 2013. Dei fleste av dei gjaldt betalingstenester på mobile einingar. Målet er å finne ut om tenestene som vert lanserte, etterlever regelverket og har eit forsvarleg risikonivå.

Finanstilsynet har foreslått endringar i regelverket i 2013 når det gjeld utkontraktering:

  • ei generell meldeplikt til Finanstilsynet ved utkontraktering

  • ei særleg meldeplikt for utkontraktering av IKT-system. Styret i føretaket skal godkjenne slik utkontraktering

Finanstilsynet arbeider med forslag om nye reglar for tryggleik og risiko ved etablering og endring av betalingstenester.

Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI)

Finanstilsynet er sekretariat for og leier beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI). Det vart gjennomført tre møte og éi beredskapsøving i 2013.

På oppdrag frå Finansdepartementet koordinerte Finanstilsynet planlegginga av ei felles beredskapsøving mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet. Øvinga vart halden i desember 2013 og omfatta alvorleg funksjonssvikt i den finansielle infrastrukturen og påfølgjande mediehandtering. Toppleiinga i dei tre institusjonane var involvert i øvinga.

Finanstilsynet har følgt opp arbeidet med å forankre finanssektoren si prioritering av tilgang til straum og teletenester i ein beredskapssituasjon og har lagt til rette for møte mellom dei prioriterte finansaktørane og straum- og teleleverandørane. Detaljar når det gjeld plasseringa av driftsmiljø og tekniske installasjonar kan variere over tid. Difor er det viktig å få på plass kommunikasjon på høgt nivå mellom finansaktørar og straum- og teleleverandørar slik at desse leverandørane kan følgje opp prioriteringa til styresmaktene dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.

Tabell 6.1 Tal på stadlege tilsyn etter institusjonstype (inkl. IT-tilsyn)

2009

2010

2011

2012

2013

Bank og finans

58

70

53

51

63

Betalingsføretak

1

E-pengeføretak

Holdingselskap

Forsikringsselskap

8

12

14

8

8

Forsikringsformidlings-føretak

7

6

7

3

5

Pensjonskasser og fond

4

8

2

6

5

Verdipapirføretak

21

24

19

17

12

Andre verdipapirinstitusjonar (inkl. forvaltingsselskap for verdipapirfond)

3

5

8

5

3

Revisorar

47

87

47

48

55

Rekneskapsførarar

49

58

56

60

46

Eigedomsmeklarar

30

49

93

43

43

Inkassoføretak

12

13

12

11

11

Datasentralar og IKT-leverandørar

2

4

5

3

1

Andre

1

6.3.13 Rekneskap og budsjett

Stortinget fastset budsjettet til Finanstilsynet som ein del av statsbudsjettet. Budsjettet for 2013 var opphavleg på 333,8 millionar kroner. I tillegg vart det løyvt 3,1 millionar kroner som kompensasjon for lønnsoppgjeret. Medrekna overførte midlar på 18,4 millionar kroner frå 2012 og refusjonar på 3,4 millionar kroner i foreldre- og sjukepengar var den samla disponible utgiftsramma etter dette 358,7 millionar kroner.

Utgiftene totalt summerte seg til 345 millionar kroner, ein auke på 5,9 prosent. Dei samla lønsutgiftene auka med 2,5 prosent. Mindre vekst i lønsutgiftene til Finanstilsynet enn årslønsveksten i staten elles kan forklarast med at pensjonspremien har vore mellombels redusert i 2013, og at fleire stillingar har stått ledige i lengre periodar enn tidlegare. Utgifter til varer og tenester auka i same perioden med 15,6 prosent, noko som i hovudsak skriv seg frå IT-kostnader. Eit av satsingsområda til Finanstilsynet er å utvikle konsesjons- og tilsynsløysingar for å effektivisere verksemda, og for å vere betre i stand til å møte framtidige rapporteringskrav, mellom anna frå dei europeiske tilsynsstyresmaktene. Det har vore auka utgifter knytte til utbetring av tryggleiksløysingar òg, både for kriseberedskap og informasjonstryggleik. Dessutan aukar utgiftene som følgje av utvida leigeareal og høgare kontingentar til tilsynsstyresmaktene i EU. Dei samla utgiftene til Finanstilsynet var 13,5 millionar kroner mindre enn det disponible budsjettet. Ubrukte midlar vart overførte til 2014.

På same måten som for andre statlege verksemder som inngår i statsrekneskapen, vert rekneskapen til Finanstilsynet ført etter kontantprinsippet. Frå 2013 har Finanstilsynet teke i bruk ny standard kontoplan for statsrekneskapen. Kontoplanen byggjer på ei artsgruppering av utgifter og inntekter. Finanstilsynet har med utgangspunkt i denne planen sett opp ei føremålsgruppering av utgiftene. Hovudgrupperinga etter føremål går fram av tabell 6.2.

I det avsluttande revisjonsbrevet frå 3. juni 2013 om rekneskapen for 2012 går det fram at Riksrevisjonen ikkje hadde vesentlege merknader til rekneskapen eller måten Finanstilsynet hadde gjennomført budsjettet på.

Utgiftene til Finanstilsynet vert etter finanstilsynslova § 9 dekte av institusjonar som er under tilsyn i budsjettåret. Difor vedtek Stortinget ei inntektsløyving som er lik utgiftsløyvinga. Etter lova skal utgiftene fordelast på dei ulike institusjonsgruppene etter omfanget av tilsynsarbeidet. Difor vert utgiftene kravde inn etterskotsvis. Det vert kravd bidrag frå filialar av føretak frå andre EØS-statar òg.

Bidrag frå institusjonar under tilsyn utgjorde 312,1 millionar kroner i 2013. Summen av inntekter er mindre enn dei rekneskapsmessige utgiftene sidan bidrag frå institusjonar under tilsyn vert betalte på etterskot og ubrukte budsjettmidlar frå året før vert trekte frå. Den 28. juni 2013 godkjende Finansdepartementet forslaget til utlikning for 2012 etter ei føregåande høyring hos dei aktuelle bransjeorganisasjonane. I alt 14 080 tilsynseiningar vart omfatta av utlikninga for 2012. Av desse var 70 utanlandske filialar. Den største tilsynsgruppa er rekneskapsførarar, med 10 919 einingar. I 2011 var det 13 998 einingar i alt.

Det samla utlikna beløpet for 2012 auka med 6,5 prosent samanlikna med 2011. Det er fleire grunnar til veksten, men det har særleg vorte trong for meir ressursar til å oppfylle lovnader om å gjennomføre reguleringar og tilsynssamarbeid innanfor EØS.

Tabell 6.2 Hovudgruppering av utgiftene til Finanstilsynet etter føremål

Tal i heile tusen kroner

2011

2012

2013

Lønsutgifter

223 685

237 673

243 733

Av dette:

Løn og sosiale utgifter (alle stillingar)

220 094

232 073

239 363

Ekstrahjelper og vikarar

2 792

4 388

3 361

Andre lønsutgifter (styrehonorar)

799

1 212

1 009

Varer og tenester

87 794

87 884

101 678

Av dette:

Driftsutgifter

29 762

31 114

32 386

Informasjon

1 843

1 615

1 107

Administrative reiser og møte, kontingentar

9 988

12 495

13 889

Inspeksjonsreiser og anna tilsynsarbeid

2 972

2 144

2 609

OU-arbeid, leiar- og kompetanseutvikling

5 511

5 585

6 915

IKT-utgifter

37 818

34 931

44 772

Sum utgifter

311 479

325 557

345 411

Bidrag frå institusjonar under tilsyn

280 933

292 870

312 004

Gebyr for prospektkontroll

7 151

6 565

8 381

Ubrukte budsjettmidlar frå året før

7 627

10 520

18 413

Refusjon av foreldre- og sjukepengar

4 272

4 161

3 498

Sum inntekter

299 591

314 116

342 296

Tal i heile tusen kroner.

Til forsida