1 Liste over ord og omgrep
Det er mange ord og omgrep knytte til gravlegging og gravferd, og ikkje alle er like eintydige. Utvalet har utarbeidd ei ordliste med forklaringar. Ordlista vil vere grunnlaget for formulering av framlegg til ny lov- og forskriftstekst. Einskapleg ordbruk er òg ein føremon for arkiva og for den som skal finne fram der. Der det ikkje er opplagt kva som er det tilsvarande ordet på bokmål, står bokmålsordet i ordlista med tilvising til nynorskordet. I ordlista refererer ordet «lova» til gravferdslova av 1996 og «forskrifta» til gravferdsforskrifta av 1997.
Allmenn gravplass | Gravplass for alle, dvs. som ikkje er reservert for visse grupper. Ein gravplass etablert etter gravferdslova er ein allmenn gravplass. Ein gravplass etablert av eit registrert trudomssamfunn etter lov om trudomssamfunn og ymist anna § 18 er ikkje ein allmenn gravplass. I praksis er offentleg gravplass det same som allmenn gravplass, men når ein nyttar omgrepet offentleg gravplass, ligg vekta på at gravplassen er eit offentleg ansvar, ikkje på at han er open for alle. |
Anonym grav | Grav som ikkje har informasjon om kven som ligg der, dette er berre kjent for gravplassforvaltninga. Grava har ikkje ein ansvarleg og kan ikkje leigast. Det kan ikkje setjast opp gravminne. Gravfelt for anonym grav blir ofte kalla anonym minnelund. |
Ansvarleg for grav | Den som står som ansvarleg for ei fri grav, sjå gravferdslova §§ 9 fjerde ledd og 16. Leigaren er ansvarleg for ei leigd grav. |
Anonym minnelund | Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha felles minnesmerke, men utan opplysning om kven som ligg der. |
Avgift | Betaling til fellesrådet når gravferdslova heimlar kravet om betaling for løysing av fellesrådet sine oppgåver etter lova.Sml. betaling for teneste. |
Avliden | Det døde mennesket. Bokmål: Avdød. |
Balsamering | Behandling av liket for å forseinke nedbrytinga. I dag blir gjerne blodet tømt ut og erstatta med væske med konserverande kjemikalium. Alternativt kan liket liggje i formalin eit døgn. Balsamering er ikkje praksis i Noreg, men det kan vere behov for å preparere eit lik før det blir transportert til utlandet. |
Begravelse (bokmål) | Gravferdsseremoni som endar med at kista med den avlidne blir lagd i jorda. Sml. bisetting. Gravferd eller gravferdsseremoni kan nyttast både om kista skal i jorda eller skal kremerast. Utvalet rår til at ein nytter desse orda som er felles for kistegravlegging og kremasjon og felles for bokmål og nynorsk. |
Betaling for teneste | Betaling som gjeld tenester som innbyggjarane sjølve kan velje om dei ønskjer, og som ikkje ligg innanfor oppgåvene til gravplassforvaltninga etter lova. Sml. avgift. Innbyggjarane kan ikkje alltid velje leverandør. Innbyggjarane kan få rekninga ved gravferd i ein annan kommune enn den der avlidne var folkeregistrert, sjå gravferdslova § 6 andre ledd. |
Bevaring | Sjå vern. |
Bisettelse (bokmål) | Gravferdsseremoni når kista seinare skal kremerast, dvs. når kista ikkje skal i jorda etter seremonien. Tidlegare blei ordet nytta om overføringa av kista frå heimen eller sjukehuset til gravkapell og ev. kort seremoni der. Etter kremasjonen blir ei urne med oska sett ned på ein gravplass (sjå «urnenedsetjing»), eller oska blir spreidd (sjå «oskespreiing»). Utvalet rår til at ein ikkje nyttar ordet bisettelse på bokmål eller bisetjing på nynorsk, men heller ordet «gravferd» eller «gravferdsseremoni». Desse orda er felles for kistegravlegging og kremasjon. |
Båreandakt | Kort andakt utan samanheng med gravferdsseremonien. Kan innehalde syning, sjå syning. |
Bårerom | Eigna rom til mellombels oppbevaring av den avlidne i kiste. Som hovudregel har rommet inngang utanfrå og inneheld kjølerom, enkelte stader er det fryserom. |
Båretransport | Transport av avlidne, som hovudregel i kiste. NAV betaler for naudsynt båretransport etter nærare reglar. |
Den som sørgjer for gravferda | Sjå gravferdsansvarleg. |
Den som tek seg av gravferda | Sjå gravferdsansvarleg. |
Dødfødt barn | Eit dødfødt barn har same rett til grav som andre avlidne, sjå lova § 6 første ledd. |
Etterlatne | Dei næraste attlevande eller dei som var pårørande til avlidne medan ho eller han levde, sjå lova § 9 andre ledd. Sml. gravferdsansvarleg. |
Festar | Sjå gravleigar. |
Feste av grav | Sjå gravleige. |
Festeavtale | Sjå gravleigeavtale. |
Festebrev | Sjå gravleigeavtale. |
Festegrav | Sjå leigd grav. |
Festetid | Sjå leigeperiode. |
Flytting av gravlagd | Flytting av leivningane (også oske) frå ei grav til ei anna, sjå lova § 7 andre ledd. |
Flytting av namn | Sjå namneflytting. |
Fond | Sjå stellavtale. |
Forskotsbetalt gravstell | Sjå stellavtale. |
Freda grav | 1) Ei grav skal stå urørt i fredingstida, sjå fredingstid. |
2) Krigsgraver frå første og andre verdskrigen er også freda, sjå lova § 23a. | |
3) Ei grav osb. kan vere freda etter kulturminnelova § 4 første ledd bokstav j og andre ledd (samiske gravminne). Slik freding er ikkje det same som vern som gravplassforvaltninga gjer etter forskrifta § 27. Sjå vern. | |
4) Gravplass som blir lagd ned, er freda i 40 år etter siste gravlegging, sjå lova § 8 tredje ledd. | |
Fredingstid | Tidsrommet frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk neste gong (gjenbrukast). Den tida som går med for at gravinnhaldet skal bli brote ned, dvs. minst 20 år, sjå lova § 8. |
Fri grav (frigrav) | Grav som det ikkje skal betalast leige for. Kostnaden ved å halde grava blir dekt av løyvinga frå kommunen. |
Frigravsperiode | Den perioden ein ikkje betaler leige og grava er kosta av det offentlege. |
Grav | Felles omgrep for alle graver for avlidne menneske. Kistegrav, urnegrav, anonym grav, grav i namna minnelund og naturleg grav (lova § 1 tredje ledd). Dersom oska blir spreidd for vinden, er det inga grav. |
Gravareal | Den delen av ein gravplass som blir nytta til graver, dvs. ikkje stiar, parkeringsplass, driftsbygningar osb. |
Gravbed | Bed på einskild urne- eller kistegrav. |
Gravdjupne | Djupna på grava, sjå forskrifta §§ 13 og 14. For å få plass til kista og 0,8 meter jord over, er ei kistegrav normalt 1,3 meter djup. For å få plass til urna og 0,5 meter jord over, er ei urnegrav normalt 0,8 meter djup. |
Gravfelt | Gravplassane er delte opp i ulike delar av praktiske grunnar, sjå forskrifta § 4. Gravene er som hovudregel samla i gravfelt. Felta er gjerne avgrensa av til dømes vegar og vegetasjon. |
Gravferd | Hendingane frå dødsfallet til kista eller oska er gravlagd eller oska er spreidd. Ordet blir òg nytta snevrare om gravferdsseremonien. Gravferdslova regulerer berre ein del av gravferda. |
Gravferdsansvarleg | Fysisk person som er utpeika av avlidne til å ta seg av gravferda. Dersom ingen er utpeika før dødsfallet, regulerer lova § 9 kven som kan få bli gravferdsansvarleg. |
Gravferdsbyrå | Kommersiell verksemd som etter avtale med dei etterlatne ordnar det praktiske kring gravferda og gjev råd til dei etterlatne. Bokmål: begravelsesbyrå. – Utvalet rår til å nytte ord gravferdsbyrå på begge målformer. |
Gravferdsformer | Kistegravlegging, urnegravlegging og oskespreiing er tillatne gravferdsformer i Noreg per 2014. |
Gravferdsseremoni | Seremoni i samband med gravlegging uansett om det er kiste- eller urnegravlegging. Også ved urnenedsetjing og oskespreiing kan det vere ein enkel seremoni, men då har det normalt allereie vore ein gravferdsseremoni før kremasjonen. |
Gravfred | Sjå fredingstid. Kiste eller oskeurne skal stå urørt i fredingstida, sjå lova § 8. Gravfreden er uttrykk for at gravlegginga er ei endeleg handling, og at grava ikkje kan nyttast til ny gravlegging så lenge gravfreden varer. |
Gravkart | Kart som viser gravene på eit gravfelt, sjå forskrift § 4. |
Gravkapell | Seremonilokale på gravplassar og krematorium. Det kan krevjast avgift for bruk av gravkapell. Sjå livssynsnøytrale seremonilokale. |
Gravlegat | Sjå stellavtale. |
Gravlegging | Nedgraving av kiste eller oskeurne i ei grav. Oskespreiing er ikkje gravlegging. |
Gravleigar | Den som står som part i avtale om leige av grav. Leigaren rår over grava og avgjer kven som skal gravleggjast i grava. Leigaren har plikt til å halde ho i hevd og betale leige. |
Gravleige | Tidsavgrensa avtale om leige av grav. Vi har to former for leige av grav: 1) Når ei grav blir teken i bruk, kan det vere høve til å leige ein eller fleire graver ved sida av. 2) Når fredingstida er over, kan grava leigast og dessutan nyttast til ny gravlegging. |
Gravleigeavtale | Avtale om leige av grav. Lova krev at gravplassforvaltninga sørgjer for dokumentasjon av avtalen om gravleige, sjå lova § 14 siste ledd. Det er ikkje formkrav på utforming av avtalen, og kvitteringa på innbetalt gravleige kan erstatte avtaledokumentet dersom det går fram kva for grav ho gjeld, og kor lang leigeperioden er. |
Gravminne | Minnesmerke i varig materiale som står på ei grav eller ein gravstad med namn og data på den gravlagde, ofte utforma i stein. Det skal som regel berre vere eitt gravminne på kvar grav/gravstad. Sml. minnesmerke. |
Gravplan | Sjå gravkart. |
Gravplass | Det som lova til kvar tid definerer som gravplass: Allmenn gravplass forvalta av kyrkjeleg fellesråd/kommune eller gravplass forvalta av eit registrert trudomssamfunn. Tidlegare nytta lova ordet kyrkjegard. |
Gravferdsforvaltning | Sjå gravplassforvaltning. |
Gravferdsstyresmakt | Sjå gravplassforvaltning. |
Gravplasstyresmakt | Sjå gravplassforvaltning. |
Gravplassforvaltning | Forvaltningsorgan med rettsleg kompetanse til å ta avgjerder med heimel i gravferdslova. Kyrkjeleg fellesråd er gravplassforvaltning etter hovudmodellen i gravferdslova og har dei oppgåvene som spring ut av å ha ansvar for å forvalte allmenne gravplassar. Både fellesråda og kommunane kan vere lokal gravplassforvaltning etter lova. – Utvalet vel ordet gravplassforvaltning framfor gravplasstyresmakt fordi det er felles for begge målformer. Den norske kyrkja har oppgåver knytte til gravferda som seremoni og sorgarbeid, men dette er oppgåver som ikkje spring ut av gravferdslova. |
Gravplassplan | Oversikt over alle «element» på gravplassen, sjå gravplassforskrifta § 3. |
Gravregister | Register med oversikt over alle gravlagde, kvar og når dei er gravlagde, kva graver som er leigde saman, når leigeavtalen går ut, og kven som er leigar av grava (forskrifta § 19). |
Gravreserve | Talet på ledige graver, sjå kravet i lova § 2 om å ha ledige graver til tre prosent av innbyggjartalet i kommunen. Gravplassforvaltninga skal byggje nye gravplassar, sjå gravferdslova § 3 og kyrkjelova § 14, medan kommunen skal sørgje for regulert areal til føremålet, sjå forskrifta § 2. |
Gravstad | Fleire graver som det er avtalt å leige saman. |
Gravutstyr | Fast utstyr på grava, lykter, innramming osb., sjå forskrifta § 22 |
Halde grava i hevd | Plikta til å halde tilsyn med grava, sjå til at gravminnet er sikra, og sørgje for at eventuelt gravbed blir stelt. |
Implantat | Teknisk hjelpemiddel som av medisinske omsyn er operert inn i kroppen, til dømes hjartestimulator («pacemaker») og kunstige ledd. Nokre implantat skal vere opererte ut av kroppen før kremasjon for å unngå skade på omnen osb. (som hjartestimulator, sjå forskrifta § 33), medan andre blir tekne ut etter kremasjonen. |
Innanbygds | Avlidne som blir gravlagde i kommunen der ho eller han var folkeregistrert ved dødsfallet. Sml. utanbygds. Når utvalet likevel vel å skrive om innan- og utanbygds gravlegging uansett kor stor kommunen er, kjem det dels av omsynet til å forenkle språket og dels av at innan- og utanbygds er nokså innarbeidde. |
Innviing av gravplass | Seremoni når gravplass eller gravfelt blir teke i bruk. Livssynssamfunn kan gjennomføre kvar sin seremoni. Innviinga har ikkje noko å seie for den rettslege statusen til gravplassen, sjå lova § 5. |
Jorddjupne | Djupna på jorda i gravfelt, sjå forskrifta §§ 13 og 14. Under ei kiste skal det vere minst 0,3 meter jord over fjell eller grunnvatn. Sidan gravdjupna er 1,3 meter, må jorddjupna vere minst 1,6 meter. Under ei urne bør det vere minst 0,1 m jord. Sidan gravedjupna er 0,8 meter, bør jorddjupna vere minst 0,9 meter. |
Jordoverdekking | Jorda som ligg over kista eller urna. |
Kiste | Lett nedbryteleg og brennbar kiste med lokk der avlidne kan plasserast i si fulle lengd, sjå forskrifta § 29 |
Kistegrav | Grav som er stor nok for kister. Forskrifta § 13 set krav til storleiken. Urner kan også bli lagde i ei kistegrav. |
Kolumbarium | Vegg eller byggverk med nisjar der ein lukkar eller murar inn urne med oske etter kremasjon. |
Krav om gravlegging eller kremasjon | Krav (bokmål: begjæring) frå den som tek seg av gravferda om gravlegging eller kremasjon av avlidne. Det gjeld ingen formkrav. Gravplassforvaltningane nyttar for det meste eit standardisert skjema utforma av departementet. |
Kremasjon | Forbrenning av lik av menneske i kiste i særskild omn. – Utvalet vil ikkje tilrå dei meir eksplisitte orda bålferd eller likbrenning. |
Kremasjonsomn | Godkjend omn til bruk til kremasjon av lik (forskrifta § 32). |
Kremasjonsnummer | Einskilt nummer for kvar kremasjon. Ei eldfast brikke med nummeret følgjer kista under kremasjonen og blir lagd i oskeurna etter kremasjonen. |
Kremasjonsregister | Register med kremasjonsnummer, namn på avlidne, fødselsdato, dødsdato, kremasjonsdato, dato for utlevering av oskeurna og stad for gravlegging, sjå lova § 25 og forskrifta § 35. |
Krematorium | Anlegg for kremasjon. Krematorium skal godkjennast, sjå lova § 10 tredje ledd og forskrift om avgrensing av forureining kapittel 10. |
Kremering | Sjå kremasjon. |
Kremulator | Apparat som knuser restane etter kremasjonen, (hovudsakeleg brente bein), til støv/oske etter at implantat og metallbitar er tekne ut. |
Krigsgrav | Graver for utanlandske soldatar og krigsfangar frå første og andre verdskrigen som er gravlagde i Noreg. Krigsgraver skal vere freda utan tidsavgrensing, haldast i hevd og forvaltast med den vørdnad som eigenarten til grava krev. (Lova § 23 a). |
Krigsgravplass | Gravplass med graver for utanlandske soldatar og krigsfangar frå første og andre verdskrigen. |
Kyrkjegard | Lokal nemning på gravplass. Omgrepet i lova er gravplass, sjå Prop. 81 L (2010–2011) punkt 3.5.2. |
Ledige graver | Sjå gravreserve. |
Leigar | Sjå gravleigar. |
Leigd grav | Grav som er leigd mot betaling av avgift, sjå gravleige. |
Leige | Sjå gravleige. |
Leigeperiode | Den tida ein avtale om leige av ei grav normalt gjeld for, sjå gravleige. Sml. leigetid. |
Leigetid | Tida ein har leigd ei grav for. |
Lik | Død kropp. |
Livssynssamfunn | Eit fellesskap basert på felles forpliktande oppfatningar om menneskets plass i tilværet og haldning til sentrale etiske spørsmål. (NOU 2013: 1) Omgrepet omfattar både trudomssamfunn (religiøse livssynssamfunn) og sekulære livssynssamfunn. Den norske kyrkja er slik sett eit livssynssamfunn. Grensa mellom religiøse og sekulære livssynssamfunn er ikkje viktig på gravferdsfeltet. På gravferdsfeltet er det relevant å trekkje ei grense mellom gravplassar forvalta av Den norske kyrkja (eller ein kommune) etter gravferdslova og gravplassar forvalta av andre livssynssamfunn. |
Livssynsnøytralt seremonilokale | Rom eller bygg som er utforma slik at menneske som er medlemer i ulike livssynssamfunn, og menneske som ikkje er medlemer i noko livssynssamfunn, kan bruke lokalet til seremoniar ved overgangar i livsfase som namnefest, bryllaup og gravferd. Lokalet kan nyttast til fleire føremål enn seremoniar. |
Livssynsopen seremoni | Ved gravferd er det ein gravferdsseremoni med stor valfridom for dei etterlatne. Kulturdepartementet har utarbeidd materiale til livssynsopne seremoniar. |
Minnelund | Gravfelt for gravlegging av kiste eller urner der ein ikkje kan setje opp individuelle gravminne. På namna minnelund blir namn og data sett inn på eit felles minnesmerke. Anonym minnelund har ikkje plass for å setje opp namn og data. |
Minnesmerke | Minnesmerke som ikkje er gravminne, til dømes minnesmerke på anonym eller namna minnelund, krigsminnesmerke og minnesmerke over sjøfolk osb., sjå gravferdsforskrifta § 21. |
Namna minnelund | Minnelund der namn og data på dei gravlagde blir sette på eit felles minnesmerke. |
Namneflytting | Namnet på ein gravlagd person blir fjerna frå det opphavlege gravminnet og sett på gravminnet på ei eksisterande grav ein annan stad, anten på same gravplass eller på ein annan gravplass, sjå forskrifta § 21 2. ledd. |
Offentleg gravplass | Sjå allmenn gravplass. |
Omløpstid | Tida mellom kvar gong ei grav blir brukt til ny gravlegging. Omløpstida blir gjerne rekna ut for ein heil gravplass og ligg ein stad mellom fredingstida og leigetida (anten maksimal leigetid der det er innført eller vanleg leigetid). |
Opning av grav | Oppgraving av jorda i grava for å gje plass til kiste eller urne. |
Oppgjer | Oppgjer mellom heimkommunen og kommunen der den avlidne blir gravlagd. I Sverige kallar dei ordninga Clearing. |
Opphøyr av leigeforhold | Avslutting av avtale om leige av grav. |
Oske | Det som ligg att etter kremasjonen, hovudsakleg brente bein, som er knuste i kremulatoren, sjå dette. Oska blir samla i ei urne og forsegla. |
Oskegrav | Grav der ein strør oska direkte i eit hol på gravplassen. Dette er praksis i Sverige. I Noreg skal oska etter kremasjon over i ei urne (sjå gravferdslova § 10 sjette ledd), og urna blir anten graven ned (gravferdsforskrifta § 14 andre ledd) eller tømd ved spreiing (gravferdslova § 20 andre ledd). I Noreg bør ein nytte ordet urnegrav. |
Oskespreiing | Oska blir tømd ut av urna eller senka i havet. Krev løyve frå Fylkesmannen, sjå lova § 20 andre ledd og rundskriv P-8/2012 frå FAD av 18. desember 2012. |
Oskeurne | Lett nedbryteleg behaldar til oske etter kremasjon, sjå gravferdsforskrifta § 31. I daglegtale og i lov og forskrift nyttar ein ofte det kortare uttrykket urne. Oskeurne blir nytta når ein vil unngå mistydingar. |
Overføring av leigeforhold | Avtale om leige av grav blir inngått med ny leigar. Det må liggje føre ei fråsegn frå den opphavlege leigaren om at ho eller han gjev frå seg rettane sine i leigeavtalen, sjå lova § 16. |
Plantefelt | Sjå gravbed. |
Privat gravstad | Gravstad for oskeurne utanfor gravplass, sjå lova § 20 første ledd. Frå gammalt av kan det vere kistegraver på privat gravstad. |
Seremoni | Ritual ved høgtidelege høve som gjev meining, trøyst eller glede for menneska som tek del. |
Sletting av grav | Ei grav kan først slettast etter fredingstida dersom ho ikkje blir leigd vidare. Ei grav kan slettast når leigetida tek slutt. Leigaren har ansvar for å ta bort gravminnet. Grava kan då nyttast til ny gravlegging. |
Spreie oske for vinden | Sjå oskespreiing. |
Stellavtale | Avtale om at gravplassforvaltninga eller andre leverer gravstell, det vil seie stell og planting i gravbedet ein eller fleire gonger i året. Gravstell kan etter gjeldande rett betalast på forskot. Dette har vore omtalt som «fond» eller «gravlegat», men utvalet rår til at ein ikkje nyttar desse orda fordi dei gjev inntrykk av å vere ei eiga økonomisk eining (stifting). |
Stellerom | Eige rom til stell av den avlidne og til å leggje avlidne i kiste. |
Støpul | Frittståande klokketårn, sjå forskrifta § 7. |
Symbolsk flytting | Sjå namneflytting. |
Syning | Kista med den avlidne blir opna, slik at dei etterlatne kan sjå og ta på den avlidne og ta eit siste farvel. Gravferdsbyrået kan stå for syninga, eller syninga kan vere ledd i ein båreandakt. Bokmål: også «visning» |
Syningsrom | Eige rom til å ha enkel seremoni for den avlidne, eventuelt med open kiste. |
Sørgje for gravferda | Sjå gravferdsansvarleg. |
Tildelingsplan | Plan for tildeling av nye graver på gravplassen. |
Tilrettelagd grav | «grav som er særskilt tilrettelagt for å imøtekomme religiøse og livssynsmessige minoriteters behov», sjå lova § 6 andre ledd. Kostnadane ved gravlegginga blir dekte av kyrkjeleg fellesråd i heimkommunen når denne ikkje sjølv har den aktuelle typen graver. |
Tilvist grav | Ei grav gravplassforvaltninga har peika ut for avlidne. Det motsette av leigd grav (sjå dette) der det er leigaren som tek avgjerda om kven som skal gravleggjast i grava. |
Trudomssamfunn | Eit fellesskap basert på felles forpliktande oppfatningar om tilværet der mennesket ser seg sjølv i relasjon til ein gud eller ein eller fleire transendente makter. (NOU 2013: 1) Same som religiøst livssynssamfunn. Sjå Livssynssamfunn. |
Urnehall | Lokale der oskeurner er plasserte synleg og tilgjengeleg for lengre tids oppbevaring. Sml. kolumbarium. |
Urne | Lett nedbryteleg behaldar som inneheld oske etter kremasjon. Same som oskeurne. |
Urnegrav | Grav til oskeurne med plass til fire urner, sjå forskrifta § 14. |
Urnenedsetjing | Senking av urna i grava. Grava blir deretter lukka. Urnenedsetjing skjer med eller utan dei etterlatne til stades. |
Utanbygds | Avlidne som blir gravlagd i ein annan kommune enn der ho eller han var folkeregistrert ved dødsfallet. Sml. innanbygds. |
Vedtekter | Lokale forskrifter vedtekne med heimel i lova § 21. |
Vyrkedag | Dagane frå og med måndag til og med fredag, sjå forskrifta § 12. Bokmål: virkedag |
Vern | Det kan vere gode grunnar til å ta vare på eldre eller spesielt utforma gravminne osb. på ein gravplass. Gravplassforvaltninga har mynde til å verne, sjå forskrifta § 27. |
Vigsling av gravplass | Sjå innviing av gravplass. |