3 Stabiliseringsprogrammet med IMF
Latviske styresmakter tok i november 2008 kontakt med IMF med sikte på å få på plass eit stabiliseringsprogram og finansiell støtte. Den 23. desember 2008 godkjende IMF-styret programmet som styresmaktene og IMF-staben hadde utarbeidd i fellesskap. Behovet for ekstern finansiering vart anslått til 7,5 mrd. euro. Dette blir dekt gjennom lån frå IMF (ca. 1,7 mrd. euro), EU på fellesskapsnivå (3,1 mrd. euro), nordiske land (1,8 mrd. euro), Verdsbanken (0,4 mrd. euro), Estland (0,1 mrd. euro), og dessutan EBRD, Polen og Tsjekkia (til saman 0,4 mrd. euro). Landet trong i første rekkje midlar til å styrkje sentralbankens valutareservar, rekapitalisere bankvesenet med vekt på Parex og til å finansiere offentleg sektor, i hovudsakleg betaling av statens valutagjeld.
Dei viktigaste punkta i stabiliseringsprogrammet er:
Tiltak for å stabilisere banksektoren . Styresmaktene vil forsterke tilsynet og sikre at alle bankar er solide og likvide. I den grad det ikkje finst private løysingar for bankar i vanskar, blir det gitt finansiell støtte. Rammeverket for tilsyn med og handtering av kriser i finanssektoren skal gjennomgåast. Utanlandske bankar har forplikta seg til framleis å vere til stades i landet, til å halde ved like dagens kapitaldekning og til å tilføre ny eigenkapital dersom det blir nødvendig.
Nasjonalisering av og kontroll med Parex . Dette er det viktigaste enkelttiltaket for å stabilisere banksektoren, og var langt på veg gjennomført då stabiliseringsprogrammet vart inngått. Full openheit om bankverksemda har vore eit krav frå både IMF og EU, blant anna på bakgrunn av mistanke om at banken kan ha vore involvert i kvitvasking. Kapitaltilførsel er nødvendig for at Parex skal ha tilstrekkeleg likviditet og soliditet til å kunne få fornya tillit i marknaden. På lengre sikt, når situasjonen har stabilisert seg, ønskjer styresmaktene å redusere eigarskapen sin.
Vidareføring av dagens valutakurs . Programmet legg opp til ei vidareføring av dagens fastkurs mot euro, noko styresmaktene legg stor vekt på. Styresmaktene argumenterer for at den faste valutakursen har vore eit anker for makroøkonomisk stabilitet i Latvia i meir enn 15 år. Ei styrking av sentralbankens valutareservar underbyggjer tilliten til valutakurspolitikken. Styresmaktene si målsetjing er å kvalifisere til medlemskap i ØMU, truleg frå 2014, noko som krev at landet tilfredsstiller dei såkalla Maastricht-kriteria.
Betring av den internasjonale konkurranseevna . Med pengepolitikken innretta mot å forsvare fastkursen legg styresmaktene opp til å redusere kostnadsnivået gjennom finans- og inntektspolitikken. For offentleg sektor og offentlege bedrifter blir det lagt opp til lønnsreduksjon på om lag 25 pst. i 2009 og nominelt uendra lønningar i 2010–2011. Ein reknar med at signaleffekten frå desse tiltaka, i kombinasjon med det økonomiske tilbakeslaget, vil føre til ein vesentleg lønnsreduksjon også i privat sektor.
Konsolidering av offentlege finansar . Styresmaktene legg opp til ei kraftig innstramming i finanspolitikken gjennom ein kombinasjon av skatteaukar og utgiftskutt, mellom anna auka meirverdiavgift. Programmet legg opp til forbetringar og forenklingar i skattesystemet, i kombinasjon med strukturreformer for å betre ressursbruken. Rammeverket for finanspolitikken skal vidareutviklast gjennom sterkare målstyring og opnare budsjettsystem. Det sosiale tryggingsnettet for dei fattigaste skal styrkjast. Målsetjinga er at budsjettunderskotet skal kome ned i 3 pst. av BNP i 2011, som er eit av Maastricht-krava for å kvalifisere seg til ØMU.
Styresmaktene og IMF har stått overfor mange avvegingar i utforminga av programmet, blant anna i valutakurspolitikken. Eit alternativ til å vidareføre dagens fastkurspolitikk kunne vere å devaluere, for eksempel ved å nytte den fulle breidda i svingingsbandet i ERM II på +/– 15 pst. mot euro. Ei devaluering reduserer kostnadsnivået straks, og kan raskt leggje grunnlaget for berekraftig økonomisk vekst. På den eine sida ville ei devaluering gjere situasjonen vanskelegare for alle som har inntekter i latviske lat, men må betale ned lån i euro (90 pst. av alle lån i Latvia er som nemnt denominerte i utanlandsk valuta). Av den grunn kunne ei devaluering raskt slå ut i fleire konkursar og betydelege tap for banksektoren. I tillegg kunne ei devaluering utsetje Latvias inngang i ØMU. På den andre sida må det brukast sterke verkemiddel også dersom ein skal få ned kostnadsnivået og gjenvinne balansen i utanriksøkonomien utan å svekkje den nominelle valutakursen, som kutt i offentlege overføringar og lønningar. Å gjenopprette den internasjonale konkurranseevna gjennom ei slik ”intern devaluering” tek normalt noko tid. Latviske styresmakters eige ønske om å vidareføre dagens fastkurspolitikk har vore viktig for utforminga av stabiliseringsprogrammet.
Latviske styresmakter erkjenner at det er krevjande å gjennomføre programmet. Den nødvendige finanspolitiske innstramminga forsterkar konjunkturnedgangen på kort sikt, og det kjem til å ta tid å få den nødvendige justeringa av kostnadsnivået på plass. I mellomtida blir det behov for betydeleg finansiell støtte, slik Latvia no får gjennom stabiliseringsprogrammet.
Stabiliseringsprogrammet er òg viktig for å auke tilliten til at den økonomiske politikken blir gjennomført. Tiltaka i programmet inneber politisk risiko i tillegg til den økonomiske risikoen. Latvia er eit ungt demokrati og opplever no det mest dramatiske økonomiske tilbakeslaget etter at landet igjen vart sjølvstendig i 1991. Ei utfordring er å sørgje for at fordelinga av byrdene ved gjennomføringa av programmet blir opplevd som sosialt rettferdig. Inntektsnivået i Latvia var jamvel før krisa godt under EU-gjennomsnittet, og landet mottek støtte under EUs samhøyrsfond og prosjektstøtte frå Noreg under EØS-finansieringsordningane. IMF anslår at BNP per innbyggjar i Latvia i 2010 kjem til å vere 12 pst. av nivået for Noreg, målt i felles valuta. Målt ved kjøpekraft er inntektsnivået per innbyggjar i Latvia anslått til 27 pst. av Noregs nivå.
EU og latviske styresmakter har inngått ein eigen avtale om Latvias stabiliseringsprogram. Avtalen er konsistent med IMF-programmet.