3 Avgjerda i EØS-komiteen
I medhald av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2009 av 4. desember 2009 skal vedlegg XXII til EØS-avtala endrast.
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2009 av 4. desember 2009 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen. I artikkel 1 er det slått fast at det i vedlegg XXII til EØS-avtala skal gjerast følgjande endringar:
I vedlegg XXII nr. 4 til avtala (fjerde rådsdirektiv 78/660/EØF) og nr. 6 (sjuande rådsdirektiv 83/349/EØF) skal nytt strekpunkt lyde:
32009 L 0049: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/49/EF av 18. juni 2009 (EUT L 164 av 26.6.2009, s. 42).»
I artikkel 2 er det fastsett at teksta til direktiv 2009/49/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa,skal vere gyldig. I artikkel 3 er det slått fast at avgjerda tek til å gjelde 5 . desember 2009, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala. I artikkel 4 er det slått fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.